Den himmelske doktrinen, hugsar du?

Det hardnakka forsvaret åt Azov i Mariupol burde tala til oss alle, jamvel til russlandsvenene.

Mariupol kann ha nådd dei siste timane sine. Den illgjetne Azov-bataljonen, som er vorten til eit regiment, hev nagla seg fast, dei hev kjempa hardare enn nokon kunde venta seg andsynes ein fiende som både hev mykje meir våpen, mange fleire soldatar og mange fleire verkemidlar til rådvelde. No hev Azov-soldatane snart bruka upp dei siste patronene sine.

Den russiske og vestlege propagandaen hev framstelt dei som ein gjeng med leigesoldatar og torturistar, dei hev skulda deim for massakrar. Alskens sladder hev regna ned yver deim: Azov-krigarane er vortne kalla for narkomisbrukarar og nazistar frå Illinois.

Det som dei hev makta å få til hev på den andre sida fascinert ei heil verd.

I går kom Japan med ei formell orsaking til Azov, samstundes med at dei tok deim burt frå lista yver «internasjonale terrorgruppor». I umtala av Azov dreg dei fram eit sitat frå boki «Bushido – Code of the Samurai».

Nyss kom Azov med ein video som nesten framstår som eit siste farvel:

Endå um du trur at Azov er på den range sida av di du trur at Russland vart truga av vestverdi, ikkje at Russland i 15 år hev freista få Ukraina attende i si makt…

Endå um du trur at ukrainarane og folk i Aust-Europa søkte seg mot NATO av di dei er selde og hypnotiserte og ikkje av di dei søkjer vern mot russisk maktpolitikk…

Endå um du hev kjøpt påstandet um at Donbass var truga av folkemord i staden for å sjå at det som skjer er ein konflikt som Moskva hev gjort alt for å halda liv i…

Endå um du er uppøst av den russisk-amerikanske konfrontasjonen i staden for å gjenomskoda den vanlege Jalta-logikken der katten leikar med musi…

Endå um du gjev ukrainarane sjølve skuldi for krigen som dei lider under…

Endå um identiteten din er vorten ein reinhekla negasjon der du er amerikansk på ronga – og der du ikkje lenger er i stand til å tenkja utan skylappar…

Endå um det er slik, so må du likevel stå upp og sanna at desse ukulege unge mennene syner oss alle kva ein europeisk krigar-rase er for noko!

Eg bed deg ikkje um å endra syn på konflikten, eg ventar meg ikkje at du skal opna augo dine. Um du vil drøyma vidare um Putin, gjer so vel. Og um du meiner den ukrainske saki er ei dårleg sak, so skal du få lov til å meina det.

Men eg hev lyst til å minna deg um tri ting.

1. For førtifem år sidan, ved vintersolvendingi, so kom Giorgio Freda til nokre ungdomar, meg sjølv inkludert. Han gav oss boki åt Jean Cau, «Knikten, døden og djevelen». Cau skildrar på meisterleg vis kva slags skapnad krigaren målber – i den nikkianske visjonen der det ikkje er slik at ei god sak rettferdiggjer krigen, men snarare tvert imot: Det er den gode krigen som rettferddigjer kva slags sak det enn skulde vera.

«Ritter, Tod und Teufel». Albrecht Dürer, 1513.

2. I «Den himmelske doktrinen um strid og siger» forklårar Julius Evola oss um krigens metafysikk og um meiningi som ligg i den heroiske syklusen. Og på hi sida av jordkloten finn me på same måten den japanske bushidoen.

3. Når eg var ung so vart eg fortald at den djupaste revolusjonen ikkje var sosialiseringi, det var ikkje korporativismen, det var ikkje filosofien åt staten, men det var verkeleggjeringi av helten, av «kirsebærsblomen», eviggjeringi av åndi frå Arditi: Som med Jarngarden eller Waffen-SS. Det sveiv seg ikkje so mykje um kvifor dei kjempa som um korleis dei gjorde det. Det var revolusjonen på innsida av revolusjonen, den sjølvuppofrande basisen for ei atterføding.

Che Guevara forstod dette, han med.

So same kva du skulde meina, same kva du skulde tru, same kva du sympatiserar med, so kann du ikkje lata vera å sjå upp til og æra desse krigarane.

Um du ikkje gjer det, so spelar det ingi rolla kor godt du grunngjev kritikken din. Du er likevel av ring natur. Men ta det heilt med ro, det er ikkje nokor stor sak. Å vera ein krigar er for dei fåe, det store fleirtalet gøymer seg attum dei, men dei held seg burte frå dei og dei er alltid reiduge til å dolka deim i ryggen. Det er slik manneætti automatisk vel sine.

Det er upp til deg å velja kva for ein åndeleg kaste du høyrer til. Og det med rette.

Gabriele Adinolfi