Interrupt Inside – innsikt i elektronikkutvikling

Eit elektronikkmagasin frå eit konsulentfirma? Data Respons sitt «Interrupt Inside» gjeng i djupni på ei rad teknologiske og ingeniørfaglege problemstellingar, og kann på ingen måte avskrivast som noko reklameprodukt.

Det finst mange elektronikkmagasin, sume på norsk og endå fleire på engelsk. Norske «Elektronikknett» er døme på eit magasin som er greidt å lesa dersom ein vil halda seg uppdatert på nye produkt som er komne på marknaden, men eg hev sakna eit magasin som gjeng djupare inn i problemstellingar knytte til innebygde system. «Interrupt Inside» kom med sitt fyrste nummer i 2014, og er på mange måtar nett det magasinet som eg hev lengta etter å få lesa.

Interrupt Inside presenterar seg som eit magasin som gjeng i djupni på problemstellingar knytte til innebygde system (faksimilie frå heimesida åt «Interrupt Inside» på datarespons.com).

Det er ikkje til å koma i frå at svært mykje av kunnskapen og kompetansen som ein treng når ein arbeider med innebygde system er av det slaget som ein ikkje finn i lærebøker. Det sviv seg gjerne um tommelfingerreglar eller um fingerspisskjenslor som ein einast kann få etter titusundtals arbeidstimar. Dessutan so er det å vera konsulent innanfor elektronikkbransjen meir enn berre vanleg ingeniørarbeid. Kontakt og kommunikasjon med kundar gjer det like mykje til «social engineering», og det lærer ein lite eller ingenting um på ingeniørhøgskulen.

Det er difor «Interrupt Inside» er det magasinet som eg hev havt lyst til å lesa. Her er det ekspertar som gjeng i djupni og som ausar av kunnskapar og røynslor frå årevis med utviklingsprosjekt. So langt hev det kome fem utgåvor av magasinet, det fyrste i 2014 og det siste i 2018.

Elektronikk-konsulentar må ha «det vesle ekstra»

I det aller fyrste nummeret av Interrupt Inside frå 2014 slær Ivar Melhuus Sehm, R&D-sjef i Data Respons, fast kva det er konsulentverksemd innanfor elektronikk handlar um: Kunden ventar ikkje berre at du skal gå inn og gjera ein jobb, han vil sjå ei røynleg verdiskaping – du må ha det vesle ekstra som tilfører ekstra verdiar til produktet deira. Konsulentar som ikkje berre er fagekspertar innanfor den vesle uppgåva dei skal løysa (til dømes å programmera ein mikrokontroller), men som hev vertikal kunnskap innanfor heile den verksemdi som prosjektet høyrer til. Um kunden høyrer til olje- og gassverksemdi, so er det gull verdt med konsulentar som kjenner relevante krav som til dømes «functional safety». -Get the right value-add, er poenget som Ivar Melhuus Sehm framfører med kraft.

«How optimal is your approach?» Det er spursmålet som Stig-Helge Larsen frå Data Respons steller i det siste 2018-nummeret av Interrupt Inside. Kva slags leveranse som uppdraget skal enda med er som regel resultatet av ein prosess: Det er kann henda konsulenten sjølv som må hjelpa kunden til å finna ut kva det er han i røyndi er ute etter. Og kva er det kunden ventar seg og vil ta seg råd til? Er det kvalitet, funksjonalitet, tidsbruk eller pris som er fyrste prioritet? Her er det viktugt å ha ein tett dialog og få ei klår samforståing fyre ein set i gang med å løysa uppgåva.

Kann ein bruka ARM-prosessor ved 200 grader? Ja!

Elektronikk for høge temperaturar er eit anna fagfelt der det er lite informasjon å henta frå lærebøker. Vanleg forbrukarelektronikk er spesifisert til å fungera upp til 85 grader og industriell elektronikk upp til 110 grader. Olje og offshore er døme på umkverve der ein treng høgtemperaturelektronikk, med di temperaturen nede i borehol kann nå hundradtals grader. Kva slags komponentar som fungerar ved endå høgare temperaturar er det ofte berre mogleg å finna ut med di ein prøver seg fram: Nokre komponentar funkar, andre gjer det ikkje, og dei som hev gjort desse undersøkingane tek som regel vare på informasjonen som ein forretningsløyndom.

Her er det at Henning Sjurseth frå Data Respons hev verdfull informasjon å dela med lesarane: Me fær til dømes læra um OMAP-prosessoren frå Texas Instruments. Han inneheld både ein ARM-kjerne og ein DSP-kjerne og han fungerar jamvel ved temperaturar heilt upp til 220 grader Celsius. Um ein vil upp i temperaturar på 225 grader eller meir, so kann ein nytta seg av Honeywell sin HT83C51-mikrokontroller. Det er ein 8-bits mikrokontroller som er kompatibel med Intel sin gode gamle 8051-prosessor. Yver ei viss grensa er det altso ein av dei gamle arbeidshestane som må trø til.

Sjå upp for utdaterte eller resirkulerte komponentar!

Livetid for komponentar er ein viktug problematikk dersom ein skal halda liv i eit produkt yver tid. Haldor Husby frå Data Respons gjev oss eit verdfullt innblikk i denne problematikken. Mange halvleidarprodusentar lagar komponentar for vanleg forbrukselektronikk som stødt kjem i nye variantar. Smarttelefonar er eit godt døme på dette. Her gjer det ikkje noko um ein integrert krins berre er tilgjengeleg i eit år eller tvo, for det kjem stødt nye design likevel. Annleis er det dersom ein skal produsera det same produktet i årevis. Då er det viktugt å ha kontroll på kva slags komponentar som er tilgjengelege og kva slags komponentar som er åt å gå ut or produksjon (EOL, End of Life).

For nokre heilt unike komponentar, som med applikasjonsspesifikke integrerte krinsar (ASIC), so hev ein ikkje so mykje anna val enn å kjøpa inn ein stor slump med ekstra komponentar so snart det kjem «EOL notice» frå produsenten. For andre komponentar so finst det gjerne avløysingskomponentar frå andre produsentar. Dersom ein jamt og trutt uppgraderar produktet i nye variantar, so treng ein berre å ha reservelager med unike komponentar til dess at neste versjon av produktet er reidug til produksjon.

I våre dagar er det vorte meir og meir normalt med utviklingsarbeid i Noreg og produksjon i lågkostland som Kina. Slik kann ein spara seg for store kostnader – men det er samstundes ikkje til å koma i frå at underleverandørar (og deira underleverandørar) kann finna på å kutta svingar. Eit problem som Haldor Husby tek fyre seg er «counterfeit components», det er komponentar som kann vera gjenbrukte eller av ringare kvalitet enn den som er spesifisert. Store mengder med defekt elektronikk vert sende til utviklingsland, og der vert komponentar lodda av og slusa inn att i produksjonskjeda – marknadsførde som nye. I beste fall hev komponentane alt bruka upp mykje av livetidi si og i verste fall er dei alt øydelagde. Det er viktugt å ha ein god logistikk og trygge leverandørar slik at ein slepp ufjelge yverraskingar.

Det hev so langt kome 5 nummer av Interrupt Inside (faksimilie frå datarespons.com).

Eit magasin i tråd med rause konsulentverdiar

Artiklane eg hermde frå er berre nokre fåe smakebitar frå dei mange djupneartiklane som ein kann lesa i «Interrupt Inside». Mange fleire kunde ha vore nemnde, som til dømes Inge Nikolai Torsvik sin forvitnelege gjenomgang av SoC-FPGA, der han dryftar den nye trenden med å integrera FPGA og harde mikroprosessorar på den same brikka. Eller Lijiao Liu og Olav Torheim sin artikkel um elektronikk i eksplosjonsfårlege umgjevnader. For ikkje å snakka um Haldor Husby sin tankevekkjande artikkel um «high density interconnect», der han etterviser at blind vias og buried vias faktisk kann vera kostnadssparande i krinskortproduksjon dersom ein kann få tilsvarande redusert talet på kostnadskrevjande multilag.

Data Respons hev det «å vera raus» og å «ha det gøy» som ein av sine grunnleggjande verdiar – attåt det å kunna prestera, måvita. Med Interrupt Inside so hev røynde fagfolk og ekspertar raust fenge høve til å ausa or den rike kunnskapen sin. Det hev vorte til eit magasin som det rett og slett er «gøy» å lesa. Eg ser fram til den neste utgåva.

Olav Torheim