«Dialektparadiset» som gløymde nynorsken?

I Noreg er me byrge yver dialektane våre. Me kann tala dialekt i alle samanhengar, og det å «knota» vert gjerne sett ned på. Men hev den norske dialektfridomen samstundes gjort oss blinde for at bokmålet hev fenge rolla som det normdanande språket?

Tysdag 27. oktober var det skipa til fyredrag um dialektar og språkhaldningar på Knarvik bibliotek, som ein del av Nynorskdagane i Alver. Bodil Moss frå Høgskulen på Vestlandet fortalde um forskingi si på språkhaldningar millom ungdomar på Sicilia, medan lektor Hjertrud Raknes tok fyre seg korleis tyskarar som flyttar til Noreg, kann få endra syn på dialektane i heimlandet. Johan Myking var møteleiar.

Det vart ein interessant kveld som synte kor ulikt dialektar vert vurderte i europeiske land. Samstundes sat eg att med eit spursmål: Er stoda for dialektane i Noreg verkeleg so god som me likar å tru, eller hev me berre flutt dei språklege motsetnadene yver på eit anna omkverve?

Hjertrud Raknes fortalde um språkhaldningar millom innvandra tyskarar i Noreg.

Når dialekten vert eit sosialt stigma

Bodil Moss hadde undersøkt språkbruk og språkhaldningar millom ungdomar på Sicilia. Der hev det lokale talemålet tradisjonelt vore knytt til låg sosial status, skortande utdaning, bondesamfundet og jamvel organisert kriminalitet.

Ho fortalde korleis ungdomane nytta både dialekt og standarditaliensk, men i ulike situasjonar. Dialekten hadde sin plass i det uformelle livet, medan standardmålet fekk ei onnor rolla når situasjonen kravde det. Ingen av ungdomane brukte berre dialekt.

Serleg interessant var det at positive haldningar til eigen dialekt ikkje utan vidare innebar at ungdomane faktisk nytta honom i alle samanhengar. Her spelar dei sosiale forventningane ei avgjerande rolla.

Hjertrud Raknes hadde på si sida intervjua tyskarar busette i Noreg, for å undersøkja korleis møtet med den norske dialektkulturen kunde påverka synet deira på tyske dialektar.

I Tyskland stend standardtysk sterkt. Det er vanlegt å leggja talemålet upp mot standarden i offentlege og formelle samanhengar, medan dialektane fyrst og fremst vert knytte til regional identitet og uformelt samvær.

I Noreg er det annleis. Her kann ein statsråd, ein professor eller ein fjernsynsjournalist tala dialekten sin utan at dette i seg sjølv vert rekna som noko merkelegt.

Dette er sjølvsagt eit framsteg. Men det er ikkje heile sanningi um den norske språkstoda.

Dialektfridom er ikkje det same som språkleg jamstelling

I ordskiftet etter fyredragi freista eg ta upp det eg meiner er eit grunnleggjande paradoks i den norske språkideologien.

For mange av dei negative haldningane som dialektane møter i Tyskland og Italia, kjenner me att frå haldningane til nynorsk i Noreg.

Ein nordmann kann tala brei dialekt i alle samanhengar. Men når han skal skriva noko formelt, venda seg til ein større marknad eller framstå som profesjonell, fell valet ofte på bokmål. Jamvel ein nynorskbrukar kann finna på å skriva bilannonsa si på FINN.no på bokmål.

Kvifor?

Det er ikkje fordi bokmålet nødvendigvis formidlar bodskapen betre. Men fordi bokmålet hev fenge ein posisjon som det nøytrale, umarkerte skriftspråket.

Det er her språkhaldningane kjem inn.

Me vil gjerne tru at den norske dialektfridomen gjer oss språkleg tolerante. Men samstundes hev me eit tydeleg hierarki millom dei tvo norske skriftmåli.

Det er heller ikkje slik at bokmålet berre er eit skriftmål utan samband med talemålet. Det bokmålsnære normaltalemålet, med røter i den danna austnorske taletradisjonen, fungerer i stor mon som eit uformelt talemålsideal.

Soleis hev bokmålet fenge ei normerande rolla som gjeng langt ut yver rettskrivingi.

Me hev fenge fridom til å tala dialekt, men ikkje frigjort oss frå eit språklegt sentrum som avgjer kva som vert uppfatta som normalt.

Kvar vart det av det nynorske talemålsidealet?

Dette fører oss til det som etter mitt syn er ein grunnleggjande veikskap ved nynorsken si stoda i dag.

Nynorsken hev aldri fenge eit ålment etablert talemålsideal som kann tevla med det bokmålsnære normaltalemålet.

Dermed vert dei norske dialektane i stor mun ståande kvar for seg. Dei vert regionale særmerke, men ikkje nødvendigvis uppfatta som ulike uttrykk for det same nasjonale språksystemet.

Lat oss taka eit enkelt døme.

I norske målføre kann ordet hovud heita håve, huggu eller haud. Dette kann høyrast ut som temmeleg ulike ord. Men i nynorsken vert dei samla i skriftformi hovud, som syner fram både den historiske samanhengen og det sams upphavet.

Dette var nett kjernen i Ivar Aasens språkprosjekt. Han vilde ikkje lyfta éin dialekt upp yver dei andre, men finna fram til eit sams norsk mål som kunde tena som grunnlag for dei alle.

Problemet i dag er at denne samanhengen fyrst og fremst kjem til syne i skriftmålet.

Dersom bokmålet er det einaste levande, yverdialektale talemålsidealet folk kjenner, vert dialektane lett vurderte i høve til bokmålsnære former. Det som avvik frå dette idealet, vert uppfatta som dialektalt og sermerkt.

Hadde nynorsken hatt ein tilsvarande posisjon som talemålsideal, kunde dialektane i større grad ha vorte uppfatta som innbyrdes samanhangande variantar av norsk mål, ikkje som isolerte lokale raritetar.

Det er ikkje eit argument for at folk skal slutta å tala dialekt. Eit nynorsk talemålsideal treng ikkje innebera éin einskapleg uttale. Tvert imot kunde det byggja på regionale uttaleformer, men med eit sams ordtilfang og ein grammatisk tradisjon som synte fram slektskapen millom målføri.

Tvo ulike nasjonsbyggingsprosjekt

Skal me forstå skilnaden millom Noreg og Tyskland, lyt me òg sjå på historia.

Tyskland og Italia voks fram som nasjonalstatar på 1800-talet, etter å ha vore uppdelte i mange mindre statar med ulike tradisjonar. Eit sams standardspråk vart eit viktig verkemiddel for å byggja eit nasjonalt hopehav på tvers av dei regionale skiljelinene.

Men desse skiljelinene forsvann ikkje.

I Tyskland stend den regionale identiteten framleis sterkt, ikkje berre gjennom dialektane, men òg gjennom matkultur, religion, tradisjonar og politiske institusjonar. Den tyske forbundsstaten gjev delstatane eit omfattande sjølvstyre, millom anna på kultur- og utdaningsområdet.

I Noreg var utgangspunktet nærast det motsette.

Her hadde me ein historisk sentralisert statsadministrasjon og ein embetskultur prega av dansk skriftmål og danskmerkt talemål. Dei folkelege motkulturane på 1800-talet, med målrørsla som ein viktig del, var ikkje berre nasjonale, men òg demokratiske rørsler som vilde bryta det kulturelle og sosiale monopolet åt embetsstanden.

Målreisingi handla soleis ikkje berre um å skapa eit nytt skriftmål. Ho handla um å sleppa nye grupper til i det offentlege livet, med sitt eige språk og sin eigen kultur.

Dette prosjektet lukkast langt på veg når det galdt dialektane.

Men samstundes vart den norske statsstrukturen verande mykje meir sentralisert enn den tyske. Medan den regionale identiteten i Tyskland hev eit sterkt institusjonelt grunnlag, er dialekten i Noreg ein av dei fremste berarane av regional identitet.

Det er ein tankekross at ein forbundsstat som Tyskland hev eit dominerande nasjonalt normaltalemål, medan einskapsstaten Noreg hev utvikla ein sterk dialektideologi.

Forklåringi ligg etter mitt syn i at dei tvo landi hadde heilt ulike historiske utgangspunkt for nasjonsbyggjingi.

Ein halvvegs siger for målrørsla?

Då eg tok upp desse spørsmåli i ordskiftet i Knarvik, understreka både Bodil Moss og Hjertrud Raknes at stoda for dialektane i Noreg hadde endra seg mykje, og at den norske dialekttoleransen skilde seg tydeleg frå haldningane i Tyskland og Italia.

Det hev dei sjølvsagt rett i.

Men eg meiner dette ikkje heilt svarar på det grunnleggjande spursmålet.

For det som hev lukkast i Noreg, er fyrst og fremst å gjera dialektbruken sosialt akseptabel. Det som ikkje hev lukkast i same mon, er å gjera nynorsken til det sjølvsagde, samlande uttrykket for det norske språkmangfaldet.

Her meiner eg målrørsla hev noko å tenkja yver.

I kampen for dialektfridom hev ein kann henda lagt for liti vekt på å utvikla ein nynorsk talekultur som kunde ha fungert som eit reelt alternativ til det bokmålsnære normaltalemålet.

Dermed hev bokmålet fått halda fram som det umarkerte fellesspråket, medan nynorsken i aukande grad vert uppfatta som eit alternativt skriftmål for dei som av historiske eller regionale grunnar ynskjer å nytta det.

Og når dette fyrst hev vorte den rådande språklege røyndomen, er det ikkje so merkelegt at òg folk med sterke dialektar vender seg mot bokmålet når dei ynskjer å nå fram til eit større publikum.

Den norske dialektfridomen er ein viktig demokratisk siger. Men han er ikkje det same som at det nynorske språkprosjektet hev lukkast.

Utfordringi for målrørsla frametter bør difor ikkje berre vera å verna retten til å tala dialekt. Ho bør òg vera å syna korleis dialektane høyrer saman i eit sams norsk språksystem, og gjeva nynorsken ein sterkare posisjon som levande språkideal.

For det er ikkje dialektane som treng mindre fridom.

Det er nynorsken som treng større sjølvsagd autoritet.

Olav Torheim