Strukturen i den norrøne mytologien

«Det er synd at eit folk med frankisk blod i årane sine, på eit territorium med livande germanske dialektar (serskilt Flandern og Alsace), og med ein provins som heiter Normandie, heilt hev gløymt det nordiske upphavet sitt. Både Vergil og Tacitus kjende til den nordiske tradisjonen, men det franske folket no um dagen hev ingen relasjon til Eddaen eller den islendske sogelitteraturen.»

Ordi høyrer til M. Renauld-Krantz, og ein finn dei i innleidingi til antologien hans um den gamalnorske poesien, som kom ut hjå Gallimard i 1964. Eit arbeid der han freista gjera den rike norrøne poesien tilgjengeleg for eit stort fransk publikum. For aller fyrste gongen so kom dei store eddatekstene (Snorre-Eddaen) og skaldedikti ut på fransk, i eit rytmisk system som låg nært den upphavlege diktingi.

Med utgangspunkt i den gamle nordiske litteraturen, so freistar M. Renaud-Krantz å gjeva djupn til dei grunnleggjande germanske gudane. Og å byggja upp strukturar, det heiter dei berande organisatoriske formene i den germanske religionen, utan umsyn til dei simple historiske prosessane.

Den norrøne mytologien er eit framhald av dei store linone i den sams germanske mytologien – slik som historikarane tok det fyre seg alt i antikken (Tacitus) og i millomalderen (Adam frå Bremen, Saxo Grammaticus). Seinare moderne granskarar, slik som Jakob Grimm, Ja de Vries, Georges Dumezil og Otto Höfler, hev gjeve oss høve til å verta endå betre kjende med denne fyrestellingsverdi.

«Skandinavia», skriv M. Renault-Krantz, «er i røyndi det einaste germanske landet (og eitt av dei fåe landi i heile Europa) der litteraturen enno badar i heidenskapen. Um ein ser burt frå runeinnskrifter, so er den eldste norrøne litteraturen frå det niande hundradåret og dei siste viktuge religiøse dokumenti er frå det trettande hundradåret. So når ein tek til å skriva ned denne litteraturen so hev Skandinavia alt vore kristna i um lag eit hundradår (på Island slutta ein seg offisielt til kristendomen i år 1000). Men det er svært sannsynleg at den heidenske tradisjonen framleis er i live».

Tradisjonen lever jamvel vidare i dag, i lokale kultur, familietradisjonar og i folkelege skikkar.

Dei tri funksjonane

Dominerande figurar i den skandinaviske mytologien:

På den eine sida gudane Ty og Odin (Wotan i den sudlege germanske tradisjonen), og Tor som den tridje av æsene. Og på hi sida ei samling med guddomar (Njord, Frøy og Frøya), vanene. Dei siste hev dei mest effektive eigenskapane, og dei vaktar yver ein eigen sektor med aktivitetar.

Denne gudeverdi svarar til tri ulike funksjonar som legg grunnlaget for heile den ideologiske strukturen åt indo-europearane. Det var i si tid granskaren G. Dumezil som fekk etablert denne strukturen: Det heilage og det suverene (på kosmisk plan, fyrstefunksjonen, med Ty og Odin), krigarkrafti (på menneskeleg plan, andrefunksjonen, med Tor) og til slutt fræve og produktivitet (på sosialt plan, tridjefunksjonen, med Njord, Frøy og Frøya).

I upphavet til det harmoniske samfundet åt gudane, so fortel den germanske mytologien oss um ein «grunnleggjingskrig» millom æsene og vanene (ein finn det same temaet hjå romarane, i eit historisert form, med dei etruskiske krigane. Og likeins hjå indarane, i Mahabharata-diktet). Ei vane-gudinna, Gullweig (det tyder: «drukna i gull»), er årsak til det heile. Æsene er kløyvde og vert fyrst slegne av vanene som tek yver territoriet deira, Asgard («hagen åt æsene», jamfør tysk garten og engelsk garden). Men det endar med at æsene dreg det lengste strået, for guden deira, Odinn, kjenner runeløyndomen og held orden på heile verdi. Han lukkast med å «domestisera» inntrengjarane, takk vere dei magiske evnone.

I det samla samfundet som kjem til etter at konflikten er løyst, so fær æsene funksjonane med suverenitet (Odinn) og kamp (Tor), medan vanene tek seg av det økonomiske: Dei fær i uppgåva å produsera rikdomane. Slik er «den sosiale kontrakten» hjå indo-europearane.

Suverenitets-funksjonen hev tvo sidor: Den eine er «juridisk» og religiøs, den andre er «politisk» og administrativ. Det er ei kjensgjerning at dette vert tvo sidor av same sak, og denne kjensgjerningi syner at i samfundet åt gudane (og difor, hjå menneski med) so må desse tvo sidone vera i samsvar med kvarandre. Den politiske sida byggjer upp relasjonen til autoritet og det som avgrensar denne autoriteten – og den den juridiske sida legg føringar som, saman med lovgjeving, kann rettferdiggjera den nemnde autoriteten. Den juridiske sida sikrar samstundes den sosiale samanhengskrafti og syter for ein gagnleg samfundsvokster.

I det gamle norrøne samfundet so skulde dei som la seg inn under leidarane sine alltid få noko attende: Studnad og vern. Det er ein grunnleggjande relasjon, tufta på «truskapen» («Treue»), og denne kann ein finna mange døme på – heilt frå Pax Romana (byar som underkasta seg romarane og soleides stod under deira vern) fram til føydalsystemet (tilhøvet millom vasallen og den suverene).

Samordningi av fornuft, lidenskap og arbeid

Ein heil historikartradisjon hev freista framstella myten um æsene og vanene som eit minne um tvo ulike folkeslag, der den eine liver av jakt og sanking og den andre liver av jordbruk. Fyrst slost dei mot einannan, og til slutt vann det eine folket yver hitt. Arkeologar hev gjeve dei namnet «megalittfolk» og «stridsøksfolk». Men M. Dumezil skriv i «Les dieux des Germains» (PUF, 1959): «Me tenkjer at dualiteten åt æsene og vanene ikkje er ein refleks av desse hendingane. Me meiner at det sviv seg um tvo komplementære termar, i ein sameint religiøs og ideologisk struktur. Den eine termen treng den andre, og dei hev kome til i lag. Dei må ha vore der alt den gongen, millom dei indoeuropearane som vart til germanarar».

I eit studium som heiter «Histoire et societe», og som kom ut på «Nouvelle ecole», so legg M. Giorgio Locchi til:

«Det essensielle er at æsene og vanene målber tvo ulike måtar å liva på: På den eine sida ein eldgamal tradisjon, den til dei store jegerane, og på den andre sida ein ny tradisjon, den til jordbrukarane. Dei sistnemnde hev infiltrert og tilpassa seg samfundi åt indo-europearane.»

Idealsamfundet vert soleides ein union millom intelligensen (fornufti), krafti (lidenskapen) og dei appetittvekkjande verdiane (arbeidet). Æsene tek ein dominerande posisjon og vanene finn seg ein underordna posisjon. Men dette hierarkiet danar ein harmonisk skipnad. Og alle gudane er samla for å kjempa mot Utgard, hopehavet åt monstri og gigantane. «Gudane kjempar mot gigantar», presiserar M. Renauld-Krantz, «slik som dei siviliserte kjempar mot dei ville, på same måten som foreldri tuktar ungane!».

Dei grunnleggjande gudane er Tor og Odin. Den fyrste er knytt til lufti og vinden, den andre til elden og toreveret (vanene knytte seg til jordi og vatnet).

Odinn er grunnleggjaren, eller i minsto organisatoren, åt heile verdi. Det er han som, saman med Ty, garanterar at Kosmos heng i hop. Han er guden åt kongane, og dessutan kongen åt gudane. Til liks med tilsvarandre gudar i andre indo-europeiske tradisjonar (Zeus-Pater, Jupiter, Varuna), so kviler makti hans på vitskap og magi. Og uppøsingi hans er i seg sjølv av spirituelt upphav.

Tor, guden for krig og torever, er son åt Odin slik som ljonet er son åt himmelen. Men på same måten som ljonet slær ned på jordi, so er det på det menneskelege planet at han er aktiv. Krafti hans kjem ikkje frå visdom, men frå fysisk makt – symbolisert med hamaren hans. Han ikjøtar verdiane frå hjarta, handlekrafti: Mod, rausleik, lojalitet.

Millom raudskjegget («Barbe-Rousse») og det gråe skjegget («Barbe-Gris»), det er millom Tor og Odin, presiserar M. Renauld-Krantz, so finst det eit binært strukturelt tilhøve, ettervist frå tallause dokument.

«Det er slik», skriv han, «at Odin er guden for dei intellektuelle funksjonane, som hev setet sitt og symbolet sitt i hovudet; Og guden Tor hev dei aktive funksjonane som hev setet sitt og symbolet sitt i hjarta og som samstundes kjem til uttrykk med heile kroppen. På den måten målber Odin den huglege krafti og Tor den fysiske krafti, og saman uttrykkjer dei polariteten millom kropp og sjel».

I den vediske religionen åt indo-ariarane, so finn ein eit tilsvarande tilhøve millom Varuna og Indra. Hinduismen tek vare på restene av dette, med motsetnaden millom Shiva og Vishna.

Samstundes svarar tilhøvet millom Tor og Odin til eit upphavlegt tilhøve millom tvo aldersklassor: Millom far og son. Den suverene og krigaren. Kongen og riddaren. Medan den tridje funksjonen, knytt til fræve og produktivitet (økonomisk), han svarar på den eine sida til det feminine elementet, utan umsyn til alder – og på den andre sida til ei større mengd: Plebeiarane, folkemassen, tridjestanden.

«Vaktaren åt det heilage»

Frå høgmillomalderen av (europeisk høgmillomalder, ikkje nordisk) so tek Tor-kulten til å taka yver for den til Odin. Det er Tor-namnet som ein finn oftast i personnamn og stadnamn. Og i det store heidenske tempelet i Uppsala, fortel Adam frå Bremen, so er det guden med hamaren som stend på den viktugaste staden. Tidi var komi for hertakingar (vikingtidi). Og for hemn.

«Heilt fram til slutten på heidenskapen so vert Tor verande ein stridsmann og verjesmann for gudane, «ein vaktmann for det heilage». Det er ingenting som provar dette betre enn det faktum at han vart påkalla aller oftast i den tidi då dei kristne tok yver. Det er kring Tor at dei samla seg, dei som meinheldt på den gamle trui. Det var Tor, og ikkje Odinn, som dei sette upp mot Kristus, upp mot Olav den heilage og konvertittane».

Og M. Renauld-Krathz sluttar slik: «Same kva slags personlegdomskonsept dei gamle skandinavane skulde ha havt, so er det fullvisst at dei visste vel kva slags krefter som ligg i mennesket og at dette svara til eit visst menneskesyn. Dette menneskesynet speglar seg att i mytologien deira. Soleides kastar mennesket seg fram i eit univers som det samstundes freistar å forklåra. Med det resultatet at ein kann definera denne mytologien som ein slags kosmisk antropologi.»

«Structures de la mytologie nordique», essay av Renauld-Krantz.
G.P. Maisonneuve et Larose (11 rue Victor-Cousin, 75005 Paris), 234 sidor.

Alain de Benoist

(Teksti er henta frå «Vu de droite. Anthologie des idees contemporaines», 1978. Umsett frå fransk av Olav Torheim)