Stod USA bak gruve-eksplosjonen i «Kings Bay»?

Dei store norske riksmedia hev kalla filmen «Kings Bay» for både klisjefyld og konspirativ på ein gong. Det klisjefylde ser ut til å vera at han portretterar journalistar som nett so feige eller forfylla som mange av dei faktisk er – og det konspirative er tydelegvis at filmen ikkje legg skjul på at det er fleire løynde tenestor enn berre KGB/FSB som er viljuge til å gå yver lik…

Tonen vert sett alt i den fyrste scena: Me kjem ned i ein ølkjellar der ein stor og skjeggut mann tingar fem pils til journalist-kollegaene sine. Tankane vandrar unektelegt til Arne O. Holm og Dagblad-kollegaene hans i Tostrup-kjellaren, men her er me snarare i Tromsø. For i denne filmen er det Nordlys-journalisten Harriet Hansen (Kari Bremnes) som me fylgjer på jakt etter sanningi um kva som i røyndi hende i Kings Bay den 5. november 1962 – då 21 menneske vart drepne i ein gruveeksplosjon på Svalbard.

Ein ny «Orions Belte»?

Harriet Hansen vert sett til å dekkja ei rettssak mot ein arrestert russisk trålar som hev drive med ulovleg fiske inne på norsk økonomisk sone. Norske styresmakter hevdar at dei hev borda båten i norsk sone, men fiskarar som Hansen talar med kann fortelja at dei såg heile dramaet på radar – og at båten vart borda i russisk sone. «Dette handlar um kven som hev makti i nordområdi», fortel dei henne. Når domen i saki fell, so er det tydelegt at heile rettssaki hev vore avtala spel millom partane. Dette upprører Harriet Hansen.

Harriet Hansen fær samstundes anonymt tilsendt nokre ljodband som tyder på at ulukka i Kings Bay i 1962 må ha vore meir enn berre ei ulukka. Årsaki til Kings Bay-ulukka hev aldri vorti klårlagd. Kor som er: Alt eit år fyreåt skal ein russisk diplomat ha åtvara norske styresmakter um at ei ulukka kunde koma til å skje i ei av gruvone i Ny-Ålesund – dersom Noreg ikkje roa ned dei geologiske undersøkingane sine i havområdet utanfor…

Hansen hev fenge ein professor ved Universitet i Tromsø til å sjå nærare på upptaki, men når ho kjem for å høyra um kva han hev funne ut so er han brått død. Utanriksdepartementet kontaktar avisredaksjonen og gjer det klårt at dei ikkje vil ha meir graving i denne saki, og det vert tydelegt at njosnartenestor er inne i bilætet for å få lagt lok på saki. Telefonen hennar vert avlytta og husværet hennar gjenomsøkt medan ho er ute.

Den myrke stemningi i filmen, det vene nordnorske vinterlandskapet, Svalbard-fokuset – og det at norske styresmakter gjer alt for å hindra at sanningi kjem fram um korleis ei framand makt hev krenkt norsk suverenitet og drepe norske borgarar – det gjer det uråd å ikkje få assosiasjonar til «Orions Belte».

Endå so myrkt og nervepirrande dramaet var bygt upp, so kjende eg midt inne i filmen på noko trøyttande: Skulde me få eit drama som var sydd yver same leist som slutten på «Orions Belte», og det meir enn 30 år etter at originalen kom ut? Og er det ikkje alt nok av filmar som hev peika ut Russland som landet me framleis må reddast for, og der amerikansk og israelsk etterretning ser ut til å vera den blinde flekken?

Her tenkjer eg til dømes på serien «Okkupert» – eller på filmen «To liv» (2012) med Linn Ullmann, der det vart hevda at det var aust-tyske Stasi som hadde teke livet av den mystiske Isdalskvinna i Bergen – og at det framleis fanst sovande Stasi-cellor frå DDR-tidi i Noreg.

Dei som til dømes hev lese Daniele Ganser si doktoravhandling frå 2005, dei veit at det under alle umstende finst nok av andre leidetrådar når det gjeld terroraksjonar utførde av njosnartenestor i Vest-Europa («NATO’s secret armies. Operation Gladio and terrorism in Western Europe«)…

Ikkje Russland, men USA, sprengde gruva…

Men det er her at «Kings Bay» fær ei ny vending som dei færraste hadde venta seg, og som trulegt er grunnen til at filmen er so negativt motteken i dei store avisone: Det er ikkje Russland som hev valda eksplosjonen i Kings Bay. Det er amerikansk etterretning som hev snappa upp at russarane hev truga Noreg – og berre ei vika etter Cuba-krisa so smell det i Kings Bay. Norske styresmakter kallar det ei ulukka, jamvel um dei er yvertydde um at eksplosjonen er eit russisk svar på norsk-amerikansk oljeleiting på Svalbard. I realiteten er det USA som fekk gruva til å eksplodera – for å riva upp norsk-russiske relasjonar og knyta Noreg endå sterkare upp til NATO.

Det er altso heile tri versjonar av det som hev skjedd: Ein falsk offisiell versjon som det norske folket skal tru på (ulukka), ein falsk versjon som norske styresmakter skal tru på og samstundes ser seg tvinga til å dekkja yver (russisk sabotasjeaksjon) – og den røynlege versjonen der det er USA som hev sett det heile i scena for å sikra at Noreg vert verande ein lydig alliert.

Kor som er, so gjeng det i filmen som det må gå. Ei sak som denne kann berre ikkje få koma ut i ålmenta. Nordlys-redaktøren gjev etter for presset – og gravejournalist Harriet Hansen vert yverlati til sin eigen ublide lagnad…

Energipolitikk er ikkje for pyser

Noreg hadde ikkje teknologien til å leita etter olje tidleg på 60-talet, men det hadde USA. Og då Troll-feltet vart uppdaga av Shell i 1979, so var det amerikanske styresmakter som la press på Noreg for å få opna feltet – endå Noreg framleis hadde til gode å utvikla teknologien som i det heile gjorde det mogleg. Troll-feltet hadde meir olje og gass enn både Statfjord og Ekofisk i alt, og det trongst til å gjeva NATO-statane i Europa ei energiforsyning som var mindre avhengig av russisk gass og olje. Året etter kantrar Alexander Kielland…

På slutten av filmen fær me sjå ei Nordlys-framsida som fortel at Noreg og Russland innleider samarbeid um oljeleiting i nord. Det er ikkje klårt kva for eit årstal det er dramaet i filmen er lagt til, men sidan det vert fortalt at grenselina i Barentshavet er umstridd, so må det ha vore ein gong fyre 2011. Norske og russiske styresmakter vart endelegt samde um ei delelina i 2010. Denne avtala tredde i kraft den sjuande juli 2011. Tvo vikor etterpå small det i regjeringskvartalet – og ein massemordar gjekk amok på Utøya…

Klisjefyld konspirasjon? Filmen som Akersgata ikkje vilde sjå på kino

«Klein konspirasjon» kallar VG-filmmeldar Morten Ståle Nilsen det, som gjev filmen terningkast 2. «Vi som anser at konspirasjonsteorier stort sett er tøv for gustne gutterom og voksne med for mye tid til rådighet, kommer ikke til å forandre mening.» Han hevdar at filmen er full av klisjear um journalistar og avsluttar filmmeldingi si med å påstå at filmen ikkje hev noko på kino å gjera.

Det same meiner Dagbladet-filmmeldar Inger Merete Hobbelstad, som hev kjensla av «å ha sett noe som ikke hører så mye hjemme på kino som på en lineær-tv-skjerm en torsdag kl. 23.05…». Vidare so fær me høyra at «Nordlys-redaksjonen som omgir henne er stereotypisk gneldrete. Og den storpolitiske intrigen som pakkes opp, er så banal at den raskt blir usannsynlig.»

Aftenposten-filmmeldar May Synnøve Rogne kallar filmen «Kings Bay» ein «lek i konspirasjonsteorienes grumsete grenseland» (Aftenposten 25. januar 2017). Det hev ho lov til, men er det regissøren eller Aftenposten sin eigen konspirasjonsteori ho talar um?

For berre fire dagar fyreåt hadde den same Aftenposten spurd ut regissør Stig Svendsen som «mener han har funnet en sannsynlig teori bak norgeshistoriens største gruveulykke» (Aftenposten 21. januar 2017). Her er det likt til at Aftenposten må ha sove i kinosalen – for i den nemnde Aftenposten-reportasjen vert det hevda at filmen gjev Russland skuldi for gruve-eksplosjonen. Dette endå alle som ser filmen må få med seg at han gjer det stikk motsette.

Aftenposten klarar jamvel å avslutta reportasjen sin med eit intervju med Monica Kristensen – der dei let Kristensen få nytta spalteplass til å stråmann-argumentera mot ein Russland-teori som filmregissøren aldri hev kome med…

Ein spanande og aktuell politisk film

Dagblad-filmmeldar Hobbelstad hevdar at «slutten fordrer et syn på folks nyhetstilførsel og medienes rolle som har akutt behov for en oppdatering.» Men her er det kanskje ho sjølv som ikkje hev fylgt med i tidi um ho ikkje hev fenge med seg avsløringane åt Edward Snowden – eller den umfemnande nyhendefiltreringi som hennar eigen avisredaksjon driv på med? «Fake news» kallar dei det når sanningi til slutt kjem fram på alternative nettstader.

Ja, ein må gjerne kalla «Kings Bay» for klisjefyld dersom ein vil det. Me vert alt frå fyrste stund av kasta inn i ei scena der me møter journalistane slik me typisk ser dei fyre oss. Og me forstår tidlegt kva slags type film dette er. Det er ein film som vil fortelja oss noko, og difor so godtek me at mange av personane framstår som typar utan nokon djupare personlegdom. Det er heilt greidt for sjåarane at regissøren kuttar nokre svingar og nyttar nokre openberre dramaturgiske grep her eller der. So fær journalistane i Akersgata helder berre vera sure for at regissøren tek dei på kornet eller – gud betre – serverar oss andre konspirasjonsteoriar enn dei medie-autoriserte.

O. Torheim