Haus Montag: Sjølvstyrt ungdomshus med nasjonal profil

“Haus Montag” i Pirna i Sachsen er eit nasjonalsinna husprosjekt der tanken attum er å byggja upp eit slags “frirom” for tjodlynde menneske. Nokre av ideane er henta frå det italienske Casa Pound. Målmannen hev teke ein prat med upptaksmannen, Thomas Sattelberg, som sa seg viljug til å svara på spursmål.

-God dag Thomas! Heilt til å byrja med, kann du fortelja oss litt um din eigen politiske bakgrunn og – dersom du ynskjer det – gjerne litt meir personlegt um deg sjølv?

-Eg vart fødd i 1974 i ein liten småby i tjukkaste DDR. Det “kommunistiske” regimet hev eg alltid upplivd som falskt og tufta på lygner. Menneski tala alltid onnorleis heime enn det dei gjorde ute i ålmenta. Alt i barneåri bygde det seg upp ein mishug mot dette systemet. Då “die Wende” kom, so var eg 15 år gamal, og det var ei hending som merkte meg sterkt.

Thomas Sattelberg.

På den tidi hadde eg fyrst og fremst rekna meg sjølv for antikommunist. At “Austblokki” ikkje berre kom til å gå under heilt av seg sjølv, det hadde regimet sjølv slege fast i sin eigen propaganda, og instinktivt forstod mange av oss det. Alt i denne uppbrotstidi var eg vorten med i “Wiking Jugend”, ein organisasjon som hadde i seg mykje av dei gamle “völkische” ungdomstradisjonane. Der lærde eg meg korleis det fungerte å arbeida i gruppor, me song tradisjonelle songar og me fekk kjensla av å høyra til i eit hopehav. Wiking Jugend vart forboden i 1994, men alt fyre forbodet hadde eg drege meg ut or den “völkische” rørsla. Det var ein einsretta måte å liva og tenkja på som eg til sjuande og sist upplivde som fråstøytande. Dessutan hev eg stødt rekna meg som europear, og det samsvara dårlegt med den avgrensande sjåvinismen som eg upplivde der.

Den skinnskallekulturen som eg sidan valde å uppsøkja, han var på den tidi både moderne, vill og europeisk. Saman med nokre andre vener so høyrde me til den andre skinnskallebylgja i det tidlegare DDR. Me organiserte fritidi vår sjølve, me grunnlagde musikkgruppor og fanzinor – og me festa og hadde det moro. Dei statlege tryggleikstenestone var ikkje serlegt uppglødde yver at det voks fram ein sjølvstendig ungdomskultur som var utanfor deira kontroll og som jamvel var patriotisk innstilt, og me vart soleides førde framfor retten – tiltala for å ha “grunnlagt ein kriminell organisasjon”. Etter 50 dagar med rettstingingar so valde me å segja oss skuldige etter tiltalen, i byte mot å sleppa undan med fengsel på vilkår. Me slapp dimed å sona noko.

Rettsprosessen hadde ikkje øydelagt venskapen vår, og naturlegt nok heldt me fram å møtast som fyrr – jamvel um me ikkje lenger rekna oss for skinnskallar. Dimed fekk rettsstellet det påskotet dei trong for å hevda at me heldt fram den påstått kriminelle verksemdi, og eg vart sjølv nøydd til å sona eitt og eit halvt år i fengsel…

Alt i skinnskalle-tidi var eg vorten med i det tyske nasjonaldemokratiske partiet (NPD), og eg engasjerte meg der med. Etter at eg ikkje lenger hadde lov frå styresmaktene til å møta dei gamle venene mine, og sidan den “ville” ungdomstidi mi gjekk mot slutten, so vart eg endå sterkare engasjert i partiarbeidet. Det hev eg halde fram med sidan den gongen. Nett no er eg krinsleidar og organisasjonsleidar i Sachsen. Og forresten, i millomtidi hev eg og kona mi fenge tri flotte born!

-Du er aktiv i det sokalla “Haus Montag” i Pirna i Saksiske Sveits, og det vil me gjerne fortelja dei nordiske lesarane våre meir um. Kann du fortelja oss litt meir um korleis du kom på ideen um å grunnleggja eit slikt hus og kva de nyttar dette huset til?   

-Skal ein få folk med i politikken, so må ein tilby dei politiske upplevingar. Då må me gjera terskelen til det politiske lågare enn det han er i dag, til dømes med musikk og med aksjonar. Me må nytta oss av heile den rømdi som umgjev den “vanlege” politikken. Kor som er so hev styresmaktene dei seinaste tiåri arbeidd systematisk med å øydeleggja denne rømdi. I dagsens Tyskland er det ikkje moglegt å driva med nasjonalsinna ungdomsarbeid eller kulturarbeid (jamfør Wiking Jugend og det etterfylgjande Heimattreue Deutsche Jugend som i tur og orden er vortne forbodne).

Partiorganisasjonar hev ein serstatus i grunnlovi, og det er einast innanfor råmeverket åt eit parti at det framleis er råd å gjera noko. I Tyskland er alt dette naturlegt nok strengt lovregulert, og byggjereglar og byggjeforskrifter er ikkje noko undantak. Difor so er Haus Montag det offisielle krinskontoret åt NPD i Saksiske Sveits. Attåt det vanlege partiarbeidet so hev me andre tilskipingar som musikk-kveldar, fyredrag og småe festar. “Haus Montag”, det er sjølve “åndi” i bygningen, det som gjer partikontoret til noko meir enn berre eit partikontor.

Inne i huset disponerar me yver eit tilskipingsrom, eit trivelegt kjøken og dessutan eit treningsrom. Me hev laga til dei ulike rommi slik at kvart eit menneske skal kjenna seg vel der inne. Me hev alt havt vitjing frå ymse slags journalistar og andre nyfikne som var på jakt etter eitkvart som kunde stadfesta fordomane deira, men dei fann ingenting.

-Kvifor hev de valt å kalla huset for “Haus Montag”?

-Namnet på huset er henta frå framtidsromanen “Fahrenheit 451”. Mykje av det som romanen tek fyre seg er vorte til røyndom i dag (sjå umtala av “Fahrenheit 451” i fyrre nummer av Målmannen, red.). I motsetnad til dei hine klassikarane, “1984” og “Brave New World”, so endar denne boki endar likevel med ein glimt av framtidsvon. “Haus Montag” hev henta mange av ideane sine frå italienske “Casa Pound”, og det er vår freistnad på å gjera det same – måte etter den tyske røyndomen og det som er moglegt å få til her. Huset er sers lite og einfelt, men nett det er vorte bodskapen vår: Finn dykkar eigi øy! Det treng ikkje vera noko palass, men det er dykkar eigen stad. Jamfør Håvamål: “Lite bu betre enn inkje. Heime er kvar mann herre”.

Ofte lyt ein berre byrja ein stad. Det gjeld um å skapa samlingspunkt som i neste umgang legg grunnlaget for noko større. Grunnlegg ei gruppa, ein familie, ei nettsida, ei musikkgruppa, gjer noko!

-Som kommunikasjonsmedium nyttar de dykk framfor alt av ei Facebook-sida. Rekrutteringsmaterialet som de legg ut på denne sida, som til dømes bilæte og t-trøyor, minnar lite um den utformingi som ein elles ser på tradisjonelle nasjonalsinna medium i Tyskland. Tvert imot so hev de lagt dykk til ein estetikk som syner fram ein moderne, tidstilmåta nasjonalisme – langt undan den gamle skinnskallekulturen som du tidlegare var inne på. Gjer denne framgangsmåten det lettare å få unge folk med seg? 

-Verdi hev i dei seinaste 20-30 åri vore igjenom ei stor umdaning. Den stygge tvillingsysteri åt liberalismen, kommunismen, er vorten nedkjempa, og alle nasjonalistar hev hjelpt til med dette. Skinnskallane var dei lovlause antikommunistane. Unge karar og kvende stod reiduge til å kjempa, og det andsynes ein motstandar som arbeidde gjenom dei tradisjonelle maktstrukturane. No er det berre liberalismen som stend att, han kann kjenna seg mindre trykkjande å liva under, men han er dimeir utspekulert og er til sjuande og sist like øydeleggjande.

Målsetnaden åt ultraliberalistane er å skapa eit nytt diktatur, denne gongen med nye maktstrukturar og kommunikasjonsmedium. For nokre tiår sidan kunde nasjonalistisk motstandskamp vera “lovlaus”, sidan resten av samfundet framstod som “normalt”. I våre dagar hev liberalismen øydelagt so mykje av det gamle folkehopehavet og det tradisjonelle samfundet at det er viktugt at me nasjonalistane er dei som framleis er “normale”. Me må vera klippa som stend fast i brottsjøane av desinformasjon og normløysa.

Maktmidlane åt liberalismen kann ein naturlegt nok nytta imot honom sjølv. Men det krev meir ånd og karakterstyrke, for fienden arbeider subtilt og ikkje med rå makt lenger. Me lyt syna at me er normale folk og at vårt alternativ, nasjonalstaten, er det som fungerar – eller i minsto hev funksjonert, tidlegare. Me lyt få folk til å skyna at liberalismen er skadeleg for alle huslydar, religionar og folk. Det er naturlegt nok ikkje so lett å gjera dersom ein nyttar seg av framgangsmåtar, språkbruk og symbol som folk i Vest-Europa er vortne upplærde til å automatisk reagera på med skrekk og avsky.

Me som er europeiske nasjonalistar, me høyrer til eit verdsumfemnande alternativ til det liberale verdsdiktaturet. Jamvel um me i fyrste umgang skulde mislukkast og det yveralt i Vest-Europa snart skal sjå ut som i Columbia eller Brasil, so lyt me leggja grunnlaget for ei ny byrjing. Dette grunnlaget må me leggja no.

Thomas Sattelberg vart utspurd av Hans Gehler