Ivar Melhuus Sehm takkar av etter 27 år i Data Respons og Akkodis

Etter 27 år i Data Respons og seinare Akkodis takkar Ivar Melhuus Sehm av som leiar for den norske R&D-verksemdi. Med dette er endå eit kapittel avslutta i soga um eit norsk teknologimiljø som voks seg stort nok til å verta kjøpt upp for milliardbeløp. For oss som hev fylgt Data Respons gjennom mange år, er dette eit høve til å sjå attende på både teknologisk utvikling, fagleg kompetanse og verdiskaping.

Ivar Andreas Melhuus Sehm hev vore ein sentral person i Data Respons sitt fagmiljø for elektronikk- og produktutvikling heilt sidan 1999. No, etter 27 år, hev han kunngjort på LinkedIn at han sluttar i Akkodis Norway R&D Services. Sebastian Eidem tek over leiingi av verksemdi.

I avskilshelsingi si takkar Sehm dei mange dyktige fagfolki han hev arbeidt saman med, og legg særleg vekt på kombinasjonen av teknologisk ekspertise, samarbeidsevne og arbeidsgleda som hev prega fagmiljøet.

Det er ei passande avrunding på ei lang karriere innanfor ein bransje der menneskeleg kompetanse framleis er den viktigaste ressursen.

Ivar Melhuus Sehm er ein mann med mange jarn i elden, som me kann sjå frå faksimilien frå Norsk-tysk handelskammer.

Frå norsk teknologimiljø til internasjonalt konsern

Data Respons var i mange år eit av dei mest interessante norske selskapi innanfor innebygde system, elektronikkutvikling og teknologiske konsulenttenestor.

Under leiding av Kenneth Ragnvaldsen voks selskapet frå ei norsk verksemd til eit internasjonalt teknologikonsern med verksemd i fleire europeiske land. Ragnvaldsen var konsernsjef i meir enn 20 år og spela ei sentral rolla i denne utviklingi.

I 2020 vart Data Respons kjøpt upp av franske AKKA Technologies. Kjøpesummen verdsette selskapet til kring 3,7 milliardar kroner. Det var eit handfast uttrykk for dei verdiane som hadde vorte bygde upp gjennom mange år med teknologiutvikling, kundearbeid og internasjonal ekspansjon.

Seinare vart AKKA ein del av Adecco-konsernet, og verksemdi vart integrert i Akkodis. I mars 2025 skifte Data Respons R&D Services AS namn til Akkodis Norway R&D Services AS.

Data Respons-namnet er soleides ikkje lenger det same samlande merkenamnet som det ein gong var. Men den teknologiske kompetansen og fagtradisjonen lever vidare.

Kenneth Ragnvaldsen takka sjølv av i 2024, etter kring 30 år i Data Respons. Han gjekk då vidare for å byggja upp eiga investerings- og familieverksemd.

Når no ogso Ivar Melhuus Sehm sluttar, er det tvo sentrale representantar for den gamle Data Respons-epoken som hev avslutta sine lange karrierar i verksemdi.

Ivar Melhuus Sehm takkar av på Linkedin.

Ivar Melhuus Sehm og filosofien um verdiskaping

I desember 2018 skreiv eg ein artikkel i Målmannen med tittelen «Interrupt Inside – innsikt i elektronikkutvikling». Der tok eg fyre meg Data Respons sitt fagmagasin Interrupt Inside, som hadde kome med sitt fyrste nummer i 2014.

Eit av dei interessante bidragi i dette fyrste nummeret var skrive av nettopp Ivar Melhuus Sehm.

Sehm tok utgangspunkt i eit grunnleggjande spørsmål: Kva er det ein kunde eigenleg kjøper når han leiger inn ein teknologikonsulent?

Svaret er meir enn arbeidstimar og teknisk kompetanse. Kunden ynskjer ein fagperson som kann forstå heilskapen i prosjektet, sjå problemstillingar som kunden sjølv ikkje nødvendigvis hev tenkt på, og koma fram til betre og meir kostnadseffektive løysingar.

Sehm la særleg vekt på det han kalla vertical competence: Ein ingeniør som skal utvikla elektronikk for olje- og gassindustrien, bør ikkje berre kunna elektronikk. Han bør ogso kjenna til dei særlege kravi, standardane og arbeidsmåtane som gjeld innanfor denne industrien.

Dette er ein filosofi som er like aktuell i 2026 som han var i 2014.

Det er nettopp kombinasjonen av teknisk spesialkompetanse og praktisk forståing for kunden sine behov som kann gjera ein konsulent til noko meir enn ein innleigd arbeidstakar.

Interrupt Inside – kunnskapsdeling som konkurransefyremun

Det som gjorde Interrupt Inside interessant, var at magasinet gjekk langt djupare enn vanlege produktpresentasjonar og marknadsføring.

Her kunde ein lesa um elektronikk for ekstreme temperaturar, um komponentar som gjeng ut or produksjon, um FPGA-teknologi og um korleis ein kann byggja pålitelege elektroniske system som skal fungera i mange år.

I 2018-artikkelen min drog eg mellom anna fram Henning Sjurseth sine røynslor med høgtemperaturelektronikk, Haldor Husby sine artiklar um komponenttilgang og krinskortteknologi, og Inge Nikolai Torsvik sin gjennomgang av SoC-FPGA.

Eg hadde sjølv gleda av å bidra til magasinet, saman med Lijiao Liu, med ein artikkel um elektronikk i eksplosjonsfårlege umgjevnader.

Dette var eit godt døme på at kunnskapsdeling ikkje treng vera ei motsetning til kommersiell verksemd. Tvert imot kann det vera med på å syna fram kompetansen i eit fagmiljø og gjera selskapet meir attraktivt for både kundar og framtidige medarbeidarar.

At Data Respons valde å satsa på eit slikt magasin, fortel noko um den faglege sjølvtilliten som fanst i organisasjonen.

Ein teknologisk arv som lever vidare

I dag er det tidlegare Data Respons-miljøet ein del av Akkodis, som arbeider med teknologiutvikling på ei rad umkverve.

Akkodis Norway R&D Services hev kring 70 spesialistar innanfor elektronikk, programvare, mekanikk og testing. Verksemdi arbeider med alt frå elektronikk som skal fungera på havbotnen i fleire tiår, til nye teknologiske løysingar for forsvar og industri.

Det er eit godt døme på korleis den gamle Data Respons-kompetansen hev funne nye bruksområde.

Sebastian Eidem, som no tek over etter Ivar Melhuus Sehm, hev varsla ambisjonar um vidare vekst, nye tenestor og langsiktige teknologiske partnarskap.

Det vert spanande å sjå korleis denne delen av Akkodis utviklar seg vidare.

Frå Data Respons til eiga verksemd

For min eigen del var åri i Data Respons ei lærerik tid. Eg fekk arbeida med avansert elektronikk, firmware-utvikling og teknologiske problemstillingar som eg sidan hev havt mykje nytte av.

Etter tidi i Data Respons gjekk eg vidare med å byggja upp mitt eige ingeniør- og teknologiselskap. Her hev eg fått høve til å arbeida vidare med mange av dei same grunnleggjande utfordringane, men no med større vekt på automatisering, styringssystem og integrasjon av elektronikk og programvare.

Røynslone frå Data Respons hev vore ein del av det faglege grunnlaget eg har teke med meg vidare.

Det er gjerne slik kompetanseutvikling fungerer i teknologibransjen: Kunnskap og røynslor vert tekne med frå eitt prosjekt til det neste, frå ei verksemd til ei onnor, og frå etablerte fagmiljø til nye gründerverksemder.

Eit nytt kapittel for Ivar Melhuus Sehm

Etter 27 år i same fagmiljø er det naturleg at ein lang karriere gjev grunn til ettertanke.

I avskilshelsingi si skriv Sehm at han ser fram til nye perspektiv og moglegheiter. Han takkar medarbeidarar, kundar og samarbeidspartnarar og ynskjer etterfylgjaren Sebastian Eidem lukke til.

Med sin lange bakgrunn frå elektronikkindustrien og leiding av teknologiske utviklingsmiljø hev Ivar Melhuus Sehm vore med på ei interessant epoke i norsk teknologihistorie.

Data Respons voks frå ei norsk teknologiverksemd til eit internasjonalt selskap som til slutt vart kjøpt upp for fleire milliardar kroner. Undervegs vart det bygt upp fagmiljø som framleis er aktive og relevante i ein stadig meir teknologisk avansert industri.

Det er verdt å minnast at bak slike utviklingssoger finn ein ikkje berre investorar, konsernstrategiar og oppkjøp. Ein finn òg ingeniørar, utviklarar og faglege leiarar som gjennom mange år hev bygt upp den kompetansen som gjer verdiskapingi mogleg.

Eg ynskjer Ivar Melhuus Sehm lukke til med det neste kapitlet.

Olav Torheim