Frå oska til elden?

«Når Amerika fell, då kjem verdsrevolusjonen…»

I Tyskland finst det ymse slags vinstreradikale medienettverk som ikkje er vortne forbodne eller sensurerte, same kor ekstremt innhald ein skulde finna der. Di meir interessant å sjå kva det er som vert delt der. Sidan nettsidone uppmodar til straffbare gjerningar, so eg kjem ikkje til å gjeva lesarane nokon beinveges peikar. Kor som er, so kann kven som helst ta turen innum Linksunten på Indymedia og sjå sjølv…

Hjå Indymedia er mordet på George Floyd vorte eit brennande spursmål, og det er forståeleg at mange hev kava seg upp etter å ha sett den brutale videoen:

George Floyd var ein afroamerikanar som fekk politiet på nakken etter at han hadde freista betala med falske pengar. Etter at politiet hadde arrestert honom, so trykte ein av politimennene honom ned i bakken i 10 minutt, med kneet mot halsen. Politimannen sleppte honom fyrst etter at helsepersonell var kome til staden, og då var han alt livlaus. Seinare døydde han.

Det var fire politifolk som var med på å arrestera Floyd: Ein afroamerikanar, tvo asiatar og èin kvit – sistnemnde gift med ein asiat. Ein kunde soleides ha sagt at det var eit mangkulturelt politikorps som tok livet av Floyd. Kor som er, so er Floyd i media vorten gjord til eit symbol på politivald og kvit rasisme mot minoritetar.

Um ein ser på statistikk og forskingsmateriale, so er det faktisk ingenting som tyder på at amerikansk politi er meir brutale mot svarte enn mot kvite. Politiet er faktisk kjappare på avtrekkjaren mot væpna kvite enn dei er mot væpna svarte, og svarte politifolk skyt ikkje færre svarte enn det kvite politifolk gjer. Og ser ein på kriminalstatistikken, so er det langt fleire kvite som vert drepne av svarte enn det er svarte som vert drepne av kvite. Aller verst er statistikken yver svarte som vert drepne av andre svarte…

Men røyndomen spelar ingi rolla, for den upplesne og vedtekne forteljingi åt dei vinstreekstreme er at «systemet» er «institusjonalisert rasistisk», og no er det tid for å reisa seg mot dette systemet. I USA hev Antifa kalla til upprør og valdseskalasjon. Under dekkje av å protestera mot dråpet på George Floyd, so hev anarkistar og kriminelle bandar herja, brent og plyndra. Bilæte frå Minneapolis vitnar um ei krigssona.

Medan vinstreradikal ungdom med yverklassebakgrunn fær ta seg ut i valdelege aksjonar mot ordensmakti, so nyttar vinningskriminelle høvet til å naska med seg flatskjermar og anna knask frå butikkar som snart stend i brann.

So mykje um stoda i USA…

No skal eg attende til dei vinstreekstreme som eg kjenner her i Tyskland, og som eg hev tala litt med. Sjølv hev eg det privilegiet at eg kann tala med kven som helst, eg er humanist og vedkjenner meg ingen serskild ideologi.

Nylegt hadde eg eit ordskifte med folk frå det vinstreekstreme spekteret, der eg fekk høvet til å ordskiftast med eit par yvertydde «antifascistar» um stoda i USA.

Ein av dei unge mennene som eg tala med, me kann kalla honom Peter, han meinte det var på høg tid at valdsbruken eskalerte.

«Det som me ser no er byrjingi på ein revolusjon. Endeleg reiser folk seg. Det høyrer til dei historiske naturlovene at kapitalismen kjem til å verta skift ut med noko nytt. I Sovjetunionen freista dei i si tid å hoppa yver kapitalismen og gå beint frå føydalisme til kommunisme. Det klaffa ikkje. Men no skjer det ting i USA, kjernelandet åt den moderne kapitalismen. Og det er nett det som me hev venta på. Ein revolusjon stend for døri, og når Amerika fell, då kjem verdsrevolusjonen.»

Eg spurde honom korleis det kunde ha seg at uro og uppreist skulde vera nok til å velta kapitalismen, og at kommunismen nær sagt automatisk skulde verta avløysaren. Eg synte til det oljerike Venezuela, som på stutt tid hev vorte eit tridjeverdsland fullt med svolt, armod og terror – der regimekritikarar vert skotne eller torturerte til døde.

Svaret kom tvert:

«Det som hende i Venezuela er det nett USA som er skuld i. Eit lite sosialistisk land hev ingen sjanse mot USA-imperialismen…»

Kva meinte han då um Kina og Nord-Korea?

«Det er ikkje sosialistiske statar lenger. Endå um Kina på papiret hev eit sosialistisk styresett, so er økonomien kapitalistisk…»

Det vart stilt ei liti stund. So eg spurde um han verkeleg meinte det var rettvist at folk i USA vart rundjulte, valdtekne eller fekk heimane sine brende. Skal so mange uskuldige lida av di èin mann er vorten drepen?

«Det er ikkje berre eit mord, det er eit institusjonelt mord! Det finst tusundtals med George Floyds i statistikken, og den statistikken berre aukar på…»

Eg fekk lyst til å be honom leggja fram dei konkrete tali, men var samstundes ikkje so gira på å gå inn i ein open konfrontasjon. So eg spurde endå ein gong um han ikkje tenkte noko på alle ofri for valdsbruken åt bråkmakarane.

«Det kjem alltid til å finnast offer. Ein må knusa nokre egg for å laga omelett. Svarte hev lide i hundradtals år, no fær velfødde kvite europearar kjenna på litt av det same. Trist og leidt, javel, men slik er det.»

Veninda hans, lat oss kalla henne for Anne, braut inn i samrøda:

«Det vert ingen revolusjon utan døde. Det må verta nokre offer på vegen mot revolusjon. Fyrst etter revolusjonen kann ein snakka um fred».

Eg spurde um dei hadde spurt russarane kva dei vilde ha tenkt. Kva med oktoberrevolusjonen, borgarkrigane, hungersnaudi i Ukraina, Stalin-utrenskingane… ?

«Sjå på Russland i dag då, det er verre å liva i Russland i dag enn det var under kommunismen!»

Eg synte til at millionar av menneske hadde late livet under Stalin, endå um historikarane er usamde um kor mange millionar.

«Du kann ikkje setja deg på din høge hest og døma, du var ikkje der og levde ikkje der i den tidi!»

Eg freista å samla trådane: Med dråpet på George Floyd so spraka gneistane som kveikte flammen. Valdsbruk, mordbrann, plyndring. Ei massiv uro skal vara ved til dess at det kapitalistiske systemet i USA bryt saman.

Anne: «Ja, du forstår oss rett. Det kjem til å verta ein krig millom dei progressive kreftene og dei kvitpriviligerte undertrykkjarane. Berre slik kann ein få rettferd for alle. Mange kjem til å stryka med. I dag er kvite ein kompakt majoritet her i Tyskland, so lenge det er slik so vert det ikkje rettferd. Berre tenkt på korleis jødane i si tid vart peika ut som syndebukkar…»

Peter lagde til:

«Me kann i grunnen berre vera glade for at det hev gjenge so langt som det hev gjort. Dette er tidi som USA hev venta på, og vonlegt rullar revolusjonen vidare til oss i Europa. For det er ikkje noko betre her, høgreekstreme stend attum hopetals valdsbrotsverk mot minoritetar. Diverre hev me ingen eintydig statistikk, og ingen tek det upp på video, men antirasistiske organisasjonar hev dokumentert problemet. Og enno hev eg ikkje sagt noko um antisemittiske brotsverk…»

Anne:

«Det siste kann eg i grunnen forstå. Det som Israel driv med i Palestina er ikkje ok…»

Her var det likt til at eg nærma meg eit stridstema millom dei tvo, for Peter tagde stilt. På same måten som feminisme og kvinnerettar er vorte eit stridstema, det med. So eg braut tagnaden og spurde Peter um han var fullviss på at han kom til å verta rekna med millom dei «progressive kreftene» i USA. Korleis kunde han, den kvite CIS-mannen, vera so trygg på at han ikkje hamna millom dei som skulde «stryka med»?

Peter smilte yverberande attende: «Visst er eg trygg på det! Eg hev mange vener med innvandrarbakgrunn, og ein skal ikkje prata lenge med meg fyre ein forstår på kven si sida eg er…»

Sjølv er eg ikkje like trygg på at alle forstår det like godt.

Etter denne samtala so kann eg slutta at desse kjenningane mine er svært nøgde med ei hending som i røyndi er svært dramatisk for USA.

Javisst, eg skynar godt at folk vert uppkava yver dråpet på George Floyd. Det eg ikkje skynar eller godtek, det er at dei vinstreekstreme er der frå fyrste minutt av for å instrumentalisera dødsfallet.

Amerikansk politi er brutalt, men denne brutaliteten er ikkje korrelert til rase eller etnisk upphav, det syner statistikken. Men dei vinstreekstreme vil konstruera ei stor forteljing, der statistikk, forsking og etterprøvande data ikkje spelar nokor rolla. Dei treng ikkje å bry seg med at folk fær både liv, helsa og eigedom øydelagt, for «den institusjonelle rasismen drep flest» – trur dei. Dei er ikkje mottakelege for korrigerande informasjon.

Eg er ikkje serleg redd for at revolusjonen deira skal koma til Europa. Folk som hev eit so forkvakla verdsbilæte, dei er ikkje i stand til å organisera nokon revolusjon. I beste fall vert dei berre spelebrikker for mektige bakspelarar, slik meiningsfelagane deira i USA er vortne det.

For vanlege arbeidarklasse-europearar er tankespinnet deira so sprøtt at dei vil ikkje tenkja på det eller høyra um det. Og dei undertrykte innvandrarane som dei skal få med på laget? Eg trur dei skal slita med det. Mange av dei hev sjølve kjent på kroppen korleis det er å liva i eit diktatur…

Peter Schreiner