Møte med Makss Damage

Den tyske rapparen Makss Damage hev i den seinaste tidi skapt bylgjor med sine kontroversielle og nasjonalistiske rap-låtar. Jamvel vinstreradikale kommentatorar må sanna at dette er ein rappar som kann handverket sitt, same kor mykje dei mislikar tekstene. Målmannen hev møtt Makss Damage for ein prat.

-«Das hier ist weisser Rap», segjer du i ei av låtene dine. For dei som ikkje alt kjenner deg, kann du fortelja oss litt um Makss Damage og konseptet som stend attum?

-Namnet mitt er Makss Damage og eg lagar nasjonalsinna rap-musikk. For meg er det sers viktugt å avgrensa meg mot den vanlege ghetto-gangster-musikken og gjeva musikken min ei europeisk sjel. Det syter eg framfor alt for med tekstene mine. Beat-produsentane mine syter dessutan for høvelege “beats”, det er det som ein kallar bakgrunnsmusikken på eit rap-spor. Dei gjer sitt for å skapa ei sereige ljodbilæte, dei med, og det vert dei heile tidi betre og betre på.

-Kvar hen hentar du inspirasjonen til tekstane og beatsi dine? Kva for andre musikarar hev påverka deg?

-Eg hev høyrt på rap-musikk heilt frå den tidlege ungdomstidi av, og soleides hev eg naturlegt nok vorte påverka av ymse tyske og amerikanske rapparar. Ikkje minst Eminem frå USA. No um dagen høyrer eg snaudt meir på tysk rap, sidan dei dumme tekstene byd meg imot. Eg konsentrerar meg helder um å henta inspirasjon frå bøker, filmar og mitt eige kvardagsliv.

-Du hadde upphavlegt alt gjort deg kjend som rappar av det vinstreradikale, eller jamvel vintreekstreme, slaget. Som med plata “Stalins way”. Seinare hev du gjenge yver til den nasjonalsinna sida. Kann du fortelja oss meir um den politiske uppvakningi di og den politiske reisa som du hev gjort?

-16 år gamal so vart eg gjenom vener og kjende dregen med i Antifa-miljøet, og der hadde eg utvikla meg til å verta kommunist. Rapping hadde eg drive på med alt fyre det kom so langt. Etter at eg var vorten politisk, so tok eg til å fylla musikken min med tema som fengde meg. Slik er det jamvel idag.

Innanfor dei kommunistiske gruppone kjende eg meg stødt pressa inn i eit hyrne, det var mykje strid og spetakkel. I kvardagen gjorde eg meg mine eigne røynslor med muslimar og med andre vinstreradikale – og eg vart kjend med nasjonalistar òg. Slik tok eg litt etter litt til å stella spursmål ved mitt eige verdsbilæte. Mange saker og ting som tidlegare ikkje høvde i hop tok til å få ei meining. Di meir eg tenkte yver tematikken, di klårare vart det for meg at det var i den nasjonale motstandsrørsla eg høyrde til.

Desillusjonert gjekk eg burt frå venekrinsen min og det som i årevis hadde vore den politiske heimen min. I tidi som fylgde so kann eg segja at eg endelegt makta å finna meg sjølv – med di eg slutta meg til det nasjonale motstandet og fann den staden der eg i røyndi høyrer til. Det var på slutten av 2010 og byrjingi på 2011.

-Di eigi livssoga syner, etter mitt syn, at det jamvel i det vinstreradikale spekteret finst menneske som hev hjarta på rette staden. Dei hev berre ikkje sett det store bilætet enno. Eller ser du det onnorleides?

-Slik er det i alle fall! Kor som er so trengst det ein god porsjon mod å kunna endra seg og å våga segja fram offentlegt det som ein eigenlegt meiner. Det vinstreradikale spekteret er av ein slik natur at det dreg til seg mange feigingar. Difor er det sjeldan at folk kjem på andre vegar, slik som eg gjorde.

-Når det kjem til musikken som politisk våpen, kva er det som er fyre- og ettermunene med rap, jamført med meir “tradisjonell” nasjonalsinna musikk som rock, hardkjernerock, svartmetall og so burtetter?

-Du kann fortelja mykje meir i ei rap-låt enn det du kann med rock eller hatecore. Eit rap-spor er like langt som fire rockelåtar. Dessutan er det, i minsto i Tyskland, den musikken som ungdomen lyder til. Rap er nett no den musikkretningi som flest folk høyrer på, difor er det viktugt at me òg hev gode rapparar som kann pakka vår bodskap inn i denne musikkformi. Slik hev mange ungdomar, som i tankane sine alt høyrer til hjå oss, stor gleda av låtene mine.

-Det er likt til at du ikkje er serleg redd for å taka fyre deg tabutyngde tema i tekstene dine. Tema som er vandslege å tala um som fylgja av “den tyske soga” (som ikkje er lenger enn snaude 12 år…). Du er jamvel vorten dømd som eit resultat av dette. Kvifor skal du stødt vera so provoserande? Kva vil du uppnå? Er det verdt alle problemi som det gjev deg?

-Eg var stødt eit rakrygga og ærlegt menneske. Med tilsløringar og lygner hev eg eit stort problem. Eg kann ikkje taka (politiske) menneske seriøst um dei ikkje formulerar meiningane og målsetnadene sine klårt og tydelegt. Um ikkje lovgjevingi i Tyskland hadde vore so yverdrivi streng som ho er, so hadde eg ytra meg endå meir direkte. Men som du alt hev sagt heilt rett, so må eg ta meg i age. Difor freistar eg å umskriva mange ting, utan at eg eg misser dei politiske målsetnadene mine av syne. Songane mine kjem likevel rett frå hjarta og slik kjem det alltid til å vera!

-Kva tenkjer du um den politiske stoda i Tyskland og Europa? Er du pessimist eller optimist?
-Eg freistar vera realist. Sumtid driv eg likevel ned i det pessimistiske. Det ser rett og slett myrkt ut for oss. Seinast etter nyårsnatti i Köln måtte tusundtals menneske ha teke til gatone, men det skjedde… ingenting. Folk sit heime med datamaskinen sin og legg fram tankane sine på Internett. Men det er på gata at kampen vert avgjord.

Endå um me dag for dag vert sterkare medan makta åt dei vinstreekstreme brotsmennene smuldrar upp, so arbeider tidi imot oss. For dei vesttyske byane ser eg ingi von meir. Der kann ein tenkja so positivt som ein vil, laupet er like fullt køyrt. Vesttyskarane vil ikkje reisa seg. I Sud-Tyskland og i Aust-Tyskland ser det derimot onnorleides ut.

-Noko meir som du gjerne vilde ha sagt?

-Til dei av dykk som tvilar: Opna augo dykkar for nye agitasjons- og musikkformer. Det er nyttelaust å verta ståande fast i kulturen frå 90-talet. Me var ein gong den mest moderne rørsla i verdi og det vil me atter verta. Då høyrer det med at ein måtar seg til trendane i tidi. Jordi sluttar aldri å snurra, og um me ikkje vil missa ungdomen so treng me moderne uttrykksformer som rap. Gjev dei nasjonale rapparane ein sjanse!

Intervjuet stod på prent i Målmannen nr 4 2016

  • Breidablikk

    Meget interessant, at godt at denne musikken fins. Desto viktigere, fordi man i eks Frankrike har en rap som – etter mine begrensende kunnskaper – bringer til torgs hat mot Frankrike – som kolonimakt, fremmedgjøring – og «befolkningsutbytte».

    Se eks, hvor «befolkningsutbytte» er forvandlet fra en «høyreekstrem» term som tematiserer en kritikk av masseinnvandringen, til en term som uttrykker innvandreres – araberes, svarte, muslimer – stolthet: «Vi er det store Paris»
    https://www.youtube.com/watch?v=6sfVkZYIyik

    Hinsiden analysen av enkelte sanger og artister, kan man jo anttyde at analyse av rapmusikk kunne være inngangsporten til en slags kulturkritikk, eller analyse av vårt samtidige Europa. Særlig, for min del, fordi man der kan «avlese» holdninger og sosiale realiteter som vanligvis ikke tematiseres – eller tillates – i gjengs politisk og medial diskurs.

    Det faktum at de musikalske virkemidler, og genren, er tilnermelsesrik den samme i ulike land og språk tillater også sammenligninger, og tematiskere politiske konflikter «nedenfra», fra populærkulturen. Her fra Øst-Europa, nasjonalistisk stemning uttrykt. Samme musikk, men som tematiserer en helt annen politisk situasjon enn i Vest-Europa, dominert av innvandring- og identitetsproblematikk, nemlig konflikter i kjølvannet av sovjetunionens oppløsning. Rap med mer «kjøtt på beinet» og tragisk uttrykk, da man har reell krig.

    Ukrainsk:
    https://www.youtube.com/watch?v=KRtl5N88vqc&index=12&list=RD77q2kYaNDzA

    Russisk:
    https://www.youtube.com/watch?v=16TlmbCMhbw&index=11&list=RD77q2kYaNDzA

    Særlig den russiske låten er sjokkerende for en nordmann og en vest-europeer, og setter artikkelen i kontekst: der Makss Damage tilsynelatende strever med egen patriotisme, iallfall er marginal i sitt tankeuttrykk i et Tyskland som fullstendig åpner slusene for multikultur og masseinnvandring, der synger Gleb Kornilov, Глеб Корнилов, uhemmet om russisk stolthet, ny russisk, «imperial» styrke og «nyerobret» land i Ukraina («Ny-Russland)

    Новороссия – новая Россия.
    Новороссия – русская земля.
    Мы в Империю верим с новой силой

    På samme uhemmede, kommpromisse måte uttrykker den ukrainske rappen følelse av tap, nederlag og undergang som nasjon. – Altså begge låter en forhold til eget land og nasjon som vi i Vest-Europa ikke kjenner, nemlig stolthet og skam, men begge deler like patriotisk, like emosjonelt, ovenfor størrelser som i vår verden utviskes og fordunster, nemlig folk og nasjon.

    Poenget her er ikke å ta politisk stilling til det ene eller andre land. Det interessante er å kunne sammenligne ulike former for patriotisme i rap-musikk,. og bruke denne musikken for å forstå og artikulere en politisk situasjon.

    Dette også som en slags replikk til Målmannen som ofte har skrevet om musikk, særlig patriotisk og lokale typer. Dette er et viktig tema, da musikk og sang – selvfølgelig – bærer folks følelser – og folkets følelse. I dag framstår for meg rappen som den eminente politiske musikk og bærer av folkets følelser. Med syvmilsstøvlene på kunne man jo trekke en sammenligning – iallfall på et punkt – til reformasjonstiden, hvor den lutherske salmesangen – så kulturhistoriker Egon Fridell – uttrykker den nye, frie tyske «folkefølelse» og både bidrar til og uttrykker bruddet med Roma og det latinske, katolske Europa. På samme måte – ekstremt forenklet – kan man si at rap-musikken iallfall eminent uttrykker våre tids politiske endringer.

    Mangler bare et blikk på USA, hvor rasetematikken er langt viktigere enn trad. i Europa, der «den hvite suprematist» (så lyder anklagen) vinner på et bakteppe av hvite sjeleskvaler for slaveri og rasisme, uttrykt eksempelvis hos Macklemore og «White Privilege II», altså en «hvit skam», utvilsomt like ektefølt som, fullstendig motsatt, den russiske stolthet ovenfor.

    https://www.youtube.com/watch?v=Y_rl4ZGdy34

    White supremacy is the soil, the foundation, the cement and the flag that flies outside of my home
    White supremacy is our country’s lineage, designed for us to be indifferent
    My success is the product of the same system that let off Darren Wilson. Guilty
    We want to dress like, walk like, talk like, dance like, yet we just stand by
    We take all we want from black culture, but will we show up for black lives?
    We want to dress like, walk like, talk like, dance like, yet we just stand by
    We take all we want from black culture, but will we show up for black lives?