Gustav Indrebø og hans veg

Då professor Gustav Indrebø, 52 år gamal, uventa for dei fleste fall burt den 3. august 1942, herja nazidiktaturet og storkrigen Europa. I det hersette Noreg låg målstriden i dvale; her var ein slags indre borgfred.

Endå var syrgjemeldingi skakande, serleg kanskje for dei som hadde stade saman me Indrebø i det uppheta målordskiftet i 30-åri. «Eit leidarljos er slokna», skreiv Gerh. Garatun-Tjeldstø i Norsk Tidend. Og for Ludvig Jerdal som sat i det tyske tukthuset Fuhlsbüttel i Hamburg, var det ein av dei tyngste dødsbodskapane han veit um. Ettertidi skulde syna kva for lagnadstap som hadde råka norsk målreising.

Indrebø-statua ved Jølstravatnet. Foto: Leif E. Nessan.

Nokre data

Gustav Indrebø var fødd 17. november 1889 i Samnanger, Mid-Hordland. Foreldri, lærarfolk, ætta frå Sunnfjord, og til Sunnfjord drog dei att i 1892 og budde der til 1901. Då slo dei seg til i Aker. Varande inntrykk fekk Gustav Indrebø i sunnfjordbygdene.

Gustav Indrebø tok lærarutdaning. Olav Midttun som hadde han i norsk, segjer at han truleg var den gløggaste eleven Midttun hadde havt (i Livsminne, Oslo 1971). Snart gav Indrebø seg i kast med filologien; fagi var morsmål, tysk og soga. Det fortel om teoretiske evnor at Indrebø var preseterist både til artium og embetseksamen. Sidan var Gustav Indrebø universitets-tilsett, amanuensis, stipendiat, dosent og til sist professor. i 1919/20 studerte han norrøn filologi i Kjøpenhavn og Berlin. Hovudfagsarbeidet sitt skreiv han i 1917 um Fagrskinna; dok-torgradsavhandlingi var um nor-ske innsjønamn i Uppland fylke, utgjevi i 1924.

Frå arbeidsromet til Indrebø strøymde det ut utgreidingar, skrifter og bøker so lenge han levde, på meir enn eitt fagfelt. Berre eit utval skal upplistast her: utgåvor, med merknader, av Ågrip, Gamal norsk homiliebok og andre norrøne bokverk; arbeid um stadnamn-gransking og arbeid um stadnamn, m.a. frå Hauke- dalen, Oslofjorden og Buskerud; arbeid knytte til rettsstell og gamal styringsskipnad, um m.a. fjordung, fylke og herad; ut- gjeving av ymse eldre skrifter, med det norske dialektleksikonet til W.F.K. Christie på serplass.

Skilsetjande er storverket Norsk Målsoga, arbeidet som Gustav Indrebø let etter seg og som vart utgjeve i 1951 ved Per Hovda og Per Thorson.

Dei faglege hovudarbeidi til Indrebø er nøgnare umtala m.a. i For Noreg og Ivar Aasen av Kjell Venås, Oslo 1984; i artikkel-samlingi Kva er mål-reising? ved Jarle Bondevik og Oddvar Nes, Bergen 1976, finst ein stor bibliografi; i Indrebø-boki som skal koma no i jubi-leumsåret frå Norsk Bokreid-ingslag, ved Conrad Clausen, Jarle Bondevik og Oddvar Nes, skal det vera med ein ny bib-liografi som er endå meir full-dekkjande serleg for artikkel-tilfang.

Gustav Indrebø vart dosent i norrøn filologi ved Univer-sitetet i Oslo frå 1921, eit nyskipa dosentur. Etter Torleiv Hannaas ddøydde vart Indrebø professor i vestlandsk målføre-gransking ved Bergens Museum – som vart til Universitetet i Bergen; samstundes var han styrar for Folkeminnesamlingi.

Tillitsumbodi hans var talrike. Frå 1928 og til han døydde var Indrebø med i styret i Noregs Mållag, ei tid var han formann, heile tidi var han den umtvis-telege kapasiteten. Han var for-mann i Det Norske Samlaget (1923-1929), var med i Norsk Måldyrkingslag, var med i stjorni i Vestmannalaget frå 1931 og til han døydde, var for-mann frå 1937, og han var med å skipa Aasen-ringen og Norsk Bokreidingslag. Denne bundelen med umbod kunde gjerast større.

Makelaus stoda

Det er truleg for veikt å segja at Indrebø var den store mål-autoriteten i 1930-åri. Han var meir. Han hadde næærast ei make-laus stoda millom målfolk.

Dei eg hev tala med som kjende Gustav Indrebø, og dei som hev skrive um han ut ifrå same fyre-setnader, er samstilte i umdøm-ingi. Han var ein venleg og um-gjengeleg mann, heldt seg til sak, og i ordskifte og strid var han lite freista til å svara med same mynt på usaklege og småskorna åtak. Me som høyrer til den etterfylgjande ættleden, ser for oss eit finsleg, svik-laust og stort menneske.

Det er klårt at slike eigen- skapar var med på å byggja upp umdømet til Indrebø. Han var vyrd, ja, kjærlagd, både av yr-kesbrør, meiningsfrendar og motmenn.

Men dette var ikkje nok. Det som serleg tykkjest ha gjort Indrebø til den sjølvskrivne autoriteten, er den store mål-kunnskapen, auka og utvida gjen-nom heile livet, sameina med målreisingihugen, bygd på ærleg yvertyding, den personlege of-fer-viljen, den store arbeids-krafti og den klåre tenkjeevna. Med dei teoretiske gåvone sine var Indrebø dessutan ein prak-tisk målreisar med jordnært gangsyn.

For rettferd, folkeleg lojalitet og norsk mål

Um Gustav Indrebø var ein fred-eleg og vennesæl mann, gjekk han viljug fremst i stridsrekkja når det røynde på. Sersakene kan knytte namnet sitt til er mange: landsnamnet Noreg, dei historisk rette nemningane norsk og norsk-dansk, bynamni Oslo, Nidaros og Bjørgvin, norsk stadnamnverk osb.

Indrebø gjekk sterkt ut mot em-betsmenn som braut dei offent-lege målfyresegnene.  Mest kjend er den sokalla Indrebø-saki frå 1934.  Med yverlegg bruka Ind-rebø nemningi «ei skam for stan-det» um telegraf- inspektør Schrøder-Nielsen og skattefut Svenke då dei braut målfyre-segnene.  Indrebø vart dømd til bot i retten, men saki vakte stort uppstuss, og målfolket vann truleg på dette uppstusset.  Det heile er skildra i boki Rett og urett.  Det som stend att et-ter saki no, må vel vera at dei tvo embets-mennene, tilliks med sume andre, er «ei skam for standet».

Indrebø tala um krenkt retts-kjensla og um «illojalitet mot folket»:

Det hev gjort meg brennande harm å sjå den arrogansen og den tjukke sjølvgodskapen som mange embetsmenn tykkjer dei kann bjoda folket, når det berre er bondefolk og bygdefolk.

I 1917 kom det inn i offisielt norsk skriftmål ei rad side- former som mange ottast vilde føra til uppløysing i målet.  Sume høgre skular tok til å laga eigne skriftnormalar med grunn-lag i sideformene for norsk-målet, medan dei for norsk-    dansken heldt seg til dei til-vande danskrøtte formene.  I 1929 mana Indrebø målfolket til å slå ring um dei innarb-eidde formene – um einskap i rett-skriving – ei maning som truleg bar god frukt.  Det hev vorte prøvt seinare å samføra uppmod-ingi frå Indrebø med den offent-lege påfreista tvangssamlingi til eit skriftleg blandingsmål, den språklege samlingslina, men dette er grovt misvisande.  Det var eit friviljugt  samhald Indrebø tala for.  Og han vilde berga dei norske grunnemni i målet, ikkje tyna dei.

Samnorsktanken slo sterkt ut i 1920-åri, og endå sterkare i 1930-åri.  Røtene var eldre, ja fyre hundradårsskiftet.  Men no brusa tanken upp, serleg millom politikarar og sume skulefolk, helst i den høgre skulen.  Denne alliansen vilde, som me veit, på målteknokratisk vis konst-ruera eit nytt skriftleg blan-dingsmål, den sers fiktive sam-norsken, som skulde koma i staden for det norske skrift- målet og det norskdanske.  Eitt mål denne ættleden, lydde ropet.  No skulde målblandingstanken prøvast.  No skulde han gjennom-tvingast med makt.

Den fremste målssakkunna gjekk mot, med Gustav Indrebø og Sig-urd Kolsrud i brodden.  Det same gjorde fleirtalet av mål-folket og fleirtalet i Noregs Mållag.  Etter demokratiske spelereglar skulde målblandings-påfunnet dermed vore burtlagt.  Men her spurdest det ikkje etter demo-krati, same um dei som hadde den språklege makti, målbrigdarane, både kalla seg sosiale målfolk og måldemokratar.  Um Indrebø og andre kom med saklege mot-grunnar, nytta ingi sakkunna mot klisjear og slagord. Til døme på kor veikt den departe-mentale rettskrivingsnemndi stod fagleg, er det nok å nemna at ingen av dei tri nemndmennene for norsk hadde norsk til hovud-fag!  Denne nemndi skulde so ha den umenneskelege kjempe-uppgåva å laga eit nytt skrift-mål!

Kulturelt diktatur, skreiv Gustav Indrebø.

Bergast kva bergast kann

Um det det ikkje hev vorte sagt, hadde Indrebø tydeleg den prak-tiske og realistiske sansen som kunde hindra at eit stort tap vart ubøteleg.  Han lyfte fram faglege grunnar mot 1938-mål-brigdet so langt og lenge som dette let seg gjera.  Då det

offisielle skriftmålsbrigdet like fullt vart sett i verk, freista han berga – og ikkje utan framslag – det som bergast kunde av norsk mål innanfor dei nye grensone.

Me må få skipa ein Aasen-ring, sa Indrebø i Bergen den 25. sep-tember 1938. Ringen vart skipa.  Medlemene lova at når dei var nøydde til å bruka 1938-målet, vilde dei skriva so nær Aasen-målet som det offisielt var høve til.  Når dei stod fritt, vilde dei skriva slik dei tidlegare hadde gjort, eller norskare.  Same uppmoding hadde elles Indrebø bore fram på umframt-årsmøtet i Noregs Mållag den 13. februar 1938.

1938-målet vart inntvinga av statsmaktene.  Då skreiv Indrebø straks ei rettleidingsbok «for skulefolk og kontorfolk», Den nye rettskrivingi til møtes med den gamle. I boki tok Indrebø med berre dei velprøvde norskaste formene av 1938-målet, og departementet nekta godkjenning til skulebruk.  Rettleidingsboki vart nok like-vel sers verdfull for mange som i yrket sitt var nøydde til å halda seg til dei offisielle formene, for ikkje noko departe-mentet kunde hindra dei i å bruka boki.  Men hovutanken kjem fram i fyreordet, der Indrebø bed dei som ikkje er bundne til å bruka offisiell rettskriving um å «skriva so norskt som dei er god til».

Derimot godkjende departementet ei onnor rettleidingsbok med tradisjonelle former frå Indre-bø, Norsk grammatikk for folke-skulen. Dette var òg ei bok på i-mål og so norsk i formverk og skrivemåtar som det var lovleg, men med upplysing um dei stats-innførde målblandingsformene; dette siste var eit vilkår for godkjenning. Boki er liti, berre 32 sidor, men smakeleg og lett-leseleg, og med ein flaum av kunnskap på den sparsame plas-sen.  Skuledirektør Olav Vevle skreiv at boki gav «eit sterkt vitnemål både um den kunnige vitskapsmannen og den praktiske skulemannen».  Og han la til at «her er ikkje betre rettleidingsbok for folkeskulen». Norsk Grammatikk kom i nytt upplag i 1947 .  Sidan gjekk statsmaktene lenger på målblan-dingsvegen og sette ned norsk språknemnd, veit me, formelt skipa av Stortinget i 1951.  Med den tilsikta og kunstig  fram-drivne avnorskinga som no  fylg-de, var det ikkje lenger rom i skulen for ei bok på norsktin-drande i-mål.

Men endå kring krigsutbrotet med øsingi som då var, språkleg og på annan måte, greidde Indrebø, slik me ser, å halda skuledøri halvopi, for det seinare  dis-kriminerte norske i-målet.

Kva målformer ville Indrebø ha?

Um Indrebø, når han fann det nytteleg, i ein viss mun jenka seg etter dei målpolitiske tvangsbodi, løynde han aldri at det grunnleggjande kravet var eit norsk skriftmål som stod nær «den obligatoriske  normalen (1917) og Aasen-normalen», slik det heiter i fyreordet til Den nye rettskrivingi.  Indrebø-målet, um eit slikt ord bør  nyttast, finn me no lettast i hans eigne arbeid, men han klår-gjorde rett som det var synet sitt, som i Einskap i rett-skriving (1928), God Norsk (1937) og andre stader.

Sidan vektuge serdrag i dette målet hev vore offisielt mismætte i 50 år, skal eg setja upp nokre norske grunnpunkt som Indrebø sjølv drog fram:

I-mål:

Sterke ei-ord etter mynsteret:  sol-soli-soler-solene

Linne ei-ord:

visa (vise)-visa-visor-visone

Eit-ord bundi form fleirtal:

husi, epli

Adjektiv og partisipp på -en etter mynsteret:

open-opi-ope-opne;

vaksen-vaksi-vakse-vaksne;

liten-liti-lite- (den)litle.

Nemneform (infinitiv) på -a og i refleksiv på -ast:

bera-berast;

kasta-kastast

finna-finnast

Norsk triklang og full-ljodande endingsvokal er tvo sermerke som heng i hop, dei kjem best fram i i-målet.  Indrebø synte til at vokal-triklangen finst i ei eller onnor form i det aller meste av norsk talemål

a-u(o)-i eller a-o-e eller båe.  Til dei full-ljodande norske endingane høyrer òg endingar som bakar, båtar, dansar, kastar, tøug, viktug – i motsetnad til e-målsharmonien i dansk eller norskdansk.

Tviljod der tviljod er brukeleg, som i ljod, ljos, daud, draum, høyra, køyra, trøyst, trøytt.

Um, upp, burt heldt Indrebø på so lenge det var lovleg.  Skrivemåte med o «bør kverva heilt so snart som råd er», skreiv han i 1929.

Sidan sume kanskje er i tvil, skal det leggjast til at Indrebø vilde ha jamstelling millom i-mål og a-mål (soli-sola).  Det skreiv han m.a. i God Norsk: «Tvo slike former tolest, og er etter umstendi beste utvegen.  Eit visst minium av sideformer eller òg lyt til».

Etter Kjell Venås skifte Indrebø sume av aine eigne skrivemåtar midt i 1920-åri.  Han gjekk frå former som har, står, fått, gått, over til hev, stend, fenge, gjenge, yver.  Eg veit ikkje um dette var eit uppnorskande svar på nednorskande vindkast i tidi, men det er tenkjeleg.

Vegvisaren Indrebø

Norsk Målsoga kom ut i 1951, men likevel vart Indrebø verande noko i gløymsla ein stor part av fyrste kvartsekelet etter krigen. det han stod for, var ikkje moterett millom målmakt-havarane.

Mange av oss som var uppskula med samnorsk dogmatikk, visseleg velmeint nok, vakna til etter-tanke då me såg misèren som mål-blandingspolitikken førde til for vårt mål, med ytre nedgang og indre uppløysing. Avgrunnen millom det lova landet og røyn-domen – millom dikt og sanning -vart altfor grotesk. No nyupp-daga mange etter kvart Gustav Indrebø.

For Indrebø hadde lenge i fyrevegen varsla nett denne syrgjelege frukti av målblan-dingi. Lenge fyreåt åtvara han mot den sundrivingi av målet som no bar sitt skræmande foll. Fyreåt såg Indrebø det blaffet som skulde koma for norsk mål i skulen, eit blaff som alt i 1945 hadde blafra varmen av seg, same um sume målblandarar, ser-leg universitetsløna, til upp-imot våre dagar hev tala um kor signingsrikt det er for folket å ha eit skriftmål som ingen kann læra av di det aldri fær fred. Nye tilnærmingsrettskriv-ningar skulde etter teorien ustanseleg vinna landet for ny-norsken!  Målblandings-bylgja knuste seg mot kjensgjerningane.  Siste skrivebrigdet, det i 1959, gav ikkje eingong skin av norsk-målsframgang.Og ikkje hev språk-rådsbrigdi gjort det seinare. Snøballen hev rulla andre vegen. Skulemålsprosenten i 1989 er under halvparten av prosenten i 1944 – 16,9% mot 34,1%. Samla skulemålsstatistikk finst tilgjengeleg fyrst frå 1930, men skulemålsprosenten i 1989 er truleg på lag som kring 1917. (Rett nok passerte nynorsk-prosenten lågmålet på 16,4% for kring 10 år sidan, og prosenten hev seinare stige med 5 promille.)

I Studentmållaget i Oslo den 10. februar 1938 sa Indrebø: «Nynorsken vert uppløyst innanfrå, um han gjeng fram utvertes ei stund til. Det vert ulogisk og urettkome å halda uppe ei serskild nynorsk målreising. For resultatet me driv imot, kann me nå likeso godt med å taka ut-gangsstøde i norskdansk og pusla med noko «uppnorsking» der.» Um framtidi for uppnorsk-ingsformene i norskdansken spådde Indrebø tri dagar seinare på um-framtårsmøtet i Noregs Mållag at reformi «i stor mun kjem til å mislukkast». Som me veit fekk han rett.

Saman med Gustav Indrebø stod framskotne målfolk som Nikolaus Gjelsvik og Sigurd Kolsrud. Spådomane deira tykkjest no etterpå profetiske, og det er uråd å tala burt lenger at klårsynet måtte byggja på jordnære og samvitsfulle analysar av den røynlege målstoda. Dei som på hi sida førde det store ordet i den same tidsbolken, samnorsktals-mennene eller målblandarane som i dag kallar seg målblandings-folk, dei kom òg med spådomar, sanneleg høgmælte nok. Men deira spådomar slo ikkje til. Tvert um. Um meiningi var god, synte deira spådomar seg å vere lett-vint ynskjetenkjing og tome talemåtar. Eller illusjonar, for å segje det pyntelegare.

På fruktene skal treet kjennast  I høgtidsåret 1989 hev Gustav Indrebø alt lenge vore framme i ljoset att, den fremste mål-reisaren etter Ivar Aasen. Skri-ftene hans viser vegen til ei nasjonal målreising, det vil segja ei målreising for heile folket. Eller som Gustav Indre-bø sjølv segjer det (i God norsk): Fyremålet med den norske målreisingi hev vore å få løyst mål-unionen med Danmark, og få reist eit sjølvstendigt norsk nasjonal-skriftmål.

Jostein Krokvik

Artikkelen stod fyrste gongen på prent i Eg nr 4 1989.