Black Sabbath 1987-1995: Tony Martins forbodne frukter

Black Sabbath med Tony Martin er i vinden att. I fjor stakk Martin hovudet fram med soloplata «Thorns» og i år held han seg aktuell etter at Tony Iommi kunngjorde at heile serien av Black Sabbath-plator frå I.R.S.-perioden skal gjevast ut att på nyo. Dette er musikk som lenge hev vore utseld og som ikkje er tilgjengeleg på Spotify eller andre vanlege strøymetenestor.

Tony Iommi er kjend som riffmeisteren framfor alle innanfor hardrock og heavy metal. Han hev sjølv fortalt at han hev tusundtals riff liggjande på lur, heilt attende til 60-talet. Kva slags riff som hev funne vegen inn i røynlege musikkstykkje er ei heilt anna sak. I eit intervju fortel Iommi at det var dei hine bandmedlemene som fekk avgjera kva slags riff som fall i smak når dei alle var samla til jam sessions. Kva slags musikk som Black Sabbath kom til å levera skil seg difor svært mykje på kva slags andre musikarar Tony Iommi til kvar tid hev havt ikring seg.

«Black Sabbath» 1987-1990 og 1995: Neil Murray, Tony Martin, Tony Iommi og Cozy Powell.

Målmannen hev tidlegare sett nærare på «Cross Purposes» frå 1994, men i denne artikkelen vil me taka fyre oss heile den æraen der det var vokalisten Tony Martin som fronta Black Sabbath.

Når Tony Martin vert med i Black Sabbath i 1987, so er det etter mange stormfulle år for Tony Iommi og den vekslande mannskapen hans. Heilt sidan Ozzy Osbourne vart kasta ut frå Black Sabbath i 1978, so hev gruppa slite med å finna ein stabil samansetnad. Langt på veg hev bandet vorte for ei «supergruppa» å rekna – fyrst med tvo plator der Ronnie James Dio (Rainbow) var vokalist, etterfylgt av «Born Again» med Ian Gillan (Deep Purple) og «The Seventh Star» med Glenn Hughes (Deep Purple). I 1987 startar innspelingane av «The Eternal Idol», og her er det i dei fyrste upptaki Ray Gillen (Badlands) som stend for vokalen. Alle dei nemnde songarane er godt etablerte artistar som fyrst og fremst hev sin eigen musikk-karriere å tenkja på. Black Sabbath rekk knapt å fullføra ein turnè fyre dei må leita etter ein ny songar.

Alt dette endrar seg med Tony Martin. Han er ti år yngre enn resten av bandet og han hev ingen tidlegare musikalske merittar. For fyrste gongen sidan Ozzy si tid so fær gruppa ein songar som verkelegt identifiserar seg med Black Sabbath og som arbeider hardt for bandet. I motsetnad til tidlegare songarar, so skreiv Martin alle songtekstene sine sjølv. Dessutan upplever ein tydeleg at det i langt større mun enn tidlegare er songen som driv låtane fram. Martin var ikkje berre hyra inn for å syngja i studio, han var med på å skapa  rettelege komposisjonar.

«Eternal Idol» (1987)

På den aller fyrste plata med Martin, «The Eternal Idol», kjem Tony Martin til dekka bord. Tony Iommi hev valt å flytja heim att til England frå USA, so han sparkar resten av bandet sitt og reiser attende med halvvegs fullført album. Både trumbor (Eric Singer), bass (Bob Daisley) og gitar er alt spela inn, men Iommi er ikkje nøgd med vokalen åt Ray Gillen og vil ha ein ny songar til å syngja inn vokalspori. Martin fær prøvasyngja for Iommi, og han gjer det so bra at han fær uppdraget tvert.

På «The Eternal Idol» vert me vitne til eit interessant møte millom den optimistiske upptempo-hardrocken frå 80-talet og og den myrke og seige syttitals-hardrocken som Iommi framleis hev med på lasset. Sjølve produksjonen er vorten rein og moderne. Keyboardet åt Geoff Nicholls, som heilt sidan «Heaven and Hell» hev vore ein slags uoffisiell medlem, kjem endeleg til sin rett. Ein finn både drøymande metallmusikk («The shining», «Glory ride»), catchy rockelåtar («Hard life to love»), akustisk gitarmusikk («Scarlet Pimpernel») og meir rå og rufsut thrash-liknande hardrock med mykje kjappt gitarsolospel («Lost forever»).

Plateumslag på «Tyr», «Headless Cross» og «Cross Purposes».

«The eternal Idol» fær mykje god kritikk frå musikkmeldarar, men salstali er dårlege, og det endar med at bandet misser kontrakten sin med Warner Bros. Bandet fær dessutan mykje pes i massemedia av di dei vel å fara til Sun City i Sud-Afrika for å halda konsert, og det på nett det tidspunktet der andre artistar arbeider for kulturell boikott av apartheid-regimet.

Ikkje noko av dette fær Iommi til å gje upp, snarare tvert imot. Vel attende i England so held han fram arbeidet med å byggja upp att Black Sabbath som eit rettelegt band.  Eit engelsk band med engelske musikarar, slik som det ein gong var. Her fær han Cozy Powell med seg på laget, og saman produserar dei sjølve «Headless Cross» (1989) og «Tyr» (1990) som dei fær ut på I.R.S. Records.

«Headless Cross» (1989)

«Headless Cross» høyrde eg sjølv for fyrste gongen på ein platebutikk i Florø. Plateumslaget med den store keltiske krossen var det fyrste som fanga blikket mitt. Eg hadde frå fyrr av høyrt «Eternal Idol», og «Headless Cross» var nett det framhaldet som eg hadde vona på. Plata tek til med keyboard-introen «The gates of hell», der Geoff Nicholls sitt keyboard skaper både myrk og drøymande stemning. Ein skal hugsa på at dette er 1989, og det finst ingen «dungeon synth» à la Mortiis den gongen, so noko slikt hadde eg aldri fyrr høyrt. I det keyboardet langsamt tonar ut so kjem Cozy Powell hamrande inn med ei trumming so tung og taktfast at ein skulde tru det var ein trummemaskin. Etter nokre sekund fær trummingi fylgja av eit monumentalt gitarriff, og deretter kjem Martin inn på toppen av Geoff Nicholls sitt atmosfæriske keboardspel.

Teksti åt «Headless Cross» er Tony Martin si eigi, og ho skal visstnok byggja på ei sann historie frå den engelske soga der ein heil landsby hadde vorte utsletta av svartedauden. Då den armenske byen Leninakan vart jamna med jordi i jordskjelvet i 1988, so var det nett «Headless Cross» som var Black Sabbath sitt tilskot til sampleren «Rock Aid Armenia».

Plata «Headless Cross» raffinerar på mange måtar den uppskrifti som byrja med «The Eternal Idol». Produksjonen gjev ein effektiv og bombastisk åttitalsljod som tek deg veldig. På låtar som «Kill in the spirit world» og «Call of The Wild» fær me enda ein gong kjenna på kontrastane når catchy og upbeats hardrock-vers kræsjar saman med dei myrke doom-aktige midtpartii.

Det kjenner seg litt som eit trykk på motorsykkelpedalen når det intrikate opningsriffet på «Black Moon» vert drege i gong – og når keyboardet slær tonen medan Martin kjem sigande inn på vokal, so veit du at ferdi inn i det myrke og spanande held fram. «Black Moon» er øyreormen framfor alle på «Headless Cross».

«Tyr» (1990)

På «Headless Cross» er det for fyrste gongen Tony Martin sjølv som stend for tekstmaterialet. Medan «The Eternal Idol» berre hadde èi einaste tekst um det okkulte («Ancient Warrior»), so endra dette seg dramatisk med «Headless Cross». Her vart det referert til vondskap, myrke makter og døden i mest kvar einaste tekst. Tony Martin tenkte sjølv at det var dette som var «Black Sabbath», men Iommi og andre folk kring bandet tykte det kanskje vart litt «for mykje av det vonde». So på uppfylgjaren Tyr er tematikken flutt yver til norrøn mytologi.

Opningssporet «Annu Mundi» startar mildt og akustisk, med gitarspel og ei nær sagt gregoriansk koring, men det varar ikkje lenge fyre Iommi dreg fram eit monumentalt riff som gjeng yver heile den kromatiske skalaen. Heile låti er episk med storslegen riffing og klårsong som kjem på toppen av lag på lag med keyboard.

Neste låt ut er «The Law Maker» som er ein catchy rockar og der Iommi fyller på med endå meir av det kjappe gitarsolospelet sitt. Tonen er soleides sett når «The Sabbath Stones» køyrer i gong med eit opningsriff som minnar mistenkjelegt mykje um «The Wizard» frå debutplata i 1969, men som her endeleg vert fleska ut skikkeleg med keyboard, song og klokkeklår produksjon. «The Sabbath Stones» tek oss med gjenom ymse slags melodiske stemningslandskap som til slutt munar ut i eit retteleg heavymetal-crescendo.

Dinæst kjem me endelegt til sjølve Tyr-trilogien der keyboard-instrumentelle «The Battle of Tyr», akustiske «Odin’s court» og heavyrockaren «Valhalla» glid fint saman med einannan – og der den eine låti gjev ei stigande spenning frå den eine til den neste.

Reint ålment so hev «Tyr»-albumet reindyrka keyboardbruken endå meir enn på «Headless Cross», og i sume låtar kjenner det seg nesten meir som klassisk musikk enn som riffbasert rock. I sume umkvede lyder «wåå-ooo-ååå-ooo»-kaukingi litt som henta ut or eitt av Bathory sine Nordland-album som kom eit heilt tiår seinare…

«Feels good to me» er ein retteleg power-ballade som handlar um at ein ikkje skal vera redd for det som livet hev å by på. Sume vilde kanskje hevda at ho var litt malplassert i eit norrønt konseptalbum, men personleg likar eg låta godt.

Um ein bladar i bookleten på Tyr-albumet, so finn ein guden Ty umtala slik: «Tyr – son of Odin and the supreme sky-god of the northern peoples; the god of war and martial valour, the protector of the community, and the giver of law and order».

Episk metallmusikk med norrøn-tematikk kjenner me godt frå Bathory på 1990-talet, so det er mest til å undra seg yver at Black Sabbath var innum nett det same so tidleg som i 1990.

Med Tony Martin, Cozy Powell og Neil Murray hadde Tony Iommi eit band som var på god veg til å halda seg relevant vidare inn i 1990-åri, men slik skulde det ikkje gå. I staden freistar Tony Iommi saman med den upphavlege bassisten Geezer Butler å henta inn att Ronnie James Dio og Vinnie Appice. Slik fær dei rekonstruert den lineupen som gav oss «Mob Rules» i 1981, og resultatet er «Dehumanizer» frå 1992. Men helder ikkje denne gongen er samarbeidet med Dio og Appice noko varande, og Tony Martin vert invitert attende til å spela inn «Cross Purposes» i 1994. På trumbor fær dei med seg Bobby Rondinelli.

«Cross Purposes» (1994)

Medan låtane i «Headless Cross» og «Tyr» langt på veg var drivne fram av keyboardet åt Nicholls, so kjem Nicholls meir i bakgrunnen på «Cross Purposes». Musikken vert mindre episk og meir groovy og rocka. Ikkje yverraskande er det Geezer Butler sitt bass-spel som fær større plass, men det er slett ikkje dårleg. Opningssporet «I witness» er etter mitt syn ei av dei beste Sabbath-låtane nokosinne, det er ei drivande og hard låt. Og på «Immaculate Deception» fær Iommi sitt komplekse riff framleis den vesle touchen av keyboard som gjer lydarupplevingi til noko storslege.

I motsetnad til «Headless Cross» og «Tyr», der tekstene sveiv seg mykje kring segner, mytar og det okkulte, so er tekstene på «Cross Purposes» langt meir jordnære og gjerne knytte til samfundsspursmål og samfundskritikk. Tony Martin fær dessutan lagt inn eit lite spark til det tvo år eldre sidesporet med Ronnie James Dio: -It’s time to kiss the rainbow goodbye, som han syng i refrenget på «Psychophobia».

Med «Cross Purposes» legg Black Sabbath for fyrste gongen ut på turne i Sud-Amerika, og live-albumet og DVD’en «Cross Purposes Live» gjev eit godt innblikk det som gruppa var i stand til å levera på dette tidspunktet. Tony Martin framfører låtar både frå Ozzy-æraen og Dio-æraen, og etter mitt syn tolkar han Dio-låtane betre enn Dio sjølv (som til dømes i «Time Machine» på «Cross Purposes Live»).

Undervegs i «Cross Purposes»-turneen kjem dessutan Bill Ward attende på trumbor, og for fyrste gongen på lenge so er flestalle originalmedlemene med att i bandet, burtsett frå Ozzy. Men når turneen er forbi, so hoppar både Geezer Butler og Bill Ward av, og det er ingen ringare enn Cozy Powell og Neil Murray som endå ein gong vert inviterte attende i bandet.

«Forbidden» (1995)

Med den siste plata «Forbidden» frå 1995 er ein soleides attende med den same lineupen som gav oss «Headless Cross» og «Tyr», og ein skulde kanskje tru at ein skulde få meir av det same. Men nei, «Forbidden» er kanskje den plata som er verst å forstå seg på. Sjølve plateumslaget er ein litt Christoffer Nilsen-aktig karikatur av bandmedlemene, so her er det tydeleg at gruppa ikkje lenger tek seg sjølve serlegt høgtideleg.

Det er, av alle, rapparen Ernie C frå Body Count, som er sett til å produsera plata – og opningssporet «The Illusion of Power» er ein merkeleg kollaborasjon av rap og metal som ikkje er so lett å svelja. I alle fall var det ikkje det i 1995, som var lenge fyre påhitt som Linkin Park vart til ei greida i populærkulturen. Det er mange ulike låtar som alle hev gode riff, men komposisjonane verkar «samanraska», og det heile gjeng «hulter til bulter» – frå powerballaden «I won’t cry for you» til bluesrocka «Can’t get close enough».

Medan «Headless Cross», «Tyr» og «Cross Purposes» er heilskaplege album som skaper ei viss stemning og som ein kann lyda til frå byrjing til slutt, so framstår «Forbidden» meir som ein slags sampler. Dei rettelegt gode komposisjonane finn ein fyrst mot slutten av plata, som med midtempo-rockaren «Guilty as hell», popmetall-låti «Rusty Angels» og den episke «Kiss of Death». «Kiss of Death» tonar ut til nokre tikkande klokkor som brått tek slutt. Visste dei alt den gongen at her tikka klokkone ut for det siste Sabbath-albumet frå Martin-æraen?

Nittitalet nyuppdaga?

Black Sabbath med Tony Martin hamna diverre heilt i skuggen av Ozzy Osborne og Ronnie Jamies Dio. «Headless Cross», «Tyr» og «Cross Purposes» var tapre freistnader på å halda seg relevante, men dei kom i ei tid då det var grunge eller meir ekstrem metallmusikk som appellerte til dei yngste.

Sjølv var eg millom dei fåe tenåringane som faktisk var ihuga etter Black Sabbath under Tony Martin, men eg var mildt sagt i minoritet. Det treivst eg godt med, litt på same måten som eg nekta å høyra på Iron Maiden berre for å sleppa å vera ein del av kulten kring dette bandet – endå eg i ettertid må sanna at det faktisk var mykje bra musikk. På same måten vonar eg at dei som den gongen avskreiv Black Sabbath kann nytta høvet til å kasta eit nytt blikk på Tony Martin-æraen. Um denne teksti hjelper dei litt med det so er eg nøgd.

Olav Torheim