Færøykveld med Hanus Johansen på Galleri Rustica

Det var duka for ein kveld utanum det vanlege når den færøyske visesongaren Hanus Johansen gjesta Galleri Rustica på Holmeknappen i Meland. Med song, gitarspel og dans fekk han levandegjort Færøy-kulturen på ein måte som gav atterklang hjå publikum.

Hanus Johansen hev framfor alt gjort seg kjend med eigne tolkingar av dikti åt Poul F. Joensen. Poul F. Joensen var ein umtykt færøysk diktar som skreiv skjemtesame dikt med ein undertone av ålvor – ikkje so ulikt vår eigen Jakob Sande. Det er soleides ikkje til å undrast yver når Hanus Johansen seinare hev tolka Jakob Sande sine dikt med. På færøykvelden på Galleri Rustica framførde Johansen både Joensen-visor på færøysk og Sande-visor på norsk. Til slutt tok han jamvel ein liten dans med kveding.

Hanus G. Johansen på scena på Galleri Rustica.

På uppmoding frå ein færøyskkunnig tilskodar so fekk me ekstranummer med visa «Vonsvikjen». Ho tek fyre seg den nedettergåande spiralen i eit ekteskap der seksuallivet ikkje lenger er som det ein gong var. Johansen var fyrst litt motviljug til å framføra denne låta – med di det ikkje skaper heilt den same stemningi som det gjer på Færøyane der publikum forstår teksti, og der gapskratten heng laust.

Det var under alle umstende ingenting å segja på stemningi i den fullsette kulturløda på Holmeknappen

Fyre Johansen fekk sleppa til på scena, so fekk dei frammøtte lyda til fyredrag um Færøyane med Karin Flatøy Svarstad. Færøyane er ein av dei minste nasjonane i Nord-Europa, med eit folketal som nyss hev passert 50.000. Færøyane hev sams utanriksstell og forsvarsstell med Danmark, men er elles heilt sjølvstendige. Dei er utanfor EU, og det er folket glade for. Regjeringsbygget i Torshamn stend på same staden som dei hadde det aller fyrste tinget på 800-talet.

Viktugaste inntektskjelda på Færøyane er fiske og saudehald, og samstundes er havbruk ei veksande næring. I motsetnad til Noreg, so hev Færøyane ingen russiske sanksjonar mot seg, og båtar kjem rett frå Russland for å henta uppdrettsfisk. Færøyane hev dessutan sett seg fyre å verta sjølvforsynte med grøn energi.

Færøyane hev mykje verdfull kultur og natur. Talemålet på Færøyane held seg sers nært det norrøne upphavet sitt. Den færøyske målreisingi vann fram fullt og heilt, og det finst ingenting att av «gøtadansken» som tidlegare vart tala av yverklassen i Torshamn.

Islandshesten kjenner dei fleste til, men det finst ein færøyhest med. Det er berre 80 sovorne hestar att, men no er det teke grep for å sikra at denne hesterasen yverliver.

Samstundes er det ikkje til å koma i frå at det som hender ute i den store verdi påverkar færøyingane med. Øyi hev eit rikt fugleliv, men havhesten er dei seinaste åri vorten full med plast som kjem rekande.

Dans og song er stort på færøyane. Folkedansen hev heile tidi halde seg i live, og det er mykje dansen å takka at språket med hev halde seg so godt. For det er ingen dans utan song og kveding, og på Færøyane finst det heile 72.000 vers i dei nedervdi kvedi. Det var ein kvede-dans av dette slaget som Johansen demonstrerte den same kvelden.

Olav Torheim