«Je suis Karl» – ujamn propaganda

Heilt sidan den fyrste traileren kom i april i år so hev eg venta på å få sjå «Je suis Karl», den tyske spelefilmen um dei identitære. Filmen vart til slutt sleppt på Berlinalen i september, og no er han tilgjengeleg på Netflix.

I traileren som kom i april so fær me nokre glimt frå livet til den unge gjenta Maxi (Luna Wedler) som misser mor si og syskeni sine i eit bombeåtak med islamistisk tilsnitt. Foreldri hennar hadde nokre år tidlegare vore med på å smugla ein syrisk flyktning inn i Tyskland, og no er det likt til at 2015 kjem attende til dei som ein boomerang. Far hennar nektar å ta inn yver seg at det som hev hendt med familien hans er resultat av ei samfundsutvikling som han sjølv hev vore med og hjelpt fram- men Maxi vert på si sida vert dregi inn i ei høgreradikal gruppa, Re/Generation Europe.

Re/Reneration Europe er ein ungdomsorganisasjon som vert leidd av den hippe og karismatiske unge mannen Karl (Jannis Niewöhner) – ein karakter som openbert er inspirert av austerrikske Martin Sellner. Det vert til å byrja med måla fram eit bilæte av dei identitære som både moderne, intellektuelle, reflekterte og inkluderande…

Skjermdump frå Netflix.

Den tyske Berlinalen er den store festivalen der eliten innanfor tysk film og underhaldning feirar seg sjølve, og det er soleides utenkjeleg at ein film av dette slaget skal framstella dei identitære i eit positivt ljos. Eg var difor spent på kva slags vending regissøren Christian Schwochow skulde gjeva til «Je suis Karl» for å få putta dei identitære inn att i den historiske skammekroken som dei høyrer heima i.

Det finst etter måten mange filmar um høgreradikale som hev byrja bra, men som helt på tampen fær ei ny og sentimental vending der dei høgreradikale sitt «sanne andlet» skal koma fram. Her kann ein til dømes nemna «Romper Stomper» og «American History X» som dei mest kjende. Problemet med desse filmane er at den moraliserande slutten langt i frå klarar å øydeleggja dei stemningsbilæti som alt er vortne skapte,det vert rett og slett ikkje nokor truverdig avslutning på det heile.

Her hev regissøren av «Je suis Karl» teke nokre grep, for alt tidleg i filmen kjem det fram at det er Karl og dei identitære som sjølve stend attum den «islamistiske» terroraksjonen – med målsetnad um å fyra upp ei hatstemning mot muslimar og innvandrarar i Europa.

Ungdom frå heile Europa er samla til strid

Det er reint på slump at Maxi og Karl kjem i kontakt. Maxi er på flukt frå innpåslitne journalistar som hev kjent henne att på gata, og Karl kjenner henne att og gjev henne hettegensaren sin slik at ho kann kamuflera seg. Han spyrr um ho vil ta ein kaffikopp med henne, og det endar med at ho vert med honom til ein konferanse i Praha der ungdomar frå heile Europa er samla.

Det er ei positiv og optimistisk stemning på konferansen i Praha, og Karl gjev ei inspirerande tala der han uppmodar ungdomane til å gjera Europa til sitt – som leidarar, som intellektuelle, som lærarar. Når ein av tilhøyrarane skjemtar med eit «Sieg Heil», so slær han ned på det med det same: -Not funny! «Sieg Heil», det var i går. Get over it…

Det er både diskusjonar og arbeidsykter på konferansen. Millom anna fær me sjå korleis dei lagar profesjonelle videoar med vitnemål frå ungdomar yver heile Europa, som med endå ein ny variant av den identitære krigslysingi frå 2012.

Maxi kjenner på ein sterkare og sterkare dragnad mot den stoiske og sjølvtrygge Karl. Kvar einaste gong dei tvo møtest åleine, so ser ein på heile kroppsspråket hennar korleis ho ventar på at Karl skal ta eit initiativ. Men Karl hev ikkje hastverk, det er han som let henne få koma nærare og nærare. I ei av samtalone so spyrr ho honom: -Kva er det du er mest redd for? -Ein meiningslaus død. -Kva er det du ynskjer deg aller mest? -Ein meiningsfull ein…

Det er etter måten mange diskusjonar millom Karl og Maxi. Det er ikkje so mykje Maxi treng å få sagt, for Karl kjem henne som regel i forkjøpet. Maxi rekk til dømes aldri å karakterisera Karl som høgreradikal før Karl alt hev poengtert at høgre og vinstre ikkje lenger spelar nokor rolla. Det er avaldra skiljelinor som ikkje lenger er so relevante i dag. Karl fær for det meste snakka uimotsagt, og ein må undra seg litt på kvifor…

Detaljert research, framifrå produksjon, men kva vil ein fram til?

Det er lett å sjå at filmskaparane hev gjort ein umfemnande research. Sumtid kjenner det seg nesten litt realistisk. Ein fær til dømes kjenna på den optimistiske partystemningi når dei identitære er på konsert i Paris med Les Brigandes og likeins let ein seg riva med av drivande identitær rap-musikk.

Namnet «Re/Generation Europe» vil dei fleste truleg assosiera med franske Generation Identitaire, men det er nok meir nærliggjande å tru at dei hev knabba det frå NPD-ungdomsorganisasjonen «Junge Nationaldemokraten» – som i 2018 skipa til ein konferanse under titelen «Re:Generation Europa». Likeins skulde ein tru at titelen «Je suis Karl» spelar på «Je suis Charlie», men her vil eg snarare tru at det spelar på Karl Martell som i år 732 stogga muslimane ved slaget i Poitiers.

Eit interessant grep frå regissøren si sida er at mykje av upptaki er amatørvideoar filma med mobiltelefonar. Som med opningsscena der foreldri til Maxi filmar seg sjølve medan dei køyrer til Tyskland med «flyktningen» Yusuf gøymd i deira eigen bil. Soleis fær ein tokken av at dette var noko som faktisk hende i 2015, og det skal ein nok ikkje sjå burt i frå («refugees welcome»)…

Dialogar på både tysk, engelsk og fransk gjev dessutan filmen litt av den all-europeiske dimensjonen som dei identitære er so glade i å framhevja…

Skodespelarprestasjonane er helder ikkje dårlege. Ein kjenner på både sinnet og nervøsiteten til Maxim – og til vonløysa hjå far hennar som ikkje vil gje slepp på fortidi og som ikkje vil konfrontera seg sjølv med det valet han gjorde då han sjølv var med på å opna for den lagnadstunge asylstraumen inn i Europa.

Her er det mykje som kunde ha vore spela vidare på. Kva med til dømes Karl, er han berre ein utspekulert manipulator eller er han ein mann med mål som er høgare enn honom sjølv? Sikkert er det i alle fall at kvinnor let seg tiltrekkja av mannfolk som hev sine eigne hugmål, og som ikkje berre er passive konsumentar. Diverre vert det aldri tid til å nøsta noko nærare i alle dei lause trådane som filmen kastar fram. Som til dømes med den heseblesande sex-scena der dei snaudt hev rokke å få av seg kledi fyre det vert stønning og akrobatikk alle vegar…

Mot slutten av filmen skal dei identitære til Strasbourg i Frankrike for å stø upp um valkampen åt ei ung høgreradikal kvinna som openbert er inspirert av Marion Marechal Le Pen. Jamvel um Maxi hev gjeve heile sin hug til Karl, so hev Karl ingen planar um å verta verande med henne: Han vil gje seg sjølv til seg sjølv, som når han stend på toalettet og kyssar sitt eige spegelbilæte. Planen hans er at han, som ein Dominique Venner, skal verta drepen på direkteyverførd videostraum framfor katedralen i Strasbourg i det han gjev ei flammande tala med uppmoding um å verna Europa. Mordet er det han sjølv som set i scene, medan muslimar atter ein gong skal få skuldi.

Identitær zombie-apokalypse

Og her endrar heile filmen seg dramatisk, med ein twist som mest av alt minnar oss um Tarantino-filmen «From Dusk till Dawn». Den fredelege patriotiske folkehopen kring Karl vert med eitt til ein illsint mobb. Vekke er dei fredelege og velstrigla identitære, fram frå myrkret kjem hordane av valdsmenner med bombarjakkor og balltre. Myrkhuda familiar vert jaga i gatone og drepne med kaldt blod, og me ser i småe glimt at det er dei same personane i bombarjakkor og skinnskalleuniform som me tidlegare i filmen såg på identitær konferanse i Praha.

Uppreisten i Strasbourg vert startskotet på tilsvarande valdelege uppreistar i Italia, Spania og Sverike. Yveralt veltar den valdelege høgreekstremismen fram. Burte er metapolitikken og den intellektuelle aktivismen, i staden vert det ein høgreekstrem «zombie-apokalypse». På slutten av filmen ser me Maxi, far hennar og den syriske flyktningen Yusuf som gøymer seg i kloakken under byen medan krigen herjar yver dei. Dei hev gøymt seg burt litt på same måten som dei rettruande kristne i si tid gjorde det i katakombene i Roma. Men um morgonen nokosinne kjem er eit uvisst spursmål…

Ein må undrast litt på kva det er dei hev tenkt, dei som regisserte «Je suis Karl». På sitt beste fær filmen fram mykje av samheldet og den inkluderande kameratskapen som ein finn i nasjonale og identitære krinsar. Og argumentasjonen Karl hev framført i filmen står seg endå um han skal gjerast til ein slags terrorist.

Fakta er i alle fall at det hev vore hopetals islamistiske terroraksjonar i Europa etter asylstraumen i 2015, med Bataclan i Paris som den blodigaste, men slett ikkje den einaste. Derimot finst det ikkje eit einaste døme på ein identitær terroraksjon i Europa, og når det på slutten av «Je suis Karl» eksploderar med knuste rutor og brennande bilar, so bringar det framfor alt assosiasjonar til dei scenone som me kjenner so altfor godt frå innvandrartette forstader i Paris…

Dei identitære i Tyskland hev absolutt ikkje havt nokon grunn til å sjølve setja islamsk terror i scena: Den terroren hev i tur og orden kome heilt av seg sjølv, både i Würzburg, i München, i Ansbach og i Berlin…

«Je suis Karl» vert til sjuande og sist berre ståande som endå eit døme på kor langt ute på vidotta det endar når vinstreradikale skal laga film um eit fenomen og ei verdsåskoding som dei ikkje er i stand til å forstå.

O. Torheim