Jacques Brel – Når ein berre hev kjærleik

Edit Piaf kjenner nok dei fleste til, men kva med Jacques Brel (1929-1978)? Båe tvo var  lysande stjernor innanfor fransk musikkliv, og båe tvo reiste i førtiårsalderen so altfor tidlegt i frå oss – grunna kreftsjukdom.

Belgiaren Jacques Brel hadde etter måten mange talent, og det musikalske var berre endå ei ny sida ved seg sjølv som han kom til å uppdaga i vaksen alder:

Berre 15 år gamal hadde han skrive hopetal med dikt og novellor, kveikt av forfattarar som Jules Verne og Jack London, og då han var 16, skipa han ei teatergruppa som framførde hans eigne stykkje.

Jacques Brel, teikna av Joelle Chen.

Jacques Brel, teikna av Joelle Chen.

Faren hans fær honom med i familiebedrifti “Vanneste & Brel”, der han frå 1947 til 1953 arbeider i salsdeildi, men utan nemnande interessa for denne verksemdi.

For på dette tidspunktet er det musikar han hev lyst til å verta. Han komponerar dei fyrste songane sine på familien sitt piano, og det utan å nokon gong ha drive med musikk tidlegare. Frå 1952 av framfører han sin eigen musikk i ymse slags huslydshøve. Familien ser at han verkelegt hev noko å fara med, og uppmodar honom um å gå vidare med musikken. Brel reiser so til Paris, der han freistar gjera eit livebrød or musikken sin.

I 1956 kjem so gjenombrotet, “Quand on n’a que l’amour” (“Når ein ikkje hev anna enn kjærleik”). Frankrike er midt i Algerie-krigen, og songen er frå Brel si sida ein freistnad på å skildra den maktesløysa som vanlege folk kjenner andsynes denne krigen. Songen sermerkjer seg med den dramatiske progresjonen i både melodi og songrøyst som seinare er vorten kalla eit “brelsk crescendo”.

I slutten av 1959 kjem tvo nye klassikarar,  “La valse à mille temps” (“Vals til tusund”) og “Ne me quitte pas” (“Gakk ikkje frå meg”, ein av dei fåe songane som kann bringa meg til tåror). I åri som fylgjer vert han so umtykt at han kann halda fleire konsertar enn det er dagar i året – gripande konsertar der han er vel so mykje  skodespelar som han er songar.

Brel uppliver dramatiske hendingar i familien sin, og byrjar skriva meir og meir dramatiske songar med – som “Amsterdam” i 1964. Med “Ces gens la” (“Dei folki der burte”) er han i 1966 på høgdi av si musikalske makt, men det er nett då at han finn ut at han vil gje seg medan leiken er god.  I ti år er han aktiv som skodespelar innanfor film og teater, fyre han i 1977 kjem attende med den siste plata si, “Les Marquises”, som vert seld i milliontals næme. Atterkoma er likevel meir for eit farvel å rekna, for på denne tidi er han allereide ålvorleg kreftsjuk, og året etter er han daud.

David Bowie og Celine Dion er millom dei mange artistane som seinare hev spela inn eigne tolkingar av songane hans.

Ornella Winter

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!