Skal Sogn og Fjordane attende til dansketidi?

«Vestlandsregionen» var død i det Rogaland valde å segja nei til å leggja seg inn under Bergen. Det Mini-«Vestlandet» som fylkestingi i Sogn og Fjordane og Hordaland skal røysta ja til i februar er ikkje noko anna enn ein retur attende til det gamle Bergenhus Amt.
 
I staden for å skapa strukturar som er framtidsretta so skal ein på «Vestlandet» taka steget 250 år attende i tid. Ein skal attende til den strukturen som ein hadde før ein fekk formannsskapslovene, den gongen amtmann, lensmann og prest rådde grunnen åleine i bygdene våre.
 
Medan folketalet i Sogn og Fjordane er på lag det same i dag som det var i 1850 (det var kring 100.000 menneske i fylket den gongen med), so hev Hordaland vokse til å telja meir enn ein halv million – og helvten bur i Bergen.

Etter 250 års sjølvstende skal Sogn og Fjordane annekterast inn att i Bergenhus. Skal det lokale sjølvstyret låsast inne i Rosenkrantztårnet og lykjelen kasta ein gong for alle?

Når jamvel Rogaland og Stavanger er redde for bergensdominans, korleis kjem det ikkje til å verta for Sogn og Fjordane? At sentraliseringstrugsmålet mot Sogn og Fjordane kjem frå Bergen, det hev vore klårt lenge. I dei siste tvo tiåri hev Sogn og Fjordane vorte ribba for både fylkessjukehus, fylkesskattekontor, alarmsentral og no til slutt politidistrikt. Flestalle desse funksjonane hev hamna i Bergen.
 
Eit Mini-«Vestland» som er for lite til å kunna få meiningsfulle arbeidsuppgåvor
I den upphavlege «intensjonsplanen» for «Vestlandsregionen» so heitte det at:
 
«Fylkestinga i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane sluttar seg til intensjonsplanen, og stiller følgjande premisser for å etablere Vestlandsregionen:
Viktige samfunnsoppgåver blir overført frå statleg til regionalt folkevalt nivå, og desse vert sett i samanheng med sentrale oppgåver og ansvarsområde som fylkeskommunane no har.»
 
Med ein vestlandsregion sett saman av dei tri vestlandsfylki, so hadde ein fenge samanfallande grensor millom Helseregion Vest, Skatteregion Vest og Statens Vegvesen Region Vest. Regionen var stor nok til at ein faktisk kunde ha teke yver den politiske styringi med dei statlege regionane som finst frå fyrr av. Eit Mini-Vestland kjem derimot til å vera for lite til at det er mogleg å få dette til.
 
Kor som er, so er det åt å verta klårt nok at det helder ikkje er meiningi å få yverført nye uppgåvor frå statlegt til regionalt nivå. I Stavanger Aftenblad kunde me nylegt lesa at:
 
«Høyre varsler nye runder med kommunesammenslåinger i årene som kommer. Slik skal regionene, som Høyre nå er med på å etablere, fjernes. Færre og større kommuner skal gjøre det regionale forvaltningsnivået overflødig, håper Tina Bru (H) og Torbjørn Røe Isaksen (H) i programkomiteen til Høyre.»
 
(«Høyre varsler nye tvangssammenslåinger av kommuner», Stavanger Aftenblad 12.01.2017, http://www.aftenbladet.no/innenriks/Hoyre-varsler-nye-tvangssammenslainger-av-kommuner-537068b.html)
 

Kommunalminister Sanner hev til dessar ikkje vilja vera konkret på kva slags uppgåvor som dei nye regionane skal få. Fyrst skal ein slå saman til størst moglege regionar, deretter skal ein tala um arbeidsuppgåvor – jamvel um det naturlege hadde vore å fyrst diskutera arbeidsuppgåvor og funksjonar, og deretter administrativ uppdeling. Men Røe Isaksen gjev oss fasiten: Dei nye «regionane» kjem til å vera reint byråkratiske konstruksjonar, som i motsetnad til dei 19 fylki er utan historisk forankring eller identitet. Når dei ikkje ein gong skal få meiningsfulle funksjonar å fylla, so vert det i neste umgang lett for styresmaktene å taka det folkevalde regionale nivået heilt burt.

Det er i realiteten klårt alt no at heile den politiske prosessen kring regionreformi er ein fiasko. Det vart sagt at talet på folkevalde regionale einingar skulde ned frå 19 til 10 og at dei nye regionane skulde få fleire arbeidsuppgåvor frå staten. Ut frå det som no er gjort av vedtak i dei ulike fylkestingi, so er det likt til at talet på regionale einingar vert redusert frå 19 til 16. Dei tvo Agder-fylki og dei tvo trøndelagsfylki slær seg saman til eitt, Sogn og Fjordane (gong etter gong kåra til det beste fylket å bu i) vert servert på eit sylvfat til Hordaland – og det er alt. Etterpå kann Høgre/Frp-regjeringi slå fast at «me freista å få til ei regionreform med utvida arbeidsuppgåvor, men det gjekk ikkje» – og so kann dei arbeida vidare for å realisera sin våte draum um eit endå meir sentralstyrt Noreg utan noko folkevalt regionalt nivå.

Pseudo-«regionar» som er altfor småe til å taka yver statlege arbeidsuppgåvor, som vantar historisk forankring og identitet – og som i neste umgang er lette å plukka heilt burt. Det er det som styresmaktene vil ha.

 
Kvar vart det av den demokratiske prosessen?
 
Vedtak um å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane skal gjerast i fylkestingi alt tidlegt i februar. Det vert ingen ny høyringsrunde, jamvel um fyresetnadene i den upphavlege intensjonsplanen er burte.
 
Nye uppgåvor til Vestlandsregionen var som nemnt ein av dei viktugaste premissane i «intensjonsplanen» som var grunnlaget for høyringi tidlegare i haust. Når premissane for høyringi er endra, so er det klårt at det ogso burde verta ei ny høyring fyre fylkestingi skal gjera nye vedtak. I staden vert ei samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane køyrd igjenom i rasande fart.
 
Motstanden og motkulturen som døydde ut?
 
Det er dessutan grunn til å stella spursmål ved Senterpartiet si rolla. Det er Senterpartiet sin fylkesordførar Jenny Følling som hev vore med på å tinga fram både den gamle og den nye «intensjonsplanen», jamvel um Senterpartiet både lokalt og nasjonalt er imot fylkessamanslåingi. Kvifor godtek Senterpartiet at fylkesordføraren deira gjer dette? Er dei meir interesserte i å halda på misnøgje-røystene åt sentraliseringsmotstandarane enn å faktisk vinna kampen mot fylkesnedleggingi? Senterpartiet sin «motstandskamp» mot regionreformi ber so langt preg av at dei «protesterer for all verden, men er med på ferden…»
 
Slik sett kann ein segja at ringen er slutta. For 250 år sidan vart Vestlandet styrt av dansk- og tyskætta embetsmenner som både etnisk og kulturelt stod langt undan den innfødde folkesetnaden. Var motkulturane på Vestlandet berre eit lite historisk blaff – fyre me endå ein gong skulde slusast inn att i eit framandvelde som med EU, NATO og TISA/TTIP jamvel hev fenge globale dimensjonar?
 
Olav Torheim