Malplassert mangkultur i myrk millomalder-film

Di meir enn kann um mytologien um Arthur og riddarane av det runde bordet, di meir forvirra vert ein av den nye filmen «King Arthur – Legend of the Sword».

Det er lite att av den upphavlege soga, og sumtid er rekkjefylgja av det som hender heilt umsnudd – som når det runde bordet fyrst vert henta fram i slutten av filmen. Filmen er dessutan fyld med mangkulturelle anakronismar, med di mange av hovudpersonane er ikkje-europeiske.

Subtil propaganda og maltrakterte mentale bilæte

Med seg på laget mot den vonde kong Vortigern fær Arthur både afrikanarar og asiatar. Millom kong Vortigern sine soldatar finn ein derimot berre europearar, inkludert nokre blonde vikingar som vert karikerte på den sedvanlege måten.

Denne formi for subtil propaganda er vorti meir og meir vanleg i alle slags fantasifilmar i det siste tiåret, til dømes i filmen «Thor» (2011) der Heimdall var ein afrikanar. Likeins hev tenåringsfilmen «Percy Jackson» laga ein einaste stor multietnisk miks ut or den greske gudeverdi.

Det er openbert at ein ikkje ynskjer å laga filmar som kallar fram autentiske sinnbilæte frå europeisk mytologi. Europa hev alltid vore mangkulturelt, måvita.

Målmannen hev sett på andre filmmeldingar av «King Arthur» og ingen andre norske filmmeldarar hev nemnt med eit ord at Ritchie hev rota inn både afrikanarar og asiatar i ei handling sett til London for um lag 1400 år sidan.

Mytologiske filmar krev innleving

No kann det alltids leggjast imot at kong Arthur mest sannsynlegt ikkje er nokon historisk person, men snarare ein mytologisk figur. Det gjer ikkje saki noko betre. Mytane er urgamle forteljingar som segjer noko viktugt um våre eigne liv, og mytane kann vekkjast til live att og upplivast gong etter gong. Tenk berre på korleis Wagner let seg riva med av urgamle Niebelungenlied, med meisterverket «Ring der Niebelungen» som resultat.

Noko slikt krev naturlegvis at ein er viljug til å leva seg inn i den estetikken og den mentale fyrestellingsverdi som desse mytane målber. Nett det er dei færraste moderne filmskaparane viljuge til.

Um ein til dømes ser på det reint scenografiske og arkitektoniske i «King Arthur», so er det lite som minnar um nord-europeisk formkjensla eller estetikk. Londonium minnar fyrst og fremst um eit moderne samfund etter ein sivilisasjonskollaps – og slik sett høver dei mangkulturelle innslagi ironisk nok godt inn.

På same måten er «Thor» frå 2011 vorten ribba for alt som smakar av nordisk formkjensla, og det gjeld både stemning og estetikk. I staden framstår Valhall mest som eit slags futuristisk teknologisamfund.

Medan Wagner nytta europeisk mytologi til å skapa eit meisterverk, so er det likt til at dagsens «kunstnariske fridom» skal nyttast til å skipla alle tradisjonelle fyrestellingar um kva som er vent og verdfullt. Som til dømes i Sverike der det for eit par år sidan vart haldi kolsvart Lucia-feiring med rap-musikk…

Veike skodespelarprestasjonar

Skodespelarprestasjonane i «Arthur – King of the Sword» er helder ikkje imponerande. Djimon Honsou («Amistad») verkar som han hev rota seg inn på settet til rang film. Han minnar mest av alt um ein av dei tri vise mennene i eit barneskulespel – og spelar på lag like truverdig i rolla som Sir Bedevere.

Jude Law som «bad guy» lydde sikkert løgje på papiret, men han verkar like malplassert som kung-fu-kinesaren (Tom Wu) som hoppar ikring og skyt piler.

Kva hev hendt med regissøren?

Heile plottet i «Arthur – Legend of the Sword» er sers rotut og me vert dregne med frå den eine scena til den neste. I bakgrunnen durar ein disharmonisk elektronisk musikk med altfor mykje dundrande bass. Ein skulde mest tru at regissør Guy Ritche hadde AD/HD.

På 90-talet verka Ritchie som ein lovande filmskapar, med nyskapande gangster-action, so ein må undrast på kva det er som hev skjedd. Kann henda er det ekteskapet med Madonna som hev øydelagt honom?

Leidulv Knivodden