Institusjonalisert rasisme

For ikkje so lenge sidan uppdaga eg ein forvitneleg Youtube-kanal. Eg hadde tidlegare ikkje trudd at ein kanal av dette slaget skulde appellera til meg.

Tvo rettelegt sympatiske afro-amerikanarar (trulegt i 30-årsalderen ein stad) reagerar på ulike slags Youtube-videoar eller ordskifte og kjem me si meining um sakene. Etter at eg hadde sett eit par videoar der dei kommenterte sexistiske yotuberinnor, so støytte eg på ein video som stakk serskilt i meg, «Black people can’t be rac—-«. Interessant, tenkte eg, og vilde sjå nærare etter.

For dei lesarane som trur at det i denne videoen endå ein gong sviv seg um LGBT-rørsla og den vinstreliberale suppa deira: Ja, denne videoen tek fyre seg nett denne ovringi. Og nei, desse karane gjev deim ingen tilslutnad, tvert imot so kjem dei med motlegg som folk flest vilde ha kvidd seg for å segja ende ut.

I videoen kjem etter måten mange personar til ords. Millom andre nokre kvite, vinstreradikale amerikanarar som segjer rett ut at dei er rasistar. Med den grunngjevingi at dei med si eigi «institusjonalisering» ikkje kann vera noko anna og at dei er medvitne um «privilegia» sine.

Utsegnene fær dei tvo mennene til å gøyma hovudi sine i hendene. Dei slær fast, heilt rettkome, at dette framstår som ein ussel framgangsmåte – der dei gjeng inn bakdøri for å naska til seg eit privilegium. Slik kann dei setja seg på sin eigen høge hest og stella seg yver andre. Fritt etter valspråket: «Eg er på eit moralsk høgare nivå enn dykk, for i motsetnad til alle andre so hev eg skyna at eg er rasistisk og tenkjer rasistisk. Institusjonaliseringi gjer slik at det automatisk er slik. Og gjev meg no endeleg mikrofonen, for mikrofonen høyrer til dei svarte, latinoane og LGBT-hopehavet.»

Og sidan dei hine gruppone ikkje gjeng fram like aggressivt som personane frå LGBT-krinsen og difor ikkje freistar å raska til seg mikrofonen, so er det LGBT-hopehavet som vert ståande att og tala med høgt moralsk volum – på vegner av alle andre tynte gruppor i samfundet. Ein høgst patriarkalsk struktur, der nokre fåe personar meiner at dei målber interessone åt alle slags ulike etniske gruppor. Desse etniske gruppone vert skilde ut etter svært yverfladiske kjenneteikn, slik som hudfarge (rase).

På denne måten er det den organiserte LGBT-rørsla som stend fram som den røynlege høgborgi for organisert rasisme. Ein rasisme som dei vernar um og forsterkar.

Endå ein grunn til at LGBT-hopehavet er so ljodsterkt, det er at det store fleirtalet som sakene gjeld, dei vil ikkje eller vågar ikkje lenger å ytra seg. Soleides er det den organiserte LGBT-rørsla som tek ordet på vegner av dei som ikkje hev noko dei skulde ha sagt. Og skulde nokon frå dei minoritetsgruppone det gjeld ha eit avvikande syn, so er dei svikarar, «kokosnøtter», «sjølvhatande» og so burtetter.

For folk flest ynskjer berre å få vera i fred og vera gode grannar med kvarandre. Um nokon skulde koma til dei med spursmål av typen «Er det ikkje slik at den institusjonaliserte rasismen hev øydelagt livet dykkar?» – so skjemst dei kanskje litt på vegner av andre, eller dei svarar med eit «ja?», berre for å sleppa nokon diskusjon. Soleides er det ein liten minoritet av høgrøysta og aggressive individ som dei seinaste åri hev kunna setja dagseten åt den «progressive» rørsla i USA.

«Institusjonalisert rasisme» er vorte eit umgrep som LGBT-hopehavet hev breidd ut i nokre år. Dette umgripet er definert slik at afrikanskætta menneske («svarte») eller latinoar ikkje kann vera rasistar. Kvifor ikkje? Av di dei ikkje hev institusjonar, dei hev ikkje maktstrukturar som dei kann nytta til å tyna andre.

Etter at eg såg den nemnde videoen, so vart ei sak klår for meg: Det finst ein institusjonalisert rasisme. Han er berre ikkje slik som den organiserte LGBT-rørsla skildrar henne. Snarare tvert imot.

LGBT-rørsla er praktisk tala eit verkty for å byggja institusjonalisert rasisme, kløyva upp samfundet etter etnisitet og seksuelle preferansar – og dekonstruera og diskriminera det europeiskætta majoritetssamfundet. Den kvite, heterofile mannen han må tyngjast ned med skuld og skam slik at han ikkje motset seg dette. Den kvite, heterofile mannen som kvar dag gjeng på arbeid og svarar skatt, han må få høyra at alt det han eig og hev skapt berre er eit resultat av «privilegium». Det er ikkje anna enn rettkome at han skal punga ut medan andre skal ta imot…

Kvifor kallar eg dette for institusjonalisert rasisme?

Av di mange frå det svarte, afroamerikanske hopehavet ikkje lenger vågar å ha eit syn som avvik frå den vinstreliberale agendaen. Då kjem dei «intellektuelle» og brennmerkjer dei som «feige rottor», «rævkyssarar» eller svikarar.

Det er knallharde rasistar som hev greidd å gjera grunnleggjande rasistisk tankegods til ein stoverein doktrine hjå den liberale amerikanske vinstresida. Det som Black Panthers ikkje makta, det greidde LGBT-rørsla. Slik hev dei spalta ein heil ættled av amerikanarar, sume hev kjøpt ideologien med hud og hår – og andre hev gjenge til hin ytterkanten og vortne «altright».

Det er mange unge som slit både med å finna seg ein partnar og å halda i hop ein familie. Falske lovnader og illusjonar hev gjeve ein heil ættled eit kunstig sjølvbilæte som berre fører dei ut i forvirring. Reaksjonen er komen, men typisk nok er det ein «konservativ» reaksjon der folk helder vil halda seg heime enn å stikka seg ut.

Det same gjeld elles for feministrørsla, men det vert for mykje å koma inn på her. Men berre for å få sagt det: Kvifor er det slik at i USA er det normalt når ei dama segjer at «han kjem til å verta saman med meg til slutt, han vil berre ikkje nett no. Men me vert eit par til slutt, det er heilt sikkert.» Medan ein mann hadde vorte utlædd som ein låtteleg tøffelhelt («friend-zoned») um han skulde få seg til å segja at «ho kjem til å verta i lag med meg til slutt, men nett no høver det ikkje so bra for henne…»

Det er berre å slå fast at ulike aktørar hev lukkast med å gjera den amerikanske vinstresida til si eigi. Dei hev vore so høglydde at folk anten hev jatta med eller tagd stilt for å få vera i fred. Resultatet er at USA er meir rasistisk enn nokosinne – endå dei sjølve freistar å selja det som ein suksess når stødt fleire kjendispar vert saman. Ein multietnisk elite feirar seg sjølve som tolerant og fargeblind, og samstundes kokar det både i den svarte ghettoen og hjå kvit arbeidarklasse som under Obama fekk stødt mindre å rutta med, men som fær høyra at dei skal klappa att av di dei er so «priviligerte».

For det er den kvite, heterofile mannen som er skuld i alt. Hjå meg, tyskaren, lyder resonnementet ein smule kjent…

Peter Schreiner