Prinsessa og sjamanen: Berre kjærleik… og død.

DUREK VERRETT: Til vanleg er eg ikkje serskilt uppteken av dei adelege og livet deira. I dag gjer eg eit undantak, sidan eg vart litt uppkava yyver det som eg støytte på.

På ei tysk TV-sending fekk me høyra at den norske prinsesse Märtha Louise «vert dråpstruga av di ho elskar ein sjaman». Sjamanen er svart, so dette er rasisme. Både prinsessa og sjamanen hev vore flinke til å marknadsføra sjamanismen. Märtha Louise kann jamvel tala med englar og med avlidne.

«Prinsessa og shamanen». Faksimilie frå Verdensteatret.no.

Lagnaden hev elles ikkje vore nådig med henne, fær me vita i den same TV-sendingi. I desember 2019 tok mannen hennar, Ari, livet sitt. Soleides styrta ho inn i ei djup livskrisa.

So rart, tenkte eg. For ho og kjærasten hennar framstår som um dei alt hev vore saman ei god stund. Sidan eg tykte heile soga verka so merkelegt sett i hop, so søkte eg litt på nettet etter meir informasjon um saki.

Den fyrste artikkelen som ein finn på tysk er ein tekst der kjærasten hennar – Durek, «sjamanen» – kjem med pikante detaljar frå sex-livet med prinsessa.

Her fortel han millom anna at «sumtid knullar eg henne 3-4 gonger um dagen» og «eg gjev henne so mange orgasmar som ho klarar».

Her kjem faktisk eit gamalt, rasistisk tankemynster for dagen: Den svarte mannen som eit seksuelt beist. Denne rolla gjeng Durek offentleg og heilt medvite rett inn i.

Datoen for artikkelen er interessant: 15. oktober 2019. Tvo månader fyre sjølvmordet åt Märtha Louise sin tidlegare ektemann. I artikkelen steller ein det retoriske spursmålet um mannen vil provosera kongehuset med utspeli sine.

I teksti mi sviv det seg ikkje um kongehuset, men um eksmannen åt prinsessa, Ari Behn.

Dei som såg bilæti frå festgudstenesta i Holmenkollen kapell på jolaftan 2019, dei må ogso ha sett korleis prinsessa sin nye kjæraste, Durek, sette seg attmed ungane åt Märtha og Ari og faderlegt la armen sin kring dei. Ein dag seinare var Ari død.

I seinare artiklar heitte det at Ari hadde teke livet sitt. Han hadde lide i årevis under depresjonar, heitte det.

No lyt ein spyrja seg, kvifor vert det rapportert um mordtrugsmål mot prinsessa?

Det lukkelege paret vilde snart fara til USA og «koma vidare på den spirituelle reisa si». Sume kunde kanskje ha sagt at det var ein avleidingsmanøver, for å få ljoskastarane burt frå den store personlege tragedien som hende i jolehelgi.

Det er likt til at Ari hadde vore lynavleidaren lenge. Og utsegnene som prinsessa kjem med kunde tyda på at ho hev svært so store tankar um seg sjølv.

Spirituelle menneske ynskjer som regel minst mogleg merksemd kring seg sjølve. Dei som vil ha mest mogleg merksemd er som regel ikkje spirituelle, dei kann tvert imot vera svært manipulerande menneske.

Det finst tvo ulike typar sjamanisme, den eine er god og den andre er vond.

Um ein uppdagar ein sjaman av di han er i media sitt rampeljos, so er det grunn til å vera skeptisk. Um ein sjaman gjeng ut offentleg og nedverdigar eksmannen åt kjærasten sin – og det endå det er kjent at han i årevis hev vore deprimert, kann henda nett av di ekteskapet hadde hangla i lang tid og ikkje stod til å redda – so er det klårt at det ikkje sviv seg um eit menneske som stend på den rette sida.

Det er til å undrast yver at media let so vel yver dette nye kjærasteparet, med denne mannen som brått skal vera slik ein framifrå farsfigur for andre sine ungar. Og ein må undra seg yver at det brått kjem slike dråpstrugsmål. Korleis kann det ha seg?

Vonde tungor vilde kanskje ha hevda at prinsessa treng ein narrativ der ho er offeret.

Og dei tenkjer kanskje at den nye kjærasten hennar hjelper henne med det.

Det er i alle høve ein narrativ som fell i smak hjå massemedia.

Um ein ser nærare på avisartiklane um den nemnde kjærleikssoga, so er det ein kronologi som leider fram mot sjølvmordet. Openlys audmykjing av eksmannen – og det utan at prinsessa tek til motmæle. Ein må undrast på kva som hev hendt attum kulissane, hev ungane vorte framandgjorde for sin eigen far? Det verkar i alle fall som um Durek gjeng inn i ei slags ny farsrolla, med velsigning frå prinsessa. Og so sviv det seg um «depresjon» når den rette faren tek livet sitt?

Det storslegne brudlaupet millom Märtha og Ari i Nidarosdomen er noko som folk flest ikkje kjem til å gløyma. Og millom kongelege skil ein seg som regel ikkje når ein fyrst er gift. Jamfør prins Charles som fyrst fekk si Camilla Parker-Bowles etter at Diana hadde late livet under uklåre tragiske umstende.

Du kann freista sjølv å gjera nokre nettsøk etter slagordi «Durek», «Märtha Louise» og «Ari». Legg merke til tidspunkti.

Dråpstrugsmål, sa du?

Roman Cohn