Lars Bjarne Marøy (1971-2022)

Det var diverre ikkje uventa, men likevel med sorg og vantru at eg fekk meldingi um at Lars Bjarne Marøy er død etter langvarande kreftsjukdom.

Eg var berre 17 år gamal då eg vart kjend med Lars Bjarne. Eg hadde kome yver bladet Vestmannen, redigert på klassisk norsk med i-mål, og eg vart uppglødd og ynskte å vera med i arbeidet for dette målet. Eg fann telefonnummeret til Vestlandske Mållag og slo på tråden. I andre enden var det 26 år gamle Marøy som tok telefonen. Dette vart starten på 25 års venskap og samarbeid.

Lars Bjarne med heimbyen Bergen i bakgrunnen.

Nokre saker er i medvind og arbeider seg fram av seg sjølve. Andre saker vert berre til ei sak um me gjer henne til det. Og slik hadde det vorte med målsaki. Det reine og utukla Aasen-målet skulde eigenleg ha vore stuva burt på museum i 1938, men her var det ein ung bergensar, uppvoksen på Møhlenpris, som hadde gjort det til si fanesak å halda Aasen-målet uppe – og det både i skrift og tala. Alt som 19-åring hadde han vorte med i Vestmannalaget i Bergen, der han seinare vart formann, og slik var han med å halda liv i ein ubroten tradisjon heilt attende til Aasen si tid.

For alle som vilde skulera seg i målsak og målreising so var Marøy sitt tilskot av uvurderleg verdi. På 1990-talet skreiv Marøy hundradtals målpolitiske tekster, og dei fleste av dei er tilgjengelege på nettstaden «Marøys Tenestesamband». Her gjer han målsaki relevant frå alle slags synsleite, og det er soleides ikkje til å undra seg yver når Marøy fekk både ingeniørar og sjukepleiarar engasjerte i Vestmannalaget og Vestlandske Mållag.

Slutten av 90-talet og byrjingi på 2000-talet var ei eventyrleg tid for oss som engasjerte oss i den litle, men veksande Aasen-rørsla. Marøy greidde å få med seg unge folk frå heile landet, og for fyrste gongen på mange tiår so kunde ein byrja å snakka um eit «høgnorskmiljø». Me skipa til møte og årvisse konferansar både i Bergen, i Oslo og på Sunnmøre. Og når reaksjonen kom og den gamle garden av mållagsfolk freista å stogga oss, so tok me like godt årsmøtet i Vestlandske Mållag med oss til Borkne i Bremanger og gjorde det til ei kulturhelg som dei frammøtte aldri kjem til å gløyma.

For Marøy so var arbeidet for norskt mål eit slags livssyn. So lenge det var det norske som stod i sentrum, so kunde han samarbeida med alle slags folk – anten dei var frå Fedrelandspartiet eller frå AKP. Det som han derimot aldri kunde godtaka, det var at det norske skulde verta underordna nokon slags politisk agenda. Han var aldri viljug til å gjera noko avslag, aller minst i rettskrivingi.

Marøy var dessutan uppteken av at ting skulde gå rett fyre seg. Han godtok ikkje at ei god sak skulde verta korrumpert av arbeidsmåtar som ikkje toler dagsens ljos. Han var ein av dei fåe som tydelegt tok parti for meg og Klaus Johan Myrvoll då me vart forsøkt utfrosne frå målrørsla etter medlemsjuksavsløringane i NMU i 2002. Det same året fekk Marøy banka igjenom at det nyskipa bladet Målmannen skulde få 60.000 i startkapital frå Haldor O. Opedals Fond, og dette tilskotet var avgjerande for at me fekk vår eigi plattform å stå på – utanfor alle dei statsfinansierte institusjonane i målrørsla elles.

Det var hausten 2018 at Lars Bjarne fortalde meg at han hadde fenge hjernesvulst av den aggressive typen. Alt den gongen hadde han etter prognosane berre nokre månader att, men Lars Bjarne heldt det gåande i nesten 3 år til. Han poengterte mange gonger i dei seinaste åri at han eigenleg skulde ha vore daud no, men han hadde framleis ein jobb å gjera.

Marøy ynskte å få dokumentert den nyare målsoga frå 1930-talet av og fram til i dag, og han gjekk med liv og lyst inn for å få samla denne dokumentasjonen i ein eigen database. Millom anna fekk han digitalisert alle utgåvone av bladet Vestmannen frå 1985 til 2002. Denne informasjonen finn ein på nettstaden sambandet.no/wiki.

Marøy var dei siste åri uppteken av å få betre fram kor viktug Gustav Indrebø hadde vore for det norske målet. Utan Indrebø hadde nynorsken og målrørsla aldri greidd få etablert seg so godt at dei kunde stå imot samnorsken og riksmålsreaksjonen.

Til det same fyremålet so arbeidde han trottugt med tekster til eit eige sernummer av Målmannen. Dette nummeret kjem ut no i 2022, og me trur det er eit nummer som gjev Marøy den æra som han fortener – endå han sjølv ikkje fær sjå det.

Olav Torheim