Statsgrensone brest, men kva med dei mentale barrierane?

Medan den ovstore asyltilstrøymingi vert møtt med resignasjon og greinaløysa i Europa elles, so set folk i Ungarn og Finland seg til motverje. I Ungarn hev styresmaktene stengt grensone og i Finland hev store folkemassar laga ei menneskekjeda på svenskegrensa for å stogga asylstraumen. Det er verdt å merka seg at desse tvo landi ikkje berre stikk seg ut politisk, dei stikk seg ut språklegt med.  Kann det vera ein samanheng her?

Det som er sikkert er at professor Frode Jens Strømnes i si tid kunde ettervisa at ulike språk svara til ulike måtar å tenkja på – ulike måtar å konseptualisera og organisera røyndomen ikring seg på. Frode Strømnes studerte framfor alt skilnadene millom svensk og finsk, og han kom fram til at den svenske fyrestellingsverdi (indo-europeisk) var ein vektorgeometri som lagde vinn på rørslor i eit tridimensjonalt rom, medan den finske (finsk-ugrisk) var ein tvodimensjonal topologisk modell som lagde vinn på tilhøvet millom grensor.

Torneå i Finland: Ei menneskemasse sperrar grensa mot Sverike, med krav um stogg i asylstraumen.

Torneå på svenskegrensa: «Trygt Finland». Ein menneskemasse sperrar grensa mot Sverike, med krav um stogg i asylstraumen.

Kva er det so me ser i dag? I land som Austerrike, Tyskland og Sverike – sistnemnde land tek no imot 2000 asylsøkjarar kvar einaste dag – so heiter det at den store menneskestraumen er noko som ikkje let seg stogga. Det er einast noko ein kann kanalysera og leggja til rettes for med asylmottak, umfordelingslyklar og integreringstiltak. I Ungarn og Finland, som båe høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien, so ser ein det derimot onnorleis: Der set dei seg ned og ser på  kartet (2D), dei teiknar upp grensone og dei sikrar desse med gjerde og vakttårn. Det må vera grensor, er både finnar og ungararar tydelege på.

Det er med andre ord likt til at finnar/ungarar og svenskar/tyskarar tek hand um asylproblematikken på ein måte som svarar til dei mentale modellane som språki deira byggjer på. I Tyskland er ein uppteken av å kanalysera flyktningstraumen vidare inn i dei vesteuropeiske samfundi (styra rørslor) medan ein i Ungarn og Finland er uppteken av å gjeva migrantane ei klår melding um at her kjem dei ikkje vidare (relasjonar millom grensor).

Både Ungarn og Finland hev det dessutan sams at dei kjempa mot Sovjetunionen under den andre heimskrigen, allierte med Tyskland. Kor som er: Medan Tyskland i dag er både kraftlaust og makteslaust i møte med dei nye folkevandringane, so er stemningi ei heilt onnor i våre finsk-ugriske granneland i aust. Der let ein ikkje ei vanskeleg fortid vera til hinder for å møta flokar som kjem upp i dag.

Me veit at i eit rørslebasert vektorsystem so stend kausaliteten sentralt: Verknad fylgjer årsak heile vegen. Når tyskarane aldri kjem seg vidare frå skuldkomplekset etter andre heimskrigen, so kann det kanskje ha noko med dette å gjera? Spursmålet er verdt å stella seg.

I Finland og Ungarn treng ein i alle fall ikkje å skjemmast for å vera nasjonalist. Til dømes hev ein i Finland store festivalar der nasjonalsinna svartmetallgruppor fær stå på scena – og i Ungarn hev den tjodlynde musikkfestivalen Magyar Sziget samla titusundtals menneske kvart einaste år. Denne festivalen er vorten skipa til av den ungarske ungdomsrørsla HVIM, som hev vore leidd av Laszlo Toroczkai. Det er nett den same Laszlo Toroczkai som for snaude tvo år sidan – med meir enn 70 prosent av røystene – vart vald til borgarmeister i ein by på grensa til Serbia, Ásotthalom. Og det er takk vere det politiske arbeidet som han og rørsla hans hev gjort at det både vart bygt eit grensegjerde og sytt for vakthald av dette.

Her kjem me til endå eit poeng: «Det er ittjnå som kjem tå seg sjøl». Når styresmaktene i Ungarn faktisk stend på barrikadane for heile Europa og freistar stogga den massive asylstraumen frå Nord-Afrika og Midtausten, so er det av di det er vorte lagt eit kulturelt og politisk grunnlag for dette i lang tid fyreåt.

No spelar dei ballen vidare til resten av Europa…

Er det noko i den finsk-ugriske mentaliteten som gjer at ein ikkje berre let ting skje, men at ein faktisk reiser seg og kjempar? Kva då med vår mentalitet, kva hev hendt med den? Vikingane var ikkje finnar eller ungarar, dei var skandinavar – og det å lyfta sverdet til strid er då ei tridimensjonal rørsla so godt som noko! Kann henda moderne vest-europearar hev bygt seg upp nokre kunstige mentale barrierar som det er tid for å bryta?

Språk er nevrale program, og fyremålet deira er å syta for at me yverliver. Det er i utgangspunktet ingenting ved den indoeuropeiske fyrestellingsverdi som hindrar oss frå å taka hand um asylstraumen eller andre problem som skulde melda seg – det er den vesteuropeiske soga full med døme på. Når me i dag likevel ikkje er i stand til det, so skriv det seg frå den mentale umprogrammeringi som 1968-generasjonen sine ideologar, psykologar og teknologar hev stade for. Dei som stod for denne umprogrammeringi kom flestalle frå Tyskland («Frankfurterskulen»), og det var den tyske og indoeuropeiske fyrestellingsverdi som dei kjende og som dei tok utgangspunkt i. Men nett som eit datavirus for Windows-maskinar kjem til kort når det møter ein Linux-maskin, so er det likt til at dei nedbrytande programmi ikkje vil køyra i heilane på folk med finsk-ugrisk «operativsystem». I Ungarn og Finland syner reaksjonane hjå folket at nasjonalkjensla og yverlevingsinstinktet framleis er sterkt til stades. No gjeld det um å vekkja upp att vårt eige!

O. Torheim