Papirtidskriftet Document.no: Usamanhangande um islamisme

Nettstaden document.no treng neppe nokon umfemnande introduksjon. Den drivande krafti attum nettstaden hev sidan 2003 vore den tidlegare journalisten Hans Rustad, og nettstaden hev stødt fenge aukande tilslutnad – med eit yrande og til tider sers hugvekkjande kommentarfelt. Den islamkritiske nettstaden kom i hardt ver etter 22. juli 2011, men makta rida stormen av og koma seg upp att i kneståande. I det seinaste hev dei jamvel byrja gjeva ut sitt eige papirtidskrift, og nylegt kom det tridje i rekkja.

Det siste nummeret er kløyvd upp i tri hovudbolkar. Etter mitt syn er den fyrste bolken heilt klårt den veikaste og den andre bolken den desidert beste. Den fyrste bolken tek fyre seg den islamske brorskapen medan den siste bolken tek fyre seg det ytringsfridomsordskiftet som kom i kjølvatnet av Lars Vilks sitt fyredrag på Deichmanske tidlegare i år.  Den tridje bolken er ein slags uppsamlingsbolk der ein finn artiklar um ei rad ulike emne som ikkje høver so godt inn i dei tvo fyrste.

Framsida på tridje utgåva av Document-tidskriftet.

Framsida på tridje utgåva av Document-tidskriftet.

“Islamsk fascisme”, kva er det?

I den fyrste bolken freistar gjesteskribenten Hamed Abdel-Samad å spinna ein tråd frå den europeiske fascismen på 1930-talet og fram til den islamske brorskapen i vår tid (“Den islamske fascismen” er elles titelen på ei bok av Abdel-Samad som document.no nyss hev gjeve ut og aktivt reklamerar for på nettstaden sin). Sjølv tykkjer eg artikkelforfattaren lukkast dårlegt med dette. Artikkelen vert til ein langhalm full med anekdotar og avstikkarar. Det gjer det vandslegt å halda tråden, kann henda av di han rett og slett vert for tynn?

Det som er klårt er at det finst ingen autoritativ definisjon på “fascisme”. Kva som er fascisme skil seg på kven det er ein spyrr. Um “fascisme” i det heile er eit meiningsfullt umgrip å nytta på det som upp gjenom soga hev vore svært ulike politiske rørslor og straumdrag med nasjonalistisk tilsnitt, det er i seg sjølv umdryftelegt.

Skulde det gjeva meining å tala um ein islamsk fascisme, so laut artikkelforfattaren ha byrja med ein analyse som gjorde greida for det ein sjølv meiner skulde vera hovuddragi i fascismen, og deretter ettervisa at ein finn dei same hovuddragi i islamismen. Kor som er, dette gjer artikkelforfattaren aldri. I staden kjem Abdel-Samad med ei rad anekdotiske jamføringar yver heile lina: Nokre gonger er det Italia under Mussolini som skal tena til referanse, andre gonger er det med utgangspunkt i høgst diskutable påstandar um stoda i Hitler-Tyskland.

Å skjera tvo vidt ulike regime som det fascistiske Italia og det nasjonalsosialistiske Tyskland yver èin kamb som èin og same “fascisme” er i seg sjølv problematisk. Men i staden for å problematisera denne samanstellingi, so freistar artikkelforfattaren å utvida henne til å gjelda ei heilt onnor politisk ovring, den moderne islamismen av vår tid.

Slik eg tolkar artikkelforfattaren, so meiner han at islamismen og fascismen hev det sams at det er ein reaksjon mot det moderne og liberale samfundet. Det er motstand mot upplysning og fornuft, krav um at ein blindt skal underkasta seg ein autoritet. At dette er kjennemerke på den wahabittiske islamismen som råder i det USA-allierte Saudi-Arabia er sikkert og visst, men skal dette verkelegt vera samlande både for den islamske verdi i sin heilskap – og for heile det store mangfeldet av nasjonalistiske politiske straumdrag i Europa som er vortne freista presse ned i sekkeumgripet “fascisme”?

Ikkje ein gong um me gjeng til dei tvo landi som i vanleg, vinstreorientert språkbruk hev vorte karakteriserte som “fascistiske”, Italia og Hitler-Tyskland, so gjev det serlegt meining å jamføra fascisme og islamisme. Nokre kjensgjerningar som ligg upp i dagen er til dømes at:

  • I det wahabittiske Saudi-Arabia fær ikkje kvinnor lov til å køyra bil. I det tridje riket var det Hanna Reitsch som var testpilot for dei nye jagarflyi.
  • I Irak og Syria freistar IS å fjerna alle spor etter tradisjonar frå tidi fyre islamiseringi. I Italia og Tyskland land var det derimot ei sterk interessa for det fyrrkristne og heidenske.
  • Medan IS knuser gamal og verdfull kunst, so hadde ein i det tridje riket nyskapande bilæthoggarar som Arno Breker – for ikkje å snakka um Italia sine futuristiske kunstnarar som til dømes Alfredo Gauro Ambrosini.

Nei, i møtet med fundamentalistisk islam so er det ikkje noko attersyn korkje med det fascistiske Italia eller det nasjonalsosialistiske Tyskland. Det er snarare eit møte med noko som alltid hev vore oss europearar framandt. Religion og spiritualitet hev me alltid havt i Europa, jamvel lenge fyre kristendomen kom. Men europearar hev aldri vore motstandarar av teknologi og framsteg – grunnleggjande sett. Visst hev me upp gjenom soga havt både inkvisisjon og heksebrenning, men kjensgjerningi er at europearane alltid hev kome seg vidare – endå um det ofte hev teke både tid og energi. Kristendomen hev kunna endra seg når ein såg at det ein trudde kom i konflikt med fornuft og vitskap, problematiske skriftstader hev ein kunna tolka på nyo. Slik er det ikkje med delar av islam: Di meir røyndomsfjernt eit forbod eller eit påbod er, di frummare er den muslimen som likevel insisterar på å underkasta seg det. Og det er nett dette som stend so skarpt i motstrid til ein lov-religion som den islamske, og som gjer den europeiske religiøsiteten so grunnleggjande ulik frå den som kjem frå Midtausten.

Artikkelforfattaren freistar vidare å gjera eit stort nummer ut av at stormuftien i Jerusalem, Haj Amin Al-Husseini – som var onkelen til den seinare PLO-leidaren Yassir Arafat – skal ha samarbeidd med Hitler og vore med på skipa ein bosnisk-muslimsk SS-divisjon, Handschar. Denne divisjonen vart operativ heilt på slutten av krigen og vart aldri den suksessen som tyskarane hadde vona på. Likevel er det nett stormuftien av Jerusalem og SS Division Handschar som både document.no og mange andre “islamkritikarar” hev freista nytta som bindelekken millom PLO og nazismen. Det er her eg byrjar falla av lasset: Kvar vart islamismen av? Var ikkje PLO ein sekulær og nasjonalistisk paraplyorganisasjon for ei rad ulike palestinske gruppor? Fatah og PFLP er døme på nasjonalistiske og kommunistiske gruppor, ikkje islamistiske. Den islamistiske rørsla Hamas kom mykje seinare, og det var i fråværet av ei politisk løysing med dei nasjonalistiske og sekulære palestinske gruppone som tidlegare rådde grunnen åleine.

Her kjem då heilgarderingi: Den islamske verdi er ingenting anna enn eit hav av diktatur, meiner Abdel-Samad: “Man kan forestille seg den arabiske verden som et multi-diktatur, en løk som består av flere lag av diktaturer. […] Hvert lag av løken er en høy mur som isolerer den islamske verden fra den øvrige verden”. Anten det er Saddam Hussein sitt Irak, Hafez Al-Assad sitt Syria eller Ghadaffi sitt Libya. Det er vestlegt demokrati mot islamsk diktatur som vert gjorde til motsetnadspari.

Gjev dette meining? Ja, det gjev meining dersom ein vil driva apologi for USA og Vesten sine intervensjonar i Irak, Libya og Syria – slik document.no hev gjort både tidt og ofte. Det gjev meining for dei som meiner at liberalt demokrati er den universelt rette styreformi som “me” hev rett til å tvinga på andre. Derimot gjev det ikkje serlegt meining dersom ein freistar å forstå den komplekse maktbalansen som hev vore millom dei ulike etniske og politiske gruppone i den muslimske verdi. Det var til dømes Irak under Saddam Hussein som var den sterkaste stydjespelaren åt dei kristne i Libanon under borgarkrigen på 1980-talet. Og det er det nasjonalistiske Baath-regimet åt Bashir Al-Assad, alliert med den islamske republikken Iran, som vernar dei kristne og alawittiske minoritetane mot dei islamistiske upprørarane i Al Nusra-fronten og Den Islamske Staten.

Og den islamske staten, kva kann det amerikanske militærnjosnarstellet fortelja um deira stydjespelarar? Jau, i eit dokument frå 7. august 2012 heiter det at “there is the possibility of establishing a declared or undeclared salafist principality in Eastern Syria (…), and this is exactly what the supporting power to the opposition wants….

"Terrormilitser med SA og SS som forbilde", skriv Abdel-Samad um dei islamistiske upprørsgruppone, men er denne analogien noko meir enn eit billegt retorisk grep?

«Terrormilitser med SA og SS som forbilde», skriv Abdel-Samad um dei islamistiske upprørsgruppone, men er denne analogien noko meir enn eit billegt retorisk grep? Kva hadde desse gruppone vore utan statane og njosnartenestone som væpnar og finansierar dei?

Sakleg vert den “islamofascistiske” vinklingi åt Abdel-Samad i alle fall ikkje. Ho vert ståande att som ein leik med ord, og det er berre trøyttande i lengdi for lesarar med ei opi og sanningssøkjande tilnærming til problematikken.

Sjå elles vår eigen artikkel, “Nei, islamismen er ingen fascisme” av Raoul Fougaux, som me umsette frå fransk og publiserte på maalmannen.no tidlegare i vår.

Kunst, politikk og ytringsfridom

I den andre bolken av Document-tidskriftet er me attende i vårt eige Noreg – og til det uppstusset som kom i samband med Lars Vilk sitt fyredrag på Deichmanske tidlegare i år. På dette møtet, som Antirasistisk Senter og Radikal Portal fåfengt freista å stogga, so skulde kunstteoretikaren Vilks greida ut um arbeidet åt den svenske kunstnaren Dan Park – ein kunstnar som i det politisk korrekte Sverike hev upplivd å få kunstverki sine konfiskerte frå galleriet av Politiet, og som jamvel er vorten dømd for kunstverki sine.

Det er i denne andre bolken, der ein freistar problematisera tilhøvet millom kunst og ytringsfridom, at den prinsipielle tenkjaren Hans Rustad endelegt kjem til sin rett. I stykkjet “Ytringsfrihet er ikke å gjøre noen en tjeneste” so kjem han med eit knusande svar til Antirasistisk Senter og alle dei hine som freista å stogga Document.no sitt debattmøte med Lars Vilks um kunst og ytringsfridom. Eit fritt og ope ordskifte er ein fyresetnad for å kunna ha eit fritt og ope samfund. Kor som er, dei sjølvutnemnde meiningsvaktarane gjer nett det som dei skuldar andre for: Dei gjer politikk til estetikk.

Kva slags meiningar som kann ytrast og kva slags fakta som kann presenterast vert hjå dei vinstreradikale til eit spursmål um politisk smak. Dreg ein fram ufjelge fakta, då hev ein dårleg smak. Det er vulgært. Me er soleides attende der at det er visse ting som ein ikkje kann snakka um dersom ein vil vera “anstendig”, nett som i Viktoria-tidi. Men no er det ein raud og ikkje ein blå besteborgarskap som set dagsetelen.

Likeins er det med kunsten. Aktivistane som vilde stogga debattmøtet med Vilks hevda at det ikkje var noko å diskutera. Kunsten til Dan Park er ingen kunst, det er hatytringar. Ein spade er ein spade og ein nazist er ein nazist, hevdar dei um Dan Park. Men kven er det som avgjer kva eit kunstverk representerar? Er det alltid slik at ein spade er ein spade? Rustad dreg “La trahison des images” (Bilætsviket) av den surrealistiske bilætkunstnaren Rene Magritte fram som eit døme. Det er eit bilæte av ei pipe, og innunder pipa heiter det at “Ceci n’est pas un pipe” (dette er ikkje ei pipa).

I litteraturvitskapen er det grunnleggjande å kunna skilja tema frå motiv, og likeins er det med bilætkunsten. Kunst og politikk hev det soleides sams at det sviv seg um representasjon. Kva eit bilæte representerar skil seg på augo som ser. Kva slags verdiar og interessor ein politikar eller samfundsdebattant målber kjem det stødt til å vera ulike meiningar um. Den einaste måten å finna det ut på er å ta debatten. Men det er nett det som dei sjølvuppnemnde meiningsvaktarane ikkje vil. Dei ynskjer å sjølve avgjera kven det er som er verdige til å vera med i det offentlege ordskiftet, og det på grunnlag av deira eigne meiningar um kva andre “eigenlegt” stend for (so kann dei sitja der og diskutera med seg sjølve um “ekkokammeri” som finst der ute…).

Um eg skulde ha gjeve Rustad ei utbjoding på den siste bolken um ytringsfridom, so skulde eg gjerne ha lika å vita kva Rustad meiner um den politikken som styresmaktene og rettsstellet i Tyskland og Frankrike hev ført mot personar som Horst Mahler og Dieudonne M’Bala M’Bala? Å be for si eigi sjuke mor er ein ting, å føra eit konsekvent forsvar for ytringsfridomen er noko anna. Ein kann meina kva ein vil um ytringane til dei nemnde personane, men fakta er at ingen av desse personane hadde vorte dømde for ytringane sine um dei hadde budd i Noreg. Horst Mahler fekk 12 års fengsel – i praksis livsvarig fengsel når ein tek alder og helsetilstand med i reknestykkjet – berre på det grunnlaget at hans eigne tankar og meiningar i seg sjølv er for brotsverk å rekna.

I Noreg hev ytringsfridomen framleis eit sterkt vern, samstundes pressar EU på med råmevedtak som skal slå ned på “hatefulle ytringar” yver heile Europa. Kvar hen document-redaksjonen steller seg i denne saki hev me framleis til gode å sjå.

Ein altfor grunn analyse

Hans Rustad og Document-miljøet er sterke på å skildra og kommentera stoda i “det nye Noreg”. Når dei freistar setja stoda inn i eit større samanheng, tykkjer eg derimot at analysen kollapsar. Dei problemi me ser i dag med masseinnvandring, islamisering og normuppløysing er ein konsekvens av at det hevdvunne, tradisjonelle samfundet er vorte bytt ut med eit moderne forbrukarsamfund. Ein kann ikkje klaga yver vantande integrasjon frå innvandrarane si sida når det einaste “me” sjølve hev å tilby er ein rotlaus materialisme.

Fascismen i Europa vart nedkjempa i 1945 med brutal våpenmakt, og det er ikkje “fascismen” å takka at velferdsstaten i dag knakar under vekti av folkegruppor som aldri hev lært seg ord som “dugnad” eller “spleiselag”. Document.no hev i 12 år gjort ein bra jobb med å “documentera” dei problemi som masseinnvandringi fører til, og då serskilt innvandring frå muslimske land, men svaret på dette kann ikkje vera å slå ring um den samfundsmodellen og dei maktene som hev gjeve oss desse problemi i utgangspunktet.

Ein må gjerne arga seg yver vitlause utspel frå islamske leidarar og aktivistar på ytste vinstrevingen, slik document-redaksjonen gjer både tidt og ofte, men kva hadde dei i grunnen venta seg, og er det ikkje tid for å setja innvandringsdebatten inn i eit større perspektiv? Hjelper det å klaga yver vantande handlekraft hjå rikspolitikarane når det alt er åt å verta lenge sidan Noreg var eit sjølvstendig land på det økonomiske og utanrikspolitiske umkvervet? Er ikkje den liberale høgresida minst like medskuldig i masseinnvandringi som det ekstremvinstre skulde vera? Med FrP i riksstyret hev innvandringi vorte rekordstor, og um løyndespelet kring TISA/TTIP skulde lukkast so kjem handlingsromet for å gjera noko med desse problemi berre til å verta endå mindre i tidi som kjem.

Og sist, men ikkje minst: Er det verkelegt eit einsidig, negativt islamfokus som fører innvandringsdebatten vidare? Hadde masseinnvandring som gjer nordmenner til minoritet i eige land vore heilt i orden berre innvandrarane var kristne afrikanarar frå Kongo og Angola? Slik eg ser det, so var det den vinstreorienterte miljøvernaren Steinar Lem som sette skåpet på plass i det han slo fast at norsk kultur og identitet var minst like verneverdig som den til tibetanarane. Vårt språk, vår kultur, vår etniske eigenart, det er noko eksklusivt og verdfullt som me både hev rett og plikt til å taka vare på. I denne konstateringi ligg det ikkje nokor nedvurdering av andre kulturar og folk, og nett difor kann me helder ikkje få oss til å tru at alle kjem til å verta gode sosialdemokratar eller liberalkonservative humanistar berre dei kjem til oss.

Nei, vår kultur og våre verdiar er ikkje noko universelt som må trykkjast på alle andre folk med bombor og våpenmakt, slik apologetane for USA og NATO sine intervensjonar i Serbia, Irak og Libya ser ut til å meina. Tvert imot, eit truverdig forsvar for norsk og europeisk kultur inneber at ein styd den kampen som andre folk yver heile verdi fører for å liva sine liv på sine vilkår. Og med åtakskrigen mot Libya, islamist-infiltrasjonen i Syria – og dei etterfylgjande flyktningestraumane yver Millomhavet – so byrjar samanhengane å verta tydelege nok for mange av oss.

I informasjonsteorien er det grunnleggjande at ein må skilja millom data og informasjon. Skal ein gjera data um til informasjon, so treng ein fornuftige utvalskriterium. Skal ein ikkje drukna i datastraumen, so lyt ein filtrera, ekstrahera, analysera. Å produsera «documentasjon» yver mangkulturens konsekvensar slik den nemnde nettstaden hev gjort i eit tiår no er rett og slett ikkje nok! Det trengst ein analyse som set stoda i samanheng, både demografisk, økonomisk og geopolitisk, ein analyse som skaper rom for handling. Vinstreekstremistar og fundamentalistiske muslimar kann gjera mykje ugagn, men det er til sjuande og sist ikkje desse som sit med mediemakti, det er ikkje desse som styrer dei store internasjonale finansinstitusjonane, det er ikkje desse som er i posisjon til å avgjera kva for regime og statsleidarar som hev livsens rett og kven som ikkje hev det («Me kom, me såg, han døydde», sagde Hillary Clinton um Muhammad Gadaffi etter at han hadde vorte bestialsk drepen og sodomisert med kniv). Dei som ynskjer å finna desse samanhengane lyt leita andre stader enn på document.no. I millomtidi pressar røyndomen seg meir og meir på…

Olav Torheim