Gadaffi sitt siste glis

«De kjem til å få masseinnvandring, tusundtals menneske kjem til å trengja seg inn i Europa frå Libya. Og ingen kjem til å stogga deim. «

Inntrengjarar? Flyktningar? Skal ein stengja nokre ute og sleppa inn andre? Kva er verst, halda flyktningar attende eller sleppa inntrengjarar inn? Kva skal me gjera med deim? Og kva med oss sjølve? Er det ei humanitær krisa eller eit pådrag frå ein ekspanderande islamisme?

Millom alle desse spursmåli som vert stelte i ålmenta – spursmål som alle er meir eller mindre sakssvarande når ein ser det frå semantisk, politisk, ideologisk, juridisk, logistisk eller frå eit heilt anna hald – so er det eitt spursmål som glimrar med sitt fråvær… Alle desse menneski som kjem, same kva ein vel å kalla deim, kjem dei for skuld krigen eller kjem dei takk vere krigen?

Muammar Gadaffi (1942-2011)

Muammar Gadaffi (1942-2011)

Eg hev gjort meg nokre tankar um dette. Mine eigne småe tankar. Desse tankane var det Gadaffi sjølv som kviskra meg i øyra, rett fyre han vart burte frå denne jordi. Det som han sa, det kjenner seg som eit trugsmål, eit utilslørt trugsmål, lagt fram som ein spådom. Det var i mars 2011, i eit intervju som diktatoren hadde gjeve til ein journalist frå Le Journal Du Dimanche («Sundagsavisa»). Hugsar du det kanskje no, det er ikkje so lenge sida… ? Å nei, det kunde eg vel ha tenkt meg. Orsak so mykje, me hev alle eit låkt stuttidsminne. Men likevel, um ein berre held øyra opne, so tenkjer eg du kann kjenna at det som denne mannen sa – fyre han døydde eit par vikor seinar – det er ord som skjelv i lufti enno:

«Dersom ein destabiliserar […], då er det slik det kjem til å gå. De kjem til å få masseinnvandring, tusundtals menneske kjem til å trengja seg inn i Europa frå Libya. Og ingen kjem til å stogga deim. […] Det som eg vil at de skal skyna, det er at stoda er ålvorleg for heile den vestlege verdi og for heile Millomhavsregionen… Korleis kann det ha seg at dei europeiske leidarane ikkje ser det? Det er upplagt at terrorismen kann koma til å spreida seg yver heile verdi.»

«Korleis kann det ha seg at dei europeiske leidarane ikkje ser det?» Ja, det, min kjære Muammar, det skulde eg òg gjerne ha lika å vita!

Altso, um nokon her hev ein idé… ?

Og medan me ventar, kann du vera so venleg å turka burt det gliset?

Maxime Sentence