Reiserapport frå Syria: Ein europear fortel

I Frankrike hev Det Syriske Sambandet skipa til tvo solidaritetsreisor til Syria i år, den fyrste i februar og den andre i august. Vel attende frå reisa so er ein av deltakarane, Gilles C., vorten utspurd på nettstaden Breizh-Info. Gilles kann fortelja um eit folk som kjempar seg igjenom kvardagen – og som nektar å lata terroristane få det siste ordet.

21/09/2015 – 0800 Damaskus (Breizh-info.com) – Gilles er ein av dei mange nyfikne og eventyrlystne franskmennene som hev tykt at massemedia ikkje hev fortalt deim heile sanningi um stoda i Syria. Han hev difor vore med på reisa til Syria, ei reisa som vara eit titals dagar. Slik kunde han og reisefylgjet hans få uppliva stoda i landet, trengja inn i Assad-regimet sine kjerneregionar, og gjera seg upp si eigi meining.

Dette er det eineståande vitnemålet åt Gilles, etter at han er komen attende frå Syria.

Det kristne samfundet i Syria er millom dei eldste i heile verdi.

TRADISJON: Det kristne samfundet i Syria er millom dei eldste i heile verdi.

Breizh-info.com : Du kjem attende frå Syria, etter å ha vore der ei vika. Kva kann du fortelja?

Gilles : Reisa er vorti skipa til av Det Syriske Sambandet i Frankrike. Fyremålet med reisa hev vore å gjeva oss franskmennene høvet til å uppdaga «det kjempande Syria» – landet og folket som kjempar imot terroristane som hev teke seg inn i landet deira. Det er soleides ei solidaritetsreisa til det sekulære og multikonfesjonelle Syria – og dessutan ei turistreisa.

Det kjem til å verta fleire reisor av dette slaget, dei som skulde vera forvitne kann kontakta det syriske sambandet på e-post…

Breizh-info.com : Kva hev de gjort der nede, kva kann du fortelja frå vika som gjekk?

Gilles : Me hev reist ikring til tri ulike byar og reist um lag 1000 kilometer. I Damaskus og i Lattakia so hev me vore innkvarterte på rettelege luksushotell. I Meharda hev me derimot yvernatta på eit litt simplare hotell, ute på landsbygdi.  På hotelli er det mest berre syriske gjester no, det er so godt som ingen utanlandske turistar att.

Restaurantane er fulle med folk, i gamlebyen i Damaskus var det ein restaurant der me vilde eta middag – men me laut gå vidare av di det var stappfullt. Maten er smakfull og for oss franskmennene er prisnivået låttelegt lågt.

I Damaskus er det ein intens trafikk, byen er rein og full med liv og røra. Til mi store yverrasking, so fekk eg vera med – den fyrste helgi – på ein argentinsk tangofestival i Damaskus. Han vart skipa til i ein av restaurantane på hotellet. Eg hev drive med argentinsk tango sjølv, so eg sette stor pris på det høge nivået åt dei syriske dansarane. Dansarane nyttar seg av dei same kostymi som her i Vesten, og koreografien deira er både sensuell og sømeleg på èin gong.

Eg hev kome til den slutningi at me slett ikkje stend so langt i frå einannan kulturelt, eg kjende meg på ingen måte framandgjord.

I Damaskus hev me gjesta gamlebyen. Me var innum den tradisjonelle arabiske marknaden – der det anga av orientalsk parfyme. Me hev stogga hjå ein iskremhandlar, slike er ikkje til å koma i frå for folk i Damaskus, og der hev me smaka på iskrem som vart laga til for hand – rett framfor augo våre. Medan me var i hovudstaden, so let me helder ikkje vera å vitja den mest vidgjetne moskeen, Omayade-moskeen, som er ei arkitektonisk frygd for auga.

Samkvemet med lokalfolkesetnaden og med dei syriske næringsdrivande er på alle måtar noko for seg sjølv. Det greip meg sterkt å uppliva kor venlege, høflege og vyrdnadsfulle folk var – og kor sterkt dei sette pris på at me var komne for å gjesta deim.

Kor som er, det heng ein skugge yver det heile. I det fjerne, frå fjelli som umgjev Damaskus, so kunde me høyra korleis det drønna. Det kjende seg som einkvan slo på ei stor trumba, og slik vart folk minte på at det ikkje so langt undan stend godt væpna inntrengjarar, reiduge til å knusa det som er att av det lukkelege Syria.

Etter å ha vore i Damaskus, so gjekk ferdi vidare til Maalula, ein kristeleg landsby der dei framleis talar arameisk – språket som Jesus sjølv tala! Denne byen vart okkupert i månadsvis av Daesh (IS). Spori etter kamphandlingane ser ein yveralt, veggane på hotellet er fulle med skot- og splinthol. Kyrkjone er vortne brende og plyndra, ikoni plukka frå einannan – og dei kristne er vortne myrda.

KRIG: Det franske reisefylgjet var vitne til store øydeleggjingar.

KRIG: Det franske reisefylgjet var vitne til store øydeleggjingar.

Der nede hev me møtt franskmenner frå samskipnaden «SOS Kristne i Midtausten». Dei var med på å byggja upp att denne kristelege høgborgi. Takk vere økonomisk studnad frå styresmaktene, so er kyrkjone åt å verta bygde upp att.

I Meharda vart me bedne inn på tvo ulike brudlaup, den same kvelden: Det eine var kristelegt, det andre muslimsk. I båe høvi so var det ei livleg stemning som venta oss. Kor som er, me upplivde på ingen måte at folk var fiendslege imot oss – og det endå det stødt vert rapportert at pågripne terroristar hev vore utstyrde med franskproduserte våpen.

Folk frå Meharda kunde fortelja oss um eit kvardagsliv der krigen allvegen var tett på. Dei tel alt 55 martyrar. For å kunna verja seg, so hev dei skipa til sjølvforsvarsgruppor – for det meste sette saman av unge vaksne som alle hev ei høg stjerna hjå lokalfolkesetnaden.

I Meharda so hev eg kjøpt reproduksjonar av kristelege ikon, dei er so velgjorde at dei ikkje let seg forklåra med noko anna enn kjærleiken til godt arbeid – og den sterke kristentrui.

Lattakia ligg attmed det same Millomhavet som det mitt eige Marseille gjer. Ein kann gå langsmed sjøen og sjå på bylgjone og dei flotte sandstrendene. Frå Lattakia reiste me vidare til Ugarit, oldtidsbyen der dei uppdaga alfabetet.

Ikkje gløym at Syria er rikt på antikvitetar og at ein ikkje tek munnen for full um ein kallar det for vogga åt sivilisasjonen.

Dagen etter so såg me på den vidgjetne borgi «Krak des Chevaliers», som Aleppo-emiren bygde i år 1031 og som krossriddarane yvertok i 1099.

Denne festningi hev vore eit symbol på den styrken som frankarane utviste i det heilage landet, den gongen krosstogi stod på. Diverre hev borgi vorte ikkje so reint lite øydelagd etter nokre vikor under IS-styre. Golvet på borgi er vorte pløgt upp av terroristar som leita etter ein mogleg underjordisk veg ut – etter å ha kome under åtak frå den syriske heren. Den syriske heren makta taka borgi attende og det var sjefen for vaktsoldatane, glødande forviten etter soga åt landet sitt, som hev teke oss med for å utforska denne staden.

Nedanfor festningi ligg det no ein folketom landsby, der alle husi er vortne øydelagde av bombor og eksplosivar. Dei minnar um dei brutale kampane som hev vore her. Dette er Caen eller Le Havre i Syria…

Um kvelden var me attende i Lattakia for å vitja dei skadde på eit militærsjukehus. Me fekk møta soldatar som hadde vore nøydde å amputera eller som framleis var fullstendig paralyserte. Me gav dei nokre gåvor og kom med uppmuntrande ord til deim. Me hadde ogso gleda av å kunna tilby sjukehuset eit hopetals kilo med medikament av alle slag. Desse hadde me teke med oss frå Frankrike – som eit svar på den vondskapsfulle embargoen som franske styresmakter hev vore med på å tvinga på det syriske folket.

Til slutt vitja me Tartus, der me vart tekne i mot av turist-umvisarar som tok oss med til bymuseet. Dette museeet var lokalisert inne i ei stor kyrkja som diverre var so godt som tømd. Flestalle kunstverki hadde vorte gøymde vekk slik at dei ikkje skulde hamna i hendene på terroristar som vil selja deim til samlarar i Vesten.

KVARDAGSLIV: I Damaskus er det eit yrande liv på marknaden, og utestadene er fulle med folk. Krigen er berre eit steinkast undan, men det hev folk lært seg å liva med.

KVARDAGSLIV: I Damaskus er det eit yrande liv på marknaden, og utestadene er fulle med folk. Krigen er berre eit steinkast undan, men det hev folk lært seg å liva med.

Vel attende i Damaskus, dagen fyre returen til Frankrike, so upplivde me å koma under eld frå ein bombekastar – han eksploderte mindre enn 100 meter frå hotellet. Klokka var halv ni, og ljoden minnar um eit tôrebrak – etterfylgt av det krystallinske knaset frå vindaugo som spring ut og dett ned frå veggene på husværi. Sume fær panikk, andre held fram med kvardagssyslane sine som um ingenting hev hendt…

Breizh-info.com : Hev de kjent dykk trygge der nede, med krigen so tett på dykk? Korleis vart de tekne imot av styresmaktene?

Gilles : Tryggleiken vår hev vorte teken hand um so godt som det berre er moglegt når ein faktisk er i eit krigsherja land der det er nett sivilistar som terroristane hev som sine fremste målskivor. Turistministeren stelte ein minibuss til disposisjon for oss, med eigen sjåfør og med militær- og politieskorte.

Me kom oss alle velskodde heim att.

Der nede hev me møtt borgarmeistrar, prestar og journalistar – og den siste kvelden vart me tekne imot av turistministeren til ei meiningsutviksling som var trøysam for oss alle.

Breizh-info.com : Kva tenkjer syrarane i dag um Frankrike og det franske folket? Hev de høyrt tala um dei «franskmennene» som kjempar jamsides med islamistane?

Gilles : Det franske mandatet i Syria vart avslutta i 1947, og det etterlet seg diverre sers dårlege minne. Den politikken som franske styresmakter fører i dag hev det syriske folket naturlegt nok berre avstygg for.

Men for mange syrarar, so er Frankrike det same som De Gaulle. Dei veit soleides ikkje heilt kva dei skal tru når den franske utanrikspolitikken i dag er vorten underlagd den til Sambandsstatane. Og det at franske borgarar er til stades millom terroristane, og det jamvel med franskproduserte våpen, det gjer folk rasande!

Breizh-info.com : Du som hev sett korleis stoda er på bakken, korleis ser du på den internasjonale utviklingi i saki?

Gilles : Saman med dei sunni-allierte gulfstatane so fører dei vestlege maktene ein lågintensitetskrig mot Syria. Dei freistar å slita landet og folket ut. Um det ikkje var for at Russland gjeng inn på den andre sidan i konflikten, so hadde dei syriske styresmaktene hamna i ei sers låk stoda.

Breizh-info.com : Franske media, fortel dei sanningi um det som hender i Syria? Og um Assad-regimet?

Gilles : Den diaboliseringi som Assad-regimet hev råka ut for, det er tufta på desinformasjon og rein krigspropaganda. Massemedia skulde skamma seg.

Breizh-info.com : Kva slags framtid er det som ventar Syria ?

Gilles : Etter den sigeren som kjem, og eg er ikkje i stuss um at han kjem, so tenkjer eg at den sekulære og multikonfesjonelle modellen i Syria hev ei god framtid fyre seg.

Landet er eldgamalt og kristne og muslimar hev livd side um side i lange tider. Og det so tett samanvove at eg ikkje kann skyna at det ikkje skal vera moglegt i framhaldet med. Det same gjeld for sunniar og shiaer.

Faktisk so freista eg ved fleire høve å spyrja folk um kva det var som skilde dei tvo ulike typane muslimar, men det var ingen som var i stand til å gjeva ei rettelegt god forklåring. Det som folk flest er upptekne av i dag er at fedrelandet deira, Syria, skal få liva vidare!

Kjelda: Breizh-Info

  • Vaeringen

    Eit vitnemål alle i Noreg skulde få lesa.