Kva er verdfullt – og kva er verdlaust? Tankar um folket si framtid

Ein lesar frå Tyskland, Hans Gehler, hev sendt oss eit innlegg der han ser nærare på måten storkapitalen freistar å profitera på flyktningkrisa. Næringslivstoppane i Tyskland ynskjer å nytta flyktningane til billeg arbeidskraft, og politikarar og media let vel um ideen. På denne måten vert folk og nasjonar på flukt gjorde til varor med marknadsverde. Verdien av eit fritt folk let seg kor som er ikkje mæla i pengar, slær Gehler fast.

I namnet åt storkapitalen og den globaliserte økonomien so vert det tyske territoriet endå ein gong yverfløymt med kulturframande asylsøkjarar – ein kann nær sagt tala um ein invasjon. Der vanlege folk ser problemi som ventar, der ser næringslivstoppar og systempolitikarar sitt snitt til å skaffa seg billeg og ferdigutdanna arbeidskraft. Til dømes hev sjefen for bilgiganten Daimler, Dieter Zetsche, nyss kome med eit utspel der han hevdar at flyktningkrisa kann gjeva Tyskland eit nytt “Wirtschaftswunder” (*). Folk som hev reist i frå alt det dei hadde er sterkt motivert arbeidskraft, og det er Daimler alltid på jakt etter, hevdar han (det kann elles nemnast at Daimler ikkje lenger er på tyske hender, den største eigaren er ein investor frå Kuwait – ein av dei sunni-statane som styd upp um IS i Syria).

Storkapitalen vil profitera på krig og terror

Me veit at meir enn 80 prosent av “flyktningane” er unge mannfolk med muslimsk bakgrunn, og det er nett slike som toppar statistikken for grove brotsverk som til dømes gruppevaldtekt. Likevel gjeng næringslivstoppane og politikarane ut frå at me ikkje skal få store problem med på kjøpet når me vel å importera og integrera all denne “arbeidskrafti”. Eller er det kanskje nett difor at tyske styresmakter hev freista få EU med seg på å “umfordela” 160.000 flyktningar yver heile EU-sona? Kompetent og motivert arbeidskraft til Tyskland – og ressursveike og arme menneske til dei austeuropeiske EU-landi som so langt er vortne skåna frå dei problemi som masseinnvandringi hev ført med seg?

Under alle umstende sviv det seg um ein himmelropande kynisme: I staden for å freista ta tak i dei problemi som hev gjeve oss flyktningstraumen, so er dette noko som ein skal profitera på.

Heile nasjonar vert i våre dagar lagde i grus, og folkegruppor som i tusundtals år hev budd i Midtausten vert frårana heimlandet sitt. Desse menneski vert rykkte upp med roti og skal nyttast som ei EU-vara. Alt dette medan det tyske folket må sleppa ned eller umdefinera sin eigen identitet.

"Framandgjering fører folket i døden..."

«Framandgjering fører folket i døden…»

Det tyske folket hev eigenverdi

Etter det som rikspolitikarane fortel oss, so er ikkje tyskarane lenger eit eige folk med si eigi soga, sin eigen kultur og sin eigen etniske eigenart. Tyskland er snarare vorte til ein smeltedigel for menneske frå alle verdsens kantar, der det einaste som er sams er eit sett av “grunnleggjande sams verdiar”. Desse påståtte “verdiane” reduserar oss alle til egoistiske einskildmenneske som ikkje er til for noko anna enn oss sjølve, og der meiningi med livet ikkje er anna enn å tilverka og forbruka materielle gode. Men um dette er det einaste me skal ha å tilby dei menneski som kjem til landet vårt, korleis kann me venta oss nokon “integrasjon”? Dei store innvandrargruppone frå Tyrkia, Syria og Somalia hev ingi interessa av å sleppa ned eigen tradisjon og kultur – og det medan kulturen og identiteten åt oss innfødde tyskarane må reduserast til alt og ingen ting,  i redsla for at me ikkje er “inkluderande” nok. Dette er ikkje noko anna enn det siste ladegrepet fyre det tyske folket fær nådeskotet!

Me som er sosialt medvitne tyskarar, me godtek ikkje at verdien på folket og heimstaden vår skal fastsetjast ut frå reint økonomiske umsyn. Identitet er ikkje nokor handelsvara! Helder ikkje gjer me noko krav på det verdfulle territoriet åt andre folk på jordi, slik dei globale elitane i mange tiår hev gjort – med folkerettsstridige krigar og inngrep i det eine framande landet etter det andre.

Når me talar um verdiar, so talar me ikkje um verdiar som skal vegast og målast i gull eller petrodollars. Den verdien som finst i eit fritt folk er mykje større enn den som ein til kvar tid skulde kunna henta ut frå manipulerte aksjekursar og verdipapir som kann gå tapt yver natti. Kor som er: Dei verdiane me lyfter fram, dei er det einast moglegt å realisera dersom folket kastar av seg den mentale tvangstrøya som 68-generasjonen hev vorte fanga i.

Alle folk lengtar etter fridom

Berre slik kann Tyskland liva vidare. Og berre slik kann andre folk og nasjonar få liva vidare, dei med – for eit samfund tufta på folkehopehav og andsvarlege einskildmenneske, det er ikkje berre noko som Tyskland treng å byggja upp att. Det er ein fyresetnad for alle folk og nasjonar som ynskjer å taka lagnaden sin attende i eigne hender, framfor å verta manipulerte av ein liten og pengesterk elite. Alternativet er ein nedettergåande spiral der verdssamfundet gjeng frå den eine krisa til den andre. Heilt til dess at det ikkje er fleire land att å leggja i ruinar eller meir natur att å øyda.

Um me vågar å ta tak i dei grunnleggjande problemi, framfor å slåst mot symptomi – ja, då sviv det seg ikkje lenger berre um Tyskland. Då er me tvert imot på lag med alle folk på jordi. Me lengtar alle etter å bryta lekkjone!

Hans Gehler

(*) «Wirtschaftswunder», det økonomiske underet. Ei nemning som er vorti nytta på det store økonomiske uppsvinget som Tyskland fekk då landet reiste seg att frå ruinane etter andre heimskrigen.