Farvel Flatøy

Vinden susar i furutrei. Det raslar av vatn frå bekken. Gjenom trei og yver Flatøyosen ser eg Håøya og Litlebergen.

Eg er i Midtmarka, på veg mot Håøy. Midt i myrketidi er det lite som er betre enn ein tur ut i skog og mark medan det enno er ljost. Eg stoggar nokre minutt berre for å kjenna etter. So byrjar eg å gå att. Lufti som eg andar inn er skarp og kald, men det kjenner seg bra. Kjem ein i kontakt med naturen, so kjem ein samstundes i kontakt med seg sjølv.

Eg trakkar yver blaute myrar og glatte berg. Eg stig varsamt frå stein til stein yver bekkene. Steinar som det rennande vatnet hev vaska reine, runde og kvite.

Sume stader opnar landskapet seg att. Då kann eg høyra ljoden av trafikk frå Nordhordlandsbrua. Slik sett er ikkje spaserturen heilt ulik frå ein tur på byfjelli i Bergen: Ein er ute i naturen, men vert heile tidi påmint at «sivilisasjonen» ikkje er so langt undan.

Vegetasjonen endrar seg undervegs. Når eg parkerte bilen ved Norcem-fabrikken, so såg eg innmark og gran. Men eg skulde ikkje gå so mange hundradtals metrane fyre eg var i det landskapet som er so karakteristisk for Holsnøy og Flatøy, med store furutre og urøyvd natur.

Eg gjeng forbi den vesle tjørni som vert kalla for «skeisedammen». Her er det so grunt at det ikkje skal so mange dagane med minusgrader til fyre ein kann ta med seg skeisor.

På vegen kryssar eg gamle steingardar og ser ned mot gamle notanaust. For denne staden er ikkje utan soga. Det hev vore busetnad på Flatøy heilt sidan steinalderen.

På lag ein halvtime tek det å koma seg fram til Håøya. Det vesle eidet som skil Håøya frå Flatøy er ikkje meir enn eit par meter på det høgaste. I gamal tid var det tvo øyar, den høge øyi (Håøy) og den flate øyi (Flatøy). Men landet hev hevja seg sidan den gongen.

Framme på Håøya gjeng eg fyrst forbi den gamle mekaniske verkstaden. Her pla båtar i leggja til på 50-talet. So gjeng eg vidare og kjem til det gamle militærlægret som dei bygde den gongen det var unionsstrid med Sverike. Det nærmar seg 100 år sidan det vart nedlagt.

Det stend berre murane att av bygningane. Burtsett frå den gamle kommandantbustaden, som eg gjeng forbi på veg upp mot Håøytoppen.

På vegen upp endrar vegetasjonen seg att, det vert ei fin blanding av granskog og bjørk.

Vel framme på Håøytoppen kjem eg til dei gamle kanonstillingane. Her skulde ein verna um innseglingi til Bergen. Dei som kontrollerte Håøya hadde fri veg vidare inn til Bergen. Eller Bjørgvin. Når kong Sverre i si tid skulde hertaka byen, so laut dei fyrst yvermanna vardevakti på Håøy…

Utsyn yver gamal kanonstilling mot Alversund.

Eg gjeng ned att frå fjellet og attende gjenom Midtmarka. På vegen ned møter eg ei ung jenta som er på veg upp. Me helsar og smilar til einannan fyre me båe gjeng vidare. Det er det fine med å møta folk ute i naturi, ein slepp å vera på vakt heile tidi.

Eg lyder enno ein gong til furususen og raslingi frå bekken. Det gjer meg vemodig å tenkja på at det snart ikkje skal vera slik lenger.

For snart skal ein i staden få kjenna ljoden av motorsager og skogsmaskinar. Og sidan duren frå anleggsmaskinar. Det ristar i jordi når gravemaskinane og hjullastarane kjem durande. Fjellet er sterkt, men det må vika for boreriggar og dynamitt. Seinare kjem det heisekranar og betongbilar. Og so skal det dura frå kompressorar og smella frå spikarpistolar. Den nye drabantbyen med 3000 bustader skal reisa seg.

Til slutt kjem det til å verta stilt att. Heilt stilt i trappeuppgangen der grannar ikkje helsar på kvarandre. Der det ein gong var skeisedam er det vorte ein underjordisk garasje. Og ute frå uppkøyrsla ser ein det blå ljoset frå flatskjermane inne. Fredagstaco. No skal me kosa oss…

Bustadblokker. Den nye «småbyen» i Midtmarka skal få eit «urbant preg».

Medan Midtmarka skulde verta til ein «regional småby», so skulde Håøya få stå i fred, heitte det i reguleringsplanen. Eit friluftsområde som skulde gjera det attraktivt å kjøpa seg husvære i den nye «strilebyen» i Midtmarka. Ein svær parkeringsplass hev kome heilt på grensa til friluftsområdet.

Denne teikningi frå kommunen si planskildring syner oss «grønstrukturen» i den nye drabantbyen.

På sletta der det gamle militærlægret låg, der flyt det av eingongsgrillar og bos. No som ein ikkje lenger må gå gjenom heile Midtmarka for å koma fram, so er Håøya vorte ein populær stad å samlast um kveldane. Orientalsk musikk dundrar ut frå ghettoblasteren. Dei siste vekene er det mykje ungdomar som hev kome ut frå byen og samla seg her. Serskilt frå Landås og Løvstakklien. For det frettest at dei lokale likar å gå tur her.

Og langt, langt vekke – gøymde attum holding- og investeringsselskap og smarte transaksjonar – gliser ørkenen til oss…

O. Torheim

Les ogso: Her byggjer dei bompengebyen