Samhain: Du skal hausta det du sår

Halloween, Allehelgensdag, Samhain… Natti til fyrste november hev i tusundtals år vore eit fast punkt i medvitet åt forfedrane våre.

No um dagen er Halloween fyrst og fremst vorte til ei hending for dei småe, men endå so kommersialisert og amerikanisert som denne kvelden er vorten so er det framleis ein kveld med mykje høgtid yver seg. Røtene åt Halloween-tradisjonen gjeng mykje lengre attende enn til den kristne allehelgensdagen. Me kann fylgja deim heile vegen attende til Samhain, den urgamle keltiske hausttakkefesten.

På denne dagen var avlingi komi i hus, og familie og vener kunde samlast for å markera yvergangen til det myrke halvåret i den keltiske kalendaren. Etter alt det harde arbeidet på garden so kunde ein endeleg få unna seg ein retteleg fest.

Tradisjonen med hausttakkefestar finn ein att både i keltisk og germansk tradisjon – og det heilt inn i moderne tid. I Tyskland hadde ein so seint som på 30-talet den store offisielle feiringi med «Reichserntedank» i slutten av september.

På same måten som Halloween er dagen der dei småe fær kle seg ut som beinrangel, flaggermyser, vampyrar og andre ting dei elles er redde for, so er Samhain og Allehelgensdag eit høve for oss vaksne til å konfrontera oss med det myrke som me helst ikkje vil tenkja på – men som me kanskje lengtar etter um me berre vågar å kjenna etter. Døden er vorten eit tabu i vårt moderne samfund, men i det gamle sykliske verdsbilætet åt keltarane og germanarane so var undergangen alltid byrjingi på ei ny atterføding.

Med all velstanden i den vestlege verdi so er det lett å gløyma at rikdomen og yverskotet må koma frå ein stad, men nett dette er kanskje åt å endra seg? Med aukande prisar på både mat og drivstoff, global skort på elektronikkprodukt – og astronomiske prisar på straum – so er kann henda hausttakkefesten Samhain vorten meir relevant enn på lenge. Det å ha tilgang til å kunna dyrka sin eigen mat eller hogga sin eigen ved kann gjera ein stor skilnad for mange. Og likeins det å ha nære vener og skyldfolk som steller upp når det trengst. Det er ikkje lenger slik at ein berre kann kjøpa seg ut or alle flokar.

Med desse perspektivi friskt i medvitet so var Målmannen-redaksjonen samla til Samhain-feiring kring lægerbålet i skogen, ein stad i Nordhordland. På menyen stod det hjortekjøt frå eigen jaktteig og poteter frå eigen åker. Dessutan fekk redaksjonsmedlemene høve til å leska seg med fersk eplecider, brygga av gode grannar.

Stemningi vert berre betre og betre utyver kvelden, og soleides er det fritt fram for kvar og ein med diktlesing frå dei klassikarane me tykkjer mest um: Ivar Aasen («Haraldshaugen»), Tor Jonsson («Den ukjende») og Aasmund Olafsson Vinje («Nationalitet» og «Tyteberet»).

Og kvelden er enno ung…

Redaksjonen