«Cross Purposes» – eit undervurdert album henta fram frå gløymsla

Millom mange Black Sabbath-fans er det likt til at tidi med Tony Martin på vokal er noko som helst berre skal gløymast. For eigen part tykkjer eg dei fem platone som kom i i denne tidbolken (1987-1995) er langt meir interessante enn det som kom både i tiåret fyre og i tidi etterpå. «Cross Purposes» ikkje minst.

At Black Sabbath med Ozzy Osbourne (1969-1980) var pionerar innanfor hardrock er det ingen som dreg i tvil. Dei fleste som tykkjer um Ronny James Dio sin «amerikanske» rockemusikk tykkjer dessutan vel um dei tri platone som kom ut etter at Dio tok yver. Derimot hev platone med Tony Martin vorte dømde nord og ned som veike og keidsame. På meg lyder denne kritikken dårleg fundert. Sume er tydelegt nok misnøgde med at Martin ikkje høyrest ut som Dio, men musikken frå denne æraen må vurderast på sine eigne premissar.

Når Ozzy Osbourne i si tid fekk sparken frå gruppa, so var det faktisk på tide. Det er «Technical Ecstacy» og «Never Say Die» som framstår som keidsame og uinspirerte, medan gruppa kjem attende med trøkk på «Heaven and Hell» og «The mob rules». Framhaldet med Ian Gillan på «Born again» var derimot aldri det heilt store, burtsett frå låti «Zero the Hero» som Cannibal Corpse seinare gjorde ei endå betre coverlåt på.

Platone med Tony Martin hev klårare produksjon, meir bruk av synthesizer og det er i større mun røysti åt vokalisten som driv låtane fram. Samstundes hev ein framleis det meste av det ein ventar seg frå ei Black Sabbath-plate, med drivande og intelligente gitar- og bassriff og storslegne gitarsoloar. Kulminasjonen på det heile kjem i 1994, når Geezer Butler er attende på bass – med «Cross Purposes». Musikken er ei slags blanding av myrk metallmusikk og drivande stoner-rock.

Opningslåti «I witness» køyrer plata i gang med eit snøgt og nifst gitarriff – samstundes som den sterke og kjensleladde røysti åt Tony Martin kjem til sin fulle rett, med heile spekteret frå syrgmodig klaging til skriking. Um ein høyrer på denne låti i bilen, so kjenner det seg verkelegt som ein er på full fart inn i noko myrkt og spanande, og det er ei god kjensla:

«Across the desert of the burning dark, a
Darkness which illuminates you
There’s a place you’ve always wanted to be
Whose pleasures always did escape you
It’s always been so out of reach, nothing, so near
Ever felt so far
And now it’s here within your grasp, a never
Ending burning says it all»

Eit anna høgdepunkt er «Immaculate Deception», der eit kraftig riff set stemningi fyre synthesizeren og Martin si kjensleladde røyst tek oss vidare på ferdi. Teksti tek fyre seg kjensla av å verta dregen mot det myrke. «It’s knowing that feeling of coming home, to where my spirit lies». Dette er ei kjensla som ikkje er so lett å forklåra, men som mange av oss hev upplivd – der det nett er det myrke og «kalde» som endeleg gjev ein kvile og ro i sjeli:

«Something has touched, the spirit inside
Once there was love now there’s a void»

Black Sabbath hev aldri vore noko politisk band – um ein ser burt frå den vesle kontroversen som det skapte då dei heldt konsert i Sun City midt under kulminasjonen av den internasjonale boikotten av Sør-Afrika. Um ein les litt millom linone på tekstene, so er «Cross Purposes» kanskje ei av dei mest politiske platone dei hev kome med. «The Hand that rocks the Cradle» tek fyre seg det paradokset at ein lækjar i den eigne augneblinken er med og bergar for tidlegt fødde born og i den neste augneblinken utfører ein abort. «Dying for love» er ein sorgtung rockeballade der motivet er borgarkrigen i Bosnia-Herzegovina – som rasa på sitt verste nett i den tidi plata kom ut. På same måten tek «Cross of Thorns» fyre seg borgarkrigen i Nord-Irland. Det vert ikkje teke noko standpunkt, burtsett frå at dei – ikkje so uventa – legg skuldi på organisert religion:

«When you talk about saving, the souls of the faithful,
You can’t help thinking you’ve got blood on your hands.
From a cross of thorns.»

Det var synd at det ikkje skulde koma fleire plator med Tony Martin etter dette – burtsett frå «Forbidden» som vart gjevi ut i hui og hast for å få avslutta platekontrakten med IRS Records og få Ozzy Osbourne attende på vokal. Deretter tok det dei nesten 20 år fyre dei hadde materiale til det ikkje spesielt nyskapande «13» (det trettande albumet med Ozzy på vokal, eit ulukkestal). Ein kann elles jamføra kva som helst av Ozzy sin glitterrock frå 80- og 90-talet og ingenting når Martin-æraen til oklone ein gong.

No som Dio er daud og gravlagd og Ozzy hev sagt sitt for denne gongen, so kunde det kanskje vera ein ide å ta upp att tråden?

O. Torheim