Kulturimperialisme på slutten av det 20. hundradåret

Den angloamerikanske kulturimperialismen hev tvo hovudmålsetnader, den eine er økonomisk og hin er politisk: Å vinna marknader for kulturprodukti sine og å etablera eit hegemoni med di dei formar medvitet åt folk flest.

Underhaldningseksporten er ei av dei viktugaste kjeldone for kapitalakkumulasjon, han er vel so viktug som vareeksporten. I den politiske sfæra spelar kulturimperialismen ei avgjerande rolla med di han rykkjer folk upp frå dei kulturelle røtene og dei solidariske tradisjonane deira. Han skifter dei ut med medieskapte dragnader som endrar seg frå den eine marknadsføringskampanjen til den neste. Den politiske verknaden er at folk vert framandgjorde frå tradisjonelle klasse- og hopehavsband, individi vert atomiserte og skilde frå einannan.

Kulturimperialismen framhevjar uppkløyvingi åt arbeidarklassen: Fast tilsette arbeidarar er uppmoda til å rekna seg som betre enn millombels tilsette – som i neste umgang ser ned på dei arbeidslause. Dei sistnemnde er sjølve uppkløyvde i ymse slags segment i «undergrunnsøkonomien». Kulturimperialismen uppmodar arbeidsfolk til å rekna seg sjølve som part i eit hierarki der ein legg vinn på knøttsmåe skilnader i livsstil – eller i rase og kyn. Ein skal distansera seg frå dei som ligg under i hierarkiet – i staden for å reisa bust mot dei langt rikare og mektigare som stend yver dei alle.

Hovudmålsetnaden åt kulturimperialismen er å utnytta ungdomen politisk og økonomisk. Imperialistisk underhaldning og reklame retter seg inn mot unge menneske som er dei mest sårbare for angloamerikansk kommersiell propaganda. Meldingi er greid: Skal ein vera «moderne», må ein konsumera angloamerikanske medieprodukt.

«Meldingi er greid: Skal ein vera «moderne», må ein konsumera angloamerikanske medieprodukt.»

Ungdomen er hovudmålgruppa for den angloamerikanske kultureksporten, og det er dei som lettast tek til seg den forbrukar-individualistiske propagandaen. Massemedia manipulerar ungdomeleg upprørstrong med di dei nyttar seg av språkbruken åt vinstresida – og kanaliserar misnøgja inn i yverdrive forbruk. Kulturimperialismen fokuserar på ungdomen, ikkje berre som ein marknad, men jamvel av politiske grunnar: Dei spenner bein under eit politisk trugsmål der personlegt upprør kunde verta til ein politisk uppreist mot både økonomiske og kulturelle kontrolltiltak.

I det seinaste tiåret hev progressive rørslor stade andsynes eit paradoks: Det store fleirtalet av menneske i den tridje verdi hev gjenge ned i levestandard, dei hev upplevd aukande sosial og personleg uvisse og eit forfall i dei offentlege tenestone – medan velståande minoritetar hev fenge det betre enn nokosinne. Det subjektive svaret på desse tilhøvi hev vore sporadiske uppreistar. Protestar i stor skala hev som regel ikkje vara lenge, dei einaste vedvarande aktivitetane hev vore småe og lokale.

Med andre ord er det eit ovstort gap millom den aukande sosiale og økonomiske ulikskapen og  dei veike revolusjonære eller radikale subjektive responsane som denne tilskeivingi vert møtt med. Dei mognande «objektive vilkåri» i den tridje verdi hev ikkje vorte fylgde av nokon vokster i subjektive krefter som er i stand til å endra staten eller samfundet.

Det er soleides klårt at det ikkje er noko automatisk samsvar millom sosio-økonomisk regresjon og sosio-politisk transformasjon. Kulturelle inngrep er den avgjerande bindelekken som umdanar objektive vilkår til medvitne politiske inngrep. Kulturelle inngrep er her meint i den breidaste tydingi, inkludert ideologi, medvit og sosial handling. Paradoksalt nok er det likt til at dei imperialistiske avgjerdstakarane ser ut til å ha skyna mykje betre enn motstandarane sine kor viktuge dei kulturelle dimensjonane er for den politiske praksisen.

Kulturell dominans og global utbyting

Imperialismen kann ikkje berre verta forstått som eit økonomisk-militært system for kontroll og utbyting. Kulturell dominans er ein innebygd dimensjon i kvart eit vedvarande system for global utbyting.

Når det kjem til den tridje verdi, so kann kulturimperialismen verta definert som den vestlege herskarklassen si systematiske inntrengjing og dominans i det kulturelle livet åt dei folkelege klassane. Fyremålet er å skipla um på og nyordna verdiane, åtferdi, institusjonane og identiteten åt dei undertrykte folki – slik at dei samsvarar med interessone åt dei imperialistiske klassane. Kulturell imperialisme hev teke både «tradisjonelle» og moderne former. I tidlegare tider so var det kyrkja, utdaningssystemet og offentlege autoritetar som spela hovudrolla i arbeidet med å prenta fyrestellingar um underkasting og lojalitet inn i dei innfødde folki. Det gjorde dei i namnet åt guddomlege eller absolutistiske prinsipp. Medan desse «tradisjonelle» mekanismane for kulturell imperialisme framleis er i sving, so hev nye moderne instrumentalitetar, røtte i samtidsinstitusjonane, vorte meir og meir sentrale i den imperialistiske dominansen.

«Når det kjem til den tridje verdi, so kann kulturimperialismen verta definert som den vestlege herskarklassen si systematiske inntrengjing og dominans i det kulturelle livet åt dei folkelege klassane. «

Massemedia, nyhendetenestor, reklame og verdslege underhaldarar og intellektuelle spelar ei avgjerande rolla i dag. I våre dagar er Hollywood, CNN og Disneyland meir innflytnadsrike enn Vatikanet, Bibelen eller PR-retorikken åt politiske figurar. Kulturell inntrengjing er nært knytt til den politisk-militære dominansen og den økonomiske utnyttingi. Dei angloamerikanske militærintervensjonane til studnad for folkemordregimi i Latin-Amerika hev havt til fyremål å verna dei amerikanske økonomiske interessone. Desse intervensjonane gjeng hand i hand med ei intens kulturell inntrengjing. Amerikanskfinansierte evangelikale invaderar indianarlandsbyar for å innprenta dei tynte indianarbøndene med ein underkastingsbodskap. Det vert gjeve massiv pengestudnad til internasjonale konferansar der domestiserte intellektuelle kann diskutera «demokrati og marknad». Fjernsynsprogram tilbyd røyndomsflukt og sår illusjonar frå «ei onnor verd». Når ein skal slå ned upprør med makt, so er den kulturelle inntrengjingi eit framhald med ikkje-militære midlar.

Nye serdrag ved den kulturelle kolonialismen

Vår tids kulturelle kolonialisme («Contemporary cultural colonialism», [CCC]) skil seg frå tidlegare praksis på etter måten mange måtar:

(1) Han retter seg inn mot å fanga eit massepublikum, ikkje berre å konvertera ein elite.

(2) Massemedia, serskilt fjernsynet, invaderar hushaldet og fungerar frå «innsida» og «nedanfrå» – på same måten som frå «utsida» og ovanfrå.

(3) CCC hev eit globalt umfang og ein einsrettande verknad: Han ynskjer å framstå som universell, og dette tener til å mystifisera symboli, målsetnadene og interessone åt den imperialistiske makti.

(4) Massemedia, instrument for kulturimperialismen, er i våre dagar einast «private» i reint formell meining: fråveret av formelle statlege bindingar gjev private media høve til å fremja imperialistiske statsinteressor under dekkje av «nyhende» eller «underhaldning»..

(5) Under vårt tids imperialisme vert politiske interessor flutte fram av ikkje-imperialistiske aktørar. Nyhenderapportar fokuserar til dømes på dei personlege historiene åt leigesoldatar i Latin-Amerika og på smilande afroamerikanske underklassesoldatar i gulfkrigen.

(6) Det er eit veksande gap millom dei fagre lovnadene um fred og framgang under den uregulerte kapitalen og den brutale røyndomen med aukande armod og valdsbruk. Difor hev massemedia smalna inn høvet til å koma med alternative perspektiv i programmi deira. Brutaliteten åt den røynlege kapitalismen er so stor – og lovnadene åt den frie marknaden er so illusoriske – at fullstendig kulturell kontroll må verta svaret.

(7) For å handlingslamma kollektive responsar, so freistar den kulturelle kolonialismen å øydeleggja nasjonale identitetar eller tøma dei for substansielt sosio-økonomisk innhald. For å bryta ned solidariteten åt hopehavi, so fremjar kulturimperialismen ein kult av «modernitet» – der det sviv seg um å vera konform med ytre symbol. I namnet åt «individualiteten» so kjem sosiale band under åtak og personlegdomar vert umforma i samsvar med diktatet frå media. Medan imperialistiske våpen plukkar sivile samfund frå einannan, og bankar plyndrar økonomien, so kjem imperialistmedia til einskildmenneski og tilbyd dei røyndomsflukt-identitetar.

Kulturimperialismen kjem med øydeleggjande og demoniserande karikaturar av revolusjonære motstandarar, og det medan dei legg til rettes for kollektivt minnetap kring den massive valdsbruken åt dei pro-vestlege landi. Vestlege massemedia minnar aldri publikumet sitt um massemordi åt dei antikommunistiske proamerikanske regimi i Latin-Amerika – som med 100.000 drepne indianarar i Guatemala, 75.000 arbeidsfolk i El Salvador og 50.000 dødsoffer i Nicaragua. Massemedia dekkjer yver dei store katastrofane som fylgde då fri marknadsøkonomi vart innførd i Aust-Europa og det tidlegare Sovjetunionen, der hundradtals millionar menneske enda i fatigdom.

Massemedia: Propaganda og kapitalakkumulasjon

Massemedia er ei av hovudkjeldone til rikdom og makt for den angloamerikanske kapitalen som stødt breider kommunikasjonsnettverki sine ut yver heile verdi. Ein aukande prosent av dei rikaste nordamerikanarane hentar rikdomen sin frå massemedia. Millom dei 400 rikaste amerikanarane so er prosenten som hentar rikdomen frå massemedia auka frå 9,5 prosent i 1982 til 18 prosent i 1989. I dag hentar nesten kvar femte av dei rikaste nordamerikanane rikdomen sin frå massemedia. Kulturell kapitalisme hev vorte ei vel so viktug kjelda for rikdom og påverknad i USA som vareproduksjon var det.

Massemedia hev vorte ein innebygd part av det angloamerikanske systemet for politisk og sosial kontroll, og dessutan ei hovudkjelda for superprofittar. Samstundes med at nivået av utbyting, ulikskap og fatigdom aukar i den tridje verdi, so opererar vestlegkontrollerte massemedia for å umdana ei kritisk ålmenta til ein passiv masse. Vestlege medie-kjendisar og masseunderhaldning er vorte viktuge ingrediensar til å avbøygja potensiell politisk uro. Reagan-presidentperioden synte oss kor sentralt det er vorte å driva mediemanipulasjon med hjelp frå underhaldarar som er godt synlege, men politisk reaksjonære. Dette er ei ovring som hev spreidd seg til Latin-Amerika og Asia med.

Det er ein direkte samanheng millom auken i fjernsynsapparat i Latin-Amerika og nedgangen i inntekt og minkande folkeleg massekamp. I Latin-Amerika, millom 1980 og 1990, so auka talet på fjernsynsapparat per innbyggjar med 40 prosent, og det medan den gjenomsnittlege realinntekti minka med 40 prosent – og det var ein haug med nyliberale politiske kandidatar, heilt avhengige av fjernsynsumtala, som vann presidentvali.

Massemedia trengjer seg meir og meir på millom dei fattige, og amerikanske storselskap investerar stødt meir og tener stødt meir pengar på å selja kulturprodukti sine. Slik vert dei store massane metta med  avleidande bodskapar der individuelt forbruk og individuelle upplevingar stend i sentrum. Det er nett dette som kulturimperialisme handlar um.

Dei angloamerikanske mediebodskapane framandgjer folk i den tridje verdi på dubbel vis. Dei skapar illusjonar um «internasjonale» og «klasseyverskridande» bindingar. Gjenom fjernsynet vert det skapt ein falsk intimitet og eit fyrestelt samband millom dei vellukka mediepersonlegdomane og dei arme fjernsynssjåarane som sit i sine «barrios». Takk vere dette fyrestelte sambandet, so vert det skapt ein kanal der bodskapen um reint individuelle løysingar på private problem vert førd fram. Meldingi er klår. Offeri fær skuldi for sin eigen fatigdom, um ein skal lukkast so er det eine og åleine upp til ein sjølv. Dei største satellittkanalane og dei amerikanske og europeiske medieverksemdene i Lat-Amerika styrer undan all kritikk av dei politisk-økonomiske årsakene og konsekvensane åt den nye kulturimperialismen som enn so lenge hev desorientert og demobilisert millionar av fatige latinamerikanarar.

Imperialismen og politikken åt den språklege kulturimperialismen hev dyrka fram ein dubbel strategi for å motverka vinstresida og skapa hegemoni. På den eine sida so freistar ein å korrumpera den politiske språkbruken åt vinstresida; på den andre sida so vil ein desensitivisera ålmenta for brotsverki åt dei vestlege maktene.

På 1980-talet heldt vestlege massemedia systematisk på med å taka yver grunnleggjande idear som høyrde vinstresida til, dei tømde dei for det upphavlege innhaldet sitt og fylde dei upp att med ein reaksjonær bodskap. Til dømes so var politikarar som vilde føra inn att kapitalismen og stimulera til sosial ulikskap skildra som «reformatorar» og «revolusjonære», medan motstandarane deira vart umtala som «konservative». Kulturimperialismen freista å skapa ideologisk forvirring og politisk desorientering med di dei reverserte meiningi åt det politiske språket. Mange progressive einskildmenneske vart desorienterte, takk vere denne ideologiske manipulasjonen. Resultatet var at dei var lett mottakelege for kravi frå imperialistiske ideologar. Desse ideologane hevda at «høgre» og «vinstre» ikkje hadde nokor meining, at det ikkje lenger var noko politisk skilje å snakka um og at ideologiane var meiningslause. Med di dei korrumperar språket åt vinstresida, so vonar kulturimperialistane at dei kann underminera den politiske tiltrekkjingskrafti og den politiske praksisen åt dei anti-imperialistiske rørslone.

Den andre strategien åt kulturimperialismen var å desensitivisera ålmenta: å gjera massemord på uppdrag frå dei vestlege statane til rutinefylde, aksepterte gjeremål. Massebombingi av Irak vart presentert som eit slags videospel. Med di dei gjer brotsverk mot manneætti til noko kvardagslegt, so desensitiviserar dei ålmenta frå den tradisjonelle fyrestellingi um at menneskeleg liding er urett. Med di dei legg vinn på dei nye og moderne krigføringsteknikkane, so glorifiserar massemedia makti åt eliten – den teknologiske krigføringi åt Vesten. Kulturimperialisme av i dag inkluderar «nyhenderapportar» der masseøydeleggjingsvåpen vert lagde fram for ålmenta som noko menneskeleg, og det medan offeri i den tridje verdi er andletslause «aggressorar» og «terroristar».

Den globale kulturelle manipulasjonen vert halden uppe med di det politiske språket vert korrumpert. I Aust-Europa tek spekulantar og mafia yver både landområde, økonomiske verksemder og pengar. Desse bandittane vert umtala som «reformatorar». Økonomiske kjeltringar og smuglarar vert kalla for «nyskapande entreprenørar» og «gründarar». I Vesten vert konsentrasjonen av absolutt makt til å tilsetja og sparka arbeidsfolk som det passar konsernleidingi – og den aukande sosiale uvissa millom arbeidsfolk – kalla for «fleksibilitet på arbeidsmarknaden». I den tridje verdi vert utsalet av nasjonale verksemder til multinasjonale selskap skildra som «uppløysing av monopol». «Rekonversasjon» er eufemismen for ein reversering attende til 1800-talet der arbeidskrafti stod utan sosiale rettar. «Restrukturering» er returen attende til spesialiseringi i råvaror eller yverføringi av inntekter frå produksjon til spekulasjon. «Deregulering» er maktskiftet der det ikkje lenger er den nasjonale velferdsstaten, men internasjonale bankverksemder og multinasjonale elitar, som hev makti til å regulera økonomien. «Strukturelle justeringar» i Latin-Amerika heiter å flytja ressursar til investorar og å setja ned løningane åt arbeidsfolk.

Konsepti åt vinstresida – reform, jordreform, strukturendringar – var upphavleg meinte til å omfordela inntekter. Desse konsepti er vortne yvertekne og gjorde um til symbol for å atter ein gong kunna konsentrera rikdom, inntekter og makt i hendene til vestlege elitar. Og då er det visselegt slik at flestalle dei private kulturinstitusjonane åt imperialismen forsterkar og framfører denne orwellske desinformasjonen. Vår tids kulturimperialisme hev rykkt det frigjerande språket upp frå røtene sine, og umdana det til symbol for reaksjonen.

Kulturell terrorisme: Liberalismens tyranni

Nett som vestleg statsterrorisme freistar å øydeleggja sosiale rørslor og revolusjonære riksstyre og spenna bein under det sivile samfundet, so driv det internasjonale pengefondet og dei private bankane med ein økonomisk terrorisme. Dei øydelegg lokal industri, løyser upp offentleg eigarskap og øydelegg inntektene åt lønstakarar og familiar. På same måten hev me ein kulturell terrorisme som er andsvarleg for den fysiske øydeleggjingi av lokale kulturelle aktivitetar og kunstnarar. Den kulturelle terrorismen utnyttar den psykologiske veikskapen og den djupe uroi millom folk i den tridje verdi – og då serskilt den kjensla dei hev av å vera «gamaldagse», «tradisjonelle» og undertrykte. Den kulturelle terrorismen kastar fram nye fyrestellingar um «mobilitet» og «frie ytringar», han øydelegg gamle bindingar til familie og lokalt hopehav, samstundes som han legg folk i nye lekkjor som knyter dei til makti åt multinasjonale verksemder og kommersielle marknader.

Åtaki på tradisjonelle bindingar og plikter er ein mekanisme som gjer den kapitalistiske marknaden og staten til eit senter for uinnskrenka makt. Kulturimperialisme i namnet åt «sjølvrealisering» tyranniserar folket i den tridje verdi, redde som dei er for å verta kalla for «gamaldagse». Ein manipulerar og forførar dei med falske bilæte av «modernitet». Kulturimperialismen steller spursmål ved alle etablerte relasjonar som stend i vegen for det einaste som den moderne verdi held heilagt: Marknaden. Folki i den tridje verdi skal underhaldast, tvingast og stimulerast til å verta «moderne». Ein skal få dei til å gje seg inn under kravi som den kapitalistiske marknaden set. Som til dømes når ein skal få dei til å kvitta seg med komfortable, tradisjonelle og laustsitjande klede – for at dei staden skal kle seg i tronge og ufjelge blåe jeans.

Den kulturelle imperialismen verkar best gjenom kulturelt koloniserte millommenner. Prototypen på ein imperialistisk kollaboratør i den tridje verdi er mobile, kvalifiserte arbeidstakarar som er på veg upp i hierarkiet og som imiterar stilen åt sjefane sine. Desse kollaboratørane høyrer til eit intellektuelt millomlag som ser upp til Vesten og som svivyrder deira eigne folk. Dei er prototypen på autoritære personlegdomar. Med ryggdekning frå bankar og multinasjonale verksemder, so utøver dei ei stor makt gjenom staten og massemedia. På same måten som i den vestverdi dei hermar etter, so er dei heilt rigide i sin konformitet til kravi um fri konkurranse. Soleides opnar dei landet sitt for rovdriftsutnytting i namnet åt fri handel. Millom dei framståande kulturelle kollaboratørane so finn ein dei institusjonelle intellektuelle som ikkje vil høyra snakk um klassedominasjon eller imperialistisk klassekrigføring. I staden gøymer dei seg attum sjargongen åt den objektive sosialvitskapen. Dei gjer marknaden til den eineveldige domaren yver godt og vondt. Attum retorikken um «regionalt samarbeid», so gjeng dei konformistiske intellektuelle til åtak på arbeidarklassen og på nasjonale institusjonar som legg band på kapitalrørslor. Stydjespelarane åt dei sistnemnde skal isolerast og marginaliserast.

Yveralt i den tridje verdi i dag, so hev vestlegfinansierte tridjeverdsintellektuelle umfamna klassesamarbeidsideologien. I staden for å snakka um imperialisme, so vert det sagt at me er «gjensidig avhengige». Og den uregulerte verdsmarknaden vert lagd fram som det einaste alternativet for utvikling. Ironien i det heile er at «marknaden» hev aldri vore so lite fyremunleg for den tridje verdi som han er i dag. Aldri fyrr hev USA, Europa og Japan vore so aggressive med å utnytta den tridje verdi. Dei institusjonelle intellektuelle er kulturelt framandgjorde frå dei globale realitetane, og denne framandgjeringi er eit biprodukt av den framveksande vestlege kulturimperialismen. For dei kritiske intellektuelle som nektar å vera med på dansen kring marknads-gullkalven, og som er på utsida av dei offisielle konferansane, so er utbjodingi å atter koma i gang med klassekamp og anti-imperialistisk kamp.

Nordamerikanisering og myten um ein internasjonal kultur

Ei av dei største synkvervingane i vår tid tid er fyrestellingi um «internasjonaliserte» idear, marknader og rørslor. Det hev kome på moten å nytta umgrip som «globalisering» og «internasjonalisering». Slik vil ein rettferdiggjera åtak på alle slags former for solidaritet, hopehav og sosiale verdiar. Under dekkje av «internasjonalisme» so hev Europa og USA vorte rådrike eksportørar av kulturformer som tener til avpolitisera og trivialisera kvardagseksistensen. Fyrestellingane um individuell mobilitet, «the selfmade person» – og vektleggjingi på «sjølvsentrert eksistens» (masseprodusert og distribuert av angloamerikansk massemedia-industri) – hev vorte sentrale instrument for å kunna dominera den tridje verdi.

Nyliberalismen held fram med veksa. Ikkje av di han løyser problem, men av di han tener interessone åt dei rike og mektige – og dessutan av di han finn atterklang millom sume gruppor med arme og nedrykkstruga sjølvstendige næringsdrivande som fyller gatone i den tridje verdi.  Nordamerikaniseringi av kulturane i den tridje verdi hender med velsigning og studnad frå dei nasjonale herskarklassane – av di det tener til å stabilisera styresettet deira. Dei nye kulturelle normane – det private framfor det politiske, det individuelle framfor det sosiale, det valdelege og sensasjonelle framfor kvardagsstrev og sosial røyndom – alt dette er med på å innprenta i folk dei egosentriske verdiane som undergrev kollektiv handling. Ein kultur av bilæte, av forbigåande upplevingar, av seksuelle erobringar, ein kultur av dette slaget motverkar refleksjon, forpliktande engasjement og delte kjenslor av kjærleik og solidaritet. Nordamerikaniseringi av kulturen heiter at ein fokuserar merksemdi åt folk flest inn på kjendisar, personlegdomar og privat sladder – ikkje på sosial djupn, økonomisk substans og dei menneskelege livekåri. Kulturimperialismen tek merksemdi burt frå maktrelasjonar og viskar ut kollektive former for sosial handling.

Mediekulturen som glorifiserar det «provisoriske», livet her og no, han speglar rotløysa i den amerikanske kapitalismen – makti til å tilsetja og sparka folk slik som det høver eigarane, makti til å flytja på kapital utan umsyn til hopehavi. Myten um «fridom til å flytja på seg», han speglar av den vantande evna som folk hev til å skipa og konsolidera hopehavsband i møtet kapitalen sine skiftande krav. Den nordamerikanske kulturen glorifiserar flyktige, upersonlege relasjonar som «fridom» – medan desse vilkåri i realiteten speglar av den anomiske og byråkratiske underordningi av massor med menneske under storkapitalen. Nordamerikaniseringi inneber eit frontalåtak på tradisjonar tufta på solidaritet, eit åtak utført i namnet åt moderniteten. På same måten kjem klassemedvitet under åtak i namnet åt individualismen, og demokratiet vert lausrive frå underlaget sitt gjenom massive kampanjar som set ljoskastarane på personlegdomar.

Det nye kulturelle tyranniet er røtt i den allestadsnærverande, repetitive og singulære diskursen åt marknaden, åt ein homogenisert forbrukarkultur, i eit valsystem lausrive frå grunnlaget sitt. Det nye medietyranniet stend jamsides med dei hierarkiske statlege og økonomiske institusjonane – der avgjerdene på styringsromi åt dei internasjonale bankane når heilt inn til landsbyane i Andes.

Løyndomen attum suksessen åt den nordamerikanske kulturelle inntrengjingi i den tridje verdi er evna til å få fantasiar på moten. Fantasiar der ein flyktar frå det elendet som heile systemet av økonomisk og militær dominans hev skapt. Dei grunnleggjande ingrediensane åt den nye kulturimperialismen er samansmeltingi av kommersialisme, seksualitet og konservatisme – kvar og ein lagde fram som idealiserte uttrykk for private trongar, av individuell sjølvrealisering. For sume menneske i den tridje verdi, fanga i kvardagslege dritjobbar, med eit liv frå hand til munn under nedverdigande tilhøve, so gjev fantasiane frå nordamerikanske media eit bilæte av «noko betre». På same måten som evangelistane gjer det, so gjev desse fantasiane von um eit betre liv i framtidi – eller i minsto den avleidande gledja yver å sjå nokon andre få ha det slik.

«Løyndomen attum suksessen åt den nordamerikanske kulturelle inntrengjingi i den tridje verdi er evna til å få fantasiar på moten. Fantasiar der ein flyktar frå den miseren som heile systemet av økonomisk og militær dominans hev skapt.»

Verknader av kulturimperialismen

Um me ynskjer å forstå fråværet av revolusjonær umdaning, trass i framvoksteren av revolusjonære vilkår, so må me sjå nærare på den djupe psykologiske verknaden av statleg valdsbruk, politisk terror og den djupe inntrengjingi åt kulturelle og ideologiske verdiar fremja av dei imperialistiske maktene og internaliserte hjå dei undertrykte folki.

Den statlege valdsbruken på 70- og 80-talet skapte ein langvarande, djuptpløgjande psykologisk skade – redsle for radikale initiativ, mistillit til kollektiv av alle slag, ei kjensla av maktesløysa andsynes autoritetar – endå so mykje ein hata dei same autoritetane. Terroren førde folk «inn i seg sjølve», til det reint private.

Seinare kom den nyliberale politikken, ei form for «økonomisk terrorisme», og resulterte i stengde fabrikkar, avskiping av faglege rettar, auke i millombels tilsette og ein eksplosjon i lågt betalte individuelle einskildmannsverksemder. Denne politikken heldt fram med å fragmentera arbeidarklassen og hopehavi bymiljøi. I denne konteksten av fragmentering, mistillit og privatisering, so fann den kulturimperialistiske bodskapen grorbotn til å utnytta sensibiliteten åt sårbare menneske. Han stimulerte og fordjupa den personlege framandgjeringi, den sjølvsentrerte jakti på lukka – og den individuelle konkurrensen um stødt knappare ressursar.

Kulturimperialismen og dei verdiane som han fremjar hev spela ei avgjerande rolla i å hindra utbytte individ frå å svara kollektivt på stødt dårlegare levevilkår. Symboli, bilæti og ideologiane som hev spreidd seg til den tridje verdi er meinbægje for å kunna gjera klasseutnytting og aukande fatigdom um til klassemedvitne basar for kollektiv handling. Den store sigeren åt imperialismen er ikkje berre dei materielle profittane, men det at han hev teke kontroll yver undertrykte menneski sine indre medvitsrom. Dette hev han gjort beinveges gjenom massemedia og umveges gjenom hertakingi (eller yvergjevingi) av den intellektuelle og politiske klassen. I den grad det er mogleg å vekkja ein revolusjonær massepolitikk til live att, so må det byrja med ei opi krigføring som ikkje berre retter seg mot måten folk vert utnytta på, men like mykje mot den kulturen som ein hev pressa på offeri for utnyttingi.

Grensor for kulturimperialismen

Imot presset frå den kulturelle kolonialismen so finn ein realitetsprinsippet: Den personlege upplevingi av elende og utbyting, påførd av vestlege multinasjonale bankar, og undertrykkjingi frå politi og militære som er utstyrde med amerikanskforsynte våpen. Kvardagsrealitetar som eskapistmedia aldri kann endra på. Innanfor medvitet åt folket i den tridje verdi so er det heile tidi ein kamp millom demonen åt den individuelle flukti, kultivert i massemedia, og den intuitive vissa um at kollektiv handling og andsvarskjensla er det einaste praktiske svaret. I tider med aukande sosial mobilisering so er det solidaritetsdygdi som vinn. I tider med nederlag og nedgang er det derimot demonane åt den individuelle hækna som fær fritt spelerom.

Det finst absolutte grensor for kor mykje den kulturelle imperialismen kann klara å distrahera og mystifisera for folk. Ved eit visst punkt er grensa nådd. Fjernsynet sitt yverfylde frukostbord kontrasterar med røynslone frå det tome kjøkenet. Dei amorøse eskapadane åt mediapersonlegdomane krasjar mot eit hus fullt med krabbande, grinande og svoltne ungar. I gatekonfrontasjonar vert den tome colaflaska til ein molotovcoctail. Lovnadene um velstand vert ei fornærming mot dei som aldri fær nokon ting. Armod utan ende og nedgang på alle slags umkverve viskar ut glamoren og appellen åt massemedia sine fantasiar. Dei falske lovnadene åt kulturimperialismen vert gjenstandar for svart humor rykkt ned til onnor tid og stad.

Appellen åt kulturimperialismen er avgrensa av dei vedvarande kollektive bandi – lokalt og regionalt – som hev sine eigne verdiar og praksisar. Der klasseband, raseband, kynsband og etniske band held seg sterke og der det er ein sterk praksis for kollektiv handling, der er påverknadskrafti åt massemedia avgrensa eller beint fram avvist.

I den grad at tidlegare eksisterande kulturar og tradisjonar framleis finst, so danar dei ein «slutta sirkel» som integrerar sosiale og kulturelle praksisar der ein ser innetter og nedetter, ikkje uppetter og utetter. I mange hopehav er det ei klår avvising av den «modernistiske» utviklings- og individualist-diskursen som vert assosiert med marknadsmakti. Dei historiske røtene for vedvarande solidaritets- og antiimperialist-rørslor vert funne i einsarta etniske samfund og samanvovne yrkesgruppor; gruvebyar, fiskarlandsbyar, skogbrukslandsbyar, konsentrerte industrisamfund i urbane senter. Der arbeid, hopehav og klasse konvergerar med kollektive kulturelle tradisjonar og praksisar, der kjem kulturimperialismen til kort. Effektiviteten åt kulturimperialismen skil seg ikkje berre på det tekniske manipulasjonsnivået, men på staten si evna til å brutalisera og atomisera folkesetnaden, til å frårøva dei von og kollektiv tiltru til egalitære samfund.

Kulturell frigjering handlar ikkje berre um å gjeva makt til individ og klassar, det må samstundes veksa fram ei sosio-politisk kraft som er i stand til å konfrontera den statsterroren som gjeng fyre den kulturelle hertakingi. Kulturell autonomi treng sosial makt, og sosial makt er noko som herskarklassen ser som eit trugsmål til deira eigi økonomiske makt og statsmakt. Nett som kulturell kamp er røtt i autonomi-verdiar, hopehavsverdiar og solidaritetsverdiar – naudsynte for å skapa eit medvit for sosial endring – so er politisk og militær makt naudsynt for å halda uppe den kulturelle basisen for klasseidentitetar og nasjonale identitetar.

Og viktugast av alt, vinstresida må atterskapa ei tiltru og ein visjon um eit nytt samfund bygt ikring både spirituelle og materielle verdiar: Verdiar um venleik og ikkje berre arbeid. Solidaritet knytt til det rause og verdige. Der måtar å produsera på er underlagde tiltak for å styrkja og fordjupa langvarande personlege band og venskap.

Sosialismen må verdsetja både den lengselen som folk hev etter å vera åleine og intime og den lengselen som folk hev etter å vera sosiale og kollektive. Framfor alt so må den nye visjonen kveikja folk med di han resonerar med lysti deira til å ikkje berre vera frie frå dominering – men frie til å skapa eit meiningsfullt personleg liv. Dei må få henta kraft frå kjenslefylde ikkje-instrumentale relasjonar som yverskrider kvardagsarbeidet samstundes som det kveikjer folk til å halda fram kampen. Kulturimperialismen livnærer seg frå trendar, forbigåande relasjonar og personleg manipulasjon, men aldri frå ein visjon um autentiske, intime band tufta på personleg ærlegdom, likestilling millom kyni og sosial solidaritet.

Personlege bilæte maskerar statlege massemord, nett som teknokratisk retorikk rasjonaliserar masseøydeleggjingsvåpen («intelligente bombor»). Kulturimperialismen i æraen åt «demokratiet» må falsifisera røyndomen i dei imperialistiske landi for å rettferdiggjera aggresjon – med di dei konverterar offeri til yvergriparar og yvergriparane til offer.

James Petras

(Artikkelen vart publisert fyrste gongen i 1994 under titelen «Cultural imperialism in the late 20th Century»)