«Les gardiennes» – Truverdig og trivielt kvardagsliv frå fyrste heimskrigen

Det er ikkje so altfor ofte at franske filmar kjem på kino i Noreg. «Les gardiennes» – eller «Vokterskene» som han heiter på den norske plakaten – er ein triveleg film å sjå på, med truverdige tidsbilæte frå det gamle franske samfundet. Diverre er manuset litt for grunt til å kunna lyfta filmen upp frå det reint kvardagslege.

Xavier Beavois hev eg halde eit auga med sidan eg såg det storfelde dramaet «Des hommes et des dieux» (2010), basert på den sanne historia um nokre munkar som vart burtførde og til slutt drepne under borgarkrigen i Algerie på 90-talet. Ventnadene var soleides store då eg fekk høyra um «Les gardiennes», der ein skildrar kvardagslivet på landsbygdi i Frankrike under fyrste heimskrigen.

Det som er til denne filmen si fortenesta er at han på ein levande måte fær fram korleis kvardagen kunde vera medan den fyrste heimsufreden stod på og dei våpenføre mennene var ved fronten. Det var dei gamle – og kvinnone ikkje minst – som laut trø til, både med kvinnfolk- og karfolksarbeid. Det er faktisk mogleg å lena seg attende og drøyma seg attende til 1915…

Av storfelde franske dramafilmar um fyrste heimskrigen er det serskilt «Un long nuit de fiançailles» (2004) som stikk seg ut. «Les gardiennes» hev ingenting av den same magien, tvert imot verkar sjølve historia tollegt triviell, med dei typiske intrigane for å halda spaningi uppe – som trekantdramaet millom Franceska (Iris Bry), den heimvende soldaten Georges og jordagjenta Marguerite som alltid trudde at Georges ein dag skulde verta hennar.

Det som reddar filmen er det visuelle: Jamvel um han drygjer ut i heile 2 timar og 14 minutt, so er det ein triveleg film å sjå på. Ein glid inn i kvardagen med arbeid på marki, i skogen og på kjøkenet. Ein fær sjå gamle arbeidsreidskapar i bruk og uppliva korleis folk kunde klara seg på denne tidi. Når kvinnone skal styra garden åleine, so vert det sterke innslag av både systerkjærleik, konkurranse – og til slutt svik.  Som det gjeng fram or titelen, so freistar filmen openbert å synleggjera den rolla som kvinnor hev havt for å halda hjuli i gang medan mennene var i krig, og det lukkast han med. Sosialrealistisk og «feministisk» innfrir soleides denne filmen.

Scena frå «Les gardiennes» (Upphavsrett: AS Fidalgo)

Filmen hev 12-årsgrensa, og dei einaste krigsscenone ein fær er nokre marerittscenor hjå den heimvende soldaten Georges. Han fyrer laus på tyske soldatar i gassmaske, og hamnar til slutt i basketak med den siste yverlevande av dei. Når han riv maska av den drepne soldaten, ser han sitt eige andlet. Dette hender ikkje lenge etter at ein annan heimvendt soldat hev fortalt at tyskarane ved fronten er vanlege menneske som dei sjølve – so det vert etter mitt syn litt for banalt når jamvel ein rimelegt greid symbolikk må forklårast til sjåarane på fyrehand…

Det kann neppe yvervurderast kor mykje fyrste og andre heimskrigen hev havt å segja for dei strukturendringane som leidde fram til vårt tids samfund. Som med teknologivoksteren: Moderne krig og konflikt hev gjeve oss både fly, helikopter, romferjer og internett. Hardt kroppsarbeid kann takast yver av maskinor. I filmen vert dette poengtert med traktoren som gardsfolket yvertek etter at dei amerikanske soldatane er vende heim.

Men ikkje berre det: For fyrste gongen fekk ein sjå at kvinnor kunde taka all slags arbeid, og dei var ikkje utan vidare reiduge til å gå attende til kjøkenbenken etterpå. I «Les gardiennes» vert dette personifisert i det unge arbeidsjarnet Franceska. Det er ikkje råd å få tak i drengar, men «matriarken» på garden (Natalie Baye) finn ei løysing med den foreldrelause, 20 år gamle Franceska. Ein av mennene er heime på perm og innleider ein liten romanse som gjer henne gravid, men i staden for å krypa til krossen so vel ho å fostra upp ungen åleine – og gjeva barnet hennar eige etternamn. Nett dette verkar ikkje serskilt truverdig, sidan ein heilt fram til 60-talet var «nøydd til å gifta seg» under sovorne umstende, men soleides peikar filmen fram mot sume av dei sosiale konsekvensane som tvo heimskrigar på lengre sikt hev gjeve oss.

Olav Torheim