LO i Bergen egla innvandrarungdom til åtak på politiet

AFGHANSK UNGDOM GJEKK TIL ÅTAK PÅ LARS THORSEN: -Bergen hev fenge eit ålvorleg innvandrings- og integreringsproblem millom ungdom, og LO i Bergen er ein del av problemet.

Eit augevitne som Målmannen hev vore i kontakt med fortel um ei stegvis eskalering av situasjonen då SIAN heldt møte på Festplassen 22. august 2020. Frå slagordskriking og eggkasting, initiert av LO i Bergen sin Axel Fjeld, til fullt anarki der innvandrarungdom agerte som ein ukontrollert mobb – fyrst mot SIAN og deretter mot politiet.

Sjå dessutan: Vil Bergen Arbeidarparti lata LO i Bergen få sabotera lokalt integreringsarbeid?

Augevitnet fortel at det var amper stemning heilt frå byrjingi av. -Endå um politiet berre hadde gjeve motdemonstrantar løyve til å vera på Tårnplassen, so var 50 til 100 motdemonstrantar møtte fram på Festplassen, og dei gjekk heilt inn åt sperringane som politiet hadde sett upp.

-Lars Thorsen vart møtt med buing og eggkasting når SIAN-markeringi tok til. Det vart jamvel slengt ein dildo yver sperringane. Politiet gjorde ikkje noko for å stogga eggkastarane og bråkmakarane.

-Det var framfor alt born og unge med minoritetsbakgrunn som var møtte fram for å laga bråk. Svært mange unge afghanarar. Av dei etnisk norske motdemonstrantane fann ein for det meste godt tilårskomne kommunistar og venstreaktivistar, som Kjell Gunnar Larsen og Axel Fjeld frå LO i Bergen.

Fyrste åtaksbylgja

Endå um stemningi er piska upp, so kjem likevel åtaket mot Lars Thorsen som lyn frå klår himmel:

-Brått høyrer eg eit jubelbrøl, og eg ser ein gjeng på eit titals afghanske ungdomar som bryt gjenom barrikadane og gjeng laus på Lars Thorsen. Thorsen fær grisebank. Politiet er ikkje budde på denne dramatiske vendingi, og dei må fyrst få på seg verneutstyr før dei kann gjera noko med dei aggressive ungdomane.

Uppeldna av dei valdelege ungdomane so byrjar heile motdemonstrasjonen å agera som ein mobb: Barrikadane vert moka vekk og det vert fullt kaos på plassen.

Politiet fær berga ein mørbanka Thorsen og resten av SIAN-aktivistane vekk frå staden, og SIAN-arrangementet er dimed avslutta lenge fyre tidi. Samstundes vert politiet ståande att for å halda ro og orden og dirigera trafikken forbi festplassen.

Andre åtaksbylgja

Det er då innvandrarungdom gjeng til åtak for andre gongen. Denne gongen direkte mot politiet. Ungdomane ropar slagord som «fuck the police» og kastar stein. Dei gjeng til åtak på både tenestepersonell og tenestevogner, som fær smadra lyktene sine.

Politiet vel ein passiv strategi og dreg seg attende. Dei køyrer vekk frå Festplassen medan rasande innvandrarungdom spring etter og kastar stein.

-Me snakkar her um born og unge heilt ned i 13-14-årsalderen som herjar i flokk med valdelege åtak på bergenspolitiet. Eg såg korleis dei dreiv politiet på flukt frå skanse til skanse.

Politiet dreg seg attende. Ungdomane fylgjer på.

Groruddalen på veg til Bergensdalen

-Bergen kommune hev nytta store ressursar på integrering. Elevar på Slettebakken og Ny-Kronborg fær alle slags ressursar til rådvelde som ein kann sjå langt etter på andre bergensskular. I dag fekk me det demonstrert at Bergen likevel byrjar slita med dei same problemi som Oslo hev slite med lenge.

-Bergen hev fenge eit ålvorleg innvandrings- og integreringsproblem millom ungdom…

Mobben fylgjer etter: Innvandrarungdomen jaga politiet heile vegen attende til politihuset.

Venstresida instrumentaliserar sint muslimsk ungdom

-Axel Fjeld frå LO i Bergen og Omland hevdar at “ingen antirasistiske aktivister var involvert i angrepet på SIAN i Bergen. Det var sint minoritetsungdom som ikke fant seg i å bli hetset og dehumanisert for åpen mikrofon i det offentlige rom”, skal det heita seg.

Axel Fjeld skodar yver troppane sine.

-Fjeld hadde ei sentral rolla i motdemonstrasjonen. Stemningi i motdemonstrasjonen vart heitare og heitare, til dess at ein nådde det kokepunktet der eit titals personar gjekk til åtak og dei siste 100 hengde seg på som ein ukontrollert mobb.

Aksel Fjeld agiterar imot fredeleg protest i eit innlegg frå 21. august. Etter gateslaget 22. august skriv han frå seg alt ansvar til «sint minoritetsungdom» …

-LO i Bergen hadde fyrst annonsert at dei skulde halda motdemonstrasjon på Festplassen. Denne demonstrasjonen hadde dei mobilisert til i månadsvis. Når politiet vedtok å leggja motdemonstrasjon til Tårnplassen, so valde LO i siste liten å avlysa heile den offisielle motdemonstrasjonen og helder senda tillitsmennene sine som «privatpersonar» på ein ulovleg motdemonstrasjon som eskalerte til gateslagsmål. Dette er 100 prosent Axel Fjeld sitt andsvar, endå um det sikkert er lettare å skulda på «sint minoritetsungdom».

LO avlyser eige arrangement slik at folk kann gå på ulovleg demonstrasjon i staden. Alle bør nytta «munnbind» (les: maskering). Frå Facebook-eventet «SIAN ut av Bergen!!»

Skjermdump frå Facebook-sida 22. august: LO i Bergen og Omland hevdar lygnaktig at «vår motdemonstrasjon måtte avlyses fordi kommunen nektet oss tillatelse» – endå dei faktisk fekk demonstrasjonsløyve på Tårnplassen. Dei uppmodar medlemene sine til å vera med på den ulovlege motdemonstrasjonen på Festplassen.

I ei fråsegn under titelen «Motdemonstrasjon avlyst» gjekk Geir Steinar Dale, leidar for Bergen AP, ut og frårådde medlemene sine å vera med på den ulovlege demonstrasjonen. Dette brydde ikkje Axel Fjeld seg noko um, han gjekk tvert imot ut på Twitter kvelden fyre SIAN-demonstrasjonen og mana flest mogleg til å «bli med» på den ulovlege motdemonstrasjonen:

«Bli med!» Klår og tydeleg uppmoding frå LO i Bergen til å verta med på ulovleg motdemonstrasjon.

På Facebook-eventet for den ulovlege motdemonstrasjonen vart det dessutan lagt ut foto av Lars Thorsen tilgrisa med egg og det vart uppmoda til å ropa slagord som spela på at Thorsen skulde møtast med eggkasting og aggressive tilrop. Tonen for den ulovlege motdemonstrasjonen var altso slegen heilt frå fyrste stund av, og det av godt vaksne agitatorar.

Når Axel Fjeld mobiliserar mindreårig muslimsk ungdom med på eit arrangement av dette slaget, so er det leik med elden. Og sist laurdag tok det ikkje berre full fyr, det eksploderte!

Vårt augevitne vurderar stoda likeins:

-«Bergen treng ikkje AFA. Hundrevis av rotlaus uhøvla innvandrarungdom gjer dritjobben LO ikkje hev testosteron nok til å utføra sjølv», sa ein upprådd tilskodar til meg i det me såg spetakkelet utfalda seg.

INGEN SJØLVREFLEKSJON HJÅ LO I BERGEN: Kontaktperson Arne Jæger og lokallagsleidar Fauzia Hussain-Wiik uppsummerar den valdelege demonstrasjonen som ein suksess. Hovudsak at SIAN måtte stikka!

-Me skal helder ikkje gløyma at etter måten mange gamle ringrevar i det tradisjonelle venstreekstreme miljøet var møtte fram for å agitera dei unge. Til dømes Kjell Gunnar Larsen, som vart pågripen og førd vekk av politiet.

Kjell Gunnar Larsen vert førd vekk av politiet.

Axel Fjeld (t.h) frå LO Bergen skaffar vatn til tåregass-råka ungdomar.

-SIAN-slaget på Festplassen minnar soleis sterkt um SIAN-slaget på Furuset tidlegare i august, der venstresida på same måten nytta seg av sint innvandrarungdom til åtak på politiet.

Sjå dessutan:
Vil Bergen Arbeidarparti lata LO i Bergen få sabotera lokalt integreringsarbeid?