«Gud signe vårt dyre fedreland» – Elias Blix og det norske

Nord-norske Elias Blix er fyrst og fremst kjend som salmediktar, men han hev samstundes spela ei sentral rolla i arbeidet med å få Bibelen på norskt mål. I arbeidet med å fremja norskt mål var han både filolog, teolog og politikar.

Elias Blix var fødd 24. februar 1836 på garden Våg i Gildeskål, Nordland. Faren døyr tidleg og Elias veks upp i småe kår. Han lyt gå um seminaret for å få seg ei høgare akademisk utdaning.

I åri millom 1853 og 1855 var Elias Blix soleides seminarist i Tromsø. Der møtte han målsaki gjenom Ivar Aasens «Det Norske Folkesprogs Grammatik» frå 1848. Han var so lærar i nokre år fyre han for til Christiania i 1859. Han tek eksamen artium i 1860 og han vert cand.theol. 1866.

Elias Blix (1836-1902)

Han er altso vorten 30 år når han hev fenge seg ei utdaning, men det verkar som han på dette tidspunktet er vorten ein sers kunnig forskar som stend reidug til å arbeida vidare.

Blix vil gå grunnleggjande til verks for å forstå Bibelen, difor vil han forska på semittiske språk. Semittiske språk er ikkje so lette å få tak på, men Blix gjer so godt han kann. 1871-1872 hadde han stipendupphelde i Leipzig for å studera semittiske språk og gamaltestamentleg teologi. I 1873 vart han universitetsstipendiat, i 1876 dr. Philos og i 1879 vart han utnemnd til ekstraordinær professor i hebraisk.

Som professor hadde Blix ingen stor vitskapleg produksjon, men han var kjend for å ha store kunnskapar i semittiske språk og gamaltestamentleg eksegese. Doktoravhandlingi hans hev titelen «De vigtigste Udtryk for Begreberne Herre og Fyrste i de semitiske Sprog. Et Bidrag til semitisk Etymologi».
Han var kyrkjeminister i Johan Sverdrups Venstre-ministerium 1884–88. Etter det gjekk han attende til professorembetet sitt.

Blix sitt politiske ettermæle er knytt til tidi hans som statsråd. Som kyrkjeminister var han den som formelt stod ansvarleg for det sokalla jamstellingsvedtaket frå 1885, det vedtaket som jamstelte landsmålet med “det almindelige Skrift- og Bogsprog” som offisielt språk i landet.

Blix kunde umsetja Bibelen beinveges frå grunnspråket til norsk, og han hadde umsett store bolkar av den utgåva av det Nye Testamentet som kom 1890. Han rakk dessutan å umsetja um lag 50 av Davids-salmane fyrr han døydde.

Men fyrst og sist er det salmediktaren Elias Blix som ettertidi minnest.

Den fyrste salmesamlingi kom 1869, i fyrste umgang anonymt. Då vart  «Salmar, gamle og nye» gjevne ut på Det Norske Samlaget. Det Norske Samlaget vart skipa i 1868, med Blix i det fyrste styret. Det vesle heftet inneheldt 13 salmar, fire originale og sju umsette. Alt året etter kom andre heftet, som inneheldt 27 salmar, av dei 10 originale. Tridje heftet kom i 1875 med 17 salmar, 14 originale. I dette tridje heftet finn me etter måten mange av dei mest kjende Blix-salmane, til dømes «Med Jesus vil eg fara», «No koma Guds englar» og «No livnar det i lundar».

Og det var nett dette som hadde vore målet for Blix: å fylla kyrkjeåret med salmar på landsmål. I ei tala han heldt på ein fest som vart skipa til på 65-årsdagen hans i 1901, segjer han: 

«Mi meining med aa gjeva salmarne ut paa landsmaal var det, at eg vilde prøva leggja salmarne og Guds ord i det heile rett nær inn til hjarta paa dei mange av vaart folk som talar eit maalføre som er langt meire nærskyldt med landsmaalet enn med bokmaalet; eg vilde at ogso me skulde prøva lovsyngja Krist paa vaar tunga.»

Med salmane sine vilde altso Blix “kristne” landsmålet og få det i bruk i kyrkja. Alt 4. mars 1892 vart «Nokre Salmar» autoriserte til bruk i Den norske kyrkja, attåt Landstads Salmebok. Denne autorisasjonen er eit sersyn i norsk salmehistorie. Det er fyrste og einaste gongen ei samling salmar, dikta og umsette av ein einskild person, er gjevne autorisert til bruk i Den norske kyrkja.

Jamvel etter autorisasjonen kom det nye Blix-salmar. 1900 gav han ut ei samling Salmar og Songar, med 50 nye salmar. Av desse er 44 originale og 6 umsette. Dessutan er her med songar um heimstad og fedreland.

Like etter at Blix døydde, kom det posthumt ut nokre nye salmar. Heile salmeproduksjonen hans er prenta i ei minneutgåve frå 1936, 130 originale og 76 umsette salmar, og dessutan songar og kvede.
Blix hadde eit klårt bruksmål med salmediktingi si. Det ser me òg av utvalet salmar han valde å umsetje. Det var fyrst og fremst gamle kjende kjernesalmar, altso slike som frå fyrr var mykje nytta og umtykte av kyrkjelydane.

Elias Blix var ein av dei tidlege målmennene, og ein av dei som fekk mest gjort for å spreide landsmålet. Han vart ein nær ven både av Aasen og Vinje, og var all sin dag lojal mot Aasen-normalen.
Det var som nemnt i Tromsø han møtte landsmålet. Og um det hev han sjølv fortalt i den talen han heldt i høve 65-årsfeiringa: 

“Det var i 50-aari eg vart maalmann, etter at eg hadde fenge fat i Aasens grammatik og derav klaart sét at dette maal var det same som mitt eiget morsmaal, berre set i vitskaplegt ljos og samanheng. Fraa den tid var eg altso maalmann med fullt medvitande – fyrr hadde eg paa ein maate vore det utan aa vita det –, og so tok eg saa smaatt til aa skriva maalet – ogso vers; eg hadde vel alt fyrre prøvt med dansk-norske vers; men det vilde ikkje gaa. Men paa maalet gjekk det snart som av seg sjølv.”

I hovudsak vart Blix-salmane godt mottekne, jamvel um han sjølv fortalde at han var vorten møtt med spott og lått for å dikte salmar på landsmål. Spott og lått er det likevel vandslegt å etterspora i dei prenta meldingane av salmesamlingane hans. Dei var positive, jamvel um det meir er målformi enn form og innhald i salmane som vert diskutert.

Blix-salmane hev ingen personleg eller individuell tone. Dei forkynner ålmenne religiøse sanningar, med vikt på hopehav framfor individualisme, på vanleg kvardag framfor høg helg. Dei fleste salmane hev ein utprega bibelsk farge, og allusjonar til Bibelen finst i mest kvar salme. Dei målber ein vanleg folkeleg kristendomstype med røter attende til Pontoppidan og pietismen. Også det er med og forklarer kvifor Elias Blix er vorten ståande som ein av dei fremste og mest velkjende norske salmediktarane, og kanskje den mest sungne.

«Gud signe vort dyre Fædreland», patriotisk postkort utgjeve til hundradårsjubileet for Noregs Grunnlov 1914. Kortet hev dessutan ei teikning av «Seiersbudet ved Traastadsund 1814». Tråstad sund var det gamle ferjelægjet yver Glomma (Glommakneet) i Kongsvinger. Her vart Tråstad skanse bygt.

Nordnorske perspektiv på målreisingi

Elias Blix flutte frå Nord-Noreg til Oslo, og seinare reiste han endå lengre ned i Europa, til Tyskland. Kva var det som dreiv honom og kva slags tankar var det som han, nordlendingen Blix, gjorde seg um det som han såg og upplevde? Landet Noreg er sers langstrekt, og Nord-Noreg er ein stad med enorme avstandar. Samstundes hev ein samband rett yver grensa til Sverike, Finland og Russland – og med jektefarten langs kysten hev ein havt samband til Bergen gjenom hundradtals år.

«Vinter i Lofoten», Otto Sinding (1886).

Klimaet i Nord-Noreg hev vore hardt og brutalt. Um vèret var dårleg so kom ein seg ingen stad, korkje med båt eller til fots. Um vinteren hadde ein mest ikkje dagsljos. Kombinert med dei store avstandane so førde dette til at folk i Nord-Noreg var nøydde å organisera kvardagen og ressursane sine på ein heilt annan måte enn folk i Sud-Noreg.

Med store avstandar frå stad til stad so segjer det seg sjølv at det vert skilnader i talemål, og Nord-Noreg hadde sin eigen flora av norske dialektar. Men det er ingen stader der det bur serskild mykje folk, og fåe av dei som bur der er autoritetar. På fiskevær og rorvær kann det samla seg mykje folk, men her er det gjerne væreigarar og jekteskipparar som sit med bukti og båe endane. Dei som sit med makti er dimed dei same som sit med den økonomiske makti. Det vert lite rom for kulturpersonar.

Det vanlege var at det danske målet var det målet som hadde prestisjen og autoriteten. Det sernorske hadde ingen plass. Det er i denne samanhengen at Elias Blix står fram som ein grunnleggjande målreisar. Blix og andre målreisarar i Nord-Noreg fær fram det norske som noko heilt nytt, som noko åndeleg og som noko nyskapande. Det gjev oss eit norskt blikk på både Nord-Noreg og Noreg elles («Å, eg veit meg eit land»).

Målreisingi i Nord-Noreg var i jamn framgang heilt fram til andre heimskrigen. Men med krigen og etterkrigstidi hev stemningi snudd. Etter krigen er ikkje det norske lenger noko som ein skal leggja vekt på, det er snarare vorte ei ulempa. Nord-Noreg hadde dessutan lide langt større tap enn Noreg elles. I Finnmark vart det alt å byggja upp att etter at tyskarane hadde nytta «den brende jords taktikk».

På 50-talet og 60-talet vert nynorsken reinska ut or skulane i Nord-Noreg, det er berre nokre fåe lummar som vert ståande att fram mot årtusenskiftet. Som til dømes i Vefsn, ein av det stadene i Nord-Noreg som hadde dei lengste norskdomstradisjonane.

Når ein kjem til 70-talet, so er det tydeleg at det er i Sud-Noreg og på Vestlandet at nynorsken hev greidd å halda fotfestet, medan han i Noreg elles hev vorte vaska burt av samnorskpolitikken. Sett frå nordnorsk synsleite er det ikkje so vanskeleg å forstå. Folk i Nord-Noreg hev vore vande med å taka risiko, både med fisket til havs og med kjøp og sal. Ein hev vore nøydd til å låna pengar hjå væreigaren for å kunna skaffa seg det som ein treng av varor sunnanfrå, ein måtte satsa på at fisket skulde gå so bra at ein i neste umgang kunde betala skuldi attende. Og so lenge den norske målreisingi var i framgang og representerte noko nytt og betre, so var det sernorske noko som dei vilde satsa på – det med. Men med det avkledde målet frå 1938 og seinare 1959 so er det ingenting å vera entusiastisk for lengre. Det vert lettare å skriva bokmål, det einaste målet som etter alle rettskrivingsendringane vert ståande att som logisk og innarbeidd.

Nordpå er ein uppteken av å segja beint fram kva ein meiner og gjera det ein vil, og det ser ut til at det er grunnleggjande i målvegen med. Når stemningi snudde i målspursmålet, so snudde ho snøgt – og konsekvensane kom med det same.

Gud signe vaart dyre Fedreland

«Gud signe vårt dyre fedreland», med upphavleg tittel «Fedralandet», hev same melodi som N.F.S. Grundtvig sin danske salme «Den signede dag med fryd med fryd vi ser». Den upphavlege Grundtvig-salmen vart skriven til kristendomens tusundårsjubileum i Danmark i 1826 og tonesett av Christoph Friedrich Ernst Weyse. «Gud signe vårt dyre fedreland» vert ofte umtala som Noregs nasjonalsalme. På 17. mai vert han gjerne nytta jamsides med «Ja, vi elsker».

Elias Blix skreiv eit utkast til salmen på Lillehammer vintaren 1890, og han gjorde honom ferdig på Fjellhaug i Aker sumeren etter. Han vart prenta same året i bladet Nordmannen. Til vanleg vert det fyrste og dei tvo siste versa sunge, sumtid det andre eller tridje verset med. Vers tvo, fire og fem inneheld ei stutt framstelling av Noregs kulturelle og religiøse historie. 

I denne salmen knyter Nord-Noreg seg med Vestlandet og Austlandet. Det viser heilskapen og samanskapnaden millom stader i heile Noreg frå ulike sidor. Men det viktuge poenget er at Sud-Noreg og då serskilt Austlandet ligg langt attende og pressar på resten av landet. Sentralisering er vel det som ein vilde ha kalla det for i våre dagar. Her vert det austlandske eit problem for målstoda og ikkje ei løysing – for det set seg i motsetnad til resten av landet og det vert nytta som brekkstong av dei som ikkje vil ha det sernorske i det heile. Målblandarane på Austlandet vil ikkje ha ein veltenkt tanke um det norske målet for alle. Dei spelar på sentimentale kjenslor kring det lokale, men tanken um det norske vil dei ikkje vita av.

Ein må tenkja originalt dersom ein skal vinna fram. Med songen «Gud signe vårt dyre Fedreland» so finn me ei tilnæring som gjev oss det store perspektivet. Korleis kann me liva sømelegt, både under ein allmektig Gud og andsynes andre menneske? Jau, me skal arbeida og me skal leggja til rettes for det som høyrer saman med oss. Me skal kunna sjå fyre oss andre menneske. Og ikkje minst skal me kunna gle oss yver å sjå alt det gagnlege arbeidet som er gjort. Bibelen opnar for at me kann sjå på oss sjølve og studera det som skjer ikring oss. Det er ulike måtar å sjå det heile store i eit ljos.

Det same gjeld norsk mål og målvoksteren. Me skal arbeida for å røkta og dyrka det norske målet, og me skal kunna gleda oss yver å lesa godt norsk bibelmål eller lata oss riva med av fager salmesong. Me skal ikkje vera passive konsumentar, me skal aktivt vera med på noko og soleides kann me få uppleva ei meistringsgleda. Men det er her at Halvdan Koht og Arbeidarpartiet sin samnorskpolitikk kjem inn og skal øydeleggja alt: Me skal ikkje stella krav til folk, det skal ikkje lenger gjerast nokon innsats for å røkta og dyrka målet – folk skal skriva som dei snakkar. Og dei grunnleggjande verki og tekstene skal herpast slik at det ikkje vekkjer nokon slags atterklang eller interessa for å læra meir.

Lars Bjarne Marøy (1971-2022)

Gud signe vaart dyre Fedraland
Og lat det som Hagen bløma!
Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand
Og Vettes fyr Vaarsol røma!
Lat Folkes som Brøder saman bu,
Som Kristne det kann seg søma!

Vaart Heimland i Myrker lenge laag,
Og Vankunna Ljoset gøymde.
Men Gud, du i Naade til oss saag,
Din Kjærleik oss ikkje gløymde:
Du sende ditt Ord til Norigs Fjell,
Og Ljos yver Landet strøymde.

Og Norig det ligg vel langt i Nord,
Og Vetteren varer lenge;
Men Ljoset og Livet i ditt Ord
Det ingen kann setja Stenge.
Um Fjellet er høgt og Dalen trong,
Ditt Ord heve daa sitt Gjenge.

So blømde vaart Land i Ljos og Fred,
Det grodde saa grønt i Lider,
Men atter seig Natt paa Landet ned
Med Trældom og tunge Tider.
Og Folket det sukka etter Ljos,
Og du lyste upp umsider.

Og Morgonen rann, og Myrkret kvarv,
Som lenge vaar Lukka skygde,
Du atter oss gav vaar Fridoms Arv
Og honom i Trengsla trygde.
Du verna vaart Folk og gav oss Fred,
Og Landet med Log me bygde.

Vil Gud ikkje vera Bygningsmann,
Me faafengt paa Huset byggja.
Vil Gud ikkje verja By og Land,
Kann Vaktmann oss ikkje tryggja.
So vakta oss, Gud, so me kann bu
I Heimen med Fred og Hyggja!

No er det i Norig atter Dag
Med Vaarsol og Song i Skogen.
Um Sædet enn gror paa ymist Lag,
Det brydder daa etter Plogen.
So signe daa Gud det gode Saad,
Til Groren ein Gong er mogen!