Ivar Aasen i homoerotisk historie-drama? Nei takk!

Mållagsveteran Holger Lockertsen vil ha homoerotisk film med Ivar Aasen. Utspelet kjem som ein reaksjon på Målmannen si slakt-melding av «King Arthur – Legend of the Sword».

Mangkulturelle anakronismar i historiske og mytologiske filmar hev på mange måtar vore elefanten i filmkritikar-romet. Det siste tiåret hev ein fenge den eine fantasifilmen etter den andre der plottet er at ein mangkulturell gjeng fær til uppgåva å kjempa mot ei vondsinna og etnisk europeisk yvermakt. Som til dømes i «Thor» (2011), «Percy Jackson» (2010 og 2013) eller «King Arthur – Legend of the Sword» (2017).

Men å segja at keisaren er naken, det er som kjent vulgært – og i filmkritikar-krinsar er det likeins. Reaksjonane på Leidulv Knivodden si filmmelding hev vore sterkt negative. Filmentusiast Glenn Folkvord forlangar å få vita kven det er som gøymer seg attum pseudonymet – medan mållagsveteran Holger Lockertsen fortel at ein homoerotisk, historisk film um Ivar Aasen ikkje hadde vore honom imot.

I ein kommentar skriv Holger Lockertsen at:

«Fiksjon er fiksjon. Kunst er kunst. Du kan klage så mykje du vil. Om eg vil lage ein film der Ivar Aasen og Aasmund Olavsson Vinje er adoptert frå Korea og har eit homofilt forhold står eg heldigvis fritt til det. Den fridomen har også Guy Ritchie.«

Ivar Aasen vart aldri gift og fekk ingen born. Derimot gjeng det mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld. At Ivar Aasen skulde vera homofil finst ikkje det noko slags historisk haldepunkt for å spekulera i.

Noko kritisk ordskifte um den subtile mangkulturelle bodskapen i filmen, det vil ikkje Lockertsen vita av. Tvert imot: «Kvifor skal ein kritisere multikultur dersom ein ikkje ser på det som noko problem? […] Og multikultur er ikkje politikk. Det er realiteten i samfunnet vi lever i. Å vera mot multikultur er som å vera i mot vegar. Ein kan sikkert gå rundt og mislike det, men det har kome for å bli.»

Lockertsen ynskjer dessutan å få ein afrikanar i rolla som den neste James Bond. «Eg er for øvrig også stor tilhengjar av at Idris Elba blir nye James Bond», skriv han.

Lockertsen sitt utspel vekkjer visselegt åtgaum. For kor mange spelefilmar um Ivar Aasen hev det vorte laga? Ikkje ein einaste ein! Mange vilde nok ha sagt at det er på høg tid at det kjem ein film um Ivar Aasen som dagsens ungdom kann lata seg riva med av og som kann skapa meir interessa både for mannen og verket.

Eitt av problemi som nynorsken hev er at nynorskmotstandarane stødt hev freista få målet til å framstå som noko vulgært, som når til dømes moped vert til «romperistar» og toalett til «dritarstugu». Det er det vene og verdfulle, det høgnorske, som ein sovoren film må få fram. Um einkvan skulde nytta millionbudsjett på å laga eit spekulativt homoerotisk drama med Ivar Aasen, so vilde det etter Målmannen sitt syn vera ei rein og skjær tilsvining av Ivar Aasens minne. Skulde ikkje noko slikt kunna dryftast kritisk i ei filmmelding? Visst kann det det!

Målmannen meiner: Film, kunst og politikk høyrer saman

Holger Lockertsen meiner at «[å] vera mot multikultur er som å vera i mot vegar…» Som um vegar og busetnadsmynster ikkje er resultat av politiske vegval? Kvifor trur Lockertsen at me hev samferdselsminister og samferdsledepartement? Og hev ikkje utraderingi av dialektar i Meland, Os, Fjell og Askøy noko med bruer, tunnellar og bergensekspansjon å gjera?

I Hordaland handlar alle nyvinningar innanfor samferdsle um å laga eit Stor-Bergen. Det er nok å nemna Askøy-bru, Sotra-bru og Nordhordlandsbru. Samferdselspolitikken på Søre Sunnmøre hev derimot skapt nye knutepunkt millom Volda, Ørsta, Ulstein, Stryn og Nordfjordeid – og soleides motverka sentralisering kring Ålesund. Naturlegvis hev me heile tidi eit val um kva slags samfund me ynskjer oss, og innvandring er ikkje noko undantak. Um ein ser på land som Japan og Sør-Korea, so hev dei mest ikkje framandkulturell innvandring i det heile.

Holger Lockertsen er gjord kjend med Målmannen sine synsmåtar, og han svarar i ein kommentar på Facebook at «Japan er eit av dei mest rasistiske landa i verda, det er sant. Dei er ikkje ein målestokk for korleis eg vil ha det her i landet. Her bur det tusenvis av flotte menneske frå alle kantar av jorda, også Somalia. Det er eg veldig glad for.» Han vel dessutan å moderera den upphavlege utsegni si, med di han slær fast at: «Eg treng ikkje sjå Ivar Aasen som asiatisk homofil, men om nokon vil lage ein slik film, så er det ingen av oss som kan stoppa dei.«

For å sitera Berthold Brecht: «Verdi er konkret». Film, kunst og politikk høyrer saman. Målmannen kjem til å halda fram med å gå populærkulturen nærare etter i saumane. Leidulv Knivodden torer der andre tegjer.

Redaksjonen

Sjå dessutan: Malplassert mangkultur i myrk millomalder-film.