Klassisk landsmål i dag?

Spursmålet eg hev fenge å svara på her i dag er: Kvifor læra i-mål?

Svaret er i grunnen ein-felt: Vil me læra oss i-mål,  må det vera av di me ynskjer å nytta det.  Målet skal ikkje vera ein løynleg skatt som aldri vert framsynt.  Men soleis som målstoda er i dag, veit me at å skriva i-mål eller klassisk landsmål, det er å setja den offisielle målpolitikken i dei same parentesane som denne mål-politikken hev halde det klass-iske landsmålet i sidan 1938.  Det vert «ulydnad mot staten».  Men hev me ikkje andre grunnar enn det, vert i-målet for oss berre eit fanemerke for ei ytleg demonstrasjonsrørsle.

Berre ein protest?

At ein offisiell instans normerer landsmålet til offentleg bruk, det er i seg sjølv ingenting å protestera mot. Alle riksmål må røktast og normerast.  Det er innhaldet i normeringi, og måten ho vert gjenomførd på, som er det avgjerande. Tek me til mot-mæle, må drivkrafti vera noko anna og meir enn hug til å protestera. Nei, drivkrafti må vera noko så låtteleg – i mange augo – som kjærleik til dette målet. Og dertil vyrdnad for oss sjølve, saman med evna til å skilja millom gull og    glasperlor.

Grunnlaget

Då Ivar Aasen var ferdig med andreutgåva av grammatikken sin i 1864, gav han boki tittelen Norsk Grammatik.  Fyrsteutgåva frå 1848 hadde han kalla Det norske Folkesprogs Grammatik. Eit liknande namnebrigde gjorde han med ordboki. Fyrsteutgåva frå 1850 heitte Ordbog over det norske Folkesprog, men då boki kom på nytt i 1873, bar ho tittelen Norsk Ordbog.

Desse namnebrigdi berrlegg den granskningsutkoma Ivar Aasen var nådd fram til: At det ikkje fanst noko anna mål enn det norske folkemålet som med rette kunde kallast norsk.  Aasen hadde ikkje funne noko norsk «yverklassemål» ved sida av det norske folkemålet. Sjølvsagt visste Aasen at det fanst eit «yverklassemål» her i landet -talemålet åt embetsmenn og byborgarar – men det målet var ikkje norsk, men dansk skriftmål på norsk tunge.

Aasens grammatikk og ordbok er framleis sjølvsagd lesnad for den som ynskjer sætande rett-leiding um norsk mål. Desse tvo bøkene stend urikka som det vit-skaplege og normative grunnlaget for det norske landsmålet, som Aasen sjølv bruka som namn på det atterreiste skriftmålet vårt.

Den indre soga åt landsmålet

Um me reknar frå 1850, då både grammatikken og ordboki låg fyre i sine fyrste utgåvor, hev landsmålet eksistert i snart 140 år.  Dømer me etter skip-naden av formverket (til dømes bøyg-ningi av dei sterke hokyns-ordi: «i-mål» og «a-mål»), hev det ei indre soge som fell i tvo hovudbolkar:

I mesta 90 år – fram til 1938 – var offisielt landsmål (den fyrste statlege rettskrivingi kom i 1901) det same som i-mål. A-målet vart rett nok autorisert til offentleg bruk i samband med rettskrivingsbrigdet i 1917, og det vann seg etter kvart eit ikkje lite rom i bokheimen, men etter måten få tok ved det som upplæringsmål i skulane. Dei fleste som lærde landsmål, vart haldne til dei tradisjonelle formene, dei som låg nærast det upphavlege Aasen-målet.

Frå 1938 og fram til i dag, dvs. i vel 50 år, hev skriftmålet vårt offisielt vore eit a-mål. Dette er resultatet av ein medviten statleg målpolitikk som meda  på å føra landsmålet og det norsk-danske skriftmålet  snøggare innåt kvarandre enn den naturlege voksteren i dei tvo skriftmåli gav grunnlag for.  Soleis ter det seg i minsto no i ettertid. Tanken var m.a. at dei tvo måli skulde samlast um a-bøygning av hokynsordi. Men dette hev ikkje slege til: Mest alle andre stader enn i ord-listone held norsk-dansken trufast på si samkynsbøygning («boken»), medan den offisielle nynorsken hev gjenge yver til «boka». Men dermed er samlingi like langt undan som då lands-målet fekk lov til å halda på si tradisjonelle sermerkjing av sterke hokynsord («boki»).

Eit fredlaust mål som ikkje vilde døy

På norskdomssida mælte sterke årsmøtefleirtal i Noregs Mållag imot 1938-umboti – både fyre-målet og gjerdi – heilt frå rettskrivingsnemndi vart nedsett i 1934. Fyremålet var samnorsk, og gjerdi var m.a. å taka burt sermerkte landsmålsformer og innarbeidde skrivemåtar som «stod i vegen» for samnorsken. Men eit mindretal i målrørsla studde den statlege målpoli-tikken som nemndi skulde fremja. Um dei var fåe, hadde dei gode kontaktar, og var merkte av sigerviss maktfullkomenskap. Som ein av dei skal ha sagt: «Det vert ei ny rettskriving, um de kvin eller pip. Eg kjem rett frå departementet, og veit det…»

Striden um rettskrivningsbrigdet (rettare: målbrigdet) frå 1938 stilna i Noregs Mållag då ufre-den kom i 1940. Men han loga upp att i etterkrigstidi, og la seg ikkje heilt fyrr eit stykke ut på 60-talet. Då fanst det mest ingi i-målsmenn att i Noregs Mållag. Sidan hev Mållaget vore meir uppteke av det kvantitive (endemål og framgangsvegar for målrørsla) enn av det kvalita-tive (målformi og målbruken). Trass i dei stundom sterke nasjonale straumdragi som hev ovra seg i Mållaget sidan slut-ten av 60-talet, er det ikkje fyrr no i den aller seinste tidi at serleg mange hev lagt nem-nande vekt på samanhengen millom ein «nasjonal» (yverordna ein «sosial») målstrategi og formi på sjølve skriftmålet. Marknads-føringi hev vore viktigare enn sjølve vara.

Utanfor det offisielle målvaldet hev i-målet likevel yverlevt, og sume trur og vonar at det i dag stend framfor ei ny bløming. Um det hev seg so, er det ikkje minst takk vere diktarar som ikkje hev bøygt seg for den statlege målnormi, men hev halde fram med å skriva på dette fred-lause målet – ein Jan Magnus Bruheim, ein Olav H. Hauge. det er òg takk vere andre måldyr-karar som ikkje hev trøytna, og trassuge samskipnar på den «høg-norske» sida. Og det heng sjølv-sagt saman med at det munnlege grunnlaget for dei utestengde skriftmålsformene lever som fyrr i målføri.

«Klassisk landsmål» – eit normeringsprinsipp

Kva meiner me med «klassisk landsmål» eller «i-mål»? Utven-des sett er det seg langt på veg eit spursmål um bøygningi av sterke hokynsord i eintal og sterke inkjekynsord i fleirtal: Skal ein skriva «bygdi» eller «bygda», «åri» eller «åra»? Men dette spursmålet dreg andre spursmål med seg, t.d. spurs-målet um adjektivbøygningi: Skal ein skriva «ei liti bygd» eller «ei lita bygd»? Og med det er me yver på eit tridje spursmål, spursmålet um bøygningi av per-fektum partisipp brukt adjek-tivisk: Skal ein fylgja same regelen for bøygningi av adjek-tiv som endar på -en (t.d. «liten») og for perfektum parti-sipp av sterke verb (t.d. «komen»), soleis at ein t.d. skriv «ei liti møy er komi til gards»? Ja, segjer landsmåls-tradisjonen – og det er både konsekvent og einfelt. Men den offisielle nynorskrettskrivingi, som kneset a-målet, er korke konsekvent eller einfelt her; ho gjev heller ikkje full rett åt a-målet. For me må gjerne skriva «ei lita møy», men ikkje den systemrette partisippformi «koma». Her skal endingi vera

-en: «ei lita møy er komen». Inkonsekvent og dermed vanske-leg, vil nok mange tykkja.

Men striden um i-mål og a-mål er berre på yta ein strid um i- eller a-bøygning av sterke hokyns- og inkjekynsord. Desse tvo bøygningsendingane kann gjerne leve jamsides i skrift-målet, i samsvar med folkemålet. Det striden røynleg gjeld, er prinsippi for korleis eit norsk skriftmål skal vera uppbygt. Og i dette stykket hev dei fremste rettskrivningsteoretikarane på i-målssida, frå Aasen til Indrebø, peika på at det aller viktigaste er å halda uppe samanhengen millom ord og bøygningsformer der det er systematisk skilnad i målføri, og skilja millom ord og bøyg-ningsformer som høyrer systema-tisk saman i målføri, og skilja millom ord og bøygningsformer der det er systematisk skilnad i målføri. Me kann òg segja det soleis: Skriftmålet skal vera samlande for dei nynorske mål-føri, og det skal halda sevje-gangane opne til vår språklege fortid. Dermed vert det uråd å skriva «ljodrett», for då løyser skriftmålet seg upp i landsdels-og bygdenormalar av det slaget folk sette upp so mange av i millomkrigstidi.

Det fanst i røyndi berre ein veg å gå for Ivar Aasen når det galdt former og skrivemåtar: Anten måtte landsmålet verta ei samlande skriftform bygt på alle målføri, eller so vilde det ikkje kunna verta til i det heile. For han kunde ikkje velja ut eitt målføre og tufta skrift-målet på det: Det fanst ingen dialekt med so stor kulturell prestisje at dei andre ville fylgja.

Nokre døme

Her skal me berre nemna nokre einstaka døme på korleis i-målsfolk hev meint at rettskri-vingi skulde vera – og korleis ho hev vorte etter 1938-umboti og seinare brigde:

a.

Sidan mange målføre skil millom ll og dl og millom nn og nd bør det vera skilnad i skrivemåten. Ein bør difor t.d. skilja millom «dei ville» (adj.) og «dei vilde» (pret. av å «vilja») på same måten som ein t.d. skil millom «kall» (subst.) og «kald» (adj.). Sameleis bør ein t.d. skilja millom «brann» (pret. av å «brenna») og «brand» (subst., «skogbrand»), millom «tenna» (setje tenner på t.d. ei rive) og «tenda» (= «tendra», «kveikja», t.d. eit ljos).

b.

Jamvel der uttalen av ulike ord hev falle saman, kann det vera tenleg med skilnad i skrive-måten. Soleis er «gjæta» (t.d. sauer) ikkje det same som «gjeta» (gjeta eit ord); offisiell nynorsk hev her berre ei form: «gjeta».

c.

Skriftmålet må skilja millom hard og mjuk (palatalisert) uttale av k og g framfor endingi -ing. T.d. må «søkkjing» (av «søkkja») skiljast frå «søkking» (av «søkka»); her slepper den offisielle nynorsken j’en frå infinitivsformi, og tek dermed burt skiljett millom ord med ulik tyding. Når me no les t.d. «merking», kann me ikkje vita um det er laga av «verkja» («å gjera vondt») eller «verka» (= norsk-dansk «virke»). Lista kann lett gjerast lengre.

d.

Verbet «pløgja» kjem av «plog» og bør ikkje skrivast «pløya», jamvel um verbet mange stader vert uttala soleis. Sameleis bør me ikkje skriva «bøya», men «bøygja», for dette ordet heng saman med substantivet «bøyg». På grunn av den «moderne» skri-vemåten trur no mange at dei tvo verbi skal bøygjast likt, og so fær me fortidsformer som «pløy-gde» og «bøgde».

e.

Me bør skriva «læ» og ikkje «le», for verbet heng saman med «lått», um lag på same måten som «væte» heng saman med «våt».

Me bør skriva «segja» og ikje «seia», for dette verb heng saman med «segn» og «soga» (med g), og sjølvsagt med partisipp-formi «sagt». Det same gjeld «tegja» (ikkje «teia»), som heng saman med «tagal», «togn», «tagna», «tagga», og med bøyg-ningsformene «tagde» og «tagt».

f.

Når me etter offisiell rett-skriving skal skriva «leidning», bør det òg vera høve til å skriva «leida» (verb) og «leid» (subst. og adj.). Når me fær skriva «tid» og «vid», bør me òg kunna skriva «rid» og «lid», og likeeins «keid», «breid» osb. Her er det usymnet til skrive-måten i norsk-dansk som hev ført til uturvande inkonsekvens i landsmålet. Rotet gjeng jamvel radt inn i skrivemåten av parverb, som når me kann skriva «lida», men ikkje «leida» (jf. ovanfor), «rida», men ikkje «reida».

g.

Umsynet til norsk-dansken hev elles skipla ljodmarkeringi i landsmålet på ein måte som det vanskeleg å sjå noko anna fyre-mål med enn just tilnærming til eit mål med unorsk rot. Soleis kann ein no skriva folkemåls-formi «bøtte» (hovudform i norsk-dansk) for «bytte». Men folkemålsformi «fløtta» for «flytta/flytja» er ikkje tillati – for denne formi finst ikkje i norsk-dansk.

«Brunn» kann no skrivast «brønn» (som vel finst i målføri og er eineform norsk-dansk), men «stund» kann ikke skrivast «stønn» – som er folkemål godt som noko – av di denne formi ikkje er tillati i norsk-dansk. Det finst mange slike døme.

h.

Når ein hev lov til å bruka -a til ifinitivsending («å finna»), bør ein òg kunna skriva «ei gjenta», for i norsk mål er det jamnan samsvar millom endingane i infinitiv og lint hokyn ubundi form. Denne a-endingi i lint hokyn gjeng i røyndi vidare enn a-endingi i infinitiv (ho finst t.d. i nordnorske mål med e-infinitiv). Det klassiske landsmålet hadde frå fyrsten -a til ending i lint hokyn («gjenta») og -e til ending i lint hankyn og lint inkjekyn («bonde», «stykke»). Denne endingsskilnaden finn me ikkje berre i vestnorsk (vestlandske og nordnorske målføre), men òg i midlandsmål. Der er endingane helst -e, men i hokyn er e’en open (< gamalnorsk -a), medan han er trong (stundom mest som ein i) i hankyn og inkjekyn (< gamalnorsk -i). Det upphavlege landsmålet markerte skilnaden på vestnorsk vis, men sjølve skilnaden gjeng vidare enn det vestnorske målvaldet.

i.

Når det er høve til å skriva utan-, innan-, nedan-, osb. i samansetningar som «utanfor», «innanfrå», «nedantil», bør det òg vera høve til å skriva «nord-anfor», «vestanfor», «austanfor» og «sunnanfor». Men her skal det heita norda- osb. utan -n. Ordet «unna» representerer eit dubbelt systembrot: Ikkje berre er n’en burtteken i endingi, men d’en som syner samanhengen med «under» (og mangstad vert uttala), er òg stroken.

j.

Når det heiter «kunna» i infinitiv, bør ein få skriva «kann» i presens, ikkje «kan». Hadde ikkje den norsk-danske skrivemåten vore slik, hadde ingen kome på det, like lite som nokon vilde skriva «fin» som presensform av infinitiven «finna».

k.

«Tvo» skal no plent skrivast «to» (som dei fleste segjer) utan umsyn til at me då bryt samanhengen med fyrefestet tvi- (t.d. i «tvifelt»), med «tvil-ling» og «tvila», og med den systemrette skrivemåten i nær-skylde mål som svensk (två), tysk (zwei), engelsk (two), russisk (dva) osb. «Tri» (for «tre») hev me framleis lov til å skriva, men berre som side-form, endå den sterke stoda det hev i målføri og samanhengen med «trilling» burde gjeve det status som hovudform. «Tyve» heitte det fyrr i norsk-dansk; her skulde dei tvo måli samlast i «tjue». Den klassiske lands-målsformi «tjuge» vart ofra; no stend «eit tjug» og gaper for seg sjølv…

Landsmålet frå 1917

Det upphavlege landsmålet var Aasens norm slik ho er utforma i dei grunnleggjande verki me hev nemnt ovanfor. Men for dei fleste tyder vel «klassisk nynorsk» i dag dei tradisjonelle (Aasen-nære) formene og skrive-måtane i 1917-rettskrivingi. Er det rett , som mange hevdar, at den Aasen-nære varianten av 1917-rettskrivingi fyrst og fremst kann sjåast som resul-tatet av at landsmålet hadde «gjenge seg til» i praktisk bruk, altso eit Aasen-mål i til-slipt stand? For å svara på det må me sjå på hovudskilnadene millom Aasens landsmål og «dei obligatoriske formene» i 1917-rettskrivingi. Me tek her brigdi i 1901, 1910 og 1917 under eitt.

a.

Preteritum av verb av kasta-klassen hadde hjå Aasen endingi -ade supinum enda på -at, og i perfektum partisipp var endin-gane -at,  -ad og -ade (han kastade, han hev kastat, det er kastat, han er kastad, ho er kastad, dei er kastade). Alt i 1901 vart desse formene redu-serte til -a. Dette var tilnær-ming, ikkje til norsk-dansk, men til den røynlege uttalen i norsk folkemål, der endingskonsonan-tane -d og -t er burtfalne i kasta-verbi (um me ser burt frå sudvestlandske former som hopp-te og snakk-te, der -te kanskje er ein rest av -ade). Når Aasen valde -ade osb. endå desse for-mene var like daude då som no, var det av systemumsyn: I alle germanske mål er det ein dental (t eller d) som markerer prete-ritum (fortid) av linne verb (hjå Aasen: tenkte, dømde, kastade). Det norske landsmålet eer det einaste norderlendske skriftmålet som hev sleppt dentalane i denne stoda. Dette var truleg eit uturvande skrift-brigde, men det vart godt mot-teke av målfolket og hev snaudt vore til nemnande skade for landsmålet.

b.

Samstundes med at -ade osb. vart stroke , tok dei òg burt t i former som «eiget» (> eige), «nokot» (> noko), «litet» (> lite), «myket» (> mykje). Dette fylgde av burtfallet av -t i perfektum partisipp og supinum. For det må logisk heita: Han hev vraka sitt eige arbeid. Fell t’en i «vrakat», må han òg falla i «eiget».

Godtek ein brigdet undet punkt a ovanfor, lyt ein òg godtaka dette.

c.

Endings-t vart derimot ståande i ordet «det» (for å skilja det frå «de») og i bundi form eintal av inkjekynsordi: huset, eplet. Men t’en vart likevel stroken i inkjekynsord som endar på -a: «augat» vart til «auga». Her vart det no berre ei form i eintal , nett som i dei linne hokynsordi, som desse inkjekyns-ordi elles i storo fylgjer i fleirtal i folkemålet («augun», «augene» osb.).

d.

Fleirtal av verb , som Aasen for det meste berre bruka i dikt («erlor i tunet sprungo«), vart stroke. I røyndi var ikkje dette nokor strjuking, for rettskriv-ingane var laga med tanke på normalprosaen, der fleirtal av verb aldri hadde havt nemnande rom. Fleirtalsbøygning av verb finst det heller ikkje mykje att av i målføri.

e.

I bundi form fleirtal av han-kyns- og hokynssubstantiv vart r stroken. Soleis vart -arne til -ane, -erna til -ene og -orna til  -one. Denne r’en høyrest ikkje i målføri, men han ligg til grunn for former som «gjen-tudn» (jf. uttalen «bjødn» av «bjørn»). Dette var nok òg eit tvilsamt skrivebrigde, men det vart snøgt og stilt godteke målfolket.

f.

Den heller innfløkte adjektiv-bøygningi vart forenkla, med

-e som einaste vokal, motsett Aasens skifte millom -e og -a («store dagar og stutta næter»). For mange norskskrivande var nok dette ein lette.

g.

I sume einskildord, som me her berre nemner som døme, vart skrivemåten brigda. «Vin» vart til «ven», «lit» til «let», «orsak» til «årsak» (i tydingi «grunn»), «rædd» til «redd», «fyr» til «for», «styvel» til «støvel», «verda» til «verta», «deil» til «del», «kaupa» til «kjøpa», «meitel» til «meisel», «òk» til «åk», «kòr» til «kår», «yl» til «øl» osb. Sumt av dette kunde nok målet vore spart for; skiplinga av tilhøvet millom ò og å, millom e og æ og millom y og ø var tvillaust til skade. Men desse inngrepi galdt ikkje so mange ordi; jamført med det 1938-brigdet kom med av sovore, var det til å leva med.

I storo kann me nok segja at landsmålet kom etter måten heilskinna gjenom rettskrivings-brigdi i 1901, 1910 og 1917. Den sistnemnde rettskrivingi hadde òg den fyremunen at ho jamstelte i- og a-mål, utan å skipla det grunnleggjande skriftsystemet i målet. Rettskrivingsnemndene frå 1901, 1910 og 1917 må ha gjenge til uppgåva si med eit anna huglag enn dei som hev stelt med den offisielle lands-målsrettskrivingi sidan.

Kvifor skriva klassisk landsmål?

«Kvifor skriva i-mål?» spør me på dette seminaret. Kvifor ikkje spyrja: Kvifor i det heile skriva norsk?

Den einaste kvaliteten som objektivt og urikkeleg skil landsmålet frå norsk-dansk, er det historiske upphavet. Landsmålet kom til som ein nasjonal uppreist mot dansk og norsk-dansk språkmakt i Noreg. Heile «vitsen» låg – og ligg – der.

Å nærma landsmålet mot det skriftmålet det er sett til å avløysa, er difor ei meinings-løyse. Programmet um å skriva «so nær bokmålet som råd» fører bønlaust yver i norsk-dansk. For det finst ikkje noko mål som ligg nærare norsk-dansk enn just norsk-dansk…

Og under alt dette ligg sjølve grunnspursmålet: Er det norske skriftmålet ein historisk gjeven storleik som det er råd å ha eit tilhøve til? Eller er det eit mål som kvar ættled skal «finna upp»?

Er so det klassiske landsmålet norskare enn den nynorsken staten byd oss i dag? Eg vågar å svara ja. Det er norskare i den meining at det tek betre vare på systemet, grunnstruk-turen, i dei norske målføri. Og det er norskare i den meining at det knyter bandi sterkare og tydelegare attende til vår språklege fortid.

Slike band ser andre kulturfolk det som ein sjølvsagd skyldnad å halda levande. Dei er ikkje so lettlurde som me hev vore, dei sel ikkje fyrstefødselsretten sin for ein rett med linsor.

Ola Breivega

Artikkelen stod fyrste gongen på prent i Eg nr 1 1990