80 år sidan Gustav Indrebø døydde

Den 2. august er det 80 år sidan Gustav Indrebø døydde. Målmannen-redaksjonen hev vore på ferd til Jølster for å heidra Indrebø ved det burtgøymde minnesmerket hans.

Gustav Indrebø var både målvitskapsmann, ideolog og praktisk målmann. Nest etter Ivar Aasen so er Gustav Indrebø den viktugaste personen for den norske målreisingi.

Målgranskar, ideolog og aktivist

Gustav Indrebø skreiv hopetal med målpolitiske tekster og la det teoretiske grunnlaget for ei nasjonal målreising. Dei viktugaste tekstene finn ein i tekstsamlingi «Kva er målreising?». Saman med bror sin, Ragnvald Indrebø, fekk han heile Bibelen ut på mynstergildt norskt mål (Bibelen, 1938-utgåva på nynorsk). Han vart professor ved Bergen Museum, som seinare skulde verta til Universitetet i Bergen, og han gjekk jamvel rettens veg for å få norskt mål på universitetet. Gustav Indrebø samla trådane og fullenda Ivar Aasen sitt målvitskaplege arbeid med hovudverket «Norsk målsoga».

 

Indrebø-statua ved Jølstravatnet. Foto: Leif E. Nessan.

Det er mest utruleg kva Gustav Indrebø greidde å få til fyre han takka av, berre 52 år gamal. Utan Gustav Indrebø so hadde me truleg ikkje havt nokon nynorsk i dag, so grunnleggjande var arbeidet hans.

Gustav Indrebø stod for det nasjonale målsynet, han var ein ihuga antikommunist og han stridde djervt imot Arbeidarpartiet sin påprakka samnorskpolitikk. Um Indrebø hadde yverlivt andre heimskrigen, so hadde kanskje målstoda sedd heilt onnorleides ut enn ho gjer i dag.

I teksti «Kvi er me målmenn» segjer Indrebø det slik:

«Me er ikkje mætare enn federne våre. Som dei hev tala, kann me òg skamlaust tala – og skriva. Difor er det vår sak, me som liver no, at me reiser målet vårt att, fyrr det vert for seint, det skal vera vår æra. For det trur eg, at dersom det skulde henda ei større ulukke med det norske målet enn det som alt hev hendt, so vilde det norske folket koma til å trega sårt på det ein gong.

Eg kjem i hug noko eg høyrde ein tysk prest segja ved eit høve for nokre år sidan. Det var i 1920, me reiste i lag på jarnvegen frå Berlin til Nürnberg. Det var just på den tid då dei fiendane som hadde vunne, plåga Tyskland på det hardaste. Mange tyskarar trudde at fiendane hadde til plan å øydeleggja Tyskland heilt og strjuka ut Det Tyske Riket. Me tala saman um dette. Då sagde den tyske presten: «Dersom fiendane våre fært gjort Det Tyske Riket til inkjes, so vil den tid koma, at dei ynskjer dei kunde grava Tyskland upp or jordi att med fingrane. For Europa treng Tyskland.»

Dersom me, eller det norske folket, nokon gong let det gamle tungemålet vårt skjemmast ut eller fortynast, so trur eg den tid skal koma, at etterkomarane våre vilde ynskja dei kunde grava det norske målet upp or jordi att med fingrane. For eit norsk folk treng eit norsk mål!»

Skaparkrafti frå Jølster

Gustav Indrebø tilbringa barndomen sin i Jølster i Sunnfjord – staden er kjend for å ha fostra store kunstnarnamn som Ludvig Eikaas og Nikolai Astrup. Den ville naturi og den nedervde bondekulturen fekk jamvel den danskætta prestesonen Nikolai Astrup til å kjenna på dragnaden mot det urgamle og heidenske:

«Og St. Hansnatten når baalene brændte rundt i fjeldene og mennesker myldrede som sorte punkter op over fjeldsiderne, og de rödklædte jenter med de hvide skjorteærmer ringede sig som lyse prikker og gnister om blussene – da var det synd for kristne folk at være med – da matte den lille jentungen og jeg staa paa afstand bag gjærdet og se og höre, hvorledes de andre dansede om baalet og huiede af naturglæde – den sidste rest af urreligion som bevidst blussede op; – jeg fik en forestilling om at dette med baalet var noget syndigt – stygt, som blev bedrevet i det grönskende halvmörke – noget hedensk – og dette blev end mere forstærket ved jaluxien som grov i brystet – naar de andre börn fik være med, og jeg maatte staa udenfor.»

Dette utdraget er henta frå eit brev som Nikolai Astrup sende  til Edvard Waldemar Aslaksen i oktober 1908.

Um Gustav Indrebø si eigi tilknyting til Jølster, so skriv Ola Sandnes i «Jol i Sunnfjord» i 1951:

«I den(ne) avstengde bygda med ei ageleg, storfelt nartur lærde han å kjenna ein rik og sermerkt bondekultur som hadde halde seg ubroten og frisk frå eldgamle tider. Der var gamle tun, sermerkt byggjestil og husbunad, gamal sed og skikk, bondekunst, segn og soge, folketonar og folkemusikk. Dei gamle tala jølstramålet klangfullt og reint med dativ og konjunktiv. Der fekk han eit sterkt og varande inntrykk av den bondekulturen som hadde overvintra under framandstyret.

Det var denne kulturen som han skulle bli den fremste talsmann og banebrytar for. Han rekna seg alltid for jølstring. Frå Jølster og Sunnfjord i det heile hadde han dei varigaste inntrykk. Dei var alltid grunnlaget for den sterke samkjensla hans med ætt og heimland. Der hadde han røtene for målet sitt. Dit søkte han tilbake i feriane sine og vann kraft og kveik til nye krevjande arbeidsoppgåver. Til Jølster reiste han også sjuk og trøytt siste sumaren han levde.»

Ein burtgøymd bauta

Det var meir enn 1000 menneske til stades då minnesteinen åt Indrebø vart reist i Jølster i 1955, og det var ingen ringare enn Severin Eskeland som heldt minnetala ved bautaen. Den gongen stod det eit gamalt ungdomshus på same staden, og minnesteinen var soleides plassert ved eit sentralt møtepunkt i bygdi.

I dag er det onnorleis, det gamle ungdomshuset er rive for lenge sidan, og tilgangen til minnesteinen er stengd med autovernet mot 80-sona på E39. Det er so godt som ingen av dei som køyrer forbi som fær med seg at dei fer rett forbi minnesmerket yver ein av Noregs mest sentrale målreisarar.

Alt dette gjer i grunnen symbolikken kring minnesmerket endå sterkare: Indrebø og den radikale norskdomstradisjonen som han målbar er ikkje til å koma å frå. Styresmaktene hev i etterkrigstidi gjort det dei kunde for å gøyma burt Indrebø, men framleis stend Indrebø der som ein bauta for det rotekte norske. Dei som leitar, dei finn honom.

Olav Torheim og Martin Eggum