-Dei er inntrengjarar! Kraftfulle protestar i Matre

Vindkraftmotstandarane kunde ikkje ha valt nokon meir symbolsk stad for protesten sin: Meir enn 200 personar var møtte fram i Matre for å segja nei til utbygging i Nordhordland.

Det var i Matrefjelli i Nordhordland at motstandskampen kulminerte under krigen, med kampane ved Bjørn West. Lokale motstandsfolk heldt stand i vekesvis mot den tyske yvermakti, og striden rasa heilt til dess at freden kom i mai 1945. I dag er dei norske fjelli vortne attraktive for internasjonal storkapital, men folket i Masfjorden hev ikkje sove i timen.

Meir enn 200 frammøtte på vindkraft-protest ved BKK-kraftstasjonen i Matre.

Sveinulf Vågene, fagsjef i Motvind Noreg, sette utbyggingsplanane i Nordhordland inn i eit større bilæte:

-Her i Matre er det BKK som vil byggja ut, men attum den store satsingi på vindkraft i Noreg finn ein store internasjonale aktørar. Dei kjem utanfrå med ein klår agenda, same kva lokalsamfundi skulde meina. Dei er inntrengjarar, og dei må møtast som inntrengjarar.

Sveinung Vågene kom med eit sterkt vitnemål frå aksjonane på Haramsøy.

Gripande vitnemål frå Haramsøy

-Eg hev vore involvert i eit femtitals vindkraftsaker. Å ta kampen upp mot vindkraft er litt som å gå upp i eksamen i eit nytt fag på eit vekes varsel. Lokalsamfundi er ikkje fyrebudde på det store apparatet som utbyggjarane tek i bruk for å valsa dei ned. Til lukka so byrjar motstanden å organisera seg.

Han hadde nyss vore på Haramsøya og vore augevitne til den brutale utbyggingi som gjeng fyre seg her og no:

-Eit tjuetals politifolk kom for å bryta seg inn i bilen til grunneigar Hans Petter Thue og få bilen transportert vekk. Med det same bilen var ute or vegen, so kom 3 gravemaskinar rullande upp. Folk forstod med det same kva som kom til å skje.

-Mange freista å gå saktast mogleg framfor maskinene og å leggja ting frå seg i vegen so maskinene laut stogga. Men politiet plukka alt vekk og bad til slutt folk um å flytja seg. So snart folk hadde kome seg ut or vegen gav gravemaskinane full gass upp mot fjellet.

-Mange vart so dårlege av det som dei upplevde at dei låg i veggrøfti og kasta upp.

-Me må ikkje sova

Når han fortalde um stemningi i mange av dei vindkrafttruga bygdesamfundi, so minte det ikkje so reint lite um den naiviteten som tok so mange nordmenner på sengi den 9. april 1940:

-Det er mange som tenkjer at «dette er so ille at eg nektar å tru at det kjem til å skje». Ein må undra seg kven det er som driv og plantar denne stemningi hjå folk. Det må ikkje få lov til å gå so langt som det gjorde på Haramsøyi. Me må vera vakne og fylgja med. Me må vera der når vindkraftselskapi byrjar å gå på grunneigarar og lokalpolitikarar – før dei rekk å søkja um konsesjon. Når konsesjonsvedtaket er gjort, då er det som regel ein tapt kamp. Utbyggjarane sit med eit stort apparat og er reiduge til å byggja ut med èin gong dei fær konsesjon til det.

«BKK ut av vindkraft».

Utbyggjarar og rikspolitikarar set lokaldemokratiet til sides

Arnold Matre frå Folket for fjella fortel at dei vanlege demokratiske spelereglane ikkje vert fylgde når det kjem til vindkraft:

-Vanlege utbyggingar fylgjer plan- og bygningslovi, der kommunen må laga reguleringsplanar og sakene må ut på høyring. Men vindkraftutbyggingar fylgjer energilovi, og der er kommunen berre ein høyringsinstans. Og fær ikkje utbyggjar det som han vil hjå NVE, so kann han klaga saki inn nasjonalt til olje- og energidepartementet og få dei til å gjera vedtak som yverkøyrer både kommune og fylke.

-Både på kommunalt nivå og på fylkesnivå er motstanden mot vindkrafti stor, det er på nasjonalt nivå at politikarane steller seg attum vindkraftindustrien. Men dei er konfliktsky og redde for høgt konfliktnivå. Difor må me gje dei høgast mogleg konfliktnivå. Både politisk, fagleg og med saklege metodar må me skapa mest mogleg konflikt.

Det er planar um vindkraftutbygging både i Gulen, Masfjorden og Lindås, og demonstrasjonen samla folk frå heile Nordhordland. Stemningi var god, og høgdepunktet kom når den lokale trubaduren Anders Kjetland framførde ei eigenkomponert visa um fjelli i Nordhordland, der han både parafraserte Ivar Aasen sine gamle fjell og skildra eigne naturupplevingar frå nordhordlandsfjelli.

O. Torheim