Europeisk identitets-konferanse i Stockholm

-Soga gjeng i bylgjor som ikkje let seg styra, men me kann surfa på bylgjone og syta for ei stemneleid som gagnar europeiske folk.  Det var bodskapen frå amerikanske Greg Johnson til dei 120 frammøtte på Scandza Forum i Stockholm.

Det var i hjarta av Stockholm, på laurdag den 20. mai, at den aller fyrste konferansen åt nyskipa Scandza Forum gjekk av stabelen. Scandza er eit ope forum for ordskifte og informasjonsformidling kring nordisk og europeisk identitet og eigenart. Kjeldor som Målmannen hev vore i kontakt med kann fortelja at um lag 120 personar var møtte fram for å lyda til fyredrag med Greg Johnson (USA), Guillaume Durocher (Frankrike) og Kevin MacDonald (USA).

Fróði Midjord ynskjer tilhøyrarane velkomne til den fyrste konferansen med Scandza Forum (Foto: Rasmus Björnberg).

-Me kann ikkje styra trendane i tidi, men me kann nytta oss av dei

Fyrst ute var Greg Johnson, redaktør for den amerikanske nettstaden Counter Currents. Fyredraget åt Johnson hadde titelen “Heidegger and the Jewish Question”, og her gjekk Johnson i rette med myten um Heidegger sin påståtte “anti-semittisme”. Johnson kunde ettervisa at Heidegger hadde eit kritisk, men nyansert, syn på jødedomen.

Johnson poengterte dessutan at Heidegger var uppteken av korleis menneske kunde vera til stades i verdi ikring seg (“Dasein”). Det meste av det som hender her og no er saker og ting som einskildmenneske ikkje kann gjera so mykje med. Soga gjeng sin gang, same kva me tykkjer um henne. Dei ulike historiske ovringane kjem i bylgjor som knuser dei som freistar stella seg i vegen for deim. Um ein derimot freistar å rida på bylgjone og hiva seg på det som skjer, so er det framleis mogleg å gjera ein skilnad, hevda Johnson.

-Dei allierte var etno-nasjonalistar, dei med

Nestemann ut var Guillaume Durocher frå Frankrike. Durocher tok fyre seg stoda i Frankrike og Europa frå eit historisk perspektiv, og etterviste korleis grensone for akseptable meiningar langsamt var vortne flutte.

-I offentlegt ordskifte i våre dagar vert kvit nasjonalisme ofte slege i jambreidd med nazisme, men fakta er at både Charles de Gaulle og Winston Churchill var kvite etnonasjonalistar. Etnonasjonalismen var heilt midtstraums til langt inn på 1900-talet, poengterte Durocher.

Kevin MacDonald: Umstridd og umtykt vitskapsmann

Sistemann ut var den umstridde og umtykte Dr. Kevin MacDonald. MacDonald hev undervist på amerikanske universitet i mange tiår, og han hev gjort seg kjend med bøker som “The Culture of Critique”. Evolusjons-psykologen MacDonald hev freista å forska på jødedomen som ein gruppe-evolusjonær strategi, og resultati frå det vitskaplege arbeidet hans hev gjeve honom både vener og fiendar.

Professor Kevin MacDonald (Foto: Rasmus Björnberg).

Jødiske gruppor hev havt sterk innflytnad på politikken i USA, hevda MacDonold, og USA hev i neste umgang styrt resten av verdi i ei stemneleid som er i tråd med amerikansk politikk. MacDonald var dessutan usamd med Johnson si Heidegger-tolking: -Det stemmer ikkje at ein ikkje kann påverka soga, det hev jødiske gruppor so absolutt gjort!

Ein fullsett sal lyder til Kevin MacDonald (Foto: Rasmus Björnberg).

-Dataspel-verdi er vår!

Det skulde etter planen vera eit siste fyredrag med Andrew Joyce, men han laut diverre melda avbod av private grunnar. I staden vart dagen avslutta med ei spyrjestund, der fyredragshaldarane var samla i eit panel i lag med Jonas De Geer og Marcus Follin (kjend som “The Golden One” på Youtube).  Journalisten Ingrid Karlqvist, kjend frå podcasten “Ingrid og Conrad”, var dessutan aktiv med innspel frå salen.

Jonas De Geer med «The Golden One» (Foto: Rasmus Björnberg).

Under konferansen hadde Kevin MacDonald synt til korleis organiserte minoritetar aktivt hadde teke kontroll med viktuge økonomiske, politiske og kulturelle sektorar i samfundet – og ein av tilhøyrarane i salen stelte spursmålet um det fanst sektorar som europeiske nasjonalistar kunde vera i stand til dominera. Det meinte Marcus Follin at det var, og eit godt døme var dataspel. Til dømes er dataspelet “The Witcher” på mange måtar ei einaste stor lovprising til europeisk kultur – og mange av dei klanane som unge kvite menner danar seg i dataspel-verdi er i dag det næraste ein kann koma å få uppliva eit rettelegt kamphopehav, eit “Männerbund”.

-Det nye knutepunktet for etnisk medvitne skandinavar

Millom fyredragi var det lange kaffipausar. Folk fekk høve til å verta kjende med andre konferansedeltakarar, kontaktar vart knytte og stemningi var god. Logik Förlag var dessutan representert med eit stort salsbord.

Logik Förlag hadde eige salsbord under konferansen (Foto: Rasmus Björnberg).

Primus motor for konferansen, Fróði Midjord, uppsummerar tilskipingi slik:

-Sidan mykje av det politiske ordskiftet gjeng fyre seg på Internet, so er det viktugt at ein nyttar kvart eit høve til å møtast fysisk – ikkje minst for å brjota illusjonen um at ein er åleine um å kjenna seg framandgjord av globalismen. Det er i røyndi utrulegt mange av oss, og det er alltid sers hyggjelege folk.

-Alle eg hev tala med uppliver konferansehelgi som ein uppfriskande «ferie» frå dei «vanlege» rollone deira, der dei ofte lyt vera falske skodespelarar for å høve inn i resten av samfundet. Med Scandza Forum skaper me oss eit frirom. Neste konferanse vert i Oslo den fyrste juli. Det vert den fyrste konferansen i Noreg i sitt slag, og dei som ikkje møter fram gjeng glipp av noko historisk!

O. Torheim