Her byggjer dei bompengebyen

Fyrst kom bommane på Flatøy. No kjem byen. Vil du bu der, må du vera rik. Veldig rik.

Det er den verdfulle Midtmarka, med strandlina mot Flatøyosen, som må vika plassen for ein drabantby med 3000 heilt nye bustader. På heimesida åt den nye storkommunen, Alver Kommune, ser me teikningar av bustadblokker. Resultatet skal verta ein «regional småby» med «urbant preg», heiter det i planskildringi frå kommunen.

Flatøy og Midtmarka slik det ser ut no (Kjelda: Google Maps).

Ein by for urbane rikfolk

Dei som skal kjøpa seg husvære i den nye «småbyen» må ikkje berre ha millionar til å kjøpa seg inn i fyrste umgangen. I framhaldet må dei dessutan vera i stand til å betala på ei ovstor fellesgjeld for eit byggjekompleks der all infrastruktur er heilt ny. Og på toppen av dette kjem bompengane.

Å byggja ein stor «by» som er omringa av bomringar og der all annan infrastruktur ligg utanfor, det er ikkje berekraftig. Torer eg minna um at Nordhordland faktisk er vorte biosfæreområde?

Ikkje berre kjem den «urbane» småbyen til å rasera Midtmarka. Han kjem til å endra karakteren til heile området. Flatøy hev til dessar vore eit lite lokalsamfund med sitt eige bygdelag. Med dei nye planane kjem ein til å få ein drabantby som strekkjer seg heile vegen frå Frekhaug yver Flatøy til Knarvik.

Det er lagt upp til ei massiv bustadbygging utan tilsvarande utvikling av lokale møtestader eller kultur. Det kjem til å verta ein stad der tusundtals menneske bur, men der folk ikkje kjenner kvarandre og der ingenting skjer. Eit nytt Åsane.

«Strilene skal få ny kystby på Flatøy», lydde det so fagert for nokre år sidan i Bergens Tidende – men strilamål og strilakultur er det siste ein kjem til å sjå i den nye drabantbyen. Um utbyggingsplanane vert røyndom so kjem den nye byen til å telja meir enn 8000 menneske. Dei 400 «innfødde» på Flatøy vert marginaliserte i si eigi heimegrend.

Flatøy etter utbyggingi. Frå naturområde til drabantby med bustadblokker (Kjelda: Figur 10 i kommunen si planskildring).

Enorm profitt for styrtrik investor på Austlandet

Det er firmaet Vest-Land Eiendom som kjem til å tena enorme summar på bustadprosjektet, men desse pengane hamnar alle andre stader enn på Vestlandet. Nettstaden Estate hev tidlegare drege fram Bunnpris-sjef Thomas Schwarc Sandland som upptaksmann for prosjektet, men Sandland eig berre 36 prosent av aksjane i Vest-Land Eiendom. Det er firmaet Spleismark AS som er hovudaksjonær med 50 prosent.

Leitar ein seg vidare gjenom skogen av holding- og investeringsselskap so finn ein til slutt fram til namn som Knut Marius Bull Stokke, Kristian Holth, Tore «Goldfinger» Thorstensen og ikkje minst Tor Øivind Fjeld. Kapital kallar Fjeld for «en av Østlandets ledende byggentreprenører». Han er nummer 48 på lista yver Noregs 400 rikaste.

Spikaren i kista for lokalsamfund i Meland, Radøy og Lindås

Den nye storkommunen Alver er sett saman av dei tidlegare kommunane Meland, Radøy og Lindås, som hadde kommunesentri Frekhaug, Manger og Lindås. Politikarane i den nye kommunen hev tydelegvis ingen visjonar for korleis ein kann vidareutvikla dei gamle kommunesentri. I staden er det frå fyrste dag av lagt upp til ei sentralisering kring Knarvik.

I planskildringi frå kommunen heiter det at: «Føremålet med planarbeidet er å utvikle ein bystruktur i Midtmarka, som kan binde saman kommunesentra Frekhaug og Knarvik til ein regional småby for heile Nordhordland.»

Den nye «småbyen» er lekk i «byvekstavtalen» millom Bergen og grannekommunane. Busetnaden skal «fortettast» og sentraliserast. Taparane vert bygdelagi på Holsnøy som vert liggjande att i ei bakevja.

For på Holsnøy er stoda slik at folk fær ikkje lov å byggja nye hus i bygdi der dei voks upp. Vegnettet hev ikkje kapasitet til meir trafikk, vert det sagt. Samstundes skal Vest-Land Eiendom A/S få grønt ljos til å byggja ein heilt ny «by» på Flatøy som ikkje hev ein einaste nærbutikk og der skulen vart nedlagd for mange år sidan.

I staden for å styrkja dei småe lokalsamfundi på Holsnøy skal det leggjast til rettes for ein ny drabantby der folk er fullstendig avhengige av bilkøyring gjenom ein bomring for å koma seg til arbeid, skule og andre servicetilbod.

Det tener ikkje lokalsamfundi i Meland, det tener ikkje miljøet – det tener ingen andre enn Vest-Land Eiendom og bompengeselskapet Ferde.

Olav Torheim

Les ogso: Farvel Flatøy
Les ogso: Skal ingenting få konsekvensar?