Refugees Welcome – Kom krisa, kom!

„Me ynskjer oss ei krisa! Det umoglege må verta moglegt, og um me enno ventar oss eitkvart frå nasjonen vår, so kann det ikkje vera noko mindre enn det utenkjelege: At nasjonen bergar substansen sin, at han enno hev to i seg til å verta seg sjølv att og endå ein gong verta eit sentrum i Europa».  Eg vil gjerne byrja innlegget mitt med desse provoserande ordi frå ein grunnleggjande tekst av nyhøgre-ideologen Götz Kubitschek.

Eg ritar her ned nokre «lovord til krisa», eit kall til å halda modet uppe, skrive i ei kjensla av sigersvisse – som dei seinaste vikone paradoksalt nok hev vokse fram i meg.

Eg veit ikkje lenger heilt kva det var som gjorde utslaget, kva som fekk meg til å gå frå upprådd til sigersviss. Var den «utløysande handlingi» når me okkuperte motorvegen til Ungarn? Var hovudårsaki at stødt fleire godmenneske tok til å vakna upp – og at me hev byrja få ein slags «Rollback» av den offentlege meiningi? Hovudsaki er at det for meg var vorte krystallklårt – og det alt fyre den sokalla «grensestengingi» åt riksstyri i Austerrike og Tyskland – at sumarvanvitet med «Refugees welcome» var kome til endes. No byrjar ein tysk haust  – og «winter is coming» («Deutscher Herbst», her refererar artikkelforfattaren openbert til hausten 1977 då kampen toppa seg millom RAF og tyske styresmakter).

Slavoi Zizek hev alt skyna litt av det. Aldri fyrr var det slik ein konsentrasjon av uppsamla masseinnvandring, fullstendig mediekontroll, røyndomsfjern «Willkommenskultur» og tyning av kvar ein kritikk. Denne totale yverspenningi kann ikkje vara for alltid. Mangkulturalistane hev satsa alt på eitt kort. Dei heldt og held  med all si kraft  på dei falske og låttvekkjande konsepti sine um «stakkars flyktningar», «uppriking» og «fårlege høgreekstremistar». Dei fyller kvart eit medieuppslag med febrilske foto av kvinnor og born. Det vert tydelegare og tydelegare for alle at dei hev gjenge amok – imot røyndomen.

Samstundes gjeng ordskiftet seg heitt på sosiale media. Sidan eg sjølv stend i fronten i informasjonskrigen, so kann eg slå fast at eg aldri tidlegare hev upplivd slik ein viralitet, slik ein glød som no. Slik ein feber, kann eg segja – for no kokar det. På alle kanalar er aktiviteten større enn fyrr. Me kjenner at folk hev eit undertrykt sinne i seg. Det stig og ventar berre på eit høve til å verta utløyst. Mangkulturalistane hev sett alt på eitt kort: Når lygnene um «flyktningar» og «refugees welcome»-svindelen fell, då kjem det til å riva mykje anna med seg.

Det vert meir og meir klårt at ein stor mun av "flyktningane" er svoltne, unge menner med valdstendensar.

Det vert meir og meir klårt at ein stor mun av «flyktningane» er svoltne, unge menner med valdstendensar.

Det vert meir og meir klårt at ein stor mun av «flyktningane» er svoltne, unge menner med valdstendensar. Truverdige kjeldor talar jamvel um at èin av 50 hev islamsk-terroristisk bakgrunn. Endå um ein ser burt frå alt dette, so er dei testosteronladde, unge mennene – som ekspertane segjer vil «vinna seg status snøggast moglegt», det heiter å finna seg ei dama – tikkande bombor. Den vestlege ideen um å gjera si plikt og krevja sin rett er tollegt framand for deim, og her er ikkje minst godmenneski sjølve skuld – med dei pedagogisk fatale «kranse-mottakingane» deira. Dei er, som Gunnar Heinsohn uttrykte det, «omsorgsflyktningar».

«Flyktningane» som er hamna i Tyskland må ha trudd at dei var komne til Slaraffenland. Framfor deim ligg eit velfylt kornkammer, «vakta» av etnomasoscishistiske tåreturkarar – som freistar lesa kvart eit ynske frå lippone deira. Alt er gratis og vert gjort reidugt. Her er det fritt fram. Vandalisme og butikktjuveri fær ingen fylgjor.

Og straks so hev dei lært seg, saman med vinstreradikale fotografar, korleis dei kann nytta bilætmakti til å spela med kjenslone åt folk. Dei nyttar seg medvite av dei fåe borni sine, desse held dei framfor kamera som um dei skulde ha vore nyttegjenstandar. Heilt målretta so dreg dei dei fåe kvinnone – som heilt klårt ofte er permanent valdtektstruga – fram på jarnbaneperrongen eller inn i ei tåregass-sky. Slik fær dei nett dei bilæti som dei treng. Snart hev dei med lært seg dei tvo trylleordi som bringar vanlege borgarar til tagnad, «Nazi» og «Auschwitz» – til liks med kvart eit sympatisk tidsvitne.

Hundradtusundtals av desse folki er i Tyskland alt no. Tallause andre er ute i Europa og kjem til sjuande og sist – grensestengingi er den reinaste farsen – til å hamna hjå oss, dei med. Denne kunnskapen finn vegen ut til alle verdsens kantar. Ordet um Tyskland trengjer inn i alle flyktninglægjer, busetnader og favelaer. Det kjem til ei «uppbrotsstemning», slik Raspail skildrar i «Camp of the Saints». Det pådraget som «refugees welcome» hev vore med på å akselerera, kjem ikkje til å taka slutt med det fyrste (ein tysk neofolk-artist hev samanfatta vanvitet i ein eigen song).

Alt dette er, slik eg ser det no, ei gudegjevi gåva for oss patriotar, konservative og identitære. Det er eit ferdigdømt straffespark som me berre treng å få sparka i mål – og det kjem me til å gjera!

Alle dei vurderingane og utrekningane som me tidlegare hev gjort oss kring masseinnvandringi, dei syner oss klårt at undergangen for vår eigen etnokulturelle identitet – og soleides den demokratiske rettsstaten med – einast er eit spursmål um tid. Dei prognosane som for det meste talar um at «fleirtalet bikkar» ein gong kring år 2030-2040, dei er i røyndi langt meir dramatiske enn som so når ein berre gjeng i djupni på deim. Um ein ser realistisk på stoda, og tek med «innvandrartilskotet» åt den komande generasjonen, so ser me at dei komande 5-10 åri er det siste tidsvindauga for ein snunad. Me er altso den siste ættleden som kann gjera noko.

Um ein ser realistisk på stoda, og tek med "innvandrartilskotet" åt den komande generasjonen, so ser me at dei komande 5-10 åri er det siste tidsvindauga for ein snunad. Me er altso den siste ættleden som kann gjera noko.

«Um ein ser realistisk på stoda, og tek med «innvandrartilskotet» åt den komande generasjonen, so ser me at dei komande 5-10 åri er det siste tidsvindauga for ein snunad. Me er altso den siste ættleden som kann gjera noko.»

Nett i dette tidsvindauga er det at «refugees welcome» kjem inn. I denne historiske sumaren so ballar det seg saman, alt det som høyrer til det store komplekset knytt til masseinnvandringi: Frå islamiseringsproblematikk til meiningsdiktaturet i media – og vidare til den skortande politiske kontrollen yver det som skjer. Det byggjer seg upp til eit klimaks. Det er vorte openbert at politikken ikkje fører nokon stad og at alt pratet um humanisme og menneskeverd ikkje er anna enn tomprat. Dette kjem til å skapa ei medvitsendring hjå folk. Me lyt setja ord på det som menneski uppliver og nytta det til å mobilisera folk.

Alt no byrjar fasaden å slå sprekkor. Liberale godmenneske som til dømes grunnleggjaren av den austerrikiske bloggen «Fisch und Fleisch» berrlegg seg under hastaggen #wirwachenauf (me vaknar upp). Ho legg fram si eigi nakne redsla for det som skjer.

Ho skriv: «Eg er redd, eg kjenner på ei stor redsla. For berre ei vika sidan hadde eg framleis ytra meg til studnad for flyktningane (…). Ei veninda, psykiater, tek seg av flyktningar. Ho fortalde meg at mange mannlege flyktningar hev utvist eit stort valdspotensiale, ho tala heilt konkret um kring 30 prosent av deim. Dei er pågåande, aggressive.»

Fru Jelincic sannar vidare at etter måten mange «refugees» er radikale islamistar og at dei alt er i gang med å rekruttera andre.

Ho medgjev at «journalistar og leidande media vert tilrådde å lata vera å skriva um slikt, for å ikkje skapa angst». Likevel er ho sjølv vorti full av angst og kjenner seg nøydd til å bryta tagnaden. I millomtidi er ho vorti stempla som «svikar» hjå sine eigne. Ho hev drege innlegget sitt attende for å få «prøvd det juristisk», og hev i god sosialistisk tradisjon teke sjølvkritikk og «orsaka seg».

Med tidi kjem me til å få mange fleire slike. «Identitetsspursmålet» kjem, takk vere tilspissingi og dei importerte problemi, til å vera permanent til stades i massemedia. Det kjem til å verta naudsynt å føra høgreorienterte parti til makti yveralt i Europa – eller gjera dei so sterke som dei nokon gong kann verta, sidan dei er dei einaste som hev eit svar reidugt på alt dette. Patriotiske rørslor som dei identitære kjem ein til å få uppliva heile tidi. Til slutt kjem dei til å ha plassert seg i midten av samfundet, og det ein gong for alle. Alternative media kjem til å utvida den alt no so sterke makti si – og verta i stand til å setja ein dagsetel i offentlegt ordskifte.

Den upprådde kasten av «antifascistiske» godmenneske og etablerte politikarar derimot, dei kjem til å verta til spott og spe. Dei kjem til å verta til hatobjekt som folket avskyr. Fru Jelincic og andre av hennar slag er ein forsmak på det som Gramski hev kalla for intellektuelle yverlauparar. Ein dag kjem den fyrste av dei «prominente» til å fylgja etter, og steg for steg so kjem stemningi til å bikka. Me kjem til å sjå heilt nye alliansar og frontlinor.

Alt dette er naturlegt nok prognosar og «ekstrapolasjonar» som ein i politikken stødt skal vera varsam med. Kor som er so fær flyktningstraumen det til å knaka i bjelkane åt systemet, og det alt no. Korleis skal det gå um ein berre held fram med å taka folk inn? Den rådande politikken er ikkje berande.

Me liver i ei tid med umskifte. Me uppliver sluttspelet og den endelege fasen for den mangkulturelle ideologien. Og me kann – og det er poenget med dette innlegget – vera i stand til å yverliva som folk.

Takk vere flyktningstraumen, so gjeng ikkje den store folkeutskiftingi fyre seg som ein lineær auke, tvert imot so ser me at «y-aksen» slær ukontrollert mot uppsida. Det kjem til ei permament yverfløyming, der berre småting er nok til å løysa ut reaksjonar. Den åndelege og politiske tilskjerpingi er ikkje lenger nokon langfristig plan som må mødesamt byggjast upp. Folk er svoltne etter henne, dei forlangar henne rett og slett – og me skal gjeva deim henne: Ideane, plotti, parolane og mytedaningi som må til for å få folket til å ta til gatone. Eit Kairos opnar seg.

Dei politiske løysingane for ein snunad på folkevandringsstraumane ligg reiduge. Endå er eit «point of no return» langt i frå nådd. Ja, kvar hen ligg i grunnen dette punktet? Kva tid var den mauriske hertakingi av Spania fullførd ein gong for alle? Kven segjer at uppvakningi og snunaden lyt henda yver natti? Me kjempar ikkje for eit under, snarare for eit nytt tildriv, ei «tendens-vending». Eit skifte i den kursen som i dag fører oss i avgrunnen. Tidi lækjer alle sår og me må få snudd straumen slik at han arbeider for oss. Soleides lyt me løysa oss frå romantiske revolusjonsdraumar. Visst so vonar me på ei spontan atterføding, men det er «kunsten åt det moglege» som legg råmone for politisk handling.

Logistisk og økonomisk so er ei «Festung Europa», ei minus-innvandring, fullt mogleg. Og det jamvel i råmone åt det rådande systemet. Til dømes so vandra det i det siste året heile 800.000 menneske ut frå Tyskland. Då reknar ein naturlegt nok med utvandring til andre europeiske land, men i alt so vandrar mange ikkje-europearar «heilt naturlegt» attende til sine eigne heimland. Med politisk diskuterte åtgjerder som innvandringsstogg, konsekvente utsendingar, statsborgarskapsupphevjing for kriminelle og arbeidslause – og dessutan åtgjerder som gjer det mindre attraktivt økonomisk å vera innvandrar i Europa – so kunde ein ha greidd å snu straumen.

"...det er det som me identitære og patriotar stend for."

«Det er klårt at det ikkje er moglegt å skruva klokka attende til i går. Men kann henda kann det framleis finnast ein morgondag.»

Det er klårt at det ikkje er moglegt å skruva klokka attende til i går. Men kann henda kann det framleis finnast ein morgondag.

Alle dei åtgjerdene eg nemner no er ikkje berre til for å halda uppe den etnokulturelle identiteten vår, det er dessutan tvingande naudsynt for å halda uppe den demokratiske rettsstaten og halda hjuli i gang økonomisk. Tryggingspolitisk og økonomisk so trengjer desse åtgjerdene seg på, og dei fær stødt fleire «nøytrale» og liberale talsmenner. Likevel – og det er det springande punktet: Denne tendens-snunaden, denne uppbyggingi av ei retteleg «Festung Europa» – med tilhøyrande re-migrasjon – er med dei rådande politiske aktørane heilt utenkjelegt. Til det hev dei alle lent seg altfor langt ut vindauga. Dei hev gjenge «all inn» i mangkultur-eksperimentet, og det med altfor dårlege kort. Mangkulturalistane er ikkje i stand til å riva seg lause frå sitt eige tenkjesett. Korkje dei vinstreekstreme «no-border»-ideologane, med sine Antifa-bråkmakarar som dei driv framfor seg – eller dei importerte og kravstore «selfugees».

Den sjølvmorderiske trongen åt den vinstreradikale «moralske eliten» kjem fyrr eller seinare til å støyta imot den byråkratiske forvaltaråndi åt dei statlege systemmenneski. Spursmålet er berre kva tid dette skjer. Heile det vanvitet som er vorte skapt med «refugees welcome», det gjer at dei vestlege statane nærmar seg den stoda der dei må gå i «forsvarsmodus». Assimilera dei som kann assimilerast, integrera dei som ein kann integrera – og få alle dei hine ut att: Det er den kalde, nykterne formelen som eit veksande tal med «kritiske røyster» frå midten av samfundet steller seg attum. Det er slett ikkje umoglegt å få ein sovoren «uppvekt Golem» til å handla slik at det ikkje berre er staten han bergar, men jamvel identiteten vår.

Eg høyrer frå so mange at det byrjar å murra i umbodsverket, i politiet og i herstellet. «Tenestemennene» som fær arbeidsdagen sin midt uppi det som dei verdsframande og moralsk sjølvupphøgde politikk- og funksjonselitane hev vedteke – desse tenestemennene kjem ikkje til å halda ut for alltid. Samstundes er det for seint for dei politiske partii å taka til ords for ein berekraftig innvandringspolitikk. Dei kann ikkje lenger slå inn på eit økonomisk og statspolitisk fornuftig politisk spor. Di meir einskaplegt og samla desse system-partii steller seg attum lygnene sine, di meir brutalt og umfemnande kjem det politiske fallet deira til å verta. Her ventar alt andre politiske aktørar på å få taka yver.

Kvart eit terroråtak, kvar ei valdtekt, kvart eit «flyktningslagsmål» – og alt dette kjem til oss heilt av seg sjølv no – det kjem i vikes- og månadsvis til å verta «vårt tema» i media. Kvart eit slag kjem til å setja meiningsdanarane i sjokktilstand (me hev Charlie Hebdo friskt i minnet). Stødt fleire liberale godmenneske kjem til å verta usikre, og tidlegare so avslappa liberalarar kjem til å verta drivne yver til «vår sida». Den usunne spaningi millom røyndom og ideologi, som dei hev manøvrert seg sjølve inn i, ho er i lengdi ikkje til å halda ut. For desse menneski er det ingen veg attende, ingi «avspenning», ikkje noko kompromiss lenger. Det kjem til å slutta i ein smell.

Visst kann det vera at eg tek i miss. Stemningi kann ha narra meg. Det kann vera at det ikkje kjem til nokor tilspissing og byråkratane kann endå ein gong finna ei løysing for det vanvitet som ideologane hev stelt i stand. Men alle teikn i tidi og prognosane åt alle økonomar talar eit anna språk (eit endå tydelegare språk talar den ferske videoen åt ein SPD-funksjonær). Det hev alt kome so langt at det er ingen som hev kontroll lenger, og det er ingen annan utveg å sjå på det heile enn ein Reconquista. Dette er ikkje nokon Reconquista som utlendingar og andre randgruppor treng å vera redde for. Det eg talar um er framfor alt ein slutt for den herskande makteliten. Me skal taka den kulturelle makti i samfundet attende, det er det som me identitære og patriotar stend for.

"Han som ikkje vert aktiv no, han syndar mot lagnaden sin."

«Han som ikkje vert aktiv no, han syndar mot lagnaden sin.»

Me kjem ikkje til å gløyma. Me hev åtvara i årevis, me hev kjempa og me hev lide. Me hev synt fram fredelege og humane framvegar som kunde ha hindra dei komande katastrofane. Me hev sagt frå um alle fårane som truga, og for det er me vortne utskjelte og forfylgde. Dei hev halde seg for øyro og valt sin eigen veg – vegen inn i kaoset. No fær dei kaoset sitt. Når dei som berre for nokre vikor sidan song med i «welcome»-koret på ein gong byrjar å «kjenna på ei stor redsla», då er det berre rettferdi som vert fullenda. Det som dei i årevis ikkje vilde høyra snakk um frå dei «høgreekstreme», det er no røyndomen som rått og brutalt slær deim i andletet.

Èin ting er visst: Me kjem ikkje til å berga deim. Når dei til slutt «vaknar upp» i den mardraumen som dei sjølve hev lagt grunnlaget for, når dei til slutt bed oss um hjelp, so kjem me ikkje. Me hev betre ting å gjera. Sottofasciasemplice hev med den geniale låti si, «Come Mai», sett skåpet på plass. Det er ein slags musikalsk «Camp of the saints» som er so god at eg ikkje vågar meg på nokor umsetjing frå italiensk, men nøgjer meg med dette utdraget:

Vi chiederete: «Come mai? Come …
ma noi non vi risponderemo,
veniteci a cercare,
ma noi non ci saremo

Kallet mitt lyder: Lat oss gle oss yver krisa! Lat oss anda lufti hennar inn i fulle andedrag. Det er dette som lungone våre er laga til for. Det er vår tid no og me er fødde til dette. Den køyvande keidsemdi blæs burt og lufti vert skarpare og klårare. Ho verkar giftig for dei andre og forfriskande for oss. Dei komande ti åri kjem til å verta ei storarta tid. Ei tid full med tumultar, demonstrasjonar, okkupasjonar, offensivar, atterslag, lidingar og lidenskap, vonbrot og sigrar.

Dei neste 10 åri kjem til å verta so grunnleggjande og irreversibelt avgjerande som me nokon gong hev sett. Desse avgjerdene er det me som ber på og som set ut i livet – me er fødde rett inn i Kairos. Og teikni i tidi tyder på siger.  „Nur kein Rückfall ins Siechtum, ins Latente, ins Erdulden.“

Han som ikkje vert aktiv no, han syndar mot lagnaden sin.

Martin Sellner

(Teksti stod upphavlegt på prent i tidskriftet Sezession, og er umsett frå tysk med løyve frå forfattaren)