Ingen fallskjermtruppar yver Palmyra

Sumaren 1993… Etter ei lang ferd frå Damaskus, der det den gongen som no var ein Assad som sat med makti – brutal so det heldt, men tolerant andsynes kristne og andre minoritetar i landet – so ser eg i det fjerne nokre silhuettar som byrjar stikka fram. Det er silhuettar av eitkvart eldgamalt. Langsamt vert dei tydelegare: Eg ser tempel, portar og søyler – som med ein mild og fin honningfarge stikk seg upp mot den blåe himmelen i bakgrunnen. Her er det ikkje noko å stussa på, eg er komen 17 eller 18 hundradår attende i tid – til den gongen dronning Zénobie var i sine velmaktsdagar.

Sumaren 2015… Nokre barbarar som påropar seg religionen åt profeten Muhammed hev herteke Palmyra-oasen. I same slengen hev dei halshogge ein drøss med Palmyra-buarar, inkludert museumsdirektøren Khaled Assaad – ein gamal mann på 82 år! Den eine uvurderlege ruinen etter den andre gjeng i lufti, sprengd i småbitar av massemordarane frå den «islamske staten». Tempel etter tempel – Bel, Baalshamine. Den antikke byen som hev halde ut gjenom so mange hundradår, no skal han verta til støv…

Bel-tempelet i Palmyra, slik det stod gjenom so mange hundradår. No er det sprengt i småbitar av ISIS.

Bel-tempelet i Palmyra, slik det stod gjenom so mange hundradår. No er det sprengt i småbitar av ISIS.

Den vestlege verdi – eller det som skulde vera att av henne – er dauv og blind. Det er faktisk verre enn som so: Utan å vilja det, men ikkje utan å vita det, so væpnar ho sine verste fiendar. Skamlaust gjeng handelen vidare med nett dei oljemonarkane som styd upp um valdsmennene.

Luftåtak kjem ikkje til å hjelpa. Det einaste som nyttar er å gå inn og få dei burt med makt. Kor som er, dei vestlege landi vert ståande og sjå på, kann henda ventar dei på at den syriske heren skal gå i uppløysing ein gong for alle? I horisonten er det ingen fallskjermtruppar å sjå, ingen som kjem for å hindra villmennene frå å øydeleggja det som er verdsarven åt heile manneætti. Kolwezi? (*) Nei, det hev me gløymt, ingen legion som kjem til å hoppa ut denne gongen. Sume fær seg jamvel til å segja at ein «steinhaug» ikkje er noko å risikera livi åt soldatar for. Javel, kvifor kann ein ikkje då i minsto hjelpa og væpna den syriske heren slik at dei kann taka oasen attende fyre det verkelegt er for seint?

Kva meir kann ein segja? Dei skulde skamma seg, dei vestlege leidarane av i dag. Leidarar som ikkje gjer anna enn å administrera statar i vedvarande forfall. Leidarar som i desse dagar opnar slusone for ein asylstraum større enn nokosinne – er det ikkje det fru Merkel gjer? – og det endå det er i Midtausten at heile problemet kunde ha vorte løyst. Den historiske domen yver deim kjem ikkje til å verta nådig.

Jean-Claude Rolinat

(*) I 1978 vart byen Kolwezi i Kongo (Zaire) herteken av upprørarar. Upprørarane tok meir enn 3000 europeiske gislar. Styresmaktene i Kongo bad Frankrike og Belgia um hjelp til å frigjera gislane, og den 19. mai 1978 gjekk franske og belgiske fallskjermtruppar til aksjon, nedkjempa upprørarane og frigjorde gislane.