Alain Soral: Å forstå imperiet

Ein av dei mest spanande tenkjarane på den “alternative” høgresida i Frankrike er Alain Soral. Soral er kommunisten som vart med i Front National og som sidan hev grunnlagt tenkjetanken Egalitè et Reconciliation – der han samlar folk frå både “ytste høgre” og “ytste vinstre” til sams kamp mot globaliseringi. Med verket “Comprendre l’empire” (forstå imperiet) so freistar han gjera seg ein analyse av kva slags krefter det er globaliseringsmotstandarane stend andsynes.

Med “Comprendre l’empire” so byrjar Alain Soral med å gjera seg ein slags syntese av både marxistisk og tradisjonalistisk tankegang. Uppstoda åt den indoeuropeiske trifunksjonaliteten, godt dokumentert av Georges Dumezil, fører han attende til den fyrste klassedelingi som Marx og Engels hev teke fyre seg. Denne klassedelingi uppstår på det tidspunktet at produksjonen hev nådd det nivået at samfundet er i stand til å produsera eit yverskot. Dette fører fram til det tradisjonelle standssamfundet som er kløyvt upp i tri ulike “kastar”:

Alain Soral

1. Det aukande materielle yverskotet hev ført til at samfundet kann samla seg store materielle skattar, og desse skattane må vernast mot plyndring både frå ytre og indre fiendar. Dimed uppstår krigarkasten, og den europeiske adelen er framhaldet av denne. Gjenom kamp og strid for å yverliva som stamme, folk og til slutt nasjon so veks aristokratiet fram. Fram til verneplikti kom med Napoleon so var desse dei einaste som hadde rett og plikt til å bera våpen for å verna folket.

2. Medan det store fleirtalet er hefta med daglegt arbeid, so treng det nokon som hev tid til å studera og fordjupa seg – nå fram til kunnskap som kann nyttast til å styra og strukturera heile samfundet på eit høgare nivå. Nett som snikkaren treng ein arkitekt, so treng produsentane nokon som gjev dei trygge råmevilkår. Denne kunnskaps- og kulturberande funksjonen er det kyrkja som skal få i Europa.

3. Det store fleirtalet av folket høyrer til i den tridje standen, tradisjonelt sett i hop av bønder, handverkarar, handelsfolk og andre som liver av sitt eige arbeid.

Den sosiale samansetnaden åt tridjestanden endrar seg med tidi. Den industrielle revolusjonen fører til at tridjestanden vert kløyvd upp i både borgarskap, småborgarskap og arbeidarklasse.

Det adelege hierarkiet som i si tid vart skapt gjenom kamp og strid og som ein laut gjera seg fortent til, det er med tidi vorte til noko som gjeng i arv heilt av seg sjølv. Adelen krev inn større og større skattar til å finansiera sine eigne avskjerma liv i Versailles. Medan borgarskapen samlar seg større og større verdiar, so fær den gamle adelen meir og meir karakter av rein snylting. Dette er ikkje noko som ber seg i lengdi. Når “folket” i tridjestanden gjer revolusjon i 1789, so er det i røyndi borgarskapen som kjem til makti.

Trifunksjonaliteten som gjeng tapt

“Aux armes citoyens” (til våpen, borgarar), heiter det i den franske marseillasen. Folket skal frå den franske revolusjonen av vera sine eigne krigarar (verneplikt). Med reformasjonen kjem dessutan tanken um at kvart menneske skal vera sin eigen prest (Luther). Ein skal ha upplyste borgarar som sjølve kann styra landet og sjølve kann forsvara landet sitt. Heile den trifunksjonaliteten som er so grunnleggjande i heile den indoeuropeiske fyrestellingsverdi vert dimed plukka burt. Maktdelingsprinsippet der ein skil millom lovgjevande, dømande og utøvande makt hev vore ein freistnad på å halda uppe ei slags trikløyving av makti i samfundet, men det hev vore vandslegt å få dette til å fungera i praksis.

Det er verdt å merka seg at i andre land som til dømes Danmark-Noreg so førde denne utviklingi i fyrste umgang til at kongen fekk einveldige fullmakter. Eineveldet representerar den sentralstyrde staten, og soleides er det paradoksalt nok fyrste steget på vegen mot det liberale demokratiet – der det ikkje finst noko slags millomnivå millom einskildborgaren og statsapparatet.

Margaret Thatcher vart på 80-talet kjend for sitatet “there is no such thing as society”. Det finst ikkje noko slags sosialt corpus i det liberale demokratiet. Medan ein i det gamle samfundet hadde korporative strukturar som laug og gilde, so vart både fagorganisering og streikeverksemd forbode i den franske republikken i 1791, tvo år etter revolusjonen (“Le Loi Chapelier”). Det er ikkje so rart: Ut frå liberalistisk tankegang so er ikkje samfundet noko anna enn summen av einskildmenneski, og i teorien skal du og eg ha like mykje å segja i politikken som Olav Thon eller Jens Stoltenberg. Slik er det visselegt ikkje i praksis.

Frå demokrati til teknokrati

Kva fører desse strukturendringane til i lengdi? Når alle dei gamle og hevdvunne strukturane og hierarkii er plukka burt – til bate for eit “ope” og “jamstelt” samfund der alle borgarar stend på like fot, so er det i staden fritt fram for alle dei uformelle nettverki og maktstrukturane. I staden for å ha samanhengar ikring seg der den einskilde kann gå inn og vera ein “politisk” aktør i kvardagen, so vert borgarane bedne um å gå og røysta på eit parti ein gong kvart fjorde år. Dette kallar ein for “representativt demokrati”.

Dei folkevalde politikarane vert sagde å “representera” dei som anonymt hev røysta på dei på valdagen, men alle andre dagar i året so representerar dei folkevalde dei personane og dei nettverki som gjev dei valkampfinansiering, som gjev deim tilgang til media og som gjev deim høve til å verta renominerte og attvalde. Medan “folk flest” –  ein stor majoritet – er attende i den upolitiske kvardagen sin so snart dei hev putta røystesetelen i urna, so finst det organiserte pressgruppor, tenkjetankar, PR-byra og multinasjonale selskap – ein organisert minoritet – som arbeider med politikk kvar einaste dag. Demokrati heiter i teorien at det er fleirtalet som skal styra, men i praksis heiter representativt demokrati at det alltid er organiserte minoritetar som fær setja dagsetelen.

Dei som sit med makti fær massive yverføringar frå statsmakti slik at dei kann verta sitjande med makti. I vårt eige Noreg yverfører staten kvart år nesten 500 millionar til dei politiske partii. Pressestudnaden er på 2 milliardar. Ordskiftet kring kommunereformi syner tydelegt kva det er samfundsborgarane er vortne reduserte til: Passive mottakarar av offentlege og privatiserte “tenestor”.

I gamle dagar spegla partii av sosiale realitetar. AP hadde arbeidarklassen og fagrørsla å stø seg på – og Senterpartiet, det var Bondepartiet. I dag er partii finansierte på statsmidlar og skilnadene handlar mest um marknadsføring.Veljaren er ein forbrukar som gjev “Likes” til det han der og då vert emosjonalt uppglødd yver.

Utan noko organisert nettverk å stø seg på, so er det uråd å stabla nye politiske initiativ på føtene. Ikkje ein gong røynlege politiske sigrar som til dømes folket sitt nei til EU i 1994 gav noko momentum til å styra samfundet i ei onnor stemneleid. Snarare tvert imot: Det nemnde nei-”fleirtalet” eksisterte berre på den eine dagen då røystene vart talde upp. Alle andre dagar hev pengesterke interessegruppor arbeidd trottugt vidare med å føra Noreg nærare EU. Det er det same som me ser i våre dagar med folkerøystingane som segjer nei til kommunesamanslåing. Jamvel um det finst eit fleirtal i lokalfolkesetnaden som ikkje ynskjer at kommunen deira skal verta nedlagd, so er det ingen som i det daglege arbeider for fleirtalet sine interessor.

“Demokrati heiter i teorien at det er fleirtalet som skal styra, men i praksis heiter representativt demokrati at det alltid er organiserte minoritetar som fær setja dagsetelen.”

Resultatet er ikkje lenger “demokrati” slik “folk flest” ser det fyre seg. Det er snarare eit teknokrati. Organiserte, pengesterke serinteressor er dei som fær setja dagsetelen, men det finst ingen organiserte krefter som fremjar interessone åt det store fleirtalet.

Utan den tradisjonelle, trifunksjonelle samfundsorganiseringi, so er samfundsutviklingi vorte til noko som skjer spontant ut frå interessone åt produsentstanden – og ikkje minst interessone åt den promillen av produsentstanden som ikkje kann segjast å vera produktiv, men som gjer store pengar på rein spekulasjon.

Dei same teknokratiske tendensane ser me i vårt eige Noreg. Jamfør kommunereformi i dag. Ein vil ha storkommunar med færre politikarar per innbyggjar og “sterkare fagmiljø”. Korleis skal dette føra til meir politisk kontroll?

Framvoksteren som ein ser av høgrepopulistiske parti ute i Europa – eller den store sympatien for Trump i USA – er eit symptom på nett den maktesløysa som det store fleirtalet kjenner. Dei kjem til kort i møte med eit system som i utgangspunktet skulde representera deim. I staden er dei fanga i eit system som hevdar interessone åt alle andre enn det store fleirtalet.

Um ikkje dette er nok, so hev me i Vest-Europa ei “vinstresida” som hjelper fram den uppkløyvingi og tribaliseringi som langsamt pressar seg fram når storsamfundet ikkje lenger hev noko anna å tilby folk enn reint materielle gode. Kamp for arbeidarklassen sine interessor vert bytt ut med identitetspolitikk – der det å vera “normal” heiter at ein ikkje høyrer til nokon stad…

Nasjonalstatane kjem til kort i møtet med finanskapitalen

På same måten som adelen meir og meir vart ein reint snyltande klasse i samfundet, so hev borgarskapen vore igjenom dei same fasane. Handelsverksemd, gründerverksemd og entreprenørskap hev kome meir og meir i skuggen av reinhekla finansspekulasjon – der nokre fåe personar skaper seg enorme formuer berre på å flytja ikring på pengar. Multinasjonale selskap kann på eigi hand fatta avgjerder som fær langt større konsekvensar for heile verdi enn det avgjerdene åt regjeringane i dei fleste av verdsens land.

“Storborgarskapen hev i våre dagar gjenge frå gründerverksemd og entreprenørskap til rein pengespekulasjon og verdipapir-manipulasjon.”

Liberalisering av økonomien, satellittkommunikasjon og internett, nedbyggjing av grensekontroll og yvernasjonale “samarbeid” hev avpolitisert dei nasjonale statsmaktene. Nasjonalstatane hev mist mykje av den formelle makti si og endå meir av den reelle makti. Dette er det viktugt å vera klår yver – for slik bør ein helder ikkje gjera seg nokon slags illusjonar um at parlamentariske protestparti åleine skal kunna endra på noko.

Fienden må identifiserast

Kva kann vera svaret på alt dette? Skal me kunna endra på noko, so må me fyrst forstå kva det er for slags fiende det er me stend andsynes. Difor titelen, “Comprendre l’empire” (forstå imperiet). Etter Soral sitt syn finst det berre eitt imperium i dag, og det er det angloamerikanske imperiet. Etter Sovjetunionens fall i 1989-1991 hev USA stade att åleine som den einaste supermakti, og dei hev berre teke seg meir og meir til rettes.

I dag stend Syria og Iran att som dei siste motstandsskansane i Midtausten. Alle andre statar er direkte eller indirekte under USA sin kontroll. Det vert tala mykje i media um fåren frå fundamentalistisk islam, men fakta er at det landet som eksporterar den mest ekstreme varianten av islam er ein nær alliert av USA. Palestina-mandatet vart skipa av britane etter fyrste heimskrigen, og dei sette den hashemittiske kongefamilien til å styra både i Jordan og Irak. Det irakiske kongedømet vart velta av pan-arabiske nasjonalistar i 1958, og sidan hev Saudi-Arabia, studd upp av USA, teke yver rolla som den sentrale støttespelaren for vestmaktene. Det er USA som sikrar sunni-islamistiske Saudi-Arabia militært, i byte mot at oljeprisen skal fastsetjast i petrodollars.

Alle andre statar som hev motsett seg hegemoniet åt det angloamerikanske imperiet hev etter tur vorte plukka ned. Irak vart invadert då dei vilde fastsetja oljeprisen i euro. Det same hende med Libya etter at Gadaffi freista etablera gulldinaren som eit motstykkje til petrodollaren.

Me skal samstundes ikkje gløyma at det framigjenom ikkje berre hev funnest eitt USA, men fleire: Dei skandinaviske eventyrarane som bygde og busette seg i Midtvesten var av eit anna slag enn dei som sat på Austkysten og lånte ut pengar. Bilbyggjaren Henry Ford – med sin anglosaksiske arbeidsmoral og entreprenørskap – var då sjølve motstykkjet til den spekulasjonskapitalismen som Wall Street målber. Han freista jamvel å føra fram ein klår og tydeleg kritikk av desse, men vart nøydd til å krypa til krossen – og i dag er det dei sistnemnde som rår grunnen åleine…

Jamvel i USA finst det motkrefter som ein kann alliera seg med.

I ein fransk kontekst so er det elles verdt å merka seg at Charles de Gaulle var ein av dei fåe vestlege statsleidarane som freista byda det angloamerikanske imperiet motstand. Han tok Frankrike ut or NATO, han drog Frankrike ut or våpensamarbeidet med Israel, han nekta Storbritannia å få verta med i EEC og han tok til ords for ei fransk regionreform som kunde ha gjort ende på den einsrettande jakobinske statsnasjonalismen i landet. Gaullismen bygde vidare på den motstandsfronten som under krigen hadde etablert seg millom både høgresida og den kommunistiske vinstresida. Det “antiautoritære” upprøret i mai 1968 sette ein stoggar for heile det gaullistiske prosjektet, og dagsens Frankrike er reintegrert i NATO…

Framvoksteren åt den sterke kinesiske økonomien og den russiske returen til verdspolitikken ser Soral soleides på som noko positivt. Ikkje av di han hev nokor tiltru til systemet åt desse statane, men av di det endrar det storpolitiske spelet når supermakti USA faktisk vert møtt med motmakt. Det er ikkje lenger fritt fram for å invadera og knusa alle stabile statar og regime som opponerar mot det vestlege hegemoniet.

Arbeids-vinstre og verdi-høgre

Kva for slags alliansar kann ein byggja i møtet med dette imperiet? Soral sitt svar på dette er “la gauche du travail et la droite des valeurs”, arbeids-vinstre og verdi-høgre. På same måten som adelen i tidi kring den franske revolusjonen hadde vorte ein rein snyltarklasse, ribba for dei heroiske verdiane som dei ein gong skulde stå for, so er storborgarskapen i våre dagar gjenge frå gründerverksemd og entreprenørskap til rein pengespekulasjon og verdipapir-manipulasjon.

Svaret på dette må vera å sameina dei kreftene som framleis er produktive og verdiskapande – som er på rett sida i møtet millom arbeid og storkapital – og samstundes slå ring um dei tradisjonelle verdiane som sikrar dei strukturane som storkapitalen vil knusa for å få størst mogleg sosial mobilitet – familien og nasjonen.

Eit leveført aristokrati må veksa fram gjenom kamp, og nye alliansar og samarbeidspartnarar må veksa fram i sams kamp mot globaliseringi. Mykje av dette er slikt som må utvikla seg undervegs, og ikkje noko som kann postulerast på fyrehand. Soral gjev oss soleides ikkje noko fasitsvar på korleis dette skal skje, men avsluttar boki med det opne spursmålet: Gjev morgondagen oss globalisering ein gong for alle eller kjem nasjonane til å gjera uppreist?

O. Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2016.