Ulovleg fyrverkeri-fest enda i trafobrann

Kveld etter kveld hev byungdom vore nede med Storavatnet på Holsnøy og sendt upp ulovlege nyttårsrakettar. Både ungar og dyr vert skræmde upp, men politiet hev so langt ikkje vilja reagera. I natt tok det fyr i transformatorstasjonen like attmed.

Det er ein av dei næraste grannane som fortel um ville tilstandar ved det kommunale pumpehuset på Hestdal um romjolskveldane.

ARTIKKELEN ER UPPDATERT: Same natti som dette uppslaget kom på nett so tok det tok å brenna i høgspent-transformatoren som ligg rett attmed pumpehuset. Um dette hev noko å gjera med nyttårsrakettane som vart sende upp er enn so lenge usikkert.

-Det byrja på jolaftan, klokka 0150 um natti. Me høyrde kraftige smellar heilt inn i stova, endå me bur eit godt stykkje undan. Eg heiv meg i bilen og køyrde ned til vatnet, og der hadde det parkert ungdomar frå Åsane som var komne for å senda upp rakettar. «Her ute på bondelandet er det vel ok», fekk eg høyra frå dei.

Måneskinskveld på Hestdal. Diverre vert idyllen broten kvar ein einaste romjolskveld når by-ungdom kjem for å skyta upp fyverkeri nede ved Storavatnet.

-Her ute på bondelandet er det alt anna enn ok. Her er både sauder og kyr i fjøsen som vert skræmde upp. Attåt desse kjem hund og høner, dette er dyr som er lette å skræma upp. På nyttårsaftan fær dyri både ekstra mat og radioen stend på slik at dei skal halda seg i ro um dei høyrer smellar frå fyrverkeri, men det er vel ikkje meiningi at dyri skal høyra radio heile romjoli?

-Eg sperra av vegen og ringde politiet. Det er ikkje lov å senda upp rakettar anna enn på nyttårsaftan. Politiet vilde ikkje rykkja ut, tvert imot so gav dei meg klår melding um at eg ikkje kunde sperra av vegen – for då stengde eg for utrykkjingskøyrety.

Ved midnatt fyrste joledag var bergensungdomar attende for å skyta upp endå fleire rakettar. Og natt til sundag 30. januar hende det endå ein gong. Alle tri gongene hev resultatet vore det same: Politiet nektar å rykkja ut, og samstundes hev lokale folk fenge klår melding um at dei korkje fær lov til å sperra vegen eller ta frå ungdomane fyrverkeriet.

-Eg vert so forarga, fortel vår kjelda til Målmannen. -Hadde dei stelt seg upp på ei ferjekai og skote upp rakettane sine, so hadde det vore so si sak. Men at dei fer til Hestdal og set i gang den eine kanonaden etter den andre rett framfor ein fjøs som hyser både sauder og kyr!

Sundag fyremiddag var BKK på plass med naudaggregat. Transformatoren hadde teke fyr midt på natti, etter at tilreisande ungdomar hadde havt fyrverki-fest for tridje kvelden på rad.

-Og at politiet kveld etter kveld berre gjev ein god dag i det heile, det er rett og slett ikkje akseptabelt! Ungdomar som ikkje hev noko her å gjera stend på andre folk sin private eigedom og fyrer upp ulovleg fyrverkeri, og me hev gong etter gong teke dei på fersk gjerning. Det er meir enn 20 år sidan politiet kom og stogga den siste dansen på Grasdal, og det var ingen firbeinte vener som tok skade av det – for å segja det slik. Anten må politiet gjera arbeidet sitt eller so må kommunen leiga inn vektarar!

O. Torheim