Hundretals frammøtte på Scandza Forum i Oslo

-Det er ikkje nok å stogga ikkje-vestleg innvandring, me er nøydde til å snu innvandringsstraumen. Det var meldingi frå Greg Johnson på det fyrste Scandza-forumet i Noreg.

Scandza Forum skipa til det fyrste møtet sitt i Noreg i helgi som gjekk, under titelen «Globalization vs the Ethnostate». Meir enn 100 personar møtte fram.

Det var Fróði Midjord som leidde konferansen frå byrjing til slutt. Midjord slo i opningsinnlegget sitt fast at liknande konferansar hadde vorte skipa til i Sverike tidlegare, men at ein ikkje hadde venta eit frammøte i same storleiksorden på fyrste møtet i Noreg. Meir enn 100 frammøtte var soleides ei positiv yverrasking for tilskiparane.

Midjord synte dessutan til ein artikkel i Dagbladet frå dagen fyreåt, då nyhendet um Scandza-forumet var toppuppslag i timesvis. -Me vil gjerne takka John Færseth for all denne merksemdi, skjemta han, og fekk fagning frå salen.

Torheim: Ulike språk representerar ulike fyrestellingsverder

Fyrste talar ut var Olav Torheim, redaktør for det norske språk- og kulturtidskriftet Målmannen. Torheim lagde fram det vitskaplege arbeidet åt Frode Jens Strømnes um språk og mentale modellar, og han diskuterte dei politiske implikasjonane av dette arbeidet.

Strømnes hadde millom anna gjort eksperiment som demonstrerte at finsk og svensk mål representerte tvo ulike typar mentale modellar. Medan svensk hadde ein einfeld vektorgeometri med fokus på rørslor i eit tridimensjonalt rom, so hadde finsk ein topologisk geometri med fokus på relasjonar millom grensor i eit tvodimensjonalt rom.

Olav Torheim var fyrste talar ut. FOTO: SCANDZA FORUM.

-Ulike språk representerar ulike mentale modellar. Me strukturerar verdi ikring oss i samsvar med dei mentale modellane som me nyttar oss av, og difor tenkjer me ulikt um dei same tingi når me nyttar ulike språk. Det skiljet som Immanuel Kant i si tid gjorde millom “Ding an Sich” og “Ding an Mich”, det gjeld for språk med. Språkstrukturane set grensone for det me kann fyrestella oss.

-Å læra eit språk er å læra å byggja mentale modellar. Når me lærer språk, so byggjer me strukturar som me nyttar til å prosessera sanseinntrykk frå umverdi. Den menneskelege og kulturelle evolusjonen hev gjeve oss tusundtals ulike språk og soleides tusundtals ulike måtar å tilnærma oss røyndomen på. Me hev ikkje råd til å missa eit einaste eitt av dei.

-Diverre er det slik at alle sterke krefter i verdi, både økonomisk, ideologisk og religiøst, hev interessa av å halda oss i myrkret um eksistensen av mentale modellar. Kapitalismen ynskjer å spreida engelsk mål og indoeuropeisk teknologi yver heile verdi, sosialismen ynskjer eit verdsumfemnande liksskapssamfund som hev til fyresetnad at alle menneske er grunnleggjande like – og monoteistisk religion ynskjer at dei teologiske sanningane deira skal ha det same verdet for alle kulturar og folk. Alt dette vert umskipla dersom det syner seg at ulike folkegruppor modellerar og fyresteller verdi ikring seg på grunnleggjande ulikt vis.

Lauritz von Guildhausen: Total kontroll og uppsmuldrande demokrati

Neste talar ut var Lauritz von Guildhausen. Von Guildhausen byrja med å sitera Noam Chomsky: “The smart way to keep people passive and obedient is to strictly limit the spectrum of acceptable opinion, but allow very lively debate within that spectrum…”. Grunnleggjande spursmål um innvandring og etnisitet er det ingen som tek tak i i offentlegt ordskifte. Når 100 personar er samla for å ordskiftast um sovorne spursmål, so meiner Dagbladet det er naudsynt å gå ut og åtvara ein million nordmenner um dette.

Von Guildhausen åtvara um at «demokratiet» i den vestlege verdi var i full uppløysing. Deltakingi ved val vert lågare for kvart einaste år, medan offentlege ordskifte og valkampar er meir og meir merkte av reine manipulasjonar baserte på «big data»-analyse.

Jamvel um det med «big data» sviv seg um kollektive handlingsmynster og ikkje um vali åt det einskilde individet, so sit me alle att med kjensla av at nokon fylgjer med på oss. Folk driv difor heile tidi og sensurerar seg sjølve, jamvel i personlege relasjonar.

Millennial Woes og Greg Johnson: Me må anten godtaka at kvite europearar kjem i minoritet eller me må gjera noko

So var det tid for Millennial Woes til å gå på podiet. Han slo fast at trendane var tydelege: Kvite europearar er åt å verta minoritetar i sine historiske kjerneland. Um dagsens trendar held fram, so er det berre eit spursmål um kva tid. Å blanda saman ulike etniske gruppor er nyttig for den globale kapitalismen av di det skaper rotlause individ som ikkje hev annan måtar å finne seg ein identitet på enn gjenom konsum og marknadsstyrd subkultur.

Millennial Woes entrar podiet. FOTO: SCANDZA FORUM.

Greg Johnson, redaktør for nettstaden Counter-Currents og tidlegare redaktor for The Occidental Observer, hevda i si tala at det ikkje var nok å stogga innvandring. I mange europeiske storbyar er dei fleste nyfødde ikkje-vestlege. Um kvite ikkje ynskjer å verta ein minoritet, so er det naudsynt å ikkje berre stogga innvandringsstraumen, men å snu honom. Innvandrarar må kort og godt byrja reisa attende. Johnson gjorde det klårt at han ikkje tala um å gjera drastiske tiltak yver natti, han tala um å snu tendensane.

For tendensen i dag er at det for kvart år er fleire innvandrarar og færre kvite. Kvite hev færre born medan innvandrarar hev fleire. Det er naudsynt å snu denne trenden slik at det for kvart år er fleire kvite enn fyrr og færre innvandrarar enn fyrr. -Me må gjera oss langsiktige målsetnader der me til dømes i eit tiårsperspektiv hev ein prosent av ikkje-kvite som er attende der han var for ti år sidan.

Mike Enoch: Europeisk etnonasjonalisme er kvit nasjonalisme

Mike Enoch er redaktør for den umtykte amerikanske podcasten «The Right Stuff». Enoch tok i innlegget sitt eit uppgjer med amerikansk «civic nationalism». Innfødde europearar i Europa er framleis er uppkløyvde i sjølvstendige etniske gruppor som til dømes nordmenner, svenskar, tyskarar og franskmenner. Ein etnisk europeisk nasjonalisme i USA kann derimot ikkje verta kalla noko anna enn «kvit nasjonalisme», meinte Enoch.

Enoch synte til at alle dei amerikanske «founding fathers» i praksis var kvite nasjonalistar. Heilt fram til 1965 so var det offisiell amerikansk politikk å syta for at kvite vart verande ein sterk majoritet i USA.

Mike Enoch, redaktør for «The Right Stuff». FOTO: SCANDZA FORUM.

Spyrjerunde: Remigrasjonsspursmålet må på bordet

Etter at talone var avslutta, so det tid for ein spyrjerunde med alle talarane samla i eitt panel. Her med kom spursmålet um remigrasjon upp til ordskifte:

-Når kvite europearar byrjar å kjenna at straumen er snudd, so gjev det oss den fyremunen at folk byrjar få tru på framtidi att og tek til å få fleire born, hevda Greg Johnson. Han meinte dessutan at det ikkje var nokon som var rettelegt lukkelege i eit mangkulturelt samfund. Korkje europearar eller innvandrarar.

Olav Torheim fylgde upp innspelet frå Greg Johnson, og synte til sine eigne observasjonar frå grannelag i Bergen. Um sumaren ser ein flust med innvandrarar på gata i mange av Bergen sine bydelar, men um vinteren er gatebilætet atter «blendakvitt». Klima og kultur gjer at mange ikkje-vestlege innvandrarar ikkje kjenner seg serskilt vel her, og då må ein spyrja seg kva som held dei her. Er det velferdsmidlane frå staten?

-Um innvandrarane sjølve fann attende til eigne kulturelle røter, i staden for vestleg forbrukarmentalitet, so hadde mange trulegt reist attende heilt på eigi tildriv. Svarte nasjonalistrørslor, som til dømes rørsla åt franskfødde Kemi Seba som hev flutt attende til Senegal, kunde verta våre allierte. Dei ser at me hev den same fienden, dei med.

-Det er dessutan verdt å nemna Lambda-prosjektet, sparka i gang av Gabriele Adinolfi, der mange økonomiske investeringsprosjekt er sette i gang for å fremja remigrasjon. Medan det meste av Afrika vert ståande og stampa i ei hengjemyr, so kunde europeiske nasjonalistar ha valt seg ut nokre fåe land som me ynskjer å hjelpa – i byte mot remigrasjon frå Europa. Desse landi kann i neste umgang verta våre stydjespelarar på eit geopolitisk nivå.

Når det gjeld spursmålet um uppsmuldrande demokrati, so gjorde Torheim merksam på at heile det historiske grunnlaget for demokratiet var ideen um at det finst eit folk og ein «folkevilje». Moderne nasjonalstatar vart tufta på konseptet um at folkeviljen kunde koma til uttrykk reint kvantitativt gjenom parlamentsval. Kor som er, so førde daningi av einsarta nasjonalstatar til ei likeretting av lokal kultur og identitet, og med sosialdemokratiet so vart naturlege strukturar som familie og lokalsamfund skifte ut med statlege institusjonar. Den moderne nasjonalstaten øydela soleides alle dei hine hopehavi som han kvilde på. Ein vart sitjande att med isolerte individ som ein tenkjer seg skulde ha eit nasjonalt hopehav tufta på konsept som er reint abstrakte, som til dømes flagg, nasjonalsong og grunnlov. Den einsrettingi som nasjonalstaten stod for, var soleides berre ei fyrebuing til globalisering og einsretting på verdsnivå.

I dag er det ingen demokratiske politikarar som framleis talar um «folket» eller «folkeviljen». Dei talar einast um individuelle rettar og menneskerettar. Same kva ein skulde tenkja um demokratiet i fyrste umgang, so er det ikkje lenger leveført av di heile fundamentet vert teke burt. Um me vil ha noko slags demokrati attende, so treng me å få attende ein organisk uppbygd stat med eit etnisk fundament.

-Tidi for sensur i Noreg er forbi

Under konferansen var det mange pausor som gav høve til å sosialisera. Det var dessutan ein times pause der dei frammøtte fekk kosa seg med tradisjonell norsk spekemat. Når talone og spyrjerunden var forbi, so heldt møtet fram inn i dei seine nattetimane – med musikk og ordskifte millom både gamle og nye kjende.

-Denne tilskipingi vart mykje betre enn me hadde venta oss, og det endå me var tvinga til å skifta ut ein av talarane berre fire dagar fyre konferansen. Alle talone var eineståande, men det mest upplyftande var at publikum var sett i hop av so mange unge og umåtelegt gåverike og uppglødde personar. Det var kveikjande, ein retteleg «white pill», avsluttar upptaksmannen Fróði Midjord.

Redaksjonen