Thomas Sankara: Afrikansk fridomskamp

Thomas Sankara arbeidde for gjeldssletting, nasjonal sjølvforsyning og kulturell sjølvhevding i Afrika. Han leidde Burkina Faso i fire år fyre han vart drepen i eit militærkupp. 30 år seinare er han framleis inspirasjonskjelda for millionar afrikanarar.

Den 4. oktober 1984 tok Thomas Sankara, president i Burkina Faso, ordet hjå generalforsamlingi åt dei sameinte nasjonane.

Herr president. Herr generalsekretær. Vyrde målsmenner for det samfolkelege hopehavet.

Eg kjem til dykk med ei venskapleg helsing frå eit land på 274.000 kvadratkilometer, der sju millionar born, kvinnor og karar nektar å døy av vankunna, svolt eller tyrste. Me hev vore eit sjølvstendig land, med sete i SN, i eit kvart hundradår, men enno hev folket vårt til gode å få eit verdig liv.

Eg kjem til det 39. møtet for å tala til dykk i namnet åt eit folk som held til på jordi åt forfedrane sine. Eit folk som hev valt å stå for det som dei er og som held fast på soga si, både på godt og vondt, og utan nokon slags kompleks.

Thomas Sankara arbeidde for gjeldssletting, nasjonal sjølvforsyning og kulturell sjølvhevding i Afrika. Han leidde Burkina Faso i fire år fyre han vart drepen i eit militærkupp. 30 år seinare er han framleis inspirasjonskjelda for millionar afrikanarar.

Endeleg so kjem eg her, med mandat frå det nasjonale revolusjonsrådet i Burkina Faso, for å segja frå um kva folket mitt meiner um dei problemi som stend på dagsetelen og som danar det tragiske komplottet for dei hendingane som mot slutten av det tjugande århundret skakar heile verdi i grunnvollane. Ei verd der manneætti er umdana til eit sirkus, sundrivi av kampen millom dei store og dei millomstore, herja med av væpna bandar. Verdi ligg under for valdsbruk og plyndring. Ei verd der visse nasjonar gjev seg katten i internasjonal lov, dei kommanderar lovlause gruppor som røvar og smuglar med våpen i hand.

Eg er ikkje tenkt å setja fram dogme. Eg er korkje nokon messias eller nokon profet. Eg hev ingen store sanningar å gjeva dykk. Det eg vonar på er tvo ting: For det fyrste som ynskjer eg å snakka ende ut i namnet åt folket mitt, folket i Burkina Faso. For det andre so ynskjer eg å vera ei røyst for «det store folket av arvelause», desse som høyrer til den verdi som ein svivyrdsamt hev døypt til «den tridje verdi». Eg vil fortelja dykk, endå um de ikkje kjem til å forstå, um årsakene til at me må reisa bust.

Alt dette er det som gjer oss interesserte i dei sameinte nasjonane. Me vil gjera vår plikt og krevja vår rett.

Det burde ikkje yverraska nokon at me i Øvre Volta, som no heiter Burkina Faso, hev valt å knyta oss sjølve til dette vanvyrde hopehavet, den tridje verdi. Det er dei hine verdene som fann upp denne merkelappen den gongen desse landi vart sjølvstendige, og det for å framandgjera oss intellektuelt, kulturelt, økonomisk og politisk. Me ynskjer å høyra til denne tridje verdi, og det utan å god god for dette historiske påfynsteret. Og endå mindre for å godta at me skal vera bakgarden åt ei velfødd vestverd. Men for å stadfesta vårt eige medvit um at me høyrer til i ei trikontinental verd – og for å kunna stadfesta med full tyngd som alliansefrie at ein serskild solidaritet sameinar dei tri kontinenti Asia, Latin-Amerika og Afrika i den same kampen  mot dei same politiske kjeltringane, dei same økonomiske utbytarane.

Landi i den tridje verdi må finna sin eigen veg

Å sanna at me høyrer til i den tridje verdi, det er soleides, for å parafrasera José Marti, «å stadfesta at me kjenner på vårt eige kinn kvart eit slag som vert påført kven som helst slags annan person i denne verdi». Til dessar so hev me vendt det andre kinnet til. Me fekk stødt fleire slag, men hjarta åt den harde er ikkje vorte mjukare. Dei hev trakka på sanningi åt den rettvise. Dei hev svike Kristi ord. Dei hev gjort krossen hans til ei klubba. Og etter at dei hev teke på seg tunikaen hans, so hev dei rive sund kroppane og sjelene våre. Dei hev halde oss i myrkret um bodskapen hans og gjort det til ein vestleg bodskap. Endå me tok det imot som ein bodskap um universell frigjering. So no hev augo våre opna seg for klassekampen. Me kjem ikkje til å ta imot fleire slag.

Det må verta sagt at det finst ingi berging for folki våre utan at me radikalt vender ryggen til alle dei modellane som alle sjarlatanane av nett same slaget hev freista selja oss i eit tjugetals år. Det finst ingi berging utan denne avvisingi. Det vert ingen vokster utan eit brot av dette slaget.

Og alle desse flogviti som vaknar upp frå svevnen sin, vekte av eit milliardtals fillekledde menneske, som vert dårlege i magen når denne ihelsvoltne hopen trugar deim, dei hev teke til å endra på talemåtane sine. Dei freistar febrilsk å finna mirakelkuren endå ein gong, slik at dei framleis kann vera dei som skal representera oss og som skal stå for utviklingi av landet vårt. Det er nok å lesa referati frå dei tallause seminari og kollokvia deira.

Eg er slett ikkje tenkt å gjera narr av den tolmodige innsatsen frå ærlege intellektuelle som, av di dei hev auga til å sjå med, uppdagar dei fælslege konsekvensane av dei herjingane som dei sokalla «spesialistane» hev tvinga på utviklingslandi i den tridje verdi. Det som eg ottast, det er å sjå at resultatet av so mykje tid av krefter, fanga upp av alle slags Prosperos, skal verta umdana til ein tryllestav som skal senda oss til ei verd av slaveri tilpassa vårt tids straumdrag og trendar.

Og eg hev god grunn til å ottast: Anten det kjem frå intellektuell latskap eller det det at dei hev fenge smaken på det vestlege levesettet, so er utdaningsmillomklassen i Afrika og den tridje verdi elles ikkje reiduge til å gje frå seg privilegia sine. Og sidan det er slik, so gløymer dei at all røynleg politisk kamp krev eit nådelaust teoretisk ordskifte. Dei nektar å gjera ein innsats der ein gjeng i djupni for å finna fram til nye konsept som svarar til den dødelege kampen som ventar oss. Passive og ynkelege konsumentar er dei, der dei gurglar i seg dei talemåtane som er so uppskrytte i Vesten. Nett på same måten som dei gjer det med whiskeyen og champagnen sin, i salongar der tvangskosen rår.

Konsepti um «negritude» eller «African Personnality» er åt å verta rimelegt utdaterte, og ein leitar fånyttes etter rettelegt nye idear frå dei «store» tenkjarane våre. Vokabularet og ideane kjem til oss frå heilt andre stader. Lærarane våre, ingeniørane våre og universiteti våre er nøgde med å fargeleggja litt på desse. Dei hev sjølve gjenge på europeiske universitet, og dei hev ikkje kome attende derifrå med noko meir enn sine eigne vitnemål – og med eit silkemjukt språk av adjektiv og superlativ!

«Burkinabe»: I Burkina Faso er det kome på moten å kle seg tradisjonelt og nasjonalistisk. Slik styd ein lokal produksjon i staden for å importera frå utlandet.

Det er naudsynt, og det hastar, at kadrane og åndsarbeidarane våre forstår at det finst ingi uskuldig skribentverksemd. I desse stormfulle tidene so kann me ikkje yverlata til våre einaste fiendar av i går og i dag å få ha monopol på tankeverksemdi, på fyrestellingsevna og på skaparevna. Fyre det er for seint – og seint er det alt vorte – so må ein syta for at desse elitane, desse menneski frå Afrika og frå den tridje verdi, finn attende til seg sjølve. Det heiter, attende til samfundet sitt, attende til den vanstoda som me hev arva – for å kunna forstå. Forstå at det faktisk ikkje er fåfengt å kjempa for eit tankesett som er i tenesta for dei arvelause massane. Dei treng tvert imot å verta truverdige på eit internasjonalt plan, med di dei skaper noko røynlegt. Det heiter å gje folki sine eit truverdig bilæte. Eit bilæte som gjev dei høve til å gjera djupe endringar i den sosiale og politiske stoda deira, slik at ein kann koma laus frå det framandveldet og den utanlandske utnyttingi som ikkje gjev statane våre andre perspektiv enn tome lommebøker.

Det er dette som me hev innsett, me, folket i Burkina Faso, i natti til 4. august 1983, når dei fyrste stjernone tok til å blenkja på himmelen åt fedrelandet vårt. Me laut taka leidingi for den uppreisten som var varsla på landsbygdi. Ei landsbygd som var herja av ørkenspreiding, utmatta av svolt og torste og yverlati til seg sjølv. Me laut gjeva ei retning til det brølande upprøret åt den arbeidslause massen i byane. Byfolk som var både slitne og frustrerte yver å sjå limousinane åt dei framandgjorde elitane som sat i statsstyret utan å tilby anna enn falske «løysingar» som nokon heilt andre hadde tenkt ut. Me laut gjeva ei ideologisk sjel til dei rettvise kampane åt massane våre, mobiliserte mot ein monstrøs imperialisme. Frå den forbigåande uppreisten, som er for ein grasbrann å rekna, so laut ein koma seg vidare til revolusjonen, til den ævelege kampen mot all dominasjon.

Andre hev sagt det fyre meg, og andre kjem til å segja det etter meg: Det er vorte eit ovstort gap millom dei som er rike og dei som ikkje lenger vil noko meir enn å eta seg metta, drikka seg utyrste – ja, rett og slett yverliva og framleis få vera seg sjølve. Men det er i røyndi ikkje nokon som er i stand til å fyrestella seg kor mykje det er av maten åt våre fatige som hev gjenge med til å fôra kyrne åt dei rike!

U-hjelp er til ingen nytte

Vårt eige Øvre Volta hev vore sjølve mynsterdømet. Ei nær sagt magisk utkrystallisering av alt som kunde gå gale i dei sokalla «utviklingslandi». Vitnemålet frå all utviklingshjelpi, lagt fram som ein mirakelkur og gjerne til fanfarar, men heilt utan takt og tone, det fortel det meste. Det er ikkje mange land som hev fenge so mykje utviklingshjelp av alle slag som landet mitt. Denne hjelpi er i utgangspunktet meint å skapa utvikling. Kor som er so leitar ein fånyttes etter teikn på utvikling i det som ein gong var Øvre Volta. Dei menneski som tok imot hjelpi, dei var anten godtruande eller dei var egoistiske ut frå klasseinteressor. Soleides hev dei ikkje vilja taka styringi med denne flyten av midlar frå utlandet. Dei hev ikkje forstått umfanget av det og dei hev ikkje stelt krav som er i samsvar med interessone åt folket vårt.

I boki «Le Sahel demain» (Sahel i morgon) so hev Jacques Guri sett nærare på eit yversyn som Club Sahel lagde frå i 1983. Guri konkluderar fornuftig nok med at utviklingshjelpi til landi i Sahel-beltet ikkje er noko anna enn ei yverlevingshjelp. Innhaldet og dei innebygde mekanismane i denne hjelpi gjer at det ikkje kann vera annleis. Han understreka at berre 30 prosent av denne hjelpi er nok til å halda Sahel i live. Etter Jacques Giri sitt syn so tener ikkje denne hjelpi frå utlandet til noko anna enn å halda fram med å utvikla dei sektorane der ein ikkje tener pengar, ho legg utolelege kostnader til dei småe budsjetti våre, ho løyser upp landsbygdi vår, ho skaper endå større slagsida i handelsbalansen vår, ho gjer oss endå meir nedsylta i utanlandsskuld. Her skal de få nokre døme frå det tidlegare Øvre Volta:

  • 7 millionar menneske, med meir enn 6 millionar jordbrukarar.
  • Ei dødsrata for reivungar på 180 per 1000.
  • Ein gjenomsnittleg livealder på 40 år.
  • Ein analfabetisme heilt upp til 98 prosent, um me reknar alfabetisering som å kunna lesa, skriva og tala eit språk.
  • Ein einaste lækjar per 50.000 menneske.
  • Berre 16 prosent fekk gå på skule.
  • Og til slutt eit brutto nasjonalprodukt per ibuar på 53.356 CFA, altso litt meir enn 100 dollar.

Det er tydeleg at diagnosen er av det dårlege slaget. Kjelda til sjukdomen var politisk. So løysingi kunde helder ikkje vera anna enn politisk.

Javisst uppmodar me til å gjeva hjelp til sjølvhjelp. Men reint ålment so fører politikken med utviklingshjelp ikkje til anna enn å desorganisera oss, gjera oss til tenarar og å ta frå oss andsvaret for våre eigne kringvære – både økonomisk, politisk og kulturelt. Me hev valt å leggja ut på nye og utrygge vegar for å kunna få det betre. Me hev valt å ta i bruk nye verkemidlar.

Me hev valt å leita etter organisasjonsformer som er betre tilmåta vår eigen sivilisasjon. Me avviser klårt og tydeleg alle slags diktat utanfrå, og slik vil me leggja til rettes for eitkvart vyrdelegt som er i samsvar med ambisjonane våre. Me nektar å vera i eit reint yverlevingsmodus, me lettar på trykket, me frigjer landsbygdi frå millomaldersk rigiditet og attendegang, me demokratiserar samfundet vårt, me opnar menneskesinni for eit univers av andsvarskjensla slik at me kann våga å skapa ei framtid. Me riv ned den gamle administrasjonen og byggjer upp att ein ny ein i bilætet åt ein heilt annan type funksjonær. Me dykkar herfolket vår ned i folkedjupet med produktivt arbeid og me minnar dei heile tidi um at utan ei patriotisk politisk uppseding so er ikkje ein militær noko anna enn ein kriminell med makt. Slik er det politiske programmet vårt.

Når det gjeld økonomistyringi, so lærer me å liva einfelt, me held oss til strenge livereglar slik at me kann skapa noko stort.

Takk vere det nasjonale solidaritetsfondet som friviljuge gjevarar hev fylt upp, so hev me alt no byrja å arbeida med vanskelege problem som tørken hev skapt. Me hev bygd vidare på prinsippi frå Alma-Ata-fråsegni og utvida dei primære helsetenestone. Me hev gjort GOBI-FFF-programmet frå Unicef til vår eigen statlege politikk.

Me tenkjer at dei sameinte nasjonane burde nytta Sahel-kontoret sitt til å lata dei turkeråka landi få tilgang til ein plan som både på stutt og lengre sikt kann gjera dei sjølvforsynte med mat.

For å fyrebu oss til det 21. hundradåret, so hev me sparka i gang ein stor kampanje for å seda upp og utdana ungane våre i ein ny skule. Kampanjen høyrer med til tombola-aksjonen «Instruisons nos enfants» (Lær upp ungane våre). Me hev nytta oss av dei revolusjonære forsvarskomiteane til å setja i verk eit umfemnande sosialt bustadbyggjingsprogram – 500 bustadeiningar på tri månader. Dessutan byggjer me vegar og vassleidningar… Det økonomiske endemålet vårt er å arbeida for at både handi og heilen åt kvar ein burkinabuar vert i stand til å gjera noko som kann sikra honom tvo måltid um dagen og reint drikkevatn.

Me lovar høgtideleg at denne gongen skjer det ingenting i Burkina Faso utan at burkinabuarane sjølve er med på det. Ingenting skjer utan at me sjølve hev funne ut at det skal skje. Det skal ikkje få skje fleire åtak på sjølvrespekten vår.

Dette er me trygge på, og difor vil me at ordet vårt når ut til alle som lider, til alle som er vortne krenkte av ein liten minoritet av menneske eller av eit system som vil knusa dei.

Undertrykte nasjonar og folk må stå saman mot imperialismen

De som høyrer meg, lat meg få lov til å segja dykk dette: Eg talar ikkje berre i namnet åt mitt eige Burkina Faso som eg held so høgt. Eg talar like mykje i namnet åt alle som hev det vondt nokon stad.

Eg talar i namnet åt dei millionane som bur i ghettoar av di dei hev svart hud eller av di dei høyrer til kulturar som er annleis og som snaudt hev høgare status enn dyr.

Eg lider i namnet åt massakrerte indianarar. Knuste, audmykte og putta i reservat sidan hundradtals år – slik at dei ikkje skulde ha nokon slags framtidsvoner, ingen kulturell vokster og ingi positiv utveksling med andre kulturar, inkludert kulturen åt inntrengjarane.

Eg skrik ut i namnet åt dei arbeidslause i eit strukturelt urettvist system som med jamne millomrom er i ulage. Arbeidslause menneske som ikkje fær uppleva livet som anna enn som eit spegelbilæte av luksuslivet åt dei rikaste.

Eg talar i namnet åt kvinnor i heile verdi. Dei lider under eit undertrykkjande system som mannfolk hev tvinga på dei. Når det gjeld oss sjølve, so er me reiduge til å gjenomføra alle framlegg frå heile verdi som kann føra oss til full kvinnefrigjering i Burkina Faso. Som motyting so kann me dela med alle land dei positive røynslone me hev med kvinnor som er til stades på alle umkverve i statsapparatet og det sosiale livet elles i Burkina Faso. Kvinnor som kjempar og som saman med oss slær fast at ein slave som ikkje er i stand til å gjera uppreist, han fortener ingen medynk. Han er sjølv andsvarleg for ulukka si so lenge han gjer seg illusjonar um at herren hans skal setja honom fri. Einast kamp gjer fri – og me uppmodar systrene våre frå alle rasar til å gå til åtak og vinna rettane sine.

Eg talar i namnet åt alle mødrane i det fatige landet vårt som må sjå ungane sine døy av malaria og diarè, og som ikkje veit at det finst greide verkemidlar for å berga dei. Desse verkemidli tilbyd ikkje dei multinasjonale selskapi, for dei vil helder investera i kosmetikklaboratorium og i estetisk kirurgi til å tekkjast folk som hev ete altfor mykje. Folk som køyrer i seg so mange kaloriar at det hadde gjort både dykk og oss svimle. Men desse einfelde verkemidli som OMS og UNICEF hev tilrådd, dei hev me eigna til oss og nådd ut til folket med.

Eg talar dessutan i namnet åt barnet. Dette arme barnet som er svolte og som smyg seg fram til godsakene som det ser i ein butikk for rike. Godsaker sikra attum eit tjukt butikkvindauga. Dette vindauga er verna av eit tjukt metallgitter. Og gitteret er vakta av ein politimann med hjelm, slåsthandskar og slagstokk. Denne politimannen er det far til eit anna barn som hev sendt ut. Han nyttar seg av politiet av di dei gjev alle garantiar for representativitet og kapitalistiske normar i systemet.

Eg talar i namnet åt alle kunstnarar – poetar, målarar, musikarar, bilethoggarar, skodespelarar – gode menneske som ser at kunsten deira prostituerar seg i tenesta for showbusiness-svindlarar.

Eg ropar ut i namnet åt journalistane som må tegja stilt eller lyga um dei ikkje skal verta arbeidslause.

Eg protesterar i namnet åt idrottsfolk i heile verdi som fær musklane sine utnytta av politiske system eller av moderne slavehandlarar.

I landet mitt finn ein alle dei plågone som hev herja verdsens folk. Det er ein smertefull syntese av alle dei lidingane som manneætti hev kjent på, men dessutan og framfor alt ein syntese av dei framtidsvonene som kampane våre hev kveikt. Det er grunnen til at eg heilt naturleg stend saman med dei sjuke som urolegt ser på horisontane åt ein vitskap dominert av våpenhandlarar. Tankane mine gjeng til alle dei som er råka av naturøydeleggjingar og til dei 30 millionane som let livet kvart år, slakta ned med det fælslege svoltvåpenet.

Sidan eg er militær, so kann eg ikkje gløyma den einskilde soldaten som berre fylgjer ordrar, med fingeren på avtrekkjaren og vel vitande um at kula som han sender ut ikkje ber med seg melding um noko anna enn død.

«Eg lider med alle dei i Latin-Amerika som vert trakka under den imperialistiske jarnhælen.»

Til slutt so kjenner eg meg upprørd når eg tenkjer på palestinarane som ei inhuman manneætt hev valt å byta ut med eit anna folk – eit folk som i går enno var martyrisert. Eg tenkjer på dette tapre palestinske folket, dei er familiar som er vortne spreidde yver heile verdi, på jakt etter asyl. Modige, medvitne, stoisk og utrøyttelege, so gjev palestinarane ei påminning til kvart eit menneskelegt samvit. Dei minnar um at det er naudsynt og moralsk påkravd å respektera rettane åt eit folk. Saman med dei jødane som er antisionistar.

Til liks med soldatbrørne mine i Iran og Irak, som døyr i ein meiningslaus broderkrig, so kjenner eg ein sterk solidaritet med kameratane i Nicaragua – der havet er minelagt og byane er bomba. Trass i alt dette so kjempar dei med mod og klårsyn mot lagnaden sin. Eg lider med alle dei i Latin-Amerika som vert trakka under den imperialistiske jarnhælen.

Eg ynskjer å stå jamsides med folki i Afghanistan og Irland, attmed folki på Grenada og Aust-Timor. Dei ynskjer alle å få gå sin eigen veg, i samsvar med sjølvkjensla og grunndragi i eigen kultur.

Eg reiser meg her i namnet åt alle dei som fånyttes i alle verdsens forum hev freista gjera røysti si høyrd og verta tekne på ålvor.

På denne tribunen hev mange tala fyre meg og mange kjem til å tala etter meg. Men det er berre nokre fåe som tek avgjerdene. Likevel so vert me offisielt presenterte som likeverdige. Vel vel, eg gjer meg til talsmannen for alle desse som til ingen nytte hev uppsøkt alle verdsens forum for å gjera seg høyrde. Ja, eg vil tala i namnet åt alle dei «etterlatne» av di «eg er eit menneske og ingenting menneskelegt er meg framandt».

«Afrika for afrikanarar»

Revolusjonen vår i Burkina Faso er open for alle folk som hev det vondt. Han let seg kveikja av alle røynslone som manneætti hev gjort seg, heilt frå fyrste stund. Me tek mål av oss å vera arvtakarane etter alle revolusjonane i verdi, alle frigjeringskampane åt menneske i den tridje verdi.Me lærer frå alle dei store umveltingane som hev endra verdi. Me hentar lærdomar frå den amerikanske revolusjonen, lærdomar frå sigeren yver den koloniale dominasjonen og dei fylgjone som denne sigeren fekk. Me stadfester doktrinen um at europearar ikkje skal blanda seg upp i amerikanske saker – og at amerikanarar ikkje skal blanda seg upp i dei europeiske.

Det som Monroe slo fast i 1823, «Amerika for amerikanarar», det tek me upp att med di me segjer «Afrika for afrikanarar» og «Burkina for burkinabuarar». Den franske revolusjonen frå 1789, som rykkte upp grunnlaget for absolutismen, han lærer oss menneskerettar – som er knytte beinveges til folki sin rett til fridom. Den store revolusjonen i oktober 1917 hev umdana verdi, gjeve siger til proletariatet, skaka kapitalismen i grunnvollane og gjort draumane frå Paris-kommunen moglege.

Me er opne for alle vindane av vilje frå folki og revolusjonane deira, og difor vil me ogso læra frå sume forferdelege fiaskoar som hev ført til tragiske menneskerettsbrot. Me vil berre ta vare på den reine kjernen frå kvar og ein av dei nemnde revolusjonane. Slik forbyr me oss sjølve å leggja oss inn under dagsetelen åt andre, endå um me tenkjer at me høyrer til i det same interessehopehavet. (…).

Me vil endå ein gong slå fast at me hev tillit til dei sameinte nasjonane. Me er takksame for arbeidet som dei hev gjort med tenestone sine i Burkina Faso. Og me er takksame for at dei stend saman med oss i dei harde tidene som me uppliver.

«Fedrelandet eller døden, me skal vinna!»

Me er takksame for at medlemene i Tryggingsrådet hev late oss få leida arbeidet deira heile tvo gonger i år. Lat oss berre få ynskja at Tryggingsrådet endeleg sannar og tek i bruk prinsippet um kamp mot utrydjingi av 30 millionar menneske kvart einaste år. Desse menneski vert drepne av svoltvåpenet, eit våpen som i våre dagar øydelegg meir enn atomvåpenet gjer.

Denne tilliten og denne trui på organisasjonen gjer at eg må retta ein takk til generalsekretær Pérez de Cuellar. Han kom for å vitja oss og kunde slå fast dei harde fakta på bakken. Slik kunde han dana seg sitt eige bilæte av det turre klimaet og den tragiske ørkenspreidingi.

Herr president, eg hev reist tusundtals kilometer. Eg er komen for å be um at kvar og ein av oss kann vera med og samla kreftene for å gjera slutt på maktarrogansen frå folk som ikkje hev noko å fara med. Lat oss gjera slutt på at ungar må døy av svolt. Lat oss samla kreftene slik at det rettvise folkeupprøret sigrar, slik at våpni stilnar og slik at me endeleg, i samla yverlevingskamp, kjem oss so langt at me kann syngja med den store poeten Novalis:

«Snart skal stjernone koma ned att på jordi, etter at dei hadde halde seg burte i desse myrke tidene. Soli skal få skina med heile spekteret sitt, og skal atter verta ei stjerna millom stjernone. Alle menneskerasane i verdi samlar seg att, etter å ha vore åtskilde so lenge. Dei gamle farlause familiane finn kvarandre att og kvar dag er det nye uppdagingar og kjærleiksmøte. Slik skal dei som ein gong var der koma attende til jordi. I kvar ei grav vaknar den utsløkte oska. Yveralt brenn livsflammen att. Dei gamle husi vert bygde upp att. Dei gamle tidene nyar seg upp att og soga kjem til å verta draumen um ei gåva som varar for alltid».

Fedrelandet eller døden, me skal vinna!

Thomas Sankara