Corona-viruset ristar liv i Noreg

Åtgjerdene som styresmaktene hev sett i verk mot Corona-viruset syner at systemkritikarane hadde rett heile tidi: Globaliseringi og sentraliseringi kann reverserast…

Det er tankevekkjande at berre nokre fåe prosent av dei smitta er ungar. Viruset gjeng etter dei tilårskomne. Boomerane, som dei er vortne kalla i det seinaste. Eller dessertgenerasjonen. 68’arane. Dei som ein gong var unge og rebelske og vilde snu upp ned på heile samfundet, men som no er mest upptekne av at oljefondet må sikra pensjonane deira.

No lærer Corona-viruset dei at opne grensor og fri flyt ikkje var nokon god ide.

Upplevingar som skakar den trygge eksistensen

-Det me ser er berre byrjingi, fortel nyhendemeldingane oss. I fyrste umgang er skulane stengde i 14 dagar. I Bayern i Tyskland er dei stengde fram til påske, slik at ungane kjem attende på skulen den 20. april… Det er all grunn til å tru at det kjem til å vara mykje lenger.

Permitteringane kjem. Stoda endrar seg frå dag til dag, og dei store verksemdene vil vera budde på at dei må stengja ned på dagen. Difor varslar dei um permittering alt no. Skular, barnehagar og høgare utdaning hev stengt i fyrste umgang, men ringverknadene kjem. Når store bygg stengjer ned, so må driftsselskapi permittera, dei med.

Det vert i fyrste umgang stengt i tvo veker, men ekspertane som politikarane hev lytta til skriv i handlingsdokumentet sitt at ein må rekna med unntakstilstand heilt fram til oktober. Epidemien må langsamt få brenna seg igjenom folkesetnaden, slik at det til kvar tid ikkje er fleire sjuke enn det er helsepersonell og sengeplassar. Ein vonar epidemien skal roa seg ned etter at um lag 40 prosent av folkesetnaden hev vore sjuke.

Eit halvt år er ikkje lenge. Det er ikkje lenge sidan september i fjor. Men på dette halve året kjem folk til å uppleva endringar. Dei kjem til å få kjenna på kroppen eit ålvor.

Og det som fær folk flest til å endra haldningar og veremåte, det er som regel ikkje argument. Det er upplevingar.

Kven kjem til å klara seg best?

Dei som klarar seg best er dei som fram til i går hadde den mest marginale eksistensen: Dei som hev freista klara seg på ei inntekt slik at ein av foreldri kann vera heime.

Ei anna gruppa som klarar seg godt er dei som heile tidi hev vore i mottakarenden åt velferdssystemet: Uføretrygda som for lengst hev vorte parkerte på utsida av samfundet. Somaliarar der kvinnor heile tidi hev gjenge heime og der berre ein liten minoritet av mennene er i jobb…

Dei som klarar seg best er dei som treng systemet aller minst. Og paradoksalt nok ogso dei som utnyttar det aller mest.

Ikkje lenger tid til å vera overfladisk

Verst stelt er åleineforeldre som må på arbeid, og der dei fullt og heilt hev basert seg på barnehage og SFO.

Massemedia hev vore fullt med snakkande hovud som hev prata um feminisme og #metoo. Planane var reiduge for Pride-parade på Frekhaug. Med forbodet mot offentlege kulturtilskipingar so er Pride det aller fyrste liberale tiltaket som gjeng i vasken.

Styresmaktene hev ført politikk som hev favorisert det å bryta upp familiar. Det vert premiert å vera åleineforelder. Den frigjorde seriemonogame åleinemori hev vore idealet i tallause seriar på Netflix. Ho er so frigjord at ho ikkje treng ein mann, men er 100 prosent avhengig av offentlege instansar som no vert stengde ned.

Noko av det som hev gjort folk so egoistiske og overfladiske er nett det at dei fleste hev havt det so bra at dei ikkje treng andre. Dei kann kjøpa seg ut or alle problem. Dei treng ikkje involvera resten av familien. Dei treng ikkje spyrja grannen um hjelp.

Eg minnast ein gong eg stod utanfor bensinstasjonen på Nyborg med flatt batteri. Eg henta fram startkablane og freista gå på folk. Etter å ha freista med meir enn ti personar so var eg nær ved å gje upp. Folk flykta undan berre dei såg meg med startkablane. -Eg hev barn i bilen, var eitt av svari eg fekk. -Kann du ikkje kontakta NAF, fekk eg høyra frå ein annan.

Til slutt var det ein lastebilsjåfør med breid Toten-dialekt som forbarma seg yver meg. -Når ein bed um hjelp, so må ein få det, var det kontante svaret hans når eg takka for hjelpi.

No kann folk verta tvinga til å tenkja nytt.

No kann det verta gull verdt å ha besteforeldre som stiller upp.

No kann det verta gull verdt å ha kameratar og vener som kann hjelpa med praktisk arbeid når økonomien er uviss og ein kvir seg på å leiga inn handverkar eller senda bilen på verkstad.

«Me hev det so bra i dette landet. Me hev plass til mange fleire», hev det vorte hevda i offentleg ordskifte. Endå storbyekspansjonen berre pressar på, med byvekstavtalor og urbanisering i ein større og større radius kring Bergen. Men nei, Noreg er ikkje sjølvforsynt. Me hev ikkje nok mat til å brødfø alle dersom det vert ei stor krisa og me må klara oss sjølve. Me er nok folk i Noreg.

Kirkens Bymisjon hev nyss sendt meir enn 20 tiggarar med fly ut or landet, fortel Bergens Tidende. Til og med nestekjærleiken hev grensor i desse tider…

«Både de og vi er kommet til at det er det beste for dem at de reiser hjem. For de er hjemløse her i Bergen, men de fleste har et sted å bo i hjemlandet sitt», fortel Kristine Moskvil Thorsen til BT («Kirkens Bymisjon setter tiggere på fly ut av Norge»).

Globalisering og sentralisering kann reverserast

Europa hev vorte det nye episenteret for Corona-epidemien. Dette hender samstundes med at millionar av «flyktningar» stend på grensa millom Tyrkia og Hellas. Me stend på nippet til å få eit nytt 2015.

Som Guillaume Faye slo fast i «L’archeofuturisme», so er systemet utrusta til å klara ei stor katastrofe. Men kva skjer når katastrofene konvergerar, når alt skjer på ein gong?

Corona og reprise på 2015… ? Det kjem til å enda i ein smell.

Høgre- og Frp-regjeringi hev ført ein aggressiv sentraliseringspolitikk med storkommunar og monsterregionar. Lokale skular og nærbutikkar er vortne lagde ned. Laurdagar er det kaos på Åsane Senter når alle skal inn og handla.

No er det tryggaste å ikkje fara nokon stad. Handla på nærbutikken, dersom han enno finst. Kjøpa mat hjå ein lokal bonde.

Dei som hev kjempa mot nedlegging av lokalsjukehus hev fenge eitt av dei beste argumenti på lenge…

Og no melder NRK at kommunane i det «tidlegare» Sogn og Fjordane innfører 14 dagars karantene for alle som kjem frå Hordaland. Takk vere Corona-viruset er Sogn og Fjordane attende som politisk eining!

«Vi er ein sårbar region, prega av små kommunar og lange avstandar. Vidare er vi heilt avhengige av å beskytte sjukehusa våre i størst mogleg grad», fortel kommunelækjaren i Sunnfjord til NRK.

Viruset som tvingar fram ny politikk

I ordskiftet um innvandring og integrering so vert det ofte påstått at det er ikkje mogleg å stogga asylstraumen. Det me ser no er at det er mogleg:

Med eitt slag er grensone vortne stengde.

Med eitt slag hev styresmaktene innført ein næringspolitikk for små og millomstore bedrifter som dei burde ha innført for lenge sidan: Stuttare permisjonsvarsel, dagpengar frå fyrste dag og skattelette.

Med eitt slag hev styresmaktene gjeve folk incentivi for å leva på ein annan måte: Halda seg burte frå dei store sentri, kjøpa mat på nærbutikken eller hjå den lokale bonden. Ta kontakt med grannen sin og be um hjelp med barnepass og andre praktiske ting.

Åleinemori som hev gjort alt for å sabotera samvær: No må ho kanskje ta telefonen til faren og spyrja um han kann tenkja seg å dela på barnepass.

Og 68-generasjonen som dei identitære polemiserte so sterkt mot i manifestet sitt: No kann dei få gjera det godt att. Utopiane deira vart aldri røyndom, men dei kann få lov til å nytta dei siste åri av livet sitt til å ta seg av generasjonane som kjem etter dei.

Me må fyrebu oss på at unntakstilstanden kjem til å vara ei stund. Ikkje berre det: Me risikerar at mange kjem til å få uppleva eit anna og betre liv enn før. Dei vil ikkje inn att i hamsterhjulet etterpå. Dei hev sett at eit anna Noreg er mogleg.

Olav Torheim

Det er fullt høve for andre media å nytta seg av denne reportasjen so lenge han vert attgjeven i sin heilskap og det vert synt til kjelda på maalmannen.no.