Tidlegare NRK-journalist Ida Wammer var spion på Scandza Forum

Tidlegare NRK-journalist Ida Wammer var til stades på Scandza Forum under helgi som gjekk under falsk identitet. Uppmerksame ungdomar avslørte henne.

Ida Wammer hadde meldt seg på konferansen under det falske namnet «Henriette Johansen». Folk som var til stades fortel at «Henriette» tedde seg nervøst under heile møtet. Då ho vart spurt ut um korleis ho hadde fatta interessa for konferansen, so laut ho tenkja seg um fyre ho svara «Johnson». Likevel stakk ho av frå konferansen rett fyre Greg Johnson skulde få halda innlegget sitt.

I dagane etter konferansen hev mistanken mot «Henriette» berre auka på, og Målmannen fekk tips um at «Henriette» i realiteten er den tidlegare NRK P3-journalisten Ida Wammer. Det synte seg å vera rett. Når Målmannen ringde Wammer for ein prat um undercover-aksjonen hennar, so vart ho teki fullstendig på sengi.

Redaksjonen