Kemi Seba – afrikansk nasjonalisme

Kemi Seba er eit namn som er so godt som ukjent i den norske ålmenta, men som er vide kjent i den franskspråklege, afrikanske verdi. Kemi Seba er ein av dei mest markerte svarte nasjonalistane i dag. Ein kann lesa og læra meir um det politiske virket hans i dei sjølvbiografiske bøkene “Supra-negriture” (2013) og “Black Nihilism” (2014).

Kemi Seba vart fødd i 1981. Han voks upp i Strasbourg i Frankrike. Foreldri hans var akademikarar med innvandrarbakgrunn frå Benin. Heilt frå barndomen av var han uppteken av dei afrikanske røtene sine, og når han kom i tenåri so tok han kontakt med panafrikanske Nation of Islam (NOI), den same rørsla som i si tid fostra personar som Malcolm X, Muhammed Ali og Louis Farrakhan. Hjå desse lærde han seg både sjølvdisiplin og asketisk livførsla – attåt kunnskap um afrikansk soga, kultur og identitet.

Tribu KA: Gamalegyptisk panafrikanisme

Nation of Islam var likevel berre byrjingi på den politiske reisa som Kemi Seba hadde gjeve seg ut på. Han vilde ikkje nøgja seg med å lesa og studera, han vilde gjera politikk ut av det. Etter nokre år so braut han med trudomsbrørne sine i Nation of Islam for å grunnleggja eit mykje meir radikalt prosjekt: Tribu KA.

Kemi Seba (Foto: Wikipedia)

Kemi Seba (Foto: Wikipedia)

Tribu KA var ein politisk-religiøs organisasjon som var tufta på kemitismen, ei slags panafrikansk vidareføring av den gamalegyptiske trui. Med Tribu KA gjorde Kemi Seba seg eit namn i heile den franske ålmenta, dei køyrde ei svært aggressiv, afro-sjåvinistisk lina der dei freista fremja interessone åt dei svarte afrikanarane, og ved fleire høve hamna dei i konflikt med andre minoritetsgruppor. Tribu KA vart til slutt tvangsuppløyst av styresmaktene og Kemi Seba hamna sjølv i fengsel.

Tidi i fengselet fekk Kemi Seba til å tenkja etter kva det var han hadde halde på med. Han innsåg at aktivismen hans var på ville vegar, og at kemitismen var eit politisk og religiøst blindspor. Religiøst vart det for einsynt, og politisk hadde han berre sett gruppor upp mot einannan som i staden burde stå saman. Når han kjem ut att frå fengselet, so ventar kampfelagane hans at han skal halda fram som han stemnar, men i millomtidi er han komen på nye tankar.

Frå afrikansk ultranasjonalisme til kamp mot globaliseringi

Kemitismen var vorten populær millom afrikanskætta innvandrarar i Europa, men han hadde til sjuande og sist lite å gjera med den røyndomen som innfødde afrikanarar i Afrika stend uppe i. Det var ein moderne rekonstruksjonisme, same korleis ein snudde og vende på det. Kemitismen hadde brodd mot både islam og kristendomen, men Kemi Seba ynskte noko som kunde samla alle dei afrikanske spiritualitetane – anten det no var kristelegt, islamsk, animistisk eller eitkvart anna autentisk afrikansk. Den integrale tradisjonalismen til Rene Guenon, som Kemi Seba hadde nytta tidi til å studera i fengselet, gav honom lykjelen.

Rene Guenon såg mot aust og vilde nytta den livande, austlege tradisjonen til å blåsa nytt liv i den vestlege som det etter hans syn berre fanst brotstykkje att av. Kemi Seba ser derimot mot Afrika, sidan han meiner dei fyrste menneski kom derifrå.

Dei nye innsynene nyttar Kemi Seba til å grunnleggja det som han kallar for Tribu KA2P. Dei tvo p’ane stend for “perennialisme” og “panafrikanisme”. På det esoteriske planet stend dei for tradisjonalisme og på det eksoteriske, politiske planet stend dei for panafrikanisme. Denne gongen sviv det seg um ein panafrikanisme som ikkje svivyrder andre folkeslag, men der ein snarare ynskjer å stå saman med andre tynte folkeslag i kampen mot globaliseringi. Takk vere den integrale tradisjonalismen, so hev han funne fram til eit prosjekt som er solid røtt i afrikansk tradisjon utan å verta noko reint afrosentrert slik kemitismen var det.

Slik skynar me kvifor han gjeve bøkene sine titlar som “Supra-Negritude” og “Black Nihilism”. For Kemi Seba sviv det seg um meir enn eit navleskodande vern um afrikanske seder og skikkar, meir enn å berre vera ein “neger” som er seg sjølv nok. Den integrale tradisjonen som Rene Guenon talar um er ikkje menneskeleg. snarare guddommeleg. Han som maktar å sjå forbi det som einast er menneskeskapte skikkar og konvensjonar og soleides nå fram til det som verkelegt er Tradisjonen med stor T, han stend ikkje lenger for noko reint menneskelegt, men for noko yvermenneskelegt. Han gjeng frå “negritude” til “supra-negritude”. Kor som er, skal ein vera i stand til dette, so krevst det at ein torer sjå kritisk på det som til daglegt vert framstelt som “tradisjon”. Kva er det som verkelegt er genuint, verkelegt verdt å taka vare på? Ein må – som ein Nietschze – vera viljug til å kasta vrak på alt det som syner seg å ikkje halda mål. Ein “svart nihilisme” som helder vil sitja att med ingenting enn med noko som ikkje når upp til dei høgi ideali.

Attende til Afrika

I motsetnad til andre svarte interessegruppor, so meiner Kemi Seba at afrikanarar høyrer heime i Afrika. Han arbeider for at den afrikanske diasporaen skal reisa heim att og byggja upp att sine eigne heimland. Sjølv hev han teke fylgjone av dette og flutt til Senegal, der han gjeng i brodden for ei rad ulike sosiale prosjekt – til dømes ein eigen mikrokredittbank.

Kemi Seba hev med andre ord gjenge vegen frå NOI via kemitisme til integraltradisjonalisme. Men det er ingen angrande syndar som me les um i bøkene hans, det er snarare ein som hev lært av mistaki sine og nytta dei til å koma seg vidare.

Europeiske nasjonalistar er millom dei kvite som han kann respektera, skal Kemi Seba ein gong ha sagt. I alle høve er det forvitnelegt å sjå at det uavhengig av kultur og hudfarge finst menneske som kjenner på den same misnøgja med det globaliserte, moderne samfundet – og som vil gjera noko med det. Slikt gjev von for framtidi.

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2015. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!