Flatlander: Patriotiske visor frå Nederland

Den nederlendske visesongaren Flatlander framfører fedrelandsrock i country-format. Han er plateaktuell med EP’en M.M.X.X, og me hev teke ein prat um både musikk og politikk.

-Til dei som ikkje kjenner deg, fortel oss litt um deg sjølv. Kven er du og kvifor tok til å laga eigen musikk?

Eg er HJ frå nord i Nederland. Eg valde i si tid namnet «Flatlander», som eit motstykkje til «Highlander», sidan Nederland er so flatt som ein kann få det (eg visste ikkje den gongen at det skulde verta artistnamnet mitt, men det vart enden på visa). Eg tok til å laga musikk i 2006, fyrst som bassist og seinare som gitarist.

Flatlander.

Fyre eg starta som trubadur so spela eg hardkjernerock i ei gruppa som me kalla for «Blindfolded». Det var frå 2013 til slutten på 2017. Diverre laut me gje oss, me vart usamde og det vart innfløkt. Sjølv hadde eg lyst å halda fram, men utan å taka andre musikarar med i reknestykkjet. Eg hadde lyst å halda på kontrollen sjølv. Men eg hadde aldri sunge fyrr. På slutten av 2017 stod eg på scena som «Flatlander» for aller fyrste gongen, framfor eit lite publikum.

Eg lika meg der eg stod, og publikum tykte vel um det dei høyrde. Frå då av tok eg til å øva mykje, og eg freista skapa min eigen stil.

-Korleis vil du skildra musikken din?

-Eg veit ikkje um eg høyrer til i nokon serskild stilart. Fyrst og fremst so hev eg funne fram att gamal fedrelandsrock som eg framfører i folk- eller country-format. Eg freistar gje dei gamle låtane min eigen vri. Dessutan so syslar eg med eigne nyskrivne låtar som gjeng i den same stemneleidi. Og so ser eg kvar hen det endar. Det er viktugt for meg at musikken hev ein serskild karakter, ei serskild kjensla. Og at det er ein meiningsfull bodskap som vert framførd, måvita.

-Du er god på å byggja upp stemningar berre med å nytta røysti di og gitaren, med gode rytmar og intelligent fingerspel. Kvar hen fekk du inspirasjonen til tekstene og gitarspelet ditt? Du kallar songane dine for «patriotiske balladar», og det fører tankane attende til Ian Stuart og Stigger, men eg trur der er meir enn berre det…

-Aller fyrst, takk so mykje for komplimentet! Ian Stuart og Stigger sine «Patriotic Ballads» greip meg hardt den gongen eg var tenåring. Musikken og tekstene gjorde eit stort inntrykk. Eg hev lyst til å blåsa nytt liv i denne typen songar og føra vidare ideeen attum patriotiske balladar. Det ideelle med balladar er at du einast treng røysti di og ein gitar. Du kann sitja i stova og få bodskapen din fram. Det er ikkje mykje som trengst og eg likar at det er so einfelt.

Attåt politisk musikk, so hev eg dessutan lydd mykje til gamal folkemusikk og gamle country-musikarar, og dei hev gjeve meg etter måten mykje musikalsk inspirasjon.

HEIMESTUDIO: Flatlander nytta «isolasjonstidi» under Corona-krisa til å få spela inn den fyrste EP’en, M.M.X.X.

-Kva tykkjer du um den politiske stoda i Europa? Er du optimist eller pessimist?

Den politiske stoda i Europa er nyttelaus. Det er helder ingenting som skjer i Nederland som kjem til å bringa oss noko godt. Diverre so ser eg ikkje nokor positiv endring for oss nasjonalsinna i den næraste framtidi. Men eg er visselegt ikkje nokon pessimist! Eg er glad for det sambandet me hev skapt oss imillom på eit internasjonalt nivå. Alle stader finn du folk som er likesinna. So lenge me let dette få veksa og ikkje gjev upp, so kjem det fyrr eller seinare til å snu seg. Det er viktugt å halda flammen brennande!

-I den ferske EP’en M.M.X.X. so er dei fleste songane på engelsk, men det er ein song på nederlendsk, «Wachten tot het valt». I byrjingi segjer du at: «Er is sprake van een Revolutie». Kva er det songen tek fyre seg?

-Den upphavlege songen er frå ei neofolk-gruppa som heiter «Changes». Eg tykkjer det er ei ven låt med ei fin tekst, so eg sette henne um til nederlendsk. Stutt fortalt so handlar songen um at me ikkje kann endra på so mykje nett no. Men systemet, og politikken som systemet stend for, det kjem til å falla. Og me ventar og fyrebur oss på det. «Lat oss møta lagnaden vår, brørne mine, og gjera landet vårt fritt.»

-Reiser du noko ikring? Kjem me til å sjå deg på scena i Noreg?

-Sidan eg tok til med «Flatlander», so hev eg spela i nokre andre land, frå Russland til Sverike og frå Finland til Italia. Det er eg svært takksam for! Med alle Covid-19-åtgjerdene no um dagen so kjem ein seg ingen stad lenger. So snart dette er forbi so vonar eg at eg kjem meg ut att på vegen. Noreg stend visselegt på lista mi yver land eg hev lyst å få uppliva. So kven veit?

-Er det noko meir du hev lyst å segja til dei norske lesarane våre?

-Eg kann råda alle til å freista finna ut kva det er dei er gode på. Um det er å laga musikk, skriva tekster, teikna eller eitkvart anna. Freista bruka det som eit verkty for ideali våre. Det gjev deg mykje gleda og meistringskjensla, og det kjem til å hjelpa oss alle til å verta sterkare og spreida tankane våre.

Og so vonar eg at eg kann få møta dykk i Noreg ein dag, måvita. De liver i eit fagert land, det kann de vera byrge av!

EP’en M.M.X.X. ligg ute på Bandcamp. Og fredag 25. april spelar Flatlander live på Youtube, so dei som vil høyra meir av musikken hans kann fylgja med der.