Intervju med det syriske sosiale nasjonalistpartiet (SSNP)

Det syriske sosiale nasjonalistpartiet (SSNP) hev i fire år kjempa jamsides med Assad-regimet i Syria. Nylegt var soldatar frå SSNP med i det avgjerande slaget um Aleppo. Målmannen hev teke ein prat med Abdullah Mneini, leidar for politbyrået åt SSNP.

Til dei av lesarane våre som enno ikkje hev høyrt um SSNP, kann de stutt fortelja um SSNP og kva rørsla dykkar arbeider og stend for?

Lat oss aller fyrst få helsa lesarane dykkar personlegt. Me er takksame for at Målmannen-lesarane vil taka seg tid til å setja seg inn i vårt syn på stoda i Syria og dei framtidsvisjonane som me sjølve hev for landet vårt.

Det syriske folket, til liks med det norske folket og andre av verdsens folk, ynsker seg eit liv i fridom, med sosial rettferd og internasjonal rettferd. Landet vårt, Syria, hev ei soga som gjeng heilt attende til 10.000 år fyrr Kristus. Det var syrarane som kom med den fyrste lovgjevingi i verdi og me var dei fyrste jordbrukarane. Det var sumerarane som laga den fyrste plogen for å snu på jordi, me hadde dei fyrste musikknotane i verdi, me fann upp alfabetet og eksporterte det til heile verdi – og me dreiv me handelsverksemd som eit alternativ til krigføring. Dei fønikiske sjøfolki var dei fyrste som uppdaga den nye verdi, det hevdar i alle fall sume forskarar som meiner at dei kom seg heilt til Amerika.

Det var den vidgjetne syriske kongen, Sargon den store, som fekk samla det syriske territoriet til eitt rike i det tjugetridje hundradåret fyre Kristus. Dette territoriet hev vorte kalla for den syriske grøderike halvmånen (“Syrian fertile crescent”). Territoriet femner um det som i dag er Libanon, Kypros, Kreta, Jordan, Palestina, Syria, Irak og tyrkisk-okkupert Cilykia.

Kong Hammurabi kom med dei aller fyrste lovene i det andre tusundåret fyre Kristus – og han tok attende landumråde som Syria tidlegare hadde tapt. Etter Hammurabi fekk me ein ny æra med det assyriske imperiet.  Syria samla i denne perioden ei rad ulike kulturfolk – amorittar, sumerar, hetittar, kanaanittar og fønikarar. Både levantinske og ariske folkeslag møttest og utveksla kulturelle impulsar. Det var slik den syriske nasjonen vart skapt.

Landet vårt hev kome under åtak mange gonger – både frå tatarar, mongolar, krossfararar og ottomanske tyrkarar. Dei sistnemnde var her i 400 år. Sidan den gongen hev britar og franskmenner kløyvd upp landet vårt, spreidd sekterisme, plyndra landjordi vår, gjeve Palestina burt til europeiske og russiske jødar og gjeve Cilykia og Iskendrum til Tyrkia. Det siste hende jamvel med vedtak i det sokalla “Folkeforbundet”.

Partiet vårt vart skipa for å gjeva folket vårt dei frårana nasjonale rettane attende. Me arbeider for ei nasjonal atterføding. Me er ikkje eit normalt politisk parti med ein “normal” parti-ideologi. I motsetnad til “vanlege” parti so representerar me ikkje serinteressor i samfundet, me samlar tvert imot heile det syriske folket. Både fabrikkeigarar, arbeidarar og bønder hev sin plass hjå oss. Me målber interessone åt nasjonen og alle dei som danar byggjesteinane i denne.

Partigrunnleggjaren vår, Antoun Saadeh, ynskte å stabla eit heilt nytt system på føtene. Eit system som skulde:

  • Skapa eit sunt indre sosialt og politisk liv
  • Verna um den nasjonale einskapen og den syriske territoriale integriteten
  • Syta for at Syria fekk ei velstandsutvikling som er på høgd med andre statar og land i verdi
  • Skapa gode og stabile samband med andre nasjonar
  • Syta for ei samfundsordning som både tryggjer samfundsvoksteren, sikrar individuell fridom og gjev einskildmenneski ei meining med deira eigne liv.
  • Organisera ei ny samfundskontrakt og syta for eit demokratisk samfundssystem som er i tråd med dei nyss nemnde målsetnadene.

Prosjektet vårt sviv seg um å skapa ein moderne syrisk sambandsstat, tufta på borgarrettar og demokrati. Me ynskjer ikkje å samla dei ulike statane i regionen med makt, det me helder ynskjer å gjera er å skipa eit demokratisk råd som tek seg av saker som er viktuge for oss alle. Me ynskjer ikkje å avskipa sjølvstendet åt einskildstatane i det historiske Syria eller å sletta ut regionale og etniske identitetar som alle gjeng tusundtals år attende.

Me ynskjer oss godt samband med andre demokratiske nasjonalstatar, som til dømes med medlemslandi i EU. Partiet vårt er uppteke av å skilja religion frå lovgjeving og statsstyring, me vil ikkje at religiøse leidarar skal ha noko dei skulde ha sagt innanfor politikken.

Dette er politikken vår.

De skildrar dykk sjølve som “syriske”, “sosiale” og “nasjonalistiske”. Kann de fortelja oss kva desse tri ordi tyder for dykk?

Nasjonen vår er ikkje av det same slaget som dei europeiske nasjonane. Dei sistnemnde nasjonane er tufta på ideen um at kvar etnisk gruppa skal ha sin eigen eksklusive stat. Den moderne europeiske nasjonalismen spring ut frå den industrielle revolusjonen og konsentrasjonen av kapital. I kjølvatnet av dette vart Europa kasta ut i ei rad øydeleggjande krigar – både religiøse og økonomiske. Den europeiske sjåvinismen kulminerte med tvo øydeleggjande verdskrigar som kosta millionar av menneske livet.

Me som er syriske nasjonalistar, me hev for vår part teke lærdom av det som skjedde i Europa. Nasjonalismen vår er difor ikkje sjåvinistisk, det er snarare ein frigjeringskamp for å styrkja alle dei gode kreftene i landet vårt – og å styra dei dei i ei stemneleid som tener interessone åt heile folket. Medan den globale storkapitalen hev stramma grepet yver heile kloten, so hev syrarane vortne hindra frå å samla seg i einingar som kunde ha sikra deira eigne interessor. Mange gonger hev dette hendt med direkte militære inngrep frå USA. Både Syria, Libanon, Irak og Palestina hev upplivd brutal krigføring som ei fylgja av at dei ikkje hev vore lydige mot “det internasjonale samfundet”.

Det siste påfunnet åt vestmaktene hev vore å skipa ymse slags takfiri-terroristgruppor for å øydeleggja staten vår og kløyva upp landet etter etniske og religiøse skiljelinor. Dei syriske nasjonalistane reiser bust mot den politikken som dei vestlege maktene fører. Merk dykk at me med “dei vestlege maktene” meiner styresmaktene i mange av desse landi. Me veit vel at ikkje alle i Vesten sluttar upp um denne politikken.
Når me kallar oss “syriske”, so talar me um det naturlege og historiske Syria som gjeng tusundtals år attende i menneskesoga. Kvart eit menneske hev soleides tvo heimland, det etniske heimlandet og det syriske.

Me forstår godt korleis nordmennene i si tid laut lida under det danske framandveldet. Dei norske bøndene laut svara skatt til kongen i Kjøpenhamn og vart sende ut i krigar mot det svenske frendefolket som både språkleg og kulturelt stod dei mykje nærare. Gleda var soleides stor då det norske folket fekk si eigi grunnlov i 1814 – og den norske målrørsla hev kjempa hardt for å atterreisa eit eige norskt skriftmål. Me finn mykje som er likt i den norske og den syriske soga. Den norske utvandringi til Amerika og det norske mannefallet under den andre heimskrigen er ikkje heilt ulikt det som hev hendt med oss syrarane.

Medan nordmennene i dag hev trygge oljeinntekter å lita på, so hev dei vestlege maktene i lang tid freista å hindra syrarane frå å skapa seg sin eigen, sikre økonomisk basis. Til dømes so hev tyrkarane demt upp Eufrat-elvi, og denne måten hev dei havt høve til å turka ut dei syriske kveiteåkrane. Det hev skorta både på brød og på drikkevatn.

Med ordet “nasjonalistisk” so meiner me at folket vårt hev trui på seg sjølve og på sine eigne krefter og ressursar. Me hev trui på at dei naturressursane som me er vortne fråstolne og som i dag er kløyvde upp millom mange ulike statar, dei er nok til at me kann veksa og byggja vår eigi framtid. Samstundes held dei vestlege maktene fram med å blanda seg inn, og det med fyremålet å tvinga på oss ei politisk ordning som ikkje høver med interessone eller framtidsdraumane våre. Dei seinaste vestlege inngrepi sviv seg um å få kontroll med dei nyuppdaga gassfelti våre.

Med ordet “sosial” so meiner me alt det som hev med menneske og med økonomi å gjera.

Til slutt vil me slå fast at me ikkje ynskjer oss nokon arabisk nasjon, me vil byggja ein syrisk nasjon.

SSNP arbeider for ein sekulær, stor-syrisk føderasjon der dei ulike etniske, religiøse og regionale identitetane ikkje vert undertrykte – men tvert imot styrkjer og utfyller einannan.

Fortel oss meir um arbeidet og aktivitetane åt SSNP. Kva er dei viktugaste politiske emni som de arbeider med i dag?

Me hev byrja med eit stort upplysningsprosjekt. Kunnskap er ein fyresetnad for å kunna setja vellukka økonomiske prosjekt ut i livet, anten det gjeld store eller småe verksemder. Me arbeider dessutan med å fyrebu vår eigi deltaking i arbeidet med å forma ut ei ny syrisk grunnlov. Me er upptekne av å skapa synergieffektar millom dei ulike etniske gruppone, og det utan at nokon treng å sleppa ned sine eigne nasjonale rettar. Ikkje minst so arbeider me for at relasjonane millom dei ulike statane i Midtausten skal samsvara med internasjonale lover og reglar: Både den nasjonale sjølvråderetten og dei individuelle menneskerettane må verta respekterte.

Her legg me vekt på ordet _både_. For korleis kann dei vestlege maktene krevja individuell fridom og samstundes ikkje bry seg med å gjeva fridom til nasjonar og folk som vert tynte både politisk og økonomisk? Dei krev fridom for individet, men vil samstundes slavebinda heile samfund. Dei fører ein politikk som hindrar desse samfundi frå å veksa sosialt og økonomisk. Spursmålet me vil stella dei er: Korleis kann menneske vera frie dersom landet og samfundet deira ikkje er fritt, men snarare underlagt eit globalt nyliberalt hegemoni?

Me driv me eit umfemnande sosialt arbeid, der målsetnaden er å frigjera landet sosialt og økonomisk frå dei vestlege maktene. Me styd upp um ymse slags initiativ både innanfor industri og landbruk, me byggjer upp att landsbyar og andre stader som er øydelagde av krigsherjingane i Syria – og me lærer folk upp til kamp mot terroristane. Me hev aktivistar frå alle dei ulike etniske, religiøse og sosiale gruppone. Fyre krigen braut ut livde me alle saman, og slik vil me at det skal halda fram å vera.

Det nasjonalistiske arbeidet vårt gjeng ut på sameina dei ulike statane, me ynskjer dessutan å skapa internasjonal fred og tryggleik på eit rettvist grunnlag. Då kann det ikkje vera slik at interessone og draumane åt dei småe nasjonane skal måtte vika for stormaktsinteressone.
Det politiske huglaget vårt er klårt, me styd dei syriske styresmaktene av di dei er garantistar for den syriske nasjonale einskapen, både territorialt og sosialt. Det er ein sekulær stat som hev vokse med uppgåvone han hev teke på seg, og nett no kjempar han mot ein nykolonialisme som nyttar seg av både wahhabi-terroristar og ISIS.

Me er upptekne av ungdomen av di dei er ryggradi i dei nasjonale aksjonane. Me hev skipa både ein studentorganisasjon og ein ungdomsorganisasjon som hev viktuge program for menneskeleg, politisk og sosial utvikling.

I gamle dagar var SSNP forbode i det syriske, arabiske republikken. No kjempar de jamsides med Assad-regimet imot takfiri-terroristane. Kann de fortelja oss meir um korleis den syriske borgarkrigen hev skapt nye alliansar for SSNP?

Alliansen vår med staten var ikkje eit resultat av krigen mot Syria, det var noko som uppstod alt fyre den tidi. Men ja, partiet var tidlegare offisielt forbode, endå um folk heile tidi studde upp um partiet og ideane som partiet var tufta på.

I si tid kom me under åtak både frå kolonimaktene og frå ymse interne politiske krefter. Partigrunnleggjaren og leidaren vår vart drepen i 1949, og mange usanne fabrikkerte skuldingar vart sette fram mot oss. Andre partileidarar vart kasta i fengsel. På den måten var me upptekne med våre eigne saker medan resten av dei politiske partii kunde arbeida fritt. Slik hadde det vore sidan dei franske kolonimaktene drog seg ut i 1946.

Då den libanesiske borgarkrigen braut ut i 1975, so fekk partiet demonstrert for folket kva me var gode for. Me fekk synt at me var truverdige patriotar. Jamvel um media og skulebøker freista sverta oss, so tok ordet um SSNP til å gå millom folk. Folk visste kvar det var dei hadde oss.
Stoda hev endra seg for oss sidan 2005 – då med vart med i den nasjonale progressive fronten.

Kampen mot dei utlandsstudde terroristane hev kravd store offer for SSNP-aktivistane. Samstundes hev offerviljen og dei dyrekjøpte sigrane på slagmarki skapt tillit og forankring i folket.

Me ynskjer å få slege dette fast: Den syriske, arabiske heren kjempar ein krig mot terroristar. Det er ikkje “Assad sine styrkar”, som vestlege media kallar det, det er ein her som målber heile folket. President Assad gjer det grunnlovsfeste arbeidet sitt som øvste kommandant for heren. Partimedlemene våre fører krig i Syria, jamsides med den syriske heren. Me er allierte av di me tener dei same nasjonale interessone. Same kva vestlege media skulde få seg til å skriva so kjenner me røyndomen på slagmarki. Me kjempar både kulturelt og militært for å verja um landet vårt, verdiane våre og kulturen vår. Me styd den syriske staten i yverlevingskampen mot terrorismen.

Krigen i Syria tok ikkje til med ein konfrontasjon millom syriske styresmakter og sivile demonstrantar – slik vestlege media vil ha folk til å tru. Sanningi er at grunnlaget for krigen vart lagt alt i 2003 då Syria nekta å vera med på dei vilkåri som den amerikanske statssekretære Colin Powell sette etter okkupasjonen av Irak.

Det er ingen borgarkrig i Syria, men det er terroristar som fører krig mot Syria. Målsetnaden deira er å få gjort ende på den politiske og sosiale soga åt det sekulære syriske samfundet. Dei vil gjera slutt på den syriske staten, og alt dette med open studnad frå både regionale og internasjonale makter.

Me byggjer nye alliansar som er tufta på nasjonal forsoning. Me forsonar oss med di me slær ring um den syriske staten, me krev attende tapt territorium, me sikrar velferdi for heile det syriske folket og me krev retten til å sjølve få taka alle politiske avgjerder som gjeld framtidi åt det syriske folket.

Kva slags rolla ser de fyre dykk for SSNP i eit framtidig Syria der kampen mot dei utanlandskstudde terroristane er vunnen?

Det er det syriske folket som skal avgjera framtidi for Syria. Som ein Føniks-fugl hev syrarane alltid greidd å reisa seg att, og det kjem dei til å gjera denne gongen med. Eit nytt Syria skal reisa seg etter sigeren mot terroristane, og dette nye Syria må svara til draumane åt alle dei ulike etniske og sosiale gruppone i landet. Me kjem for vår part til å arbeida trottugt vidare for nasjonen vår og for dei menneski som høyrer til her. Innsatsen vår under krigen hev skapt tillit, og denne tilliten skal me byggja vidare på.

Me er ikkje i tvil um at den syriske heren og alliansepartnarane hans kjem til å vinna yver dei utlandskstudda og utlandskfinansierte terroristane. Grunnen til dette er at terroristane ikkje hev nokor forankring internt i folket, dei hev ingenting å stø seg på – anna enn pengar, våpen og leigesoldatar frå andre land.

Det er ingen tvil um at det er svært mykje som må gjerast etter at krigen er slutt. Rørsla vår kjem til å stå midt uppe i alt det daglege arbeidet som må gjerast med å byggja infrastruktur og skapa dugande menneske.

I dag kjempar me ein kamp for livet, på vegner av heile manneætti. Me vil ikkje at terrorismen skal få invadera dykkar land eller noko anna land i verdi.

Er det noko meir som de ynskjer å segja til dei norske lesarane?

Til slutt vil me segja dette:

De hev dykkar eigi norske soga som de kann vera byrge yver. Forfedrane dykkar stridde for fridom og sjølvstende, og me set pris på det norske folket og den norske soga. Me trur at alle folk hev si eigi sivilisasjonsberande rolla å spela, si eigi uppgåva fylla i universell samanheng.

Og me vil slå fast at kvart eit menneske i kvart eit verdshyrne hev retten til å liva i eit fritt land. Og alle land hev retten til å vera med på å skapa internasjonale relasjonar på deira eigne premissar.

Me vil uppmoda alle intellektuelt uppegåande lesarar, serskilt dei som skulde vera lærarar på skular og universitet, um å lesa ei bok som heiter “Rise of Nations” av Antoun Saadeh. Les ein denne boki, so forstår ein betre korleis det er me ser på verdi. Me vonar at me kann verta i stand til å utveksla tankar og idear og få i gang den globale intellektuelle dialogen som trengst for å få soga på rett kjøl og skapa ei framtid for oss alle.

Etter at krigen i Syria er slutt, so er Noreg og det norske folket inviterte til å vera med på å byggja upp att Syria og å gjeva oss den studnaden som trengst – sidan det norske folket hev den kompetansen som me kjem til å få bruk for.

Takk for dette intervjuet som gav oss høve til å introdusera partiet vårt til det norske folket – og få lagt fram våre eigne synsmåtar.

Takk og beste helsing frå

Abdullah Mneini
Leidar for politbyrået åt SSNP
Damaskus, 2. oktober 2016

Intervjuet stod på prent i Målmannen nr 4 2016.