«Iced Earth» (1990)

«Iced Earth», det er det vel lett å kunna kalla seg når ein sjølv held til i solfylde Florida. Og endå so framifrå musikken deira skulde vera reint teknisk, so er det nok nett dette som hev gjort at eg aldri heilt hev klart å lika dei: Den pompøse produksjonen, ein vokalist som skal vera Bruce Dickinson i den eine augneblinken og Paul Stanley i den neste, dei ekstravagant teatralske plateumslagi – det gjeng for langt, det fær noko påteke yver seg.

Det var i alle fall slik eg tenkte den gongen eg var tenåring. Men etter at eg fekk høyra at Jon Schaffer var hamna i fengsel for å ha vore med på å trengja seg inn på Capitol Hill den 6. januar 2021, so tenkte eg at eg fekk gje diskografien deira ein ny sjanse: Kanskje bandet hadde den ungdomelege og fandenivoldske råskapen som eg likar frå metallmusikken likevel?

Og dersom ein gjeng attende til debutplata deira frå 1990, so er svaret faktisk ja. På 1990-talet var Iced Earth millom dei fyrste til å blanda saman thrash metal og power metal, men debutplata er umiskjenneleg 80-tals thrashmetal. Sjølve produksjonen gjev mange assosiasjonar til Kreator sin «Extreme Agression» som kom ut året fyreåt eller til Metallica sin «Master of Puppets», medan låtmaterialet hev mange trekk av Iron Maiden sine melodiøse og martiale komposisjonar – og jamvel litt av den gotiske metallmusikken åt Paradise Lost. Og for dei som assosierar Iced Earth med vokalen til Matthew Barlow, so er Gene Adam endå eit steg attende til ein råare og meir energisk thrashmetal.

Samstundes ber «Iced Earth» bod um at gruppa er på veg ein stad. På avslutningssporet «When the night falls» blendar den hardkokte thrashmetallen saman med eit drøymande keyboardspel som kunde minna litt um det som seinare i det same tiåret skulde verta til depressiv eller symfonisk svartmetall. Det vert til ei låt av episke dimensjonar.

«Iced Earth» hev både noko sint, noko einsamt og noko drøymande yver seg. «Du avgrunnssvimre jord» kunde ein nesten ha umsett det til på norsk, um ein skulde parafrasera Tor Jonsson. Nett det huglaget som gjer at ein kann vera 17 år resten av livet. Ikkje rart at ein 30 år seinare fann Schaffer att på Capitol Hill…

«Recall, the look in their eyes
The sign of hate, it burns
They’ve come for us, but we’ll fight
Till death»