Den siste ferjeturen

Bommen gjeng ned og lemmen fer upp. Svart røyk blæs ut frå skorsteinen i det ferja legg i frå i Leirvåg. Ferjebillettøren kjem ruslande burt og eg skruar ned ruta. -Bil og ein vaksen, takk! 

Turen yver Fensfjorden tek ein halvtime, og det kann verta kaldt å sitja so lenge i bilen. Kann henda ein møter på nokre kjende nede i salongen? Um ikkje anna so er dama bak disken alltid reidug til å slå av ein prat.

Me gjeng tvo trapper ned under dekk og kjem til salongen. Det luktar av varme pylsor, nysteikte sveler og kaffi. Nede i salongen høyrer me både strilamål og bergensarar um einannan. Joletreet er pynta. 

Ned ei trapp…

 

Og ned endå ei trapp.

Det kunde ha vore i 1985, men det nærmar seg 2020. Me er umbord på Melderskin, den gamle Askøy-ferja som i si tid gjekk frå Nøstet til Kleppestø. Sidan den gongen hev ho patruljert både Halhjem-Våge og no til slutt Leirvåg-Sløvåg, på Fensfjorden som skil Hordaland frå Sogn og Fjordane. Enn so lenge…

Kaffi og svelor.

Ferja glid ut forbi oljeraffineriet på Mongstad. Langs den eine kaien ligg ein båt med namnet “EURONAV” – berre i tilfelle nokon skulde lura på kvar hen oljepengane vert av, skjemtar ein av passasjerane. Lengre ute i Skipavika skimtar me oljeriggar i upplag. Tidene er vortne trongare og marginane er vortne mindre enn før, det veit alle som arbeider i oljenæringi.

Soleides er ferjeturen med gamle Melderskin litt som ei liti reisa med ein tidsmaskin. For ein liten halvtime er det nett som tidi hev stade stilt dei siste 30 åri…

Men ved årsskiftet er det slutt. Slutt med både ferjebillettør, sveler og varme pylsor. På den nye elektriske ferja vert det berre automatvaror og autopass. Paradoksalt nok krev dei nye elektroniske systemi so mykje infrastruktur at det hadde vore billegare med gratis ferjer, men konsulentane og rådgjevarane i Ferde skal vel ha sitt…

Motoren stilnar og me forstår at me er framme i Sløvåg. Me gjeng upp trappene og set oss i bilen. Billettøren vinkar oss på land. Skiltet der det stod “Sogn og Fjordane” er alt vekke, einkvan må ha sikra seg det før Mesta hev vore der og kasta det. Det er ikkje berre ferja det snart er slutten for…

“Dar gjekk dampen” song Ivar Medaas då D/S Oster gjorde siste turen i 1962. Det var enden på ein æra då fjordabåtane vart bytte ut med bruer og tunnellar. Ein samferdselspolitikk som hev vore med på å gjera gamle Hordaland til eitt einaste Stor-Bergen, og no stend Sogn og Fjordane for tur. Syrgjeleg ilt? Slik vert det når ein skal gå stilt…

O. Torheim